Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om endra løyvingar på statsbudsjettet for 1995 under Fiskeridepartementet og Landbruksdepartementet.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 49 (1995-1996)
  • Kildedok: St.prp. nr. 15 (1995-96),St.prp. nr. 23 (1995-96)
  • Dato: 28.11.1995
  • Utgiver: kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen

1. Fiskeridepartementet - oppdragsverksemda ved Havforskingsinstituttet

Kap. 1020 og 4020 Havforskingsinstituttet og kap. 1021 og 4021 Drift av forskingsfartya

       Oppdragsverksemda knytta til Havforskingsinstituttet og drifta av forskingsfartya vart i 1995 meir omfattande enn forventa. For ein del skuldast dette at Havforskingsinstituttet har vorte pålagt å gjennomføre ei teljetokt på kval, kostnadsrekna til 18 mill. kroner. Departementet gjer på denne bakgrunn framlegg om ei tilleggsløyving under kap. 1020 Havforskingsinstituttet på 8 mill. kroner over post 11 og 15 mill. kroner over post 21 mot ein tilsvarande auke av oppdragsinnstektene. Departementet gjer vidare framlegg om ei tilleggsløyving under kap. 1021 Drift av forskingsfartya på 4,5 mill. kroner over post 11 og 1 mill. kroner over post 21 mot ein tilsvarande auke av oppdragsinntektene.

       Komiteen har ingen merknad til forslag om auka løyving på 23 mill. kroner under kap. 1020 mot tilsvarande inntektsauke under kap. 4020 som fylgje av auka oppdragsverksemd.

       Komiteen har ingen merknad til forslag om auka løyving på 5,5 mill. kroner under kap. 1021 mot tilsvarande inntektsauke under kap. 4021 som fylgje av auka oppdragsverksemd.

       Komiteens medlemmer fra Høyre og representanten Christiansen vil for øvrig minne om sine merknader og forslag i B.innst.S.nr.12 (1994-1995).

2. Landbruksdepartementet

Kap. 1124 Noregs landbrukshøgskole (NLH)

       På grunn av forseinka prosjektering av administrasjons- og forskingsbygget på Ås gjer departementet framlegg om å redusere post 30 Byggearbeid med 20 mill. kroner. Departementet legg til grunn at prosjektet vert ferdigstilt i samsvar med prosjektplanen, og at dei 20 mill. kronene blir løyvd att i 1997.

       Etter ein brann i eit undervisningsrom i oktober 1995 er kostnadene ved kjøp av nytt utstyr og opppussing berekna til 6,5 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om å løyve 3,25 mill. kroner for 1995 over post 45 til delvis dekking av desse kostnadene.

       Komiteen har ingen merknad til at løyvinga til administrasjons- og forskingsbygget på Ås blir redusert frå 30 til 10 mill. kroner, men føreset at Statsbygg har ei framdrift slik at bygget kan bli ferdigstilt som avtalt i prosjektplanen.

       Komiteens medlemmer fra Høyre og representanten Christiansen vil for øvrig minne om sine merknader og forslag i B.innst.S.nr.12 (1994-1995).

       Komiteen har ingen merknad til framlegg om løyving på 3,25 mill. kroner til dyrt utstyr som vart øydelagt under brann 11. oktober 1995 og føreset at dei resterande kostnader blir dekt opp under kap. 1100.

Kap. 1135 Norsk institutt for planteforskning (Planteforsk)

       Kjøp av forskingsstasjonen Apelsvoll på Østre Toten er kopla mot eit makeskifte av jordvegen på Kjeller gård i Skedsmo. På grunn av uavklarte reguleringsspørsmål må makeskiftet verte utsett. Departementet gjer difor framlegg om å ompostere 5,5 mill. kroner frå post 30 til ny og overførbar post 46 Ekstraordinært vedlikehald.

       Komiteen har ingen merknad til dette.

3. Komiteens tilråding

     Komiteen syner til det som er sagt ovanfor og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

       På statsbudsjettet for 1995 vert det gjort desse endringane:

Utgifter:

Kap. 1020 Havforskingsinstituttet
  11 Varer og tenester, blir auka med kr 8.000.000
        frå kr 19.656.000
        til kr 27.656.000
  21 Særskilde driftsutgifter,
        blir auka med kr 15.000.000
        frå kr 83.500.000
        til kr 98.500.000
Kap. 1021 Drift av forskingsfartya
  11 Varer og tenester,
        blir auka med kr 4.500.000
        frå kr 28.034.000
        til kr 32.534.000
  21 Særskilde driftsutgifter,
        blir auka med kr 1.000.000
        frå kr 25.600.000
        til kr 26.600.000
Kap. 1124 Norges landbrukshøgskole
  33 Byggearbeider, kan overføres,
        blir redusert med kr 20.000.000
        fra kr 30.000.000
        til kr 10.000.000
  45 (Ny) Store nyinnkjøp,
        kan overføres,
        blir bevilget med kr 3.250.000
Kap. 1135 Norsk institutt for planteforskning
  30 Byggearbeider, kan overføres,
        blir redusert med kr 5.500.000
        fra kr 11.575.000
        til kr 6.075.000
  46 (Ny) Ekstraordinært vedlikehold,
        kan overføres,
        blir bevilget med kr 5.500.000


Inntekter:

Kap. 4020 Havforskingsinstituttet
  03 Oppdragsinntekter,
        blir auka med kr 23.000.000
        frå kr 71.000.000
        til kr 94.000.000
Kap. 4021 Drift av forskingsfartya
  01 Oppdragsinntekter,
        blir auka med kr 5.500.000
        frå kr 21.500.000
        til kr 27.000.000


Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 28. november 1995.

Jon Lilletun, Jørgen Holte, Siri Frost Sterri,
leiar. ordførar. sekretær.