Regjeringa legg i meldinga fram ein gjennomgang av friluftspolitikken - med undertittelen "Ein veg til høgare livskvalitet". Det vises til den førre meldinga om friluftsliv, jf. St.meld. nr. 40 (1986-1987) og Innst. S. nr. 235 (1987-1988). Her vart friluftsliv definert som "opphold og fysisk aktivitet i friluft i fritiden med sikte på miljøforandring og naturopplevelse". Målsetjinga med friluftslivspolitikken var å fremje det enkle friluftslivet - for alle, i dagleglivet og i harmoni med naturen.

Regjeringa har som strategisk mål at alle skal ha høve til å drive friluftsliv som helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg aktivitet i nærmiljøet og i naturen elles. Regjeringa leggjer i denne samanheng følgjande nasjonale resultatmål til grunn i det vidare arbeidet:

  • – Friluftsliv basert på allemannsretten skal haldast i hevd i alle lag av befolkninga.

  • – Barn og unge skal få høve til å utvikle dugleik i friluftsliv.

  • – Område av verdi for friluftslivet skal sikrast slik at det fremjar miljøvennleg ferdsel, opphald og hausting, og at naturgrunnlaget blir teke vare på.

  • – Ved bustader, skular og barnehagar skal det vere god tilgang til trygg ferdsel, leik og annan aktivitet i ein variert og samanhengande grøntstruktur med gode samband til omkringliggjande naturområde.

I eit samfunn som nyttar store ressursar på reparerande helsetiltak, er det ei utfordring å utforske og utnytte det potensialet som friluftsliv og naturkontakt tilbyr på ein betre måte enn i dag. Regjeringa meiner at ein i større grad enn det ein har gjort til no, må ta i bruk friluftsliv som verkemiddel i det helsefremjande og førebyggjande arbeidet.

Gjeldande friluftslivspolitikk legg til grunn at friluftsliv er "opphold og fysisk aktivitet i friluft i fritiden med sikte på miljøforandring og naturopplevelse". Målsetjinga er å fremje det enkle friluftslivet - for alle, i dagleglivet og i harmoni med naturen. Friluftslivspolitikken legg hovudvekta på ein kjerne av ikkje konkurranseprega, ikkje motoriserte fritidsaktivitetar som går føre seg på allment tilgjengelege, naturprega område. Regjeringa vil i hovudsak halde fast ved denne målsetjinga og vektlegginga i friluftslivspolitikken.

Friluftslivet sitt natur- og kulturgrunnlag

Departementet visar i meldinga til at å sikre og ut­vikle gode høve for friluftsliv i nærmiljøet vil seie å leggje vekt på dei areala som er lettast tilgjengelege for alle grupper i befolkninga. Dette gjeld m.a. grøntstrukturen, bymarka, delar av kulturlandskapet og delar av strandsona. Desse areala har særleg stor verdi for høva til å drive friluftsliv for barn og eldre og for dei som er inaktive og lite motiverte. Ei satsing på å sikre og ut­vikle attraktive areal i nærmiljøet er naudsynt for å følgje opp målsetjinga om friluftsliv for alle.

Regjeringa meiner det er viktig at kommunane får tilstrekkeleg oversikt over grøntstrukturen i kommunen, at dei unngår nedbygging og elles gjennomfører tiltak som vil gjere grøntstrukturen tilgjengeleg og attraktiv for friluftsliv og miljøvennleg transport.

Forvaltninga av markaområda byr på mange store utfordringar på grunn av utbyggingspresset, miljøverdiane, dei økonomiske interessene og dei mange brukarinteressene. Ei viktig prioritering her er å leggje til rette for at friluftsliv er eit sentralt element i all planlegging, og å sikre at all verksemd i desse områda tek omsyn til friluftsliv og dei verdiane det byggjer på. Departementet viser til at plan- og bygningslova er det viktigaste verkemidlet for å handtere desse utfordringane. Omsynet til friluftslivet i markaområda må derfor vurderast i samband med revisjon av plan- og bygningslova, og lova bør endrast slik at det blir betre høve til å ta omsyn til friluftslivsinteressene i markaområde. I planlovutvalet si første delutgreiing ligg det framlegg og føringar som vil kunne betre høvet til å ta omsyn til friluftsinteressene i markaområda.

Barn og unge

Regjeringa vil styrkje arbeidet med motivasjon og stimulering til friluftsliv for barn og barnefamiliar, med særleg vekt på dei som i dag ikkje i det heile teke eller berre i lita grad tek del i friluftsliv og fysisk aktivitet. Dei viktigaste tiltaka er:

  • – å styrkje barn og unge sine høve til å utvikle seg fysisk, mentalt og sosialt gjennom å leike i, ferdast i og oppleve natur,

  • – å vidareføre og forsterke satsinga på informasjons-, aktivitets- og opplæringstilbod i friluftsliv der barn og familiar er målgruppe,

  • – å styrkje arbeidet med motivasjon og stimulering til friluftsliv ved å auke tilskota til aktivitetstiltak i regi av friluftslivsorganisasjonane,

  • – å gjennomføre kompetanseoppbygging i kommunane der ein generelt set fokus på verdien av friluftsliv og spesielt på verdien for barn si helse og utvikling,

  • – å gjennomføre ei nasjonal satsing på uteaktivitet i barnehagar, skular og skulefritidsordningar,

  • – gjere sportsfiske etter innlandsfisk lettare tilgjengeleg og rimelegare ved å fjerne fiskaravgifta, og

  • – utvide høve til gratis fiske for barn og unge slik at det gjeld t.o.m. 17 år.

Allemannsretten

Allemannsretten gir m.a. rett til fri ferdsel til fots og på ski i utmark. Regjeringa vil halde ved lag og styrkje allemannsretten som eit fundament for friluftslivet i Noreg.

Dei viktigaste delane av allemannsretten er lovfest i friluftslova. Med nokre få unntak har friluftslova i dag ikkje heimel for styring av arealdisponeringa, som i hovudsak styrast gjennom bruk av plan- og bygningslova.

Kommunane har dei største og fleste arbeidsoppgåvene for å sikre allemannsretten. Fylkeskommunen si rolle som overordna planstyresmakt er viktig for å få til ei heilskapleg forvaltning.

Det visast i meldinga til at hindring av ferdsel og opphald for allmenta er eit aukande problem. Eit særtrekk som stadig har blitt forsterka dei seinare åra er ein skjerpa konflikt i utmarksområde som ligg opp mot innmarksomgrepet - "tomt" - i friluftslova. Dette er best synleg i område der kampen om areala er stor. Ulovleg privatisering må sjåast i samanheng med høg marknadspris på opparbeidde og eksklusive uteområde.

Høve til ferdsel i strandsona langs sjøen er viktig for friluftsliv. Departementet visar til at det blir registrert eit aukande tal tilfelle som blir vurderte etter frilufts­lova sin § 13 om sjikanøse stengsel, fordi det ikkje synest å vere anna føremål med privatiseringa enn å hindre lovleg ferdsel i utmark.

Regjeringa foreslår ein ny regel i friluftslova om at der avstanden frå hytte eller hus er minst 25 meter til middels høgvasstand, kan allmenta ferdast omsynsfullt forbi nærmast sjøkanten, også der tomta sitt innmarksareal strekkjer seg heilt ned til sjøen. Det blir presisert at denne utvida retten skal gjelde ferdsel, ikkje opphald.

Regjeringa vil m.a.:

  • – gjennomgå friluftslova for å klargjere og styrkje allemannsretten, m.a. foreslå ein ny regel om ferdsel i strandsona,

  • – medverke til at ulovlege stengsel ikkje hindrar folk i å nytte allemannsretten, og

  • – at aktivitet som kan vere til ulempe for naturen, for grunneigarar eller andre brukarar av slike område, skal regulerast gjennom aktiv bruk av friluftslova.

Strandsona

Strandsona er eit område av nasjonal interesse, og har i lang tid hatt eit spesielt vern mot vidare nedbygging, først gjennom strandplanlova og seinare gjennom regelen om 100-metersbeltet i plan- og bygningslova. Departementet viser til at alle vurderingar om arealbruksendring i strandsona skal skje ved kommunalt planarbeid, og berre unntaksvis ved dispensasjonar. Problemet er at praksis ofte er for liberal i forhold til intensjonen med byggjeforbodet i 100-metersbeltet, og at det generelt blir gitt altfor mange dispensasjonar i strandsona.

Ved Miljøverndepartementet sitt brev av 11. november 1999 vart det som ledd i den forsterka strandsonesatsinga oppmoda til strengare dispensasjonspraksis i strandsona. Samtidig vart det etablert eit nytt rapporteringssystem for dispensasjonspraksis i 100-metersbeltet langs sjøen. Departementet viser til at av den første rapporten etter det nye systemet går det fram at det blir gitt mange dispensasjonar i 100-metersbeltet, og at om lag 75 pst. av søknadene på landsbasis blir innvilga.

Hovudproblemet er likevel ikkje berre dispensasjonspraksisen, men òg den planlagte utbygginga i strandsona. Manglande styring av utviklinga i strandsona fører til at attraktive område blir nedbygde og blir utilgjengelege for allmenta.

Planlovutvalet tek opp strandvern i si første delutgreiing NOU 2001:7. Utvalet meiner noko av årsaka til utviklinga ligg i at den generelle dispensasjonsføresegna er uklart formulert og foreslår ei ny som skal gjelde særskilt for dispensasjon frå vedtekne planar og frå byggjeforbodet i 100-metersbeltet. Framlegget vil klargjere og avgrense høvet til å gi dispensasjon og opne for at mynde til å gi dispensasjon bestemte stader eventuelt kan leggjast til fylkesmannen.

Det vises i meldinga til den fokus på strandsona som allereie er sett gjennom statleg satsing, som omfattar mellom anna skjerping av dispensasjonspraksis, utviding av rikspolitiske retningslinjer for Oslofjorden til Agder, arealdokumentasjon, tilbod om juridisk hjelp til kommunane, vidareføring og styrking av arbeidet med sikring av friluftsområde, inklusive skjergardsparkar, utvikling av kystleier og -stigar, utvikling av handbøker for kommunane og etablering av nettverk for kommunar og fylkesmenn.

Regjeringa ønskjer å vidareføre denne satsinga for å kunne snu utviklinga og skape varige resultat. Planlovutvalet sitt forslag til endring av dispensasjonsvedtekta i plan- og bygningslova vil bli følgt opp.

I tillegg til å hindre nedbygging, arealbeslag og sikre tilgjenge for allmenta, vil det å oppretthalde drift og skjøtsel av mange gamle kulturlandskap og kulturmarker (til dømes kystlynghei og strandenger) vere viktig for å halde oppe landskaps- og naturverdiar som er viktige kvalitetar for friluftslivet.

Kommunane har ikkje plikt til å planleggje i sjøområda, men avgjer sjølve graden av planlegging ut frå det behov dei har for å få avklart arealbruken. Regjeringa oppmoder derfor kommunane til å utarbeide gode kystsoneplanar.

Regjeringa vil styrkje Statens naturoppsyn si rolle i kystsona og samordne utviklinga av m.a. informasjon og oppsyn i desse områda.

Regjeringa vil sikre og vidareutvikle potensialet for friluftsliv i strandsona, med særleg vekt på kyststrekninga frå svenskegrensa til og med Hordaland og i og ved byar og tettstader.

Dei viktigaste tiltaka som framhevast i meldinga er:

  • – å vidareføre strandsonesatsinga med særleg vekt på informasjon, juridisk hjelp til kommunane og arealdokumentasjon, m.a. av ulovlege stengsel,

  • – avgrense alle former for ytterlegare bygging i strandsona, under dette fremje forslag om endringar i plan- og bygningslova,

  • – at eksisterande tilkomst til strandsona ikkje blir vesentleg dårlegare ved utbyggingstiltak, og

  • – setje av midlar til å utarbeide og gjennomføre ein strategi for å sikre allmenn tilgang til viktige område langs kysten frå svenskegrensa til og med Hordaland og i enkelte område lenger nord.

Kvalitetar for friluftslivet

Miljøverndepartementet visar i meldinga til at folk gjerne vil ha fred og ro når dei driv friluftsliv. Vidare er det grunn til å tru at verdien av ro og stille aukar monaleg i det moderne samfunnet der kvardagen for mange er sterkt prega av støy, stress og mas.

Bruk av motorkøyretøy

Departementet viser til at løyve til å nytte motoriserte hjelpemiddel kan gjere naturopplevingar tilgjengelege for personar som elles ikkje vil vere i stand til å ta seg fram i naturen. Samstundes skapar motorisert ferdsel støy og kjem derfor i konflikt med dei viktigaste kvalitetane ved friluftslivet som er fred og ro.

Utfordringane knytt til bruk av motorkøyretøy, motorfartøy langs kysten og bruk av helikopter og småfly er eit komplekst problem som det er avgjerande at ein finn gode løysingar på både av omsyn til naturvern og friluftsliv.

Når bruk av motorkøyretøy i utmark likevel i følgje meldinga må karakteriserast som ein stor miljøtrussel, er dette eit resultat av den samla verknaden av barmarkskøyring og snøscooterkøyring til fritidsbruk. Situasjonen i dag er at meir og mindre lovleg køyring går føre seg over store område og at bruk av motorkøyretøy har utvikla seg til eit problem på fleire område.

Departementet viser til at meir enn 20 års erfaring med motorferdsellova og 13 år med den nasjonale forskrifta, viser at ein både må endre det eksisterande regelverket og samtidig innføre nye grep i motorferdselpolitikken. I ein slik prosess vil ein halde fast ved prinsippet om at motorferdsel i utmark i utgangspunktet ikkje er tillate.

Det er sett i gang eit forsøksprosjekt med planstyrt motorferdselforvaltning i åtte kommunar, som gjennom planprosessar skal klarleggje areal der m.a. miljøhensyn knytte til biologisk mangfald og friluftslivet sine krav til fred og ro, tilseier at det ikkje skal vere motorferdsel. Det skal òg klarleggjast areal der det ut frå lokale interesser og vurderingar kan tillatast motorferdsel i løyper. Det er i denne samanhengen viktig å avgrense køyring på barmark så mykje som mogeleg.

Regjeringa vil m.a.:

  • – vidareføre arbeidet med ei prøveordning for motorisert ferdsel i utmark,

  • – på grunnlag av prøveordninga gjere ei samla vurdering og foreslå naudsynte endringar i regelverket for motorisert ferdsel i ei kommande RM, og

  • – i samband med prøveordninga for bruk av motor­køyretøy i utmark og seinare i samband med innføring av endra regelverk, styrkje Statens naturoppsyn (SNO) og anna oppsyn, under dette politiet sitt motorferdseloppsyn med sikte på å få redusert omfanget av ulovleg motorisert ferdsel.

Hytter

For svært mange representerer hytta eit utgangspunkt for friluftsliv. Samstundes representerer dei inngrep i naturen og dei legg beslag på areal.

Det blir framleis planlagt storstilt hyttebygging i mange fjellområde. Det er kommunane som har ansvaret for arealplanlegginga, og dei må i den overordna kommuneplanlegging vurdere behovet for nye hytteområde. Hyttebygging bør òg vere eit viktig tema i fylkesplanlegginga.

Departementet viser til at utfordringane knytt til utviklinga kring hytter, hyttestandard og hyttestorleik, areal- og energibruk gjer at det trengst ein miljøtilpassa hyttepolitikk som er langt meir nyansert enn den som vart formulert i førre stortingsmelding om friluftsliv. Ein slik politikk bør utviklast gjennom ein brei debatt og i samarbeid med lokale styresmakter. Miljøverndepartementet har allereie sett i gang eit arbeid med sikte på å betre kunnskapsgrunnlaget om hytter, mellom anna knytt til arealbruk og energibruk. Det er behov for å gi kommunane betre verktøy for å sikre meir miljøeffektiv energibruk. Spørsmålet om moglege endringar i plan- og bygningslova med sikte på det, vil bli teke opp i neste utgreiing frå Planlovutvalet.

Regjeringa vil m.a.:

  • – syte for at utbygging av private hytter og turistanlegg i fjellet og langs kysten går føre seg på ein miljøtilpassa måte, og ikkje kjem i konflikt med friluftslivet sine interesser, og

  • – gjennom auka kunnskapsgrunnlag og samarbeid med lokale styresmakter utvikle ein miljøtilpassa hyttepolitikk.

Arbeidsdeling og økonomi

Departementet viser til at dei statlege oppgåvene i dag i det alt vesentlege blir utførte av Miljøverndepartementet og Direktoratet for naturforvaltning, mens fylkesmennene, fylkeskommunane og kommunane utgjer forgreininga av det offentlege arbeidet. Ved sida av dette kan paraplyorganisasjonane Friluftslivets fellesorganisasjon (FRIFO) og Friluftsrådenes Landsforbund (FL) mønstre eit mangfald av råd, lag og foreiningar med brei kompetanse og store frivillige ressursar.

Det visast til at dei einskilde sektorane har ei generell utfordring i å setje friluftslivet sin verdi for helse, livskvalitet og ei berekraftig utvikling på dagsordenen i samband med utarbeiding av sektorvise miljøhandlingsplanar.

Kommunane utgjer alt i dag det viktigaste nivået i arbeidet med friluftslivet. Dei har ansvaret for arealplanlegginga som er avgjerande for om det finst attraktive areal for friluftsliv i nærmiljøet. Kommunane har ansvar for tilrettelegging av område, opparbeiding og merking av turstiar, informasjon som turkart osb.

Regjeringa vil m.a.:

  • – i større grad enn no leggje til rette for at kommunane kan løyse viktige oppgåver for friluftslivet, og

  • – leggje fleire av dei heimlane friluftslova gir for å fremje og regulere friluftslivet til kommunane.

Departementet visar til at dei frivillige organisasjonane er sentrale i arbeidet med å stimulere til og organisere aktivitet.

Regjeringa vil:

  • – styrkje organisasjonane sine høve til å aktivisere flest mogleg til friluftsliv, og

  • – støtte organisasjonane sine høve til å medverke i arealplanlegginga.

Når det gjelder økonomi vil Regjeringa m.a.:

  • – styrkje friluftslivet sine økonomiske rammer med særleg vekt på dei frivillige organisasjonane, stimulerings- og aktivitetstiltak for barn og unge og sikring og forvaltning av nye område - især langs kysten,

  • – nytte spelemiddeloverskotet på anleggs- og aktivitetstiltak for friluftsliv i tråd med idrettspolitikken sin nye visjon og målsetjingar,

  • – sjå nærare på om spelemidlane i auka grad kan nyttast til tilrettelegging langs kystleia, og

  • – oppmuntre til samarbeid mellom friluftslivs- og naturvernorganisasjonane og andre med felles interesser på kommunenivå etter mønster av dei fylkesvise fora for natur og friluftsliv.