Vedlegg 2: Komiteen har mottatt flg. brev fra Nærings- og energidepartementet v/statsråden,datert 6. juni 1995:

Spørsmål i samband med St.prp. nr. 54 (1994-1995)

       Eg viser til brev av 2. juni 1995 med spørsmål frå komiteen. Svara frå departementet står i same rekkjefølgje som spørsmåla er stilt.

1. I St.prp. nr. 54 (1994-1995) er det i kapittel 4.2.2 gjort greie for kva føresetnader som ligg til grunn for departementet sine utrekningar. Departementet har nytta oljeprisføresetnaden i Revidert nasjonalbudsjett for 1995, dvs 115 1995-kroner (17 US $) i perioden frå 1995 til og med 1999 og 121,8 1995-kroner (18 US $) frå 2000 og ut feltet si levetid. Av andre føresetnader er:
- 7 prosent reell diskonteringsrate
- faktisk skatteposisjon for selskapene Shell, Statoil og BP
- Statoil si vurdering av utviklinga av oljeproduksjonen på Draugen (platåproduksjon på 145.000 fat pr dag i gjennomsnitt over året)
- operatøren sine opplysningar om investeringar og driftskostnader

2. Departementet viser til grunngjevinga i St.prp. nr. 54. Det er usikkert om når, og om mogleg kor lenge, Bragefeltet vil produsera i overkant av 100.000 fat pr dag. Ikkje minst er det uklart om det er kapasitet i Oseberg transportsystem (OTS). Dersom styresmaktene skulle krevja glideskala ved eit produksjonsnivå på meir enn 100.000 fat pr dag, ville oljeselskapa kunne få eit økonomisk tap. Frå samfunnet si side vil det på andre sida vere ønskjeleg at den samfunnsøkonomiske gevinst ved ein noko høgare produksjon vert realisert. Ein gevinst på i storleik 100 mill kr kan vere mogeleg, avhengig av mellom anna kapasiteten i OTS og produksjonseigenskapane i Bragereservoaret. For å stimulera eigarane i feltet til å syta for dette, har departementet i denne saka funne det riktig ikkje å setja fram krav om auke i staten sin eigendel i feltet.