Vedlegg 1

Brev fra Barne- og familiedepartementet, til familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, datert 25. mars 1998.

Dok.nr.8:52 med forslag om at angrefristlova skal gjelde for kjøp og sal over internettet eller andre former for elektronisk handel

       Eg viser til brev frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om Dok.nr.8:52 (1997-1998) med forslag frå representantane Grethe G Fossum og Liv Marit Moland om å endre angrefristlova.

       Handel på internettet er ei form for sal som var nærast ukjend i Noreg den siste gongen angrefristlova vart revidert i 1992. Dette er årsaka til at ein korkje i lova eller i forarbeida har omtala slik handel, og til at det har vore uklårt om angrefristlova gjeld for handel på internettet. På grunn av den setninga i forarbeida til lova som vert sitert i forslaget til representantane (« angrefristloven gjelder ikke ved kjøp der forbrukeren kontakter en database. »), har mellom andre Forbrukarrådet meint at lova ikkje gjeld for slik handel. I haust bad dei Barne- og familiedepartementet gjere greie for departementet si tolking av lova.

       Angrefristlova er formulert slik at dersom ein forbrukar ser eit tilbod på internettet, og vel å ringe eller å skrive eit brev for å bestille vara, er dette å rekne som postordresal og er omfatta av lova. Det som har vore usikkert, er om dei forbrukarane som sender ei elektronisk bestilling er verna av angrefristlova.

       Barne- og familiedepartementet har no vurdert spørsmålet og meiner den gjeldande angrefristlova i utgangspunktet omfattar alt kjøp av varer over internettet.

       Dei omsyna som ein la vekt på da postordresal blei tatt inn i angrefristlova, gjeld i like stor grad for bestilling av varer over internett. Forbrukaren får ikkje sjå vara før han inngår avtalen, og han må basere avgjerda si på det seljaren seier i marknadsføringa si.

       Det ville ikkje vere rimeleg om det var val av måte å bestille på som avgjer om forbrukaren kan angre eller ikkje. Departementet meinte difor at det var gode grunnar for å tolke lova slik at ho omfattar handel over internettet. På grunn av utsegna i forarbeida, fann departementet likevel grunn til å leggje saka fram for lovavdelinga i Justisdepartementet. I sitt svar til Barne- og familiedepartementet konkluderer lovavdelinga med at ei bestilling som er gjort elektronisk via internettet kan reknast som postordresal i forhold til angrefristlova § 2 tredje ledd. Utsegna i forarbeida til angrefristlova har ikkje juridisk avgjerande vekt, særskilt når ho som her ikkje er grunngitt.

       Eg kan elles opplyse om at departementet har starta arbeidet med ein revisjon av angrefristlova. Dette har fyrst og framst samband med eit nytt EU-direktiv om mellom anna angrerett for forbrukaren i samband med avtaler inngått ved såkalla fjernsal. Som fjernsal reknar vi alle former for sal der forbrukaren og seljaren ikkje treff kvarandre ved avtaleinngåinga. Typiske døme er postordresal, telefonsal, og sal over internettet. Direktivet er vedteke i EØS-komiteen med atterhald for Stortinget sitt samtykke, og regjeringa tar sikte på å leggje fram ein proposisjon for Stortinget om samtykke til innlemming av direktivet i EØS-avtalen før påske.

       Ettersom angrefristlova gjeld for varesal på internettet alt i dag, er ein revisjon av lova ikkje naudsynt for å sikra forbrukaren angrerett ved denne forma for sal. Ved den komande revisjonen av lova vil ein likevel få klårare fram i sjølve lova at ho og gjeld for handel over internettet. Revisjonen gir i det heile høve til ei naudsynt tilpassing av angrefristlova til den moderne teknologiske marknaden. I mellomtida er det viktig å syte for at næringsliv og forbrukarar er informerte om kva for reglar som gjeld i dag, slik at angrefristlova blir brukt slik ho skal.