Innstilling frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak nr. 37/97 av 27. juni 1997 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA-statane si deltaking i Fellesskapet sitt program Multilingual Information Society (MLIS).

1. Samandrag

       Regjeringa legg i proposisjonen fram framlegg om at Stortinget gir sitt samtykke til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak nr. 37/97 av 27. juni 1997 om endring av protokollen om samarbeid på særlege område utanom dei fire fridomane slik at samarbeidet mellom partane vert utvida til òg å omfatte eit fleirårig fellesskapsprogram for å fremje det språklege mangfaldet i Fellesskapet. Programmet heiter Multilingual Information Society.

       EØS-komiteen sitt vedtak nr. 37/97 og rådsvedtaket om programmet kalla Multilingual Information Society er gjengitt i proposisjonen.

2. Nærare om MLIS-programmet

      Programmet har fire hovudmålsetjingar:

1. Å auke kjennskapen til og stimulere framveksten av fleirspråklege tenester som tek i bruk språkteknologiar, -ressursar og -standardar.
2. Å skape gode vilkår for utvikling av språkindustriverksemder.
3. Å redusere kostnadene ved å overføre informasjon mellom språk.
4. Å medverke til å halde det språklege mangfaldet oppe.

3. Administrative og økonomiske konsekvensar

       Dei økonomiske tilskota frå EFTA-statane til MLIS-programmet blir fastsett med heimel i artikkel 82 nr. 1 bokstav a) i EØS-avtala.

       Totale kostnader for MLIS-programmet er berekna til 120 mill. kroner for åra 1996 til og med 2000. Norsk del av kontingenten vil for 1997 utgjere omlag 78.000 kroner. I tillegg kjem administrative kostnader på 300.000 kroner. Kontingenten vil bli delt mellom Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, Kulturdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet. Sjølv om Kulturdepartementet vil ha det formelle oppfølgingsansvaret for programmet, vil ein òg få til eit samarbeid om programmet på administrativt plan.

       I 1998 vil for Noreg sin del dei operasjonelle kostnadene vere om lag 400.000 kroner, mens dei administrative kostnadene er berekna til om lag 270.000 kroner. I budsjettet for 1998 er det også gjort framlegg om at det blir sett av om lag 350.000 kroner til nasjonal oppfølging av MLIS-programmet.

       Deltaking i programmet får ikkje nemnande administrative konsekvensar.

4. Merknader frå komiteen

      Komiteen har merka seg at det no er i gang eit omfattande arbeid innan språkteknologi i mange europeiske land. Gjennom deltaking i programmet Language Engineering har det kome fram at Noreg har svært liten aktivitet når det gjeld utvikling av språkverkty til bruk i dataprogram. Noreg ligg langt etter i denne utviklinga i høve til andre land.

       Komiteen er klar over at dei beste programprodukta for å skriva og vidarearbeida språk ligg føre på engelsk. Komiteen har merka seg at Regjeringa ønskjer å styrka den nasjonale satsinga på elektroniske informasjonstenester der norsk språk er ein viktig del av informasjonssamfunnet. Noreg er eit lite språksamfunn og ein liten marknad. Det er derfor vanskeleg å utvikla konkurransedyktig, norskspråkleg programvare. Her går Multilingual Information Society (MLIS) inn som ein del av satsingsområdet med styrking av det språklege mangfaldet.

       Komiteen ser at det er naudsynt å utarbeida ein meir langsiktig strategi for å ivareta og fremja bruk av norsk på IT-området. Komiteen er av den meininga at dersom norsk, både bokmål og nynorsk, framleis skal vera eit felles kultur- og arbeidsspråk, må det setjast i verk tiltak snarast råd.

       Komiteen meiner at norsk deltaking i MLIS-programmet i EU vil styrka norsk i informasjonssamfunnet og medverka til utvikling av norsk språkteknologi. Programmet er særleg retta mot små og mellomstore bedrifter. Samstundes vil me stå fritt til å vidareføra vår eigen politikk på området.

       Komiteen sitt utkast til innstilling har vore forelagt utanrikskomiteen til uttale. I brev datert 12. desember 1997 til familie-, kultur- og administrasjonskomiteen seier utanrikskomiteen at dei ikkje har merknader til utkastet til innstilling.

       Komiteen har elles ingen merknader og støttar Regjeringa sitt forslag til vedtak.

5. Tilråding frå komiteen

       Komiteen har elles ingen merknader, syner til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

       Stortinget samtykker til EØS-komiteen sitt vedtak nr. 37/97 av 27. juni 1997 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA-statane si deltaking i Fellesskapet sitt program Multilingual Information Society (MLIS), i samsvar med framlegg i St.prp. nr. 6 (1997-1998).

Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 12. desember 1997.

May-Helen Molvær Grimstad, Unn Aarrestad, Grethe G Fossum,
leiar. ordførar. sekretær.