Innstilling fra utenrikskomiteen om samtykke om eksport av forsvarsmateriell fra Norge i 1999

Dette dokument

Til Stortinget

Sammendrag

Meldinga gjer ei oversikt over eksporten av forsvarsmateriell i 1999 og gjer greie for regelverket for eksportkontrollen og Utanriksdepartementet si handsaming av saker knytt til slik eksport. Meldinga omtalar òg norsk forsvarsindustri og det internasjonale indu­strisamarbeidet og samarbeidet på eksport kontrollområdet. Eit eige kapittel gjeld arbeidet med kontroll med handvåpen. Som vedlegg til meldinga følgjer gjeldande regelverk og retningsliner for eksport av forsvarsmateriell.

Oversikta gjeld utførsle i 1999 på forsvarsmateriellområdet av varer, tenester og reparasjonar for utanlandske oppdragsgjevarar, basert på oppgåver frå bedriftene om fakturerte sal.

Opplysningane om eksporten kjem fram i sju tabellar som omfattar oversyn over mottakarland, eksporten fordelt på varegruppene, på land og på regionar, tenesteytingar for utanlandske oppdragsgjevarar, reparasjonar av forsvarsmateriell utførte i Noreg for utanlandske oppdragsgjevarar, forutan ei samanlikning mellom eksporttala for dei seinaste åra. I alt 32 bedrifter har rapportert om utførsle.

Den samla eksporten av forsvarsmateriell i 1999 var om lag 1,3 mrd. kroner. Dei seinaste åra har verdien vore vel 1,1 mrd kroner. Ein auke på om lag 165 mill. kroner i høve til tala for 1998 kan forklårast med auka eksport til Sverige og med nokre større einskild-leveransar. Delar og komponentar representerer største delen av eksporten.

NATO-landa og dei nordiske landa er dei største mottakarane av forsvarsmateriell frå Noreg, med om lag 75 pst. Kategori A-materiell (våpen og ammunisjon) vert i hovudsak levert til NATO-allierte og nordiske land. I tillegg har Australia, Brasil, Chile, Irland, Japan, Latvia, New Zealand, Singapore, Sveits, Sør-Korea og Thailand teke imot A-materiell. NATO-landa og dei nordiske landa var også dei største mottakarane av kategori B-materiell (anna militært materiell) i 1999. I tillegg er slikt materiell levert til Argentina, Austerrike, Bulgaria, Dei sameinte arabiske emirata, Egypt, Litauen, Oman, Saudi-Arabia og Taiwan. Det er òg levert noko materiell til FN-styrkar.

Forsvarsindustrien i Noreg og mange andre land er i rask omstilling. Det fører med seg eit alt nærare internasjonalt samarbeid om nyutvikling av forsvarsmateriell. Eit døme på denne utviklinga er opprettinga av ammunisjonsselskapet Nammo som har sitt hovudsete i Noreg, og har produksjonseiningar i m.a. Finland, Noreg og Sverige. Flytting av produksjon mellom dei tre landa og eit tettare produkssjonssamarbeid fører med seg nær kontakt mellom eksportkontrollstyresmaktene i dei tre landa.

Meldinga gjer greie for det omfattande internasjonale samvirke på dette området. Noreg er aktivt med i dei fem internasjonale samarbeidsfora om ikkje-spreiing og eksportkontroll. Desse er viktige instrument i arbeidet for å hindre ukontrollert spreiing av konvensjonelle våpen og masseøydeleggingsvåpen. I tillegg til verksemda i eksportkontrollregima har Noreg nære kontaktar med dei nordiske landa og med andre nærståande land.

Meldinga omtalar relevante FN-vedtak og EU-vedtak Noreg har slutta seg til. Det vert opplyst om dei våpenembargoane Noreg følgjer i dag.

Noreg har stått sentralt i å fremje internasjonale tiltak for å hindre spreiing og ulovleg omsetnad av handvåpen.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Haakon Blankenborg, Kjell Engebretsen, Kirsti Kolle Grøndahl, Marit Nybakk, Hill-Marta Solberg og Tom Thoresen, fra Fremskrittspartiet, Dag Danielsen og Fridtjof Frank Gundersen, fra Kristelig Folkeparti, Kjell Magne Bondevik og lederen Einar Steensnæs, fra Høyre, Jan Petersen og Siri Frost Sterri, fra Senterpartiet, Johan J. Jakobsen, fra Sosialistisk Venstreparti, Lisbet Rugtvedt, og fra Venstre, Lars Sponheim, viser til det regelverk som gjelder for eksport av forsvarsmateriell fra Norge.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet og Sosialistisk Venstreparti, har ingen merknader til Regjeringens praktisering av nevnte regelverk.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til St.meld. nr. 45 (1999-2000) Om eksport av forsvarsmateriell fra Norge i 1999. Disse medlemmer har merket seg at mottakerlandene hovedsakelig er stater innenfor NATO-alliansen og andre nordiske land.

Disse medlemmer mener at det ikke må være eksportbarriere i relasjon til land som er medlem av NATO samt andre nordiske land.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti mener at menneskerettighetssituasjonen i Tyrkia tilsier at Norge ikke burde eksportere forsvarsmateriell til landet.

Komiteens tilråding

Komiteen har ellers ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

St.meld. nr. 45 (1999-2000) - Om eksport av forsvarsmateriell fra Norge i 1999 - vedlegges protokollen.

Oslo, i utenrikskomiteen, den 29. november 2000

Einar Steensnæs

leder

Dag Danielsen

ordfører

Haakon Blankenborg

sekretær