Regjeringa gjev i meldinga eit oversyn over
norsk eksport av våpen, ammunisjon og anna militært
materiell for året 1997, basert på innrapportering
frå eksportørane.
Det vert synt til at eksportkontrollen for forsvarsmateriell
vert utøvd med utgangspunkt i ei nasjonal vareliste (Liste
I). Dei såkalla fleirbruksvarene, dvs. produkt som er sivile,
men som også kan brukast militært, går fram
av Liste II. Sistnemnde er basert på kontrollistene som
vert utarbeidde i dei multilaterale eksportkontrollregima. Berre
produkt på Liste I (forsvarsmateriell) er omfatta av tabellane
i meldinga.
Det vert vidare synt til at norske eksportørar
sidan 1. januar 1996 har vore pålagde å rapportere
om eksport av forsvarsmateriell basert på innvilga eksportlisensar og
løyve til å utføre tenester knytte til
militært materiell som er omtala i Liste I. Oversyna i
meldinga er baserte på oppgåver frå bedriftene
om faktisk eksport, dvs. fakturerte sal i 1997 av forsvarsmateriell
og tenester i tilknyting til slike varer. Utførsle av varer
for demonstrasjon eller reparasjon, dvs. mellombels utførsle
av varer som seinare skal gjeninnførast til Noreg, er ikkje med
i tabellane. Det er òg gjeve eit oversyn over tenester
som er utførte for utanlandske oppdragsgjevarar og over
reparasjonar som er utførte for utanlandske eigarar etter
løyve frå Utanriksdepartementet.
Det vert opplyst at den samla verdien av eksport
av forsvarsmateriell, tilknytte tenester og reparasjonar av tidlegare
levert forsvarsmateriell som er utførte i Noreg for utanlandske
oppdragsgjevarar, var i 1997 1 115 096 000 kroner. I alt 25 bedrifter
har rapportert om utførsle. Innrapporteringane er kontrollerte
mot tildelte lisensar.
I 1996 eksporterte 32 bedrifter forsvarsmateriell
eller utførte tenester for utanlandske oppdragsgjevarar
for til samen 1 001 409 000 kroner.
Det går fram av tabellane i meldinga
at NATO-landa og dei nordiske landa var dei største mottakarane
av kategori A-materiell (våpen og ammunisjon) frå Noreg.
I tillegg har Austerrike, Australia, Chile, Japan, Kuwait og Sveits
teke imot slikt materiell. NATO-medlemslanda og dei nordiske landa
er også dei største mottakarane av kategori B-materiell
(anna militært materiell) i 1997. I tillegg er slikt materiell
levert til Dei sameinte arabiske emirata, Egypt, Qatar, Singapore,
Slovakia, Saudi-Arabia og Den tsjekkiske republikken.
Det statistiske materialet om norsk eksport
av forsvarsmateriell er framstilt i seks tabellar (jf. kapittel
7). Desse tabellane omfattar:
– Tabell
1: Oversyn over mottakarland etter varegruppene i Liste I.
– Tabell 2: Eksport av forsvarsmateriell
fordelt på varegruppene i Liste I.
– Tabell 3: Eksport av forsvarsmateriell
fordelt på land.
– Tabell 4: Eksport av forsvarsmateriell
fordelt på regionar.
– Tabell 5: Tenesteytingar for
utanlandske oppdragsgjevarar.
– Tabell 6: Oversyn over reparasjonar
av forsvarsmateriell utførte i Noreg for utanlandske oppdragsgjevarar.
Meldinga gjev eit oversyn over lovgrunnlaget,
forskriftene og varelistene som ligg til grunn for måten Utanriksdepartementet
utøver eksportkontrollen på, med utgangspunkt
i regjeringsfråsegn og stortingsvedtak frå 11.
mars 1959.
Det er utarbeidd eigne retningsliner for korleis
Utanriksdepartementet skal handsame søknader om eksport av
våpen og anna militært materiell, og meldinga
gjev ein omtale av praktiseringa av desse.
Det vert i meldinga gjort greie for den generelle
stillinga til forsvarsindustrien, mellom anna internasjonalt samarbeid
om nyutvikling av forsvarsmateriell og eksportvilkår for
produkt med fleirnasjonal identitet. Det vert teke inn eit nytt
kapittel IV i retningslinjene for å avklara handsaminga
av fleirnasjonale produkt.
Meldinga gjer greie for det nære samarbeidet
Utanriksdepartementet har med andre etatar om eksportkontrollspørsmåla,
mellom desse Forsvarsdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet,
Tollvesenet, Politiets overvakingsteneste og Forsvarets forskingsinstitutt.
Meldinga omtalar også relevante FN-vedtak,
FN-registeret for konvensjonelle våpenoverføringar
og arbeidet for å hindre spreiing og ulovleg omsetnad av handvåpen.
Det vert opplyst at tabellane som er tekne med
i meldinga, vil bli omsette til engelsk og omdelte i FN og andre
relevante internasjonale fora som eit norsk bidrag til større
innsyn i våpenhandelen.
Det vert synt til at Noreg deltek i fleire internasjonale samarbeidsregime
om ikkje-spreiing og eksportkontrollspørsmål som
har utvikla seg til å bli stadig viktiga-re instrument
i arbeidet for å hindre ukontrollert eller uønskt
spreiing av våpen. Meldinga gjev eit oversyn over det internasjonale
samarbeidet om eksportkontroll og ikkje-spreiing, og tek mellom
anna føre seg dei internasjonale eksportkontrollregima
som Noreg er medlem i.
I tillegg til samarbeidet i eksportkontrollregima,
har ein omfattande kontaktar og samarbeid på bilateralt plan,
både i nordisk samanheng og med EU-land, i form av samanlikning,
samordning og gjensidig påverknad innanfor eksportkontrollen.
Til dømes har EU innført våpenembargo
overfor ei rekkje land, som også Noreg har slutta seg til
og/eller praktiserar i sin nasjonale eksportkontroll.
Det vert opplyst at det i samband med utøving
av eksportkontrollen vert drive eit utstrekt informasjonsarbeid.
Utanriksdepartementet gjev kvart år ut ei melding til eksportørane
og ein del andre publikasjonar av informativ karakter. Meldinga
inneheld eit oversyn over regelverket òg ei rettleiing
til eksportørane. Informasjon om eksportkontroll er óg
tilgjengeleg på Utanriksdepartementet sine Internett-sider.
Det vert med jamne mellomrom halde seminar for aktuelle eksportbedrifter
og institusjonar.
Komiteen har ingen
merknader, syner til meldinga og rår Stortinget til å gjere
slikt
vedtak:
St.meld. nr. 43 (1997-98) - om eksport av forsvarsmateriell
frå Noreg 1997 - vert å leggje ved protokollen.
Spørsmål:
I tilknytning til utenrikskomiteens behandling av ovennevnte sak vil en be om å få oversendt Sveriges og Danmarks regelverk for eksport av forsvarsmateriell samt en vurdering av disse i forhold til norske regler.
Svar:
Det vises til brev fra utenrikskomiteen av 3. desember 1998. I utenriksministerens fravær vil jeg besvare brevet.
Vedlagt oversendes materiale om svensk og dansk regelverk for kontroll med eksporten av forsvarsmateriell som er mottatt fra de to lands myndigheter.*) For Danmarks del dreier det seg om den relevante lovtekst. Svenske eksportkontrollmyndigheter har samlet regelverket i en egen håndbok.
Danmark har en meget beskjeden eksport av forsvarsmateriell og har ikke utviklet noe eget regelverk ut over selve lovteksten som sier at det kreves tillatelse for eksport av nærmere angitte typer forsvarsmateriell. Det danske Justisministerium er ansvarlig for å utstede eksportlisenser. Dette skjer etter at saken har vært forelagt Utenriksministeriet i det enkelte tilfelle.
Når det gjelder det svenske regelverk, kan bemerkes at man i håndboken foruten loven og forskriften om krigsmateriell, finner varelister, retningslinjer, dokumentasjonskrav og en rekke praktiske bestemmelser av betydning for eksportørene. Denne publikasjonen tilsvarer den norske Melding fra Utenriksdepartementet og de tilknyttede varelister.
Det svenske regelverket har en noe annen utforming enn det norske. Begge land trekker imidlertid relevante utenriks- og innenrikspolitiske forhold knyttet til mottakerstaten og i regionen inn i vurderingen av om eksport av forsvarsmateriell bør finne sted.
I det svenske regelverket skilles det, som i det norske, mellom to kategorier militært materiell: «Krigsmateriel för strid» tilsvarer i hovedsak det norske materiell i varekategori A, og «Övrigt krigsmateriel» tilsvarer i hovedsak norsk materiell i kategori B. En teknisk sammenligning av de to har vist god overensstemmelse i kategoriseringen av materiellet. Etter de svenske reglene kreves for øvrig tillatelse fra krigsmateriellinspektøren for fremstilling av krigsmateriell og tillatelse til å drive militær opplæring av utenlandske borgere i Sverige. Tilsvarende bestemmelser finnes ikke i de norske.
Oppfølgningsleveranser er omtalt særlig i «Riktlinjer för krigsmaterielexport och annan utlandssamverkan» (Bilaga 4) hvor det slås fast at tillatelse bør gis for reservedeler til tidligere levert krigsmateriell og ammunisjon, dersom det ikke foreligger en absolutt hindring (for eksempel FN-boikott). Tilsvarende bestemmelse om oppfølgningsleveranse finnes ikke i det norske regelverket.
På norsk side kreves det sluttbruker-erklæring, bortsett fra eksport til nordiske, allierte og enkelte andre land hvor annen form for dokumentasjon skal godtgjøre sluttbrukeren. Kravet til dokumentasjon er avhengig av mottaker og hva slags vare det gjelder. På svensk side har man noe mer spesifikke formkrav til sluttbruker-dokumentasjon enn i norsk regelverk, jfr. vedlegg.
Det bør nevnes at alle tre land uten unntak respekterer vedtak om våpenembargo vedtatt av Sikkerhetsrådet i FN.
Danmark og Sverige deltar for øvrig i EU-vedtak om våpenembargo mot visse land og forholder seg til EUs adferdskodeks for våpeneksport. Norge har sluttet seg til prinsippene i EUs adferdskodeks, men deltar ikke i informasjonsutvekslingen mellom EU-landene om faktisk eksport. EUs adferdskodeks er vedlagt.*)
*) Ikke tatt inn i innstillingen.
Oslo, i utanrikskomiteen, den 14. desember 1998.
Jan Petersen, |
Dag Danielsen, |
Einar Steensnæs, |
fung. leiar. |
ordførar. |
sekretær. |