Innstilling frå utanrikskomiteen om samtykke til ratifikasjon av den ellevte protokollen til Den europeiske menneskerettskonvensjonen.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 172 (1994-1995)
  • Kildedok: St.prp. nr. 46 (1994-95)
  • Dato: 31.05.1995
  • Utgiver: utanrikskomiteen

1. Innledning

  Til Stortinget.

       Regjeringa gjer i proposisjonen framlegg om samtykke til ratifikasjon av Protokoll nr 11 til konvensjonen om vern av menneskerettane og dei grunnleggjande fridommane, med endring av kontrollsystemet som er oppretta i konvensjonen. Protokollen, som er ein endringsprotokoll til Den europeiske menneskerettskonvensjonen, byggjer på vedtak i Ministerkomiteen og toppmøtet i Europarådet i Wien i oktober 1993 om å reformere kontrollsystemet for menneskerettskonvensjonen. Protokollen blei opna for underteikning i Strasbourg den 11. mai 1994, og Noreg underteikna protokollen same dagen.

       Det vert opplyst i proposisjonen at tilslutnad til protokollen venteleg ikkje vil medføre direkte budsjettkonsekvensar for Noreg. Eventuelle meirkostnader vil bli dekte innanfor Utanriksdepartementet si budsjettramme.

       Protokollteksten i engelsk original og omsetjing til norsk følgjer som trykt vedlegg til proposisjonen.

       I proposisjonen blir det gjort nærare greie for bakgrunnen for endringsprotokollen. Den sterke auken i talet på individuelle klager har gjort at kontrollorgana for Menneskerettskonvensjonen, Den europeiske menneskerettsdomstolen og i særleg grad Den europeiske menneskerettskommisjonen, er overarbeidde og at sakshandsamingstida er blitt urimeleg lang. Deltidsorgana - Kommisjonen og Domstolen - blir derfor bytte ut med ein heltidsdomstol som vil handsame statsklagesaker og individuelle klagesaker i kammer på sju dommarar og kunne omprøve kammervedtak i eit Storkammer på 17 dommarar.

       Ordninga medfører i røynda at viktige spørsmål av allmenn interesse kan prøvast i to instansar.

       Det vert i proposisjonen vist til at både den individuelle klageretten og statsklageretten etter protokollen skal vere obligatorisk. Ministerkomiteen si noverande rolle i relasjon til kommisjonsrapportar som ikkje blir lagde fram for Domstolen, vil dermed falle bort.

       Det vert vidare i proposisjonen gjort nærare greie for innhaldet i dei sju artiklane i protokollen.

2. Komiteen sine merknader

      Komiteen har merka seg den sterke auken i talet på klager frå einskildpersonar i menneskerettsaker. I hovudsak må ei slik utfordring møtast gjennom styrking av den allmenne rettstilstanden i kvart land. Likevel er det viktig å sikre at saker som vert tekne opp i tilknyting til Den europeiske menneskerettskonvensjonen til ei kvar tid får best mogeleg handsaming. Komiteen har på denne bakgrunnen merka seg at Kommisjonen og Domstolen vil bli bytte ut med ein heiltidsdomstol, m.a. med sikte på å korte ned på sakshandsamingstida. Ordninga medfører at viktige spørsmål av allmenn interesse kan prøvast i to instansar.

3. Komiteen si tilråding

   Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

       Stortinget samtykkjer i ratifikasjon av den ellevte protokollen til Den europeiske menneskerettskonvensjonen i samsvar med framlegg i St.prp. nr. 46 (1994-1995).

Oslo, i utanrikskomiteen, den 31. mai 1995.

Haakon Blankenborg, John Dale, Anne Enger Lahnstein,
leiar. ordførar. sekretær.