Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigvald Oppebøen Hansen, Reidar Sandal, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen og Signe Øye, frå Høgre, Peter Skovholt Gitmark, Hans Kristian Hogsnes og Kari Lise Holmberg, frå Framstegspartiet, Torbjørn Andersen og Per Sandberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen og Heikki Holmås, frå Kristeleg Folkeparti, Anita Apelthun Sæle og Ivar Østberg, og frå Senterpartiet, leiaren Magnhild Meltveit Kleppa, viser til Stortinget si handsaming av St.meld. nr. 47 (2003-2004) om gransking av pionerdykkernes forhold i Nordsjøen slik det framgår av Innst. S. nr. 137 (2003-2004). Det vart der vedteke ei ordning som omfattar oppreising og erstatning til pionerdykkarane. Komiteen viser vidare til at det i samband med handsaminga av denne saka vart bedt om eit raskt og effektivt oppgjer. Det vart særleg påpeika rask framdrift fordi fleire dykkarar er i ein særskilt vanskeleg økonomisk situasjon. Komiteen seier seg nøgd med at departementet gjennom St.meld. nr. 52 (2003-2004) ynskjer å sikra ei rask oppfylgjing.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, meiner likevel det kan synast som unødig byråkrati å leggja opp til ei strakshjelp nr. 2, for så i neste omgang gjennom nemdsvurdering frå 1. juli 2004 føreta utbetaling av oppreisings- og erstatningsbeløp.

Fleirtalet viser til at det med verknad frå 1. juli 2000 frå det dåverande Sosial- og helsedepartementet vart utbetalt eit eingongsbeløp på inntil 200 000 kroner til nordsjødykkarar som hadde pådrege seg varig helsesvikt med reduksjon av inntekter som fylgje. Fleirtalet legg til grunn at den gruppa som fekk del i denne ordninga, er å rekna som offentleg vurderte pionerdykkarar med helseskade som fylgje av dykkinga. Fleirtalet viser til at denne ordninga vart administrert av fylkestrygdekontoret i Rogaland. Fleirtalet meiner det vil vera ubyråkratisk, raskt og effektivt å be departementet utbetala oppreisingsbeløpet på 200 000 kroner etter lista frå fylkestrygdekontoret i Rogaland. Fleirtalet meiner ein slik vil imøtekoma behovet for strakshjelp til nokre av dei dykkarane som er økonomisk mest vanskelegstilte.

Fleirtalet legg til grunn at utbetaling etter fylkestrygdekontoret i Rogaland si liste vil innebera eit meirforbruk på inntil 14,8 mill. kroner i høve til forslaget i proposisjonen.

Fleirtalet fremjar følgjande forslag:

"I statsbudsjettet for 2004 vert det gjort følgjande endring:

Kap.

Post

Formål:

Kroner

1500

Arbeids- og administrasjonsdepartementet

70

(Ny) Bidrag for pionerdykkarane, vert løyvd med

24 000 000"

Fleirtalet vil peike på at det er fleire grupper som ikkje kjem inn under ordninga frå 2000. Det kan t.d. gjelda dykkarar som ikkje melde frå i 2000, dykkarar som var under vurdering for uføretrygd eller seinare har fått påvist helseskade, samt etterletne som ikkje var klar over ordninga. Fleirtalet legg til grunn at desse vert individuelt vurderte av nemnda.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Kristelig Folkeparti viser til at Regjeringens forslag om en ny strakshjelpsordning sikrer at de pionerdykkerne som er i en akutt og prekær økonomisk situasjon får hjelp raskt. Disse medlemmer understreker at ordningen er målrettet mot dem som faktisk er i en vanskelig økonomisk situasjon og derfor har et akutt behov for bistand også i perioden fram til den oppreisnings- og kompensasjonsordningen som Stortinget gikk inn for ved behandlingen av Innst. S. nr. 137 (2003-2004), trer i funksjon. Ordningen foreslått i St.prp. nr. 52 (2003-2004) sikrer samtidig likebehandling, og vil nå dem som er i en akutt og prekær situasjon, uavhengig av tidspunktet de kom i økonomiske vansker eller ble uføre. Regjeringens forslag er dess­uten utformet slik at det ikke endrer rammene for og innholdet i den ordningen Stortinget vedtok ved behandlingen av Innst. S. nr. 137 (2003-2004).

Disse medlemmer vil peke på at flertallets forslag vil medføre at ellers like tilfeller behandles ulikt. Dette fordi listen som fylkestrygdekontoret i Rogaland har kun favner dem som var uføretrygdede i 2000. De pionerdykkerne som ikke har en uføregrad fra 2000 eller som har en medisinsk invaliditet på over 15 pst., vil ikke få utbetalt beløpet på 200 000 kroner nå. Disse dykkerne vil da måtte basere seg på eventuelle utbetalinger fra eksisterende strakshjelpordning, forutsatt at taket heves. Et vilkår for å komme i betraktning under denne er prekær og akutt økonomisk situasjon. Dette vilkåret vil ikke gjelde for dem som står på listen fra 2000. Resultaltet blir da en vilkårlig forskjellsbehandling som disse medlemmer ikke kan se berettigelsen av.

Disse medlemmer vil samtidig peke på at flertallets forslag innebærer en forskuttering av deler av den behandlingen Stortinget i Innst. S. nr. 137 (2003-2004) har forutsatt at nemnda skal foreta. Disse medlemmer legger til grunn at nemnda likevel skal foreta de vurderingene Stortinget tidligere har bedt om.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"I statsbudsjettet for 2004 gjøres følgende endring:

Kap.

Post

Formål:

Kroner

1500

Arbeids- og administrasjonsdepartementet

70

(Ny) Bidrag for pionerdykkerne, bevilges med

9 200 000"

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet,Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, er kjent med at Stiftelsen Kontakttelefonen gjennom strakshjelpa som vart oppretta førre året, også har utbetalt midlar til trengjande som ikkje kom inn under ordninga frå 2000, og at det i dag er nokre få av desse som har behov for ytterlegare akutt hjelp. Fleirtalet legg til grunn at den einskilde av desse kan få naudsynt hjelp gjennom å heva maksimumsbeløpet frå ifjor frå 200 0000 kroner til 300 000 kroner.

Fleirtalet legg til grunn at eventuell ekstra utbetaling som fylgje av auka strakshjelp frå 200 000 kroner til 300 000 kroner kan dekkast innanfor midlar som alt er til disposisjon for Stiftelsen Kontakttelefonen til strakshjelp. Fleirtalet viser til brev av 5. mai 2004 frå arbeids- og administrasjonsminister Morten Andreas Meyer der det går fram at det står igjen 2 089 848 kroner av løyvinga på 10 mill. kroner som er øyremerka utbetaling av strakshjelp til pionerdykkarar som er i ein akutt og prekær økonomisk situasjon.

Fleirtalet fremjar følgjande forslag:

"Stortinget ber Regjeringen syta for at maksimumsbeløpet som kan utbetalast til pionerdykkarane under strakshjelpordninga av 27. juni 2003, vert heva frå inntil 200 000 kroner til inntil 300 000 kroner."

Fleirtalet viser vidare til at departementet føreslår ei tilleggsløyving til drift av Kontakttelefonen for 2005. Fleirtalet er samd med departementet i deira klargjering av kva som er hovudoppgåva, og meiner at underskotet i 2003 på grunn av meirarbeid pålagt av departementet, ikkje skal medføra redusert aktivitet i 2004. Fleirtalet er kjend med at Stiftelsen Kontakttelefonen sjølv har budsjettert med 950 000 kroner meir til drifta i 2004 enn dei har fått lovnad om. Fleirtalet føreset at stiftinga har midlar som gjer det mogleg og forsterka arbeidet med gjeldsrådgjeving og anna rettleiing og fremjar forslag i samsvar med søknaden.

Fleirtalet fremjar følgjande forslag:

"I statsbudsjettet for 2004 vert det gjort følgjande endring:

Kap.

Post

Formål:

Kroner

1500

Arbeids- og administrasjonsdepartementet

21

Spesielle driftsutgifter, vert auka med

950 000"

Komiteens medlemmer fra Høyre og Kristelig Folkeparti viser til at Regjeringen foreslår at Stiftelsen Kontakttelefonen for pionerdykkere forestår behandlingen av søknader om ny strakshjelp og innstiller på utbetaling overfor departementet. En slik prosess, der den enkeltes økonomiske situasjon gjennomgås, legger til rette for individuell gjeldsrådgivning og praktisk hjelp til den enkelte til å håndtere en vanskelig økonomisk situasjon. Disse medlemmer viser til at både Stiftelsen Kontakttelefonen for pionerdykkere og departementet gjennom den første strakshjelpsordningen har vunnet erfaringer med hvordan saksbehandling og utbetaling kan skje raskest mulig. Disse erfaringene vil bidra til å sikre en ubyråkratisk og rask håndtering av den nye strakshjelpsordningen. Disse medlemmer viser til Regjeringens forslag om å bevilge 800 000 kroner til Stiftelsen Kontakttelefonen for pionerdykkere for å håndtere disse oppgavene.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"I statsbudsjettet for 2004 gjøres følgende endring:

Kap.

Post

Formål:

Kroner

1500

Arbeids- og administrasjonsdepartementet

21

Spesielle driftsutgifter, forhøyes med

800 000"

Komiteen er vidare kjent med at Stiftelsen Kontakttelefonen har bedt om midlar til eit eige prosjekt til kartleggjing av etterletne etter dødsfall mellom pionerdykkarane. Komiteen viser i den samanhang til brev frå statsråden av 26. april 2004 til saksordførar, der det vert opplyst at departementet har avslege denne søknaden. Grunngjevinga er at granskingskommisjonen alt har undersøkt også desse forholda. Komiteen vil peika på at det har førekome fleire dødsfall etter perioden 1965-1990, det vil seia utanom den tida kommisjonen legg til grunn for arbeidet sitt. Komiteen meiner det kan vera grunn for å sjå nærare på evt. dødsfall etter 1990, inklusiv eventuelle sjølvmord, og ber difor departementet vurdera korleis eit slikt arbeid kan gjerast.