Innstilling frå kommunalkomiteen om mottak av personar frå det tidlegare Jugoslavia for medisinsk behandling i Noreg.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 103 (1994-1995)
  • Kildedok: St.prp. nr. 28 (1994-95)
  • Dato: 23.02.1995
  • Utgiver: kommunalkomiteen

1. Innledning

   Til Stortinget.

       Kommunal- og arbeidsdepartementet viser i proposisjonen til at Noreg i løpet av 1992-1994 har motteke 20 pasientar med følgjepersonar gjennom programmet for medisinsk evakuering frå det tidlegare Jugoslavia. Noreg har no fått førespurnad frå FNs Høgkommissær for flyktningar (UNCHR) og International Organization for Migration (IOM) om å ta imot ytterlegare fem pasientar.

       På bakgrunn av situasjonen i det tidlegare Jugoslavia er det grunn til å tru at Noreg vil få fleire slike førespurnader. Regjeringa gjer difor framlegg om at Noreg opnar for mottak av ytterlegare 20 pasientar med følgjepersonar for medisinsk behandling. Dette vil koste ca 10 mill. kroner i 1995.

       Det gjerast fremlegg om at midlane løyvast over ein ny overførbar post 70 Medisinsk evakuering på kap. 520 Utlendingsdirektoratet. Løyvingsbehovet vert dekka ved ein tilsvarande reduksjon av løyvinga på kap. 520, post 21 Spesielle driftsutgifter, statlige mottak. Dette er mogleg då talet på nye asylsøkjarar er mindre enn ein trudde tidlegare.

2. Komiteens tilråding

    Komiteen har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

       På statsbudsjettet for 1995 gjerast følgjande endringar:

Kap. 520

Utlendingsdirektoratet
21 Spesielle driftsutgifter, statlige mottak,
nedsettes med kr 10.000.000
fra kr 480.000.000 til kr 470.000.000
70 (Ny) Medisinsk evakuering, kan overføres,
bevilges med kr 10.000.000

Oslo, i kommunalkomiteen, den 23. februar 1995.

Roger Gudmundseth, Børre Rønningen, Ola T Lånke,
leiar. ordførar. sekretær.