9. Nærings- og handelsdepartementet

9.1 Kap. 900 Nærings- og handelsdepartementet

9.1.1 Post 11 Varer og tenester

Samandrag

       Ved salderinga av statsbudsjettet for 1997 fekk Nærings- og handelsdepartementet eit tillegg på 375.000 kroner som kompensasjon for meirkostnader i samband med omorganiseringa. Det vart derimot ikkje tatt omsyn til og lagt inn midlar til andre meirutgifter i samband med endra lokalisering og deling av departementa.

       Nærings- og handelsdepartementet og Olje- og energidepartementet skal lokaliserast i R4 i Regjeringskvartalet. Den endelege innplasseringa av departementa kan ikkje fastleggjast før Fiskeridepartementet har flytta inn i nye lokalar utanfor R4. Fiskeridepartementet vil etter dei planer som ligg føre, ikkje kunne gjennomføre full utflytting før vinteren/våren 1998.

       Det er likevel klart at både Nærings- og handelsdepartementet og Olje- og energidepartementet vil få auka utgifter, både eingongsutgifter og årleg auka driftsutgifter, som følgje av at administrative funksjonar må splittast og i ein overgangsperiode delvis dublerast. Det er ikkje mogleg å ha full oversikt over meirutgiftene på noverande tidspunkt. På grunnlag av førebels utrekningar vil årlege driftsutgifter knytt til edb, bibliotek og andre fellesfunksjonar auke med om lag 1 mill. kroner for kvart av departementa. Dette tilsvarar den effektiviseringsvinsten på 2 mill. kroner som vart trekt inn i budsjettet for 1994 etter samanslåinga av Næringsdepartementet og Olje- og energidepartementet, jf. St.prp. nr. 1 (1993-1994) for Nærings- og energidepartementet. I tillegg vil det bli utgifter i samband med ombygging og flytting. Tele- og datainfrastruktur må leggjast om/graderast opp for å knyte dei nye lokala til resten av lokalnettet for kvart av departementa.

       Nærings- og handelsdepartementet reknar med ein samla sum på minst 2,5 mill. kroner til å dekkje nødvendige meirkostnader i samband med omorganiseringa. Av dette vil om lag 1,5 mill. kroner vere eingongsutgifter og om lag 1 mill. kroner permanent auka administrasjons- og driftskostnader. I tillegg kjem meirutgifter til ombygging og flytting i 1997 og 1998 som ikkje kan dekkjast innanfor budsjetta til OED eller NHD. Ein må kome tilbake til dette seinare når dei økonomiske konsekvensane ved endra plassering i R4 er endeleg klarlagt.

       I samband med rokeringsprosjektet i Regjeringskvartalet i 1996 vart årleg husleige for det daverande Nærings- og energidepartement justert opp med om lag 2,9 mill. kroner med verknad frå 1. juli 1996. Budsjettvirkninga for 2. halvår 1996 vart dekt ved tilleggsløyving på NOE sitt budsjett gjennom St.prp. nr. 15 (1996-1997). Husleiga for det gamle NOE er førebels lagt inn på OED sitt budsjett under kap. 1800 post 11 for 1997 med eit årsbeløp tilsvarande den gamle leiga som galdt før leigereguleringa pr. 1. juli 1996.

       Endringen av departementsstrukturen krev ytterlegare rokkering internt i R4. Vidare vil det samla arealet til NHD og OED auke som følgje av at departementa overtar dei lokala som Fiskeridepartementet no disponerar i R4. Både NHD og OED sine budsjettrammer må korrigerast når den endelege innplasseringa i R4 er klarlagt og når nye husleigekontraktar ligg føre. Dei nye husleigekontraktane vil truleg ikkje kunne vere klare før våren 1998. På bakgrunn av dette foreslår ein derfor at husleigeauken på 2,9 mill. kroner, som følgje av rokkeringsprosjektet i 1996, førebels blir lagt inn i OED si budsjettramme for 1997 som ein tilleggsløyving under kap. 1800 post 11 Varer og tenester.

       Etter dette vil ein gjere framlegg om auke av løyvinga under kap. 900 post 11 Varer og tenester, med 2,5 mill. kroner på statsbudsjettet for 1997, frå kr  23.245.000 kroner til kr  25.745.000.

Komiteen sine merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag om å forhøye kap. 900 post 11 med 2,5 mill. kroner.

       Komiteen viser når det gjelder kap. 1800 til merknader under avsnitt 17.1.

9.1.2 Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar

Samandrag

       Nærings- og handelsdepartementet har for 1997 ei samla løyving på 11,267 mill. kroner under kap. 900 post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar. Heile løyvinga gjeld forpliktingar/avtaler som vart overført frå Utanriksdepartementet i samband med etableringa av Nærings- og handelsdepartementet, jf. St.prp. nr. 1 Tl.07 (1996-1997). Løyvinga er fordelt på desse organisasjonane:

   Kroner
International Maritime Organization (IMO) 7.481.000
Internasjonal ispatruljeteneste 3.634.000
Det internasjonale handelskammer 110.000
Det internasjonale utstillingsbyrå 42.000
Sum 11.267.000


       For inneverande år er løyvingane til IMO, Det internasjonale handelskammer og Det internasjonale utstillingsbyrå i samsvar med dei medlemsbidraga departementet har fått krav om. For internasjonal ispatruljeteneste, som gjeld refusjon av Noreg sin fastsette/avtalefesta del av utgiftene til tenesta i 1994, blir utgiftene om lag 1,3 mill. kroner høgre enn budsjettert.

       Etter avtala av 4. januar 1956 om finansieringa av ispatruljetenesta i det nordlege Atlanterhavet er Noreg forplikta til å betale eit årleg bidrag fastsett på grunnlag av norsk andel av den samla bruttotonnasjen som passerer gjennom isfjellområda som blir overvåka av ispatruljetenesta i issesongen 15. februar-1. juli. Noregs andel vil derfor variere frå år til år, avhengig av kor stor skipstrafikken har vore det aktuelle året. Dersom store bidragsytarar melder seg ut av ordninga, aukar Noreg sin relative del. Innbetalingane av medlemstilskot frå deltakerlanda dekkjer dei utgiftene den amerikanske kystvakta faktisk har hatt i USD til ispatruljetenesta det aktuelle året. Desse varierar med dei klimatiske tilhøva frå eitt år til det andre.

       Storleiken på bidraget for kvart einskild deltakarland i 1994 var derfor avhengig av tilhøve som først vart kjente i 1997. Noregs ambassade i Washington har bede amerikanske styresmakter om å få overslag over utgiftene på førehand, utan at dette til no har ført fram. Av budsjett-/rekneskapsoversikten for tenesta i 1994 utgjer Noreg sin del om lag 0,7 mill. USD. Etter kursen på betalingstidspunktet tilsvarte det om lag 4,9 mill. kroner, som er om lag 1,3 mill. kroner over det budsjetterte beløpet. Løyvinga under kap. 900 post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar, må derfor aukast med 1,3 mill. kroner, frå kr  11.267.000 til kr  12.567.000.

Komiteen sine merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag om å forhøye kap. 900 post 70 med 1,3 mill. kroner.

9.2 Kap. 950 Sydvaranger ASA

9.2.1 Post 70 Tilskot, kan overførast

Samandrag

       Det har i dei seinere åra funne stad ei sterk reduksjon i talet på tilsette ved hjørnesteinsverksemda Sydvaranger ASA i Kirkenes, jf. omtale i St.prp. nr. 62 (1995-1996). Per 1. mai 1997 var jernmalmbasert produksjon avslutta og selskapet hadde om lag 35 tilsette. Hausten 1994 vart det etablert ei frivillig førtidspensjonsordning ved Sydvaranger som omfatta om lag 60 personar i aldersgruppa 60-67 år i perioden 1994-96. Pensjonsytinga utgjorde 80 % av pensjonsgrunnlaget. Ordninga vart finansiert med ei statleg tilskotsløyving på 58,4 mill. kroner, jf. St.prp. nr. 41 og Innst.S.nr.175 (1993-1994).

       I dei tidlegare omstillingsplanane for Sydvaranger ASA har det vore lagt til grunn at jernmalmverksemda skulle vidareførast med 160-200 tilsette. Avviklinga av jernmalmverksemda inneber at også desse arbeidsplassane fell bort. Blant dei som nyleg er blitt eller blir ledige frå Sydvaranger ASA, er det 55 personar i aldersgruppa 56-60 år som ein reknar med vil ha spesielt store vanskar med å finne seg nytt lønt arbeid. Fleire av dei har vore tilsette i verksemda i nærare 40 år.

       Norsk Arbeidsmandsforbund og Grubeforeningen Nordens Klippe tok i januar 1997 opp med departementet spørsmålet om etablering av ei ny førtidspensjonsordning ved Sydvaranger ASA.

       Nærings- og handelsdepartementet går inn for at det blir etablert ei ny frivillig førtidspensjonsordning for tilsette og nyleg oppsagte ved Sydvaranger ASA, og at ordninga blir finansiert ved statleg tilskotsløyving. Det er ein føresetnad at utgiftsløyvinga skal dekkjast fullt ut av inntekter som staten vil få som aksjonær ved den foreståande avviklinga av Sydvaranger ASA.

       Det er i proposisjonen gjort nærare greie for rammevilkåra for førtidspensjonsordninga.

       Det blir gjort framlegg om ei tilskotsløyving på 63 mill. kroner over kap. 950 Sydvaranger ASA til å etablere ei førtidspensjonsordning på dei vilkåra som er skisserte i proposisjonen. Av denne summen gjer ein framlegg om at 3 mill. kroner blir løyvd på statsbudsjettet for 1997, medan resten blir ført opp på statsbudsjettet i seinare budsjettår.

       Føresetnaden er at ordninga blir sett i kraft frå 1. juli 1997 og at Storebrand Livsforsikring AS står for administrasjon og pensjonsutbetalingar frå dette tidspunktet. Avtale om førtidspensjonering skal teiknast mellom forsikringsselskapet og kvar einskild pensjonist/forsikringstakar.

       For å sikre best mogleg samsvar mellom premieinnbetalingane til forsikringsselskapet og dei faktiske kostnadene, vil det bli etablert eit system med årlege innbetalingar til selskapet/pensjonsfondet.

       Forslag til vedtak er utforma i samsvar med dette.

Komiteen sine merknader

       Komiteens flertall, alle unntatt representanten Stephen Bråthen, slutter seg til forslag til vedtak XV.Flertallet slutter seg til Regjeringens forslag om å bevilge 3 mill. kroner under kap. 950 ny post 70.

       Komiteens medlem representanten Stephen Bråthen vil bemerke det prinsipielt betenkelige i at nok en gruppe eldre arbeidstagere ved Sydvaranger ASA får skreddersydd en statsfinansiert førtidspensjonsordning. Det er forsåvidt velkjent at arbeidstilbudet i regionen generelt er svakt, men det er ikke godtgjort at situasjonen for eldre arbeidstagere stiller nettopp disse i en særstilling. Det tør være kjent at situasjonen for eldre arbeidstagere over hele landet kan være særdeles vanskelig, uten at disse opplever at staten kommer dem til unnsetning på samme måte. Dette medlem finner det for øvrig høyst besynderlig at hver gang Sør-Varanger kommune eller forhold knyttet til hjørnestensbedriften Sydvaranger ASA kommer på dagsorden, så oppheves alle prinsipper, all fornuft og alt magemål. Det er bare opplest og vedtatt at her betaler man de regninger som kommer, øvrige problemer betaler vi oss ut av etter hvert som de oppstår. Sør-Varanger-samfunnet er i prinsippet gitt opp, det som nå gjenstår er hyppig og planløs budsjettmessig førstehjelp som utsetter, men som aldri kan hindre forgubbing og fraflytting. Alt dette gjøres for ikke å måtte medgi det alle vet, at bosetningen over tid vil måtte tilpasses et økonomisk bærekraftig næringsgrunnlag. Men dette er jo i mer eller mindre grad og i prinsippet hjertesukk som er allmenngyldige for det meste av det man her i landet så fint kaller distriktspolitikk. Verden vil bedras.

       Dette medlem kan av prinsipielle grunner ikke slutte seg til forslag til vedtak XV, og vil for øvrig stemme imot forslag om å bevilge 3 mill. kroner under kap. 950 ny post 70.

9.3 Kap. 951 Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S

9.3.1 Post 70 Tilskot, kan overførast

Samandrag

       Ein foreslår at løyvinga under kap. 951 post 70 blir redusert med 1 mill. kroner, frå 64 til 63  mill. kroner, for å dekkje inn løyving under kap. 954 Sulitjelma Bergverk A/S, jf. omtale under dette kapitlet.

Komiteen sine merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag under kap. 951 post 70. Komiteen viser når det gjelder kap. 954 til merknader under avsnitt 9.5.

9.4 Kap. 952 Svalbard Samfunnsdrift A/S

9.4.1 Post 70 Tilskot, kan overførast

Samandrag

       Ein gjer framlegg om at løyvinga under kap. 952 post 70 blir redusert med 1,5 mill. kroner, frå 50 til 48,5  mill. kroner for å dekkje inn løyving under kap. 954 Sulitjelma Bergverk A/S, jf. omtale under dette kapitlet.

Komiteen sine merknader

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre og representanten Stephen Bråthen, slutter seg til Regjeringens forslag under kap. 952 post 70.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti, Venstre og Rød Valgallianse vil understreke at Svalbardsamfunnet er i omdanning for tiden og at det vil oppfattes negativt at ressurser flyttes fra Svalbard for å dekke oppgaver på fastlandet. Disse medlemmer går derfor imot det foreslåtte kutt i tilskott til Svalbard Samfunnsdrift.

       Komiteen viser for øvrig til merknad under avsnitt 9.5.

9.5 Kap. 954 Sulitjelma Bergverk A/S

9.5.1 Ny post 70 Tilskot til avvikling og miljøtiltak, kan overførast

Samandrag

       I St.prp. nr. 1 (1996-1997) for Nærings- og energidepartementet vart det ikkje foreslått løyving til Sulitjelma Bergverk A/S. Ein tok likevel atterhald om at staten ved Nærings- og energidepartementet kunne få krav om midlar til ein oppryddingsplan - « Prosjekt opprydding etter 100 års gruvedrift i Sulitjelma » - som Fauske kommune har utarbeidd.

       I tillegg må det på grunnlag av avsluttande synfaringsrapport frå Bergvesenet, gjennomførast einskilde supplerande tiltak på dei anlegg og sikringar som Sulitjelma Bergverk A/S, dvs. staten, er direkte ansvarleg for.

       Oppryddinga i regi av Fauske kommune vil bli gjennomført i samråd med Miljøvernavdelinga i Nordland fylkeskommune for å sikre kulturspor etter gruvedrifta for framtida.

       Ein fører opp ei løyving på 2,5 mill. kroner over kap. 954, ny post 70 til desse føremåla. Av beløpet gjeld 0,5 mill. kroner avsluttande sikringstiltak i regi av Sulitjelma Bergverk A/S, medan 2 mill. kroner er statleg bidrag til Fauske kommune sin oppryddingsplan. Framlegget blir dekt ved omdisponering frå kap. 951 Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S, og kap. 952 Svalbard Samfunnsdrift A/S, jf. omtale under desse kapitla.

Komiteen sine merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag om å bevilge 2,5 mill. kroner under kap. 954 ny post 70.

       Komiteen viser for øvrig til merknader under avsnitt 9.3 og 9.4

9.6 Kap. 955 Norsk Koksverk A/S

9.6.1. Post 71 Refusjon for miljøtiltak

Samandrag

       Sidan 1990 har staten gitt tilsegn om refusjon for oppreinskingstiltak på Koksverktomta. Etter den presiseringa som vart gjort om bruken av garantiomgrepet i St.prp. nr. 1 (1996-1997) Gul bok, side 52, er denne ordninga ikkje ei garantiordning, men tilsegn om refusjon under visse vilkår. Det opprinnelege tilsegnet hadde ei ramme på 100 mill. kroner, som vart utvida til 130 mill. kroner i statsbudsjettet for 1995. Etter initiativ frå Nærings- og energidepartementet vart oppreinskingsarbeidet stansa i 1995 for å få utarbeidd ein tiltaksplan med kostnadsanslag for dei gjenståande tiltaka som er nødvendige for å oppfylle krava frå Statens forureinsningstilsyn (SFT). I samband med dette ba SFT i 1996 Rana kommune om å utarbeide ei betre grunngjeving for korleis dei foreslåtte tiltaka vil oppfylle SFT sine pålegg frå 1991 og ein tidsplan for gjennomføring av dei aktuelle tiltaka. Kommunen har følgt opp dette seinest ved brev til SFT i februar 1997.

       Kommunen har rekna ut at dei pålagte rehabiliteringsarbeida som står att vil koste i overkant av 64 mill. kroner. Kostnadene er rekna ut frå ei vidareføring av incitamentskontrakt med firmaet Øijord & Aanes om oppgraving og fjerning av forureina masse og kontrakt for fjerning av tjæredeponi. Vidare er det tatt med kostnader for asfaltering, legging av ny kulvert, førebehandling og eksport av spesialavfall, etterkontroll av utslepp, konsulentarbeid og påslag for incitamentskontrakten. Dei resterande arbeida skal etter planen vere avslutta i begynnelsen av oktober 1998.

       Norges Geotekniske Institutt (NGI) har på oppdrag frå departementet gått gjennom forslaget frå Rana kommune og vurdert kvart einskild tiltak i tilhøve til volum og kostnader som kommunen la til grunn då arbeida vart midlertidig stansa i 1995. Med utgangspunkt i SFT si inndeling i arealmessige og/eller helsemessige og miljømessige grunngitte tiltak legg NGI til grunn at helsemessige og miljømessige tiltak skal gjennomførast som første prioritet. Tiltak som er grunngitte ut frå arealmessige vurderingar, må vurderast ut frå ei kost-/nyttevurdering. SFT har bede kommunen om å prioritere gjenverande tiltak ut frå ei slik vurdering.

       Ut frå eit tiltenkt behov for areal til industriformål argumenterer kommunen for masseutskifting av eit avgrensa område på om lag 2,3 mål. Dette arbeidet er kostnadsrekna til 19 mill. kroner. Det er fagleg semje om at det ikkje er nødvendig å reinske dette området ut frå miljømessige omsyn. NGI konkluderer med at ut frå ei kost-/nyttevurdering bør massen i dette området ikkje skiftast ut. Området bør i staden dekkast med tett overflate og klausulerast slik at det i framtida ikkje blir tillate gravearbeid eller installasjonar i grunnen.

       Nærings- og handelsdepartementet er samd i NGI sitt forslag om tildekking og klausulering av området og har ved brev av 3. april 1997 underretta SFT med kopi til Rana kommune.

       NGI peikar vidare på at incitamentskontraktsformen som ligg til grunn for noverande kontrakt med Øijord & Aanes ikkje lenger er føremålstenleg no som ein har betre oversikt over typer forureining, volum og behandlingsmåtar. Metoden som hittil har vore nytta for utgraving, gjorde det vanskeleg å førehandsrekne voluma, og kostnadene auka ukontrollerte. NGI tilrår at dei tiltaka som står att blir vurderte separat og sett ut på anbud kvar for seg eller i grupper.

       I tillegg kjem refusjonar til Rana kommune til andre tiltak og utbetalingar til konsulenthjelp frå NGI og revisjonsselskapet Coopers & Lybrand.

       Pr. dato står det att om lag 5 mill. kroner av tilsegnsramma på 130 mill. kroner til rehabilitering av Koksverktomta.

       På grunnlag av tiltaksplanen frå Rana kommune og kommentarar og tilrådingar frå NGI foreslår ein at ramma blir utvida med ytterlegare 50 mill. kroner til 180 mill. kroner for 1997, jf. forslag til vedtak. Ein legg vidare til grunn å oppretthalde den etablerte rutinen for utbetaling av refusjon for utførde miljøtiltak etter særskilt fullmakt frå Stortinget og løyving av midlar mot slutten av året (nysalderinga).

       Regjeringa legg til grunn at staten har oppfylt sine pliktar når det gjeld oppreinsking av Koksverktomta når alle pålagte tiltak innanfor den utvida tilsegnsramma på 180 mill. kroner er utført og betalt.

Komiteen sine merknader

       Komiteen viser til følgende brev fra nærings- og handelsministeren 28. mai 1997:

       « Det vises til St.prp. nr. 63 (1996-1997) Kap 955 Norsk Koksverk AS. Her redegjøres det for rehabiliteringstiltakene på Koksverktomta i Rana kommune og foreslås en utvidelse av tilsagnssummen fra 130 til 180 mill. kroner til dekning av nødvendige gjenstående miljøtiltak.
       I henhold til en garantierklæring av 4. juli 1990 har staten gitt tilsagn om refusjon for opprenskningstiltak som følge av pålegg fra miljøvernmyndighetene knyttet til miljøforurensning fra Koksverkets tidligere virksomhet. Pr. dato er det gjennomført og gitt refusjon og opprensingstiltak opp til den foreliggende tilsagnsrammen på 130 mill. kroner.
       Norges Geotekniske Institutt (NGI) har på oppdrag fra departementet gått gjennom Rana kommunes forslag til resterende rehabiliteringstiltak og kostnadsberegninger. Blant annet argumenterer kommunen for masseutskifting av et avgrenset område tiltenkt industriformål. Arbeidet er kostnadsbegrenset til 19 mill. kroner.
       NGI mener at helsemessige og miljømessige tiltak må gjennomføres som første prioritet. Ut fra en slik vurdering er det vår oppfatning ikke rimelig å bruke 19 mill. kroner på å rense et område ut fra et mulig behov for industriareal.
       Departementets standpunkt ble meddelt Rana kommune i vårt brev av 3. april 1997. Til orientering oversendes herved kopi av Rana kommunes brev til departementet av 2. mai 1997 sammen med et notat utarbeidet av kommunenes juridiske rådgiver.
       Nærings- og handelsdepartementet vil på nytt, i samråd med Regjeringsadvokaten, vurdere kommunens merknader vedrørende omfanget av statens garantiansvar, beløpsmessig omfang og rekkevidde i tid. »

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag, jf. forslag til vedtak XVI.

9.7 Kap. 962 Omstillingstiltak

9.7.1 Ny post 71 Omstillingstilskot til Sør-Varanger, kan overførast

Samandrag

       Ved handsaminga av St.prp. nr. 80 (1990-1991) vart det fastsett ei ramme på 400 mill. kroner for statleg støtte til omstillingstiltak i Sør-Varanger. Ramma vart utvida med 30 mill. kroner i 1996, jf. St.prp. nr. 62 (1995-1996) Om A/S Sydvaranger og omstillingen i Sør-Varanger.

       I samband med statsrekneskapen for 1996 er 5.207.000 kroner av omstillingsløyvinga til Sør-Varanger ført tilbake til statskassa etter 3-års regelen for overførbare løyvingar. Heile ramma på 430 mill. kroner til omstilling i Sør-Varanger er disponert og bundne ved tilsegn til ulike formål og prosjekt. Ein gjer derfor framlegg om ei løyving på 5,2 mill. kroner til omstillingstilskot til Sør-Varanger til erstatning for den summen som vart dratt inn.

       I styremøte 24. april 1997 gjorde styret i Kværner Kimek a.s. vedtak om å gi administrasjonen i selskapet mandat til å gå inn i drøftingar med dei tilsette om avvikling av den noverande verksemda. Administrasjonen vil saman med organisasjonane til dei tilsette vurdere nedbyggingsforslaget fram til det endelege vedtaket vert fatta på styremøte 28. mai d.å.

       Etter styrevedtaket bad nærings- og handelsministeren om eit møte med leiinga i Kværner ASA. I møte 2. mai d.å. vart den vanskelege situasjonen ved Kværner Kimek drøfta. Det var semje om at innsatsen framover bør konsentrerast om å arbeide aktivt for å finne moglege løysingar som kan gi grunnlag for fortsatt drift ved anlegget i Kirkenes.

Komiteen sine merknader

       Komiteens flertall, alle unntatt representanten Stephen Bråthen, slutter seg til Regjeringens forslag om å bevilge 5,2 mill. kroner under kap. 962 ny post 71.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Kristelig Folkeparti og Venstre viser til innstillingen fra næringskomiteen om A/S Sydvaranger og omstillingen i Sør-Varanger ( ( Innst.S.nr.289 (1995-1996)). Disse medlemmer mener det er avgjørende for at omstillingsarbeidet skal lykkes at det blir et godt samarbeid mellom A/S Sydvaranger og Sør-Varanger kommune når det gjelder framtidig disponering av A/S Sydvarangers grunnverdier. Disse må disponeres slik at det gagner lokalbefolkningen. Disse medlemmer vil med disse presiseringer støtte Regjeringens forslag.

       Komiteens medlem, representanten Stephen Bråthen, mener statens pengebruk overfor Sør-Varanger har vært, og er, uforsvarlig, kortsiktig og sterkt kritikkverdig. Av den grunn har dette medlem tidligere stemt imot subsidier til Sydvaranger ASA og pengegaver til såkalt omstilling. Av samme grunn vil dette medlem stemme imot Regjeringens forslag om å bevilge 5,2 mill. kroner under kap. 962 ny post 71.

       Dette medlem viser for øvrig til sin merknad under 9.2 foran.

9.8 Kap. 966 Støtte til skipsbygging

9.8.1 Post 50 Overføring til fond for støtte ved skipskontraktar

Samandrag

       Stortinget la i samband med handsaminga av statsbudsjettet for 1997 til grunn at Regjeringa skulle kome attende til spørsmålet om skipsstøtteordninga dersom avtalen om normale konkurransevilkår i skipsbyggingsindustrien, OECD-avtalen, ikkje var sett i kraft i løpet av dei første månadene av 1997.

       USA har enno ikkje ratifisert OECD-avtalen, og det er framleis usikkert om og når avtalen vil bli sett iverk. For å kunne sikre norske skipsverft like konkurransevilkår som sine utanlandske konkurrentar, foreslås det at den noverande støtteordninga videreførast fram til utgangen av 1997 med dei til einkvar tid gjeldande maksimalsatser fastsett gjennom EØS-avtalen. Det er her lagt til grunn at OECD-avtalen ikkje vil tre i kraft i løpet av inneverande år. Dersom det likevel skulle skje, vil ordninga berre gjelde fram til dato for ikrafttreden av avtalen.

       Når det gjeld kontraktsinngangen for inneverande år, legg ein til grunn at den vil bli på vel 9 mrd. kroner, dvs. om lag same nivå som for 1996. Med dette kontraktsvolumet baserer ein seg på eit støttebehov på 800 mill. kroner for kontraktar inngått i 1997. I samband med handsaminga av statsbudsjettet for 1997 vart det løyvd 400 mill. kroner til støtte til skipskontraktar som inngås i 1. halvår 1997. Behovet for løyving til dette fondet for støtte til skipskontraktar som vart inngått i 2. halvår, er også 400 mill. kroner basert på uendra kontraktsvolum og gjeldande støttesatsar. Ein vil kome attende til spørsmålet om eventuell ytterligare forlenging av vilkåra for støtteordninga for skipsbyggingsindustrien etter 1997 i samband med budsjettet for 1998 til hausten.

       Etter dette vil ein gjere framlegg om auke av løyvinga under kap. 966 post 50 Overføring til fond for støtte ved skipskontraktar, med 400 mill. kroner på statsbudsjettet for 1997, frå 400 til 800 mill. kroner.

Komiteen sine merknader

       Komiteens flertall, alle unntatt representanten Stephen Bråthen, slutter seg til Regjeringens forslag.

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Arbeiderpartiet, Rød Valgallianse og representanten Stephen Bråthen, støtter Regjeringens forslag, men etterlyser samtidig en strategi for å få til en OECD-avtale som kan sørge for at en får like konkurransevilkår i skipsindustrien.

       Komiteens medlem representanten Stephen Bråthen er ikke overbevist om at Norge bør fortsette subsidieringen av norske verft i påvente av at den bebudede OECD-avtalen skal tre i kraft. Det vises i denne sammenheng til omtale av argumentet om å møte subsidier med subsidier i Nasjonalbudsjettet for 1997 side 161, hvorfra følgende hitsettes:

       « Det har vært argumentert med at støtteordninger til enkeltnæringer i andre land nødvendiggjør støtte til tilsvarende norsk konkurranseutsatt virksomhet, for å hindre at norske produkter blir utkonkurrert av utenlandsk produksjon. Ut fra verdiskapningshensyn er ikke dette i utgangspunktet noe godt argument for å opprettholde eller innføre støtteordninger i Norge. Så lenge andre land kan antas å opprettholde støtten på mer varig basis, kan det isolert være et bedre alternativ å benytte anledningen til å kjøpe subsidierte varer, i stedet for å skjerme seg mot en slik inntektsoverføring fra utlandet. Subsidier til eksportbedrifter vil, dersom de slår ut i lavere priser, dessuten føre til at en del av støtten kommer utenlandske kjøpere til gode. »

       Dette medlem finner Finansdepartementets bemerkninger i Nasjonalbudsjettet for 1997 å være mer fornuftige og treffende enn deres omtale av samme tema ovenfor. En kan trygt slå fast at det her dreier seg om utsagn hhv. med og uten politisk sil.

       Dette medlem ønsker full avvikling av verftsstøtten, om nødvendig på ensidig basis, og vil stemme imot Regjeringens forslag om å øke kap. 966 post 50 med 400 mill. kroner.

9.9 Kap. 5320 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond

9.9.1 Post 50 Tilbakeføring av utviklingstilskot

Samandrag

       Løyvinga til Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) sitt utviklingstilskot blir overført i budsjetterminen til ein særskilt oppretta fondskonto i Noregs Bank. Samstundes med at midlar blir førte over til fondskontoen, blir tilsvarande beløp utgiftsført på SND sitt utgiftskapittel 2420 post 50 i statsrekneskapen. Føresetnaden er at unytta del av løyvinga for eitt år skal tilbakeførast til statskassa det etterfølgjande året når årsrekneskapen ligg føre. I tillegg skal det gjerast endeleg avrekning for tilsegn frå utviklingstilskotet som vart gitt fire år tidlegare. Det siste inneber at dei midlane som det vart gitt tilsegn om frå løyvinga for 1993 og som ikkje var utbetalte innan utgangen av 1996, også skal tilbakeførast til statskassa i 1997.

       Det er budsjettert med ei tilbakeføring på 5 mill. kroner i 1997. Den faktiske tilbakeføringa vart 15.133.365 kroner, dvs. 10.133.365 kroner høgre enn budsjettert. Det meste av beløpet - om lag 15,08 mill. kroner - gjeld tilbakeføring av ikkje utbetalte tilsegn frå 1993. Tilsegnsramma for 1996 vart på det næraste utnytta fullt ut.

       På denne bakgrunnen gjer ein framlegg om å auke inntektsløyvinga under kap. 5320 post 50 med 10.134.000 kroner, frå kr  5.000.000 til kr  15.134.000.

Komiteen sine merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag.

9.9.2 Post 51 Tilbakeføring fra tapsfond

Samandrag

       Løyving til tapsfond for SND sine landsdekkjande risikolån- og garantiordningar blir overført i budsjetterminen til særskilte oppretta fondskonti i Noregs Bank. Samstundes med at midlar blir førte over til fondskontiane, blir midlane utgiftsførte på SND sitt utgiftskapittel 2420 postane 51 og 52 i statsrekneskapen. Føresetnaden er at tapsfondsmidlar som refererer seg til unytta del av låne- eller garantiramma, skal tilbakeførast til statskassa det påfølgjande året etter at årsrekneskapen ligg føre. Endeleg oppgjer på tapsfondsmidlar knytte til annullerte låne- og garantitilsegn som er gitt fire år tidlegare samstundes skal tilbakeførast til statskassa. Dette siste inneber at den delen av tapsfonda for 1993 som gjeld låne- og garantitilsegn som ikkje var utbetalte eller stilt garanti for innan utgangen av 1996, skal tilbakeførast i 1997.

       Det er budsjettert med ei tilbakeføring på 5  mill. kroner i 1997. Den faktiske tilbakeføringa vart 46.578  245 kroner, dvs. 41.578  245 kroner høgre enn budsjettert. Den store tilbakeføringa gjeld i det alt vesentlege annullerte lånetilsegn frå 1993. Desse utgjer om lag 46,4 mill. kroner. Låne- og garantiramma for 1996 vart på det næraste utnytta fullt ut.

       På denne bakgrunnen gjer ein framlegg om å auke inntektsløyvinga under kap. 5320 post 51 med 41.578.000 kroner, frå kr  5.000.000 til kr  46.578.000.

Komiteen sine merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag.

9.10 Kap. 5656 Aksjar i selskap under Nærings- og handelsdepartementet si forvalting

9.10.1 Post 80 Utbytte

Samandrag

       I St.prp. nr. 1 er det samla ført opp 757 mill. kroner i aksjeutbytte frå selskap der Nærings- og handelsdepartementet forvaltar det statlege eigarskapet. Etter dei opplysingar Nærings- og handelsdepartementet har fått frå dei aktuelle selskapa, kan det samla utbytteoverslaget for rekneskapsåret 1996, med utbetaling i 1997, aukast til om lag 898 mill. kroner.

       Endringa kjem i hovudsak av høgre utbytte frå Norsk Hydro ASA enn det ein la til grunn i budsjettframlegget.

       På dette grunnlag blir inntektsløyvinga under kap. 5656 Aksjar i selskap under Nærings- og handelsdepartementet si forvalting post 80 Utbytte, ført opp med ein auke på 141 mill. kroner, frå 757 til 898 mill. kroner.

Komiteen sine merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag.

9.11 Kap. 5682 Innskotskapital i Statens nærings- og distriktsutviklingsfond

9.11.1 Post 80 Utbytte

Samandrag

       Det alt vesentlege av innskotskapitalen i SND er knytt til grunnfinansieringsordninga. Ordninga er i hovudsak ein vidareføring av den tilsvarande ordninga i Industribanken. Bokført innskotskapital utgjer om lag 629,8 mill. kroner. SND skal betale utbytte til staten av innskotskapitalen.

       Utbyttet frå grunnfinansieringsordninga for perioden 1995-98 er fastsett til 75 % av årsresultatet. Det er likevel avgrensa oppover til staten si innlånsrente multiplisert med innskotskapitalen. Staten si innlånsrente for 1996 er no utrekna til 5,98 % basert på gjennomsnittleg fem års statsobligasjonsrente gjennom året. Utbyttet for 1996 med utbetaling i 1997 vart budsjettert med 41  mill. kroner ut frå ein føresetnad om maksimal utbetaling og ei innlånsrente på 6,5 %. Årsresultatet for grunnfinansieringsordninga i 1996 vart om lag 80,5  mill. kroner, noko som gir grunnlag for maksimal utbytteutbetaling. Fordi innlånsrenta vart om lag eit halvt %poeng lågare enn anslått på budsjetteringstidspunktet, blir det faktiske utbyttet på om lag 37,7 mill. kroner (5,98 % x 629,8), dvs. 3,3 mill. kroner lågara enn budsjettert.

       På denne bakgrunn tar ein opp forslag om å redusere inntektsløyvinga under kap. 5682 post 80 med 3,3 mill. kroner, frå 41 til 37,7 mill. kroner.

Komiteen sine merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag.

9.12 Svensk-Norsk Industrifond

Samandrag

       Ved handsaminga av St.prp. nr. 58 og Innst.S.nr.283 (1995-1996) ga Stortinget sitt samtykke til at Nærings- og energidepartementet kunne gi ein garanti til Svensk-Norsk Industrifond (SNI) for låneopptak for inntil motverdien av 80 mill. SEK, jf. forslag til vedtak XVI i proposisjonen og innstillinga. Saman med ein svensk garanti på 20  mill. SEK ville garantien gi SNI høve til å låne ut nokre av sine bundne midlar og på den måten gjere det mogleg for fondet til å halde sitt noverande aktivitetsnivå i om lag fem år.

       Etter ei nærare vurdering av korleis garantien skal nyttast, er det klart at Nærings- og handelsdepartementet må garantere for kvart einskild låneopptak som SNI gjer. Dette inneber at fullmakta til å garantere for SNI sine låneopptak må fornyast kvart år i samsvar med § 8 i løyvingsreglementet. I forslag til vedtak er ført opp vedtak om garantifullmakt for 1997.

Komiteen sine merknader

       Komiteens flertall, alle unntatt representanten Stephen Bråthen, slutter seg til Regjeringens forslag, jf. forslag til vedtak XVII.

       Komiteens medlem representanten Stephen Bråthen vil på prinsipielt grunnlag avvise statlig garantigivning til slike formål, og stemmer således imot Regjeringens forslag, jf. forslag til vedtak XVII.

9.13 Overdraging av aksjane i AS Kongsberg Våpenfabrikk til Kongsberg Gruppen ASA

Samandrag

       AS Kongsberg Våpenfabrikk (KV) har vore under akkordhandsaming sidan 1987. I 1996 vart dei to siste gjenverande sakene løyst. Det vart betalt eit dividendekrav for Kongsberg Limited i London med om lag 1,2 mill. kroner og inngått forlik om krav mot DARPA (forskningsinstitusjon tilknytt US Army) der DARPA forplikta seg til å betale om lag 2,6 mill. kroner.

       Dette ga grunnlag for å utbetale sluttdividende til kreditorane. Det vart utbetalt sluttdividende på 1,271 % i desember 1996. Uprioriterte kreditorar har dermed fått dekking for 63,77 % av fordringane i tillegg til full dekking av dei første 10.000 kroner. Etter at sluttdividenden er utbetalt, reknar ein akkorden for avslutta.

       I akkordavviklingsperioden har selskapet vore underkasta tilsyn av ei tilsynsnemnd oppnemnd av Kongsberg skifterett. Ved brev av 23. desember 1996 til Kongsberg skifterett har tilsynsnemnda lagt ned sitt verv og meldt frå at AS Kongsberg Våpenfabrikk ikkje lenger er under tilsyn. I følgje årsrekneskapen for 1996 har AS Kongsberg Våpenfabrikk ein eigenkapital på 4,7 mill. kroner ved utgangen av året. Selskapet har ingen tilsette.

       KV-saka vart løyst med forliket ved at søksmålet som dei 22 utanlandske bankane reiste for tap på lån til A/S Kongsberg Våpenfabrikk i 1989 vart trekt tilbake. Staten dekte sakskostnadene for dei andre partane i saka (styret, adm. direktør og selskapets revisor) og, som ledd i forliket, delar av bankane sine sakskostnader. Dette utgjorde om lag 3,2 mill. kroner og vart dekt av Næringsdepartementet over kap. 900 post 21 utan tilleggsløyving. Staten dekte dessutan eigne kostnader i samband med saka. Etter at staten har fått refundert delar av sine utlegg, vil det stå attende nokre midlar i selskapet. Noko av dette vil vere avsetjing til dividendeutbetalingar der det har vore vanskeleg å finne rett adressat for utbetalingane.

       Etter Nærings- og handelsdepartementet si vurdering er det heretter ingen reelle eller praktiske omsyn som talar for at AS Kongsberg Våpenfabrikk bør oppretthaldast som eit statsaksjeselskap. Eit aktuelt alternativ er å overdra aksjane for eit nærare avtalt vederlag til Kongsberg Gruppen ASA (tidlegare Norsk Forsvarsteknologi A/S), som vart etablert i juni 1987 på basis av Forsvarsdivisjonen i A/S Kongsberg Våpenfabrikk. I denne samanheng kan ein også inngå avtale med kjøpar om mellom anna arkivhald og visse tenester til pensjonistar og tidlegare tilsette i KV.

       Ein fremjer med dette forslag for Stortinget om fullmakt for Nærings- og handelsdepartementet til å overdra staten sine aksjer i AS Kongsberg Våpenfabrikk til Kongsberg Gruppen ASA, jf. forslag til vedtak. Vederlaget vil om lag tilsvare dei gjenståande midlane i KV justert for moglege framtidige utbetalingar og andre tenester. Dette må avtalast nærare mellom Nærings- og handelsdepartementet og Kongsberg Gruppen ASA. Ein rekner med å kunne fremje framlegg om løyving i samband med salet og om nedskriving av statens aksjekapital ved nysalderinga av statsbudsjettet for 1997 til hausten.

Komiteen sine merknaer

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Rød Valgallianse, slutter seg til Regjeringens forslag, jf. forslag til vedtak XVIII.