Komiteen sine merknader

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, Eirin Faldet, Sverre Myrli, Gunn Olsen, Ola Røtvei og Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, frå Kristeleg Folkeparti, Rigmor Kofoed-Larsen og Jan Sahl, frå Senterpartiet, Jorunn Ringstad, frå Sosialistisk Venstreparti, Inge Myrvoll, og frå Venstre, May Britt Vihovde, vil streke under at den viktigaste grunngjevinga for lospliktordninga ligg i omsynet til tryggleik i sjøtrafikken langs kysten. Fleirtalet legg stor vekt på å legge til rette for best mogeleg trygge tilhøve for kysttrafikken. Losordninga er eit av fleire verkemiddel for å sikre dette. Men det er òg viktig å peike på andre viktige tiltak som også betrar tryggleiken, som til dømes merking av leia og vidare utarbeiding av elektroniske kart.

Fleirtalet har merka seg at meldinga som er lagd fram er ei utgreiing om ein del av dei erfaringane ein har hausta når det gjeld ein del sentrale tilhøve ved det nye losplikt- og losgebyrsystemet. Meldinga tek ikkje opp alle sider i det nye systemet, men tek opp enkelte område der det anten har vore sett fram spørsmål om endringar eller der erfaringane tilseier at ei nærare vurdering er påkravd for å gjere systemet betre og meir kostnadseffektivt.

Fleirtalet vil streke under at det har vore ein forutsetning at losgebyra skal dekke alle kostnadene med lostenestene. Fleirtalet er klar over at ved innføring av det nye lospliktsystemet måtte ein innføre gebyrsatsar i eit gebyrsystem ein ikkje hadde noko erfaring med. Dette førte til at det naturleg nok var utryggleik knytt til dei gebyrsatsane som vart innførd i mai 1995. Fleirtalet vil vise til Budsjett-innst. S. nr. 13 (1999-2000) der ein samla komité ber departementet vurdere å opprette eit reguleringsfond for å ha forutsigbare og stabile losgebyr.

Fleirtalet registrerer at det er vanskeleg å fastslå den samfunnsmessige verdi av lostenesta, men at lostenesta er ein grunnleggjande forutsetning for trafikktryggleiken langs norskekysten. Fleirtalet har merka seg at trafikken langs norskekysten har vist ein stor auke dei seinare åra, noko som normalt skulle tilseie at også ulukkesfrekvensen hadde auka. Når dette ikkje har skjedd, er det grunn til å anta at ei medverkande årsak til dette er at lostenesta held eit høgt fagleg nivå og at den ivaretek oppgåvene sine på ein måte som er til stor nytte for samfunnet. Fleirtalet er kjend med at kostnadene til lostenesta auka sterkt i 1998, noko som i stor grad heng saman med auke i faste lønningar.

Fleirtalet har merka seg at det er fleire forhold som har hatt innverknad på losaktiviteten ved innføringa av det nye lossystemet i 1995. Dette gjeld til dømes at det nye systemet inneber ei utviding av det geografiske området for losplikta og at det nye systemet omfattar fartøy som tidlegare ikkje var omfatta av losplikt. Fleirtalet vil peike på at ordninga med farleibevis for særleg kompetente navigatørar har bidratt til å lette presset på lostenesta. Regjeringa viser til at regelverket for å få farleibevis kan ha skapt utilsikta problem for fartøy/navigatørar med blanda fartsform. Fleirtalet har merka seg at Regjeringa vil vurdere grensa mellom innanriks og utanriks fart, spesielt med tanke på dei tilfelle der grenser og krav om los kan verke urimeleg. Fleirtalet vil spesielt vise til tilfelle der skip i hovudsak går i innanriksfart, men av og til utfører internasjonale turar. Det må leggjast vekt på å finne løysingar som verkar rimelege også for denne gruppa.

Fleirtalet bed departementet finne fram til endringar for å bygge større fleksibilitet inn i regelverket.

Generelt vil fleirtalet streke under at regelverket for losordninga må vere lett å forstå og å praktisere slik at ein unngår ulike tolkingar.

Fleirtalet registrerer at reformen i hovudsak har vore vellykka når det gjeld målsettinga om at ein større del av kostnadene skulle berast av dei lospliktige fartøya som nyttar los. Fleirtalet merkar seg vurderinga av at for dei fleste fartøy er meirkostnaden knytt til å ha los om bord akseptabel. Når det gjeld utforminga av sjølve gebyrsystemet, registrerer fleirtalet at Regjeringa vurderer å gjere gebyrsystemet meir kostnadsorientert. Fleirtalet forutset at ein i denne prosessen ser på konsekvensar av eventuelle endringar for dei enkelte brukargruppene.

Losgebyra har innverknad på sjøtransporten sin konkurransesituasjon. For å oppnå målsettinga skissert i etatane sitt forslag til Nasjonal transportplan om å få meir av vegtransporten over til sjøtransport, er det viktig at lostenesta vert drive effektivt. Fleirtalet ber Fiskeridepartementet optimalisere lostenesta når det gjeld kostnadseffektiv drift, samtidig som tryggleiken blir ivareteken på best mogleg måte. Dette inneber at ein må vurdere grundig kva moglegheiter som ligg i ny teknologi og nytenking. Det bør vurderast om nytt teknologisk utstyr kan ha innverknad på losplikta. Fleirtalet ventar med interesse på resultata frå utgreiing om mogeleg fjernlosing frå trafikksentralen i Horten. Fleirtalet meiner at det bør vere eit av dei tiltaka ein kan vurdere i arbeidet med å gjere lostenesta meir kostnadseffektiv.

Fleirtalet tar til orientering at Regjeringa går inn for iverksetjing av ei rekkje utgreiingsprosjekt.

Fleirtalet ser positivt på at det vert oppretta eit breidt samansett rådgjevande utval for Kystdirektoratet, og har forventningar til at dette vil betre kommunikasjonen mellom direktoratet og brukarane.

Fleirtalet meiner òg at Regjeringa bør sjå på organisering og administrasjon av farleikommisjonane.

Fleirtalet ber om at Fiskeridepartementet i samband med handsaminga av Kystverkutvalget si innstilling (NOU 1999:5) vurderer modellar for alternativ organisering av lostenesta.

Fleirtalet viser elles til merknader i Budsjett-innst. S. nr. 13 (1999-2000).

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, vil streke under at god kommunikasjon er avgjerande for å kunne hindre uønskte, farlege situasjonar langs kysten. Fleirtalet har merka seg at Regjeringa peikar på at ønsket om ein betre tryggleik i skipstrafikken langs kysten har medført at ei vurdering av språklege kvalifikasjonar for å få farleibevis på nytt har vorte aktuell. Av tryggleiksgrunnar vil Regjeringa vurdere strengare språkkunnskapar i farvatn der risikoen for ulukker kan vere stor. Fleirtalet har ikkje innvendingar mot dette, men vil likevel peike på at ei skjerping av krava til språklege kvalifikasjonar bør kombinerast med unntaksreglar slik at utilsikta og urimelege resultat av ei skjerping av språkkrava blir unngått.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Thore Aksel Nistad og Christopher Stensaker, og fra Høyre, Ellen Gjerpe Hansen og lederen Oddvard Nilsen, vil understreke at Norge med sin åpne økonomi er svært avhengig av eksport og import av varer. Med vår geografiske plassering i utkanten av Europa utgjør transportavstanden en klart kostnadsulempe for næringslivet. Beregninger foretatt av Transportbrukernes Fellesorganisasjon viser at norsk næringsliv har mer enn 50 pst. høyere transportkostnader enn næringslivet i sammenliknbare land. Næringslivets konkurranseforhold og fordelingen mellom transportmidlene avhenger blant annet av offentlige rammebetingelser.

Norsk næringsliv bruker årlig i størrelsesorden 30 mrd. kroner på godstransport. Transportavgiftene utgjør rundt 19 pst. av næringslivets transportkostnader. Transportutgiftene anslås å utgjøre mellom 10 pst. og 20 pst. av vareverdiene. Det betyr at kostnadsendringer har stor innvirkning på næringslivets konkurranseevne. Gjennom vår lange kystlinje har Norge et naturgitt fortrinn i transportsammenheng. Det har gjort sjøen til et naturlig valg særlig på lengre transporter. Sjøtransportens rammebetingelser og samlede avgifts- og gebyrbelastning vil derfor også få direkte konsekvenser for næringslivets muligheter til å hevde seg internasjonalt.

Den tiltakende globaliseringen fører til økt transportbehov. Til tross for nedgangen i markedsandelen innenlands, opprettholder sjøtransporten samlet sett sin dominerende posisjon på utenlandske transporter. For den del av transporten hvor det eksisterer konkurranseflater mellom sjø og land, stykkgods, taper imidlertid sjøtransporten stadig markedsandeler. De høye anløpsavgiftene gjør det nødvendig å redusere frekvens og dermed tilbudet til avskiperne. Som en følge av lavere frekvens vil flere velge vegtransport ut av landet.

Ett av de forholdene som har bidratt til å forverre konkurransesituasjonen for sjøtransporten er kostnadsutviklingen innen lostjenesten. Losgebyrene har steget kraftig og påført sjøtransporten økte kostnader. Det svekker transportgrenens konkurranseevne.

Et annet problem er mangel på kapasitet innen losvesenet. Problemet er blitt redusert ved å gi dispensasjoner. Et annet virkemiddel som er brukt, er å unnta mindre fartøyer for losplikt.

Det er viktig at det iverksettes både kortsiktige og langsiktige tiltak for å dempe kostnadsutviklingen og tilpasse loskapasiteten i forhold til etterspørselen. Regjeringen må umiddelbart starte arbeidet med å forbedre lostjenesten.

At det er rom for forbedringer kommer frem i rapporten "Benchmarking av lostjenesten" fra Boston Consulting Group om losvirksomheten i Finland, Danmark, Sverige og Norge (februar 1999). Rapporten konstaterer at når det gjelder administrasjon, har Norge det største forbedringspotensialet. Administrasjonen i Norge utgjør 22 pst. av antall loser og båtmenn. Dette er langt mer enn i de øvrige nordiske land.

Rapporten viser i tillegg til tre viktige steg for å forbedre effektiviteten i administrasjonen; sentralisere administrasjonsfunksjonen og redusere antall nivåer i organisasjonen.

Disse medlemmer vil foreslå at følgende tiltak blir vurdert for å redusere kapasitetsproblemene og kostnadene innen lostjenesten:

  • 1. Dispensasjoner til å gå uten los må benyttes i økende grad under gunstige værforhold.

  • 2. Dagens farledskommisjoner erstattes av kun én sentral kommisjon.

  • 3. Ordningen med farledsbevis utvides.

  • 4. Det skal bli lettere å få dispensasjoner for skip med elektroniske kart og der det er opprettet trafikksentraler.

  • 5. Kart-/seilingsinformasjon og merker i farledene må umiddelbart gjennomgås med tanke på forbedringer. Et hurtigarbeidende utvalg bør se på dette og gjennomføre strakstiltak. I områder med oppdatert kart-/seilingsinformasjon i elektronisk form, bør skip med tilfredsstillende navigasjonsutstyr til å utnytte dette, få dispensasjon. Losbordingsfeltene legges slik at en mer effektiv tilbringertjeneste kan gjennomføres. For eksempel bør losbordingsfeltet for Oslofjorden flyttes fra Færder til Bastøya/Horten, slik dette var tidligere for danskebåtene. Andre steder må losstasjon flyttes nærmere bordingsfeltene. For eksempel i Troms/Finnmark hvor losstasjonene ligger i fire av byene.

  • 6. Det startes umiddelbart utredninger om mulighetene for at trafikksentralene kan benyttes til fjernlosing.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet vil peke på at i dagens lospliktsystem tas det ikke hensyn til sikt, bølge og strømforhold. Det er et markant skille mellom navigasjonsutfordringene sommer og vinter i Norge, og mellom tåke, nedbør og natt, kontra klarvær og dagslys. Disse medlemmer ser at det er klare forskjeller, og mener at bruk av los bør nyanseres ut fra farvann, strøm og sikkerhet. Dette vil gi et potensiale for å hente ut betydelige effektiviseringsgevinster. Disse medlemmer mener videre at losplikten kan bidra til å pasifisere skipets navigatører. Dette gir seg blant annet utslag i at skipets planlegging av sjøreisen (passage plan) stopper ved losbordingsfeltet.

Disse medlemmer vil peke på at ved pålegget om bruk av los fra 1995 har skipsfarten fått svekket sin konkurransekraft gjennom økte kostander til los. Mens norske navigatører hittil i stor grad har kunnet oppnå farledsbevis basert på tidligere erfaringer, møter nye navigatører svært rigide krav for å kvalifisere til slikt bevis. I tillegg vanskeliggjør systemet en praksis hvor et stort antall nordmenn med navigasjonssertifikater har kunnet veksle mellom arbeid på land og om bord, avhengig av familiesituasjonen. Kvinner i svangerskapspermisjon vil også kunne miste sitt farledsbevis etter dagens regler.

Disse medlemmer mener at sikkerheten langs vår langstrakte kyst er viktig. Vern om liv, helse og miljø står høyt på Fremskrittspartiets agenda. Det finnes imidlertid også andre viktige virkemidler enn los for å styrke sikkerheten i de kystnære områdene. Sikkerhetstiltak som elektronisk sjøkart, bedre merking av farleder er også vesentlige forhold som bør prioriteres.

Det må også understrekes at skip og båter har fått betydelig bedre manøvreringsdyktighet, og er bedre utstyrt navigeringsmessig enn tidligere, bl.a. ved bruk av GPS og elektroniske kart. Bruk av los må basere seg på nødvendighet og ikke for å sysselsette en yrkesgruppe basert på historiske årsaker. Det vises til at skip som trafikkerer samme farvann flere ganger pr. uke også er underlagt losplikt. Mange skip er i dag bedre utstyrt enn de nye trafikksentraler som er kommet i drift. Disse sentraler baserer seg stort sett på radar og radiokommunikasjon.

Disse medlemmer viser til at Fremskrittspartiet er opptatt av en høy navigasjonssikkerhet. I dette inngår i dag også et tilstrekkelig og godt kvalifisert losvesen i Norge. Når losplikt- og losgebyrsystemer er gjenstand for evaluering, er det viktig at det vurderes i sammenheng med den enorme utvikling som i de senere år har skjedd på flere områder når det gjelder navigasjonssikkerhet for skip. Disse medlemmer vil også understreke betydningen av forutsigbarhet i sjøtransportens rammebetingelser.

Disse medlemmer mener at

  • – Los og trafikksentraler må ses i sammenheng, og også vurderes opp mot andre alternativer, og slutter seg derfor til forslaget om en samlet vurdering av sikkerhetstiltakene til sjøs hvor faktisk behov og gevinst ved de ulike tiltakene vurderes spesielt. Bedre merking og kartinformasjon er viktig og en revidering av seilingsforskriftene slik at de er i samsvar med dagens krav.

  • – På grunn av de senere årenes utvikling innen forskning, teknisk utstyr om bord og nye navigatørkrav, bør det innføres ett nytt lossystem som i hovedsak baseres på frivillig bruk på strekninger som er egnet for det. Losplikten bør begrenses til områder som av hensyn til sikkerhet for skip, strandsoner og forsvar bør ha los. Lossystemet er i dag uforholdsmessig kostbart, og det er nødvendig med en betydelig reduksjon i bl.a. loskostnader for å bedre lønnsomheten til sjøtransport, uten at sikkerheten svekkes.

  • – Losgebyrene må innrettes slik at beredskapsgebyret blir begrenset til behov, og bruk av los ikke overstiger de kostnader som er nødvendig for tjenesten. Losbetalingen må rettes mot kostnader og trafikk i de enkelte områder og differensiert etter beredskap og bruk. Det bør skilles mellom fiskeri og skipsfart, som er to uavhengige og forskjellige næringer.

  • – Ordningen med farledsbevis må revideres. Det er bl.a. slik at de som har farledsbevis og slipper los, betaler for en lostjeneste som de ikke benytter. Imidlertid aksepteres det også fra rederienes side at de som har farledsbevis også bidrar økonomisk til å forbedre merkingen av norske farvann.

  • – Lostjenesten er et område som burde konkurranseutsettes, og at Kystverket blir omdannet til AS.

Komiteens medlemmer fra Høyre vil advare mot å heve tonnasjegrensen for losplikt ytterligere. En slik endring vil medføre betydelige økte kostnader for fartøy som fortsatt har losplikt. Det vil ytterligere svekke sjøtransportens konkurranseevne.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til Innst. S. nr. 290 (1995-1996) som omhandler lostjenester og losgebyrer hvor et mindretall i komiteen har følgende merknad:

«Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti viser til meldingen hvor det kommer fram at det er problemer i lostjenesten knyttet til endringene om språkbruk i ny loslov.

Disse medlemmer ber departementet følge saken, og eventuelt komme tilbake med forslag til endring som medfører at skandinavisk skal være obligatorisk språk i forbindelse med losing langs norskekysten.»

Dette medlem konstaterer at ved losing er det nødvendig å kommunisere mellom fartøy, og det er ikke noe krav om at førere av fartøy behersker engelsk. Dette medlem ser det som lite ønskelig å risikere språklige misforståelser som kan føre til ulykker og henstiller til departementet om at det stilles krav om å beherske skandinavisk språk for å kunne få farledsbevis.