Innstilling fra finanskomiteen om statsrekneskapen medrekna folketrygda for 2003

Dette dokument

Til Stortinget

Sammendrag

Meldinga omfattar statsrekneskapen medrekna folketrygda med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap, som syner staten sine eignelutar, gjeld og eigenkapital, rekneskapen for Svalbard, staten sitt garantiansvar, tilsegns- og tingingsfullmakter og oppgåve over aksjar.

Dei samla inntektene i statsrekneskapen for 2003 er 700,2 mrd. kroner utan lånetransaksjonar, medan utgiftene er 592,7 mrd. kroner. Statsbudsjettet sine netto inntekter frå petroleumsverksemda var 173,7 mrd. kroner fordelt med 191,2 mrd. kroner i inntekter og 17,6 mrd. kroner i utgifter. Nettoinntektene vart overført til Statens petroleumsfond. Dei samla inntektene utanom petroleumsverksemda og lånetransaksjonar var på 508,9 mrd. kroner, medan utgiftene var på 575,1 mrd. kroner. Statsrekneskapen syner dermed eit oljekorrigert underskot på 66,2 mrd. kroner. Ved nysalderinga av statsbudsjettet for 2003 vart det lagt til grunn eit oljekorrigert underskot på 62,8 mrd. kroner. Dette vart overført frå Statens petroleumsfond. Statsrekneskapen for 2003 vert dermed gjort opp med eit underskot på 3,3 mrd. kroner. Underskotet på 3,3 mrd. kroner kjem av auka utgifter på 4,5 mrd. kroner og auka inntekter på 1,2 mrd. kroner.

Statsrekneskapen syner at den underliggjande, reelle veksten i utgiftene på statsbudsjettet frå 2002 til 2003 utgjorde 1,25 prosentpoeng, noko som er 0,75 prosentpoeng høgare enn overslaget i nysaldert budsjett.

I meldinga vert det òg gjort greie for inntektene og utgiftene til Statens petroleumsfond. Forutan overføringa frå statsrekneskapen syner rekneskapen for Petroleumsfondet 25,8 mrd. kroner i renteinntekter og utbyte. Det samla overskotet i Statens petroleumsfond vart dermed 136,6 mrd. kroner i 2003. Samla sett vert statsrekneskapen og Statens petroleumsfond gjort opp med eit overskot på 133,3 mrd. kroner i 2003. Ved utgangen av 2003 var kapitalen i Statens petroleumsfond 847,1 mrd. kroner.

I statsbudsjettet for 2003, som vart vedteke av Stortinget hausten 2002, utgjorde det strukturelle, oljekorrigerte underskotet 30,7 mrd. kroner. Det oljekorrigerte underskotet var rekna til 34,8 mrd. kroner.

Endringane i statsbudsjettet som vart vedtekne i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2003, innebar eit strukturelt, oljekorrigert underskot på 37,6 mrd. kroner. Ein stor del av auken i underskotet har si årsak i reduserte skatte- og avgiftsinntekter. Overslaget for det oljekorrigerte underskotet vart auka til 50,8 mrd. kroner.

I nysaldert budsjett for 2003, som vart lagt fram 28. november 2003, vart det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet rekna til 44,4 mrd. kroner. Etter handsaming av nysaldert budsjett i Stortinget vart det strukturelle underskotet auka til 44,8 mrd. kroner. Overslaget for det oljekorrigerte underskotet vart auka til 62,8 mrd. kroner.

Rekneskapstala for 2003 syner at det oljekorrigerte underskotet vart 66,2 mrd. kroner, dvs. om lag 3,3 mrd. kroner høgare enn overslaget i nysaldert budsjett. Nye utrekningar basert på rekneskapstala for 2003 syner no eit strukturelt underskot i 2003 på om lag 48,1 mrd. kroner, jf. tabell 1.1 i meldinga, som er om lag 3,3 mrd. kroner høgare enn i nysaldert budsjett. Forventa avkastning av Statens petroleumsfond for 2003 er rekna til 24,2 mrd. kroner.

Samanlikna med Revidert nasjonalbudsjett 2003 er det strukturelle underskotet auka med drygt 10,5 mrd. kroner. Om lag halvparten av auken i underskotet kjem av at inntektene frå skattar og avgifter med vidare vart lågare enn tidlegare lagt til grunn, medan auka utgifter og reduserte inntekter utanom skatteinntekter forklarar den andre halvdelen av auken i underskotet.

Den underliggjande, reelle veksten i utgiftene på statsbudsjettet bør sjåast i samanheng med auka utgifter under folketrygda etter nysaldert budsjett og lågare overførte løyvingar frå 2003 til 2004 enn frå 2002 til 2003, rekna til 0,6 mrd. kroner. I tillegg syner rekneskapen meirutgifter under enkelte kapittel. Mellom anna har statlege verksemder høve til å auke utgiftene mot meirinntekter, jf. pkt. 1.4 i meldinga. Den nominelle, underliggjande utgiftsveksten var 4,9 pst.

Tabell 1.2 og 1.3 i meldinga syner hovudtala i dei formelle rekneskapa for 2002 og 2003.

Tabell 1.4 i meldinga gjev eit samla oversyn over inntektene, utgiftene og overskotet på statsbudsjettet, statsrekneskapen og Statens petroleumsfond for 2003, medan tabell 1.5 i meldinga syner utviklinga i finansieringsbehovet til statskassa.

I 2003 er inntektsløyvingane utanom lånetransak­sjonar reduserte med 19,4 mrd. kroner, frå 717,0 mrd. kroner i saldert budsjett til 697,6 mrd. kroner i nysaldert budsjett. Utgiftsløyvingane utan lånetransaksjonar auka med 10,2 mrd. kroner, frå 579,1 mrd. kroner i saldert budsjett til 589,3 mrd. kroner ved nysalderinga av budsjettet.

Anslag på rekneskapen i nysaldert budsjett synte eit oljekorrigert underskot på 62,8 mrd. kroner, som var 28,0 mrd. kroner høgare enn i saldert budsjett. Inntektene, utan inntekter frå petroleumsverksemda og lånetransaksjonar, vart samla sett 507,8 mrd. kroner, som er 20,3 mrd. kroner lågare enn i saldert budsjett. Dette kan forklarast med at skatte- og avgiftsinntektene vart redusert med 17,5 mrd. kroner, og renteinntektene vart redusert med 4,0 mrd. kroner. Andre inntekter auka med 1,2 mrd. kroner netto.

Utgiftene, utan utgifter til petroleumsverksemda og lånetransaksjonar, vart samla sett 570,6 mrd. kroner i nysaldert budsjett, som er ein auke på 7,7 mrd. kroner frå saldert budsjett. Utgiftene til dagpengar auka med 3,0 mrd. kroner, medan dei andre utgiftene under folketrygda auka med 4,3 mrd. kroner. Andre utgifter inkludert renteutgifter auka netto med 0,4 mrd. kroner.

Frå saldert budsjett til nysaldert budsjett auka inntektene frå petroleumsverksemda med 0,9 mrd. kroner medan utgiftene til petroleumsverksemda auka med 2,5 mrd. kroner. Netto inntekter frå petroleumsverksemda vart dermed redusert med 1,6 mrd. kroner frå 172,8 mrd. kroner til 171,2 mrd. kroner. Overskotet i Statens petroleumsfond vart isolert sett redusert med 28,0 mrd. kroner sidan overføringa frå Statens petroleumsfond til statsbudsjettet auka med 28,0 mrd. kroner frå 34,8 mrd. kroner i saldert budsjett til 62,8 mrd. kroner i nysaldert budsjett. Anslaget for renteinntekter og utbyte i Statens petroleumsfond auka med 5,5 mrd. kroner. Samla sett innebar dette ei svekking i balansen for Petroleumsfondet på 24,1 mrd. kroner.

Eit samla oversyn over dei endra løyvingane gjennom 2003 er gjeve i St.prp. nr. 65 (2003-2004) Ny saldering av statsbudsjettet medregnet folketrygda 2003.

Det er under punkt 1.4 i meldinga gitt oversyn over hovudtala i statsrekneskapen for 2002 samanlikna med anslag på rekneskap ved nysalderinga av budsjettet.

I kap. 2 i meldinga er det eit oversyn over inntektene og utgiftene. I kap. 3 er det gjeve nærare omtale av områda til dei einskilde departementa. I kap. 4 er det gjort greie for utgiftene under folketrygda. I kap. 5 er finanspostar og kapitalrekneskapen omtala, medan det i kap. 6 vert gjort greie for rekneskapen til Statens petroleumsfond.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Ranveig Frøiland, Svein Roald Hansen, Tore Nordtun, Torstein Rudihagen og Hill-Marta Solberg, fra Høyre, Svein Flåtten, Torbjørn Hansen, Heidi Larssen og Jan Tore Sanner, fra Fremskrittspartiet, Gjermund Hagesæter, lederen Siv Jensen og Per Erik Monsen, fra Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, Audun Bjørlo Lysbakken og Heidi Grande Røys, fra Kristelig Folkeparti, Ingebrigt S. Sørfonn og Bjørg Tørresdal, fra Senterpartiet, Morten Lund, fra Venstre, May Britt Vihovde, og fra Kystpartiet, Steinar Bastesen, viser til at meldingen gjelder statsregnskapet medregnet folketrygden for 2003, og at det i meldingen dessuten er gitt en orientering av resultatregnskapet for Petroleumsfondet for 2003. Komiteen tar meldingen til orientering. Komiteen viser til at dokument fra Riksrevisjonen vil behandle konstitusjonelle antegnelser fra Riksrevisjonen med svar og forslag til desisjon av statsregnskapet for 2003.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Kystpartiet viser til at det på en rekke områder, både på inntekts- og utgiftssiden, er til dels betydelige avvik mellom statsbudsjettet og statsregnskapet for 2003. Dette viser etter disse medlemmers oppfatning at budsjettpolitikken ikke er godt egnet til å jevne ut svingninger i økonomien, eller detalj- eller finstyre den. Disse medlemmer vil påpeke at dette viser at Regjeringens frykt for mindre justeringer i statsbudsjettets utgifts- og inntektsside er betydelig overdrevet, og at den økonomiske handlefriheten er betydelig større enn det Regjeringen hevder.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti viser til at statsregnskapet viser et betydelig avvik fra det vedtatte statsbudsjettet, også i 2003. I Nasjonalbudsjettet for 2003 ble det sentrale målet for den økonomiske politikken - nivået på det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskuddet - anslått til 30,7 mrd. kroner. I revidert budsjett ble dette oppjustert til 37,6 mrd. kroner. I nysalderingen ble anslaget for 2003 videre oppjustert til 44,4 mrd. kroner. Endelig statsregnskap for 2003 viser et underskudd på 48,1 mrd. kroner - 17,4 mrd. kroner høyere enn opprinnelig vedtatt. Disse medlemmer påpeker at dette betyr at det sterke fokuset fra Regjeringen på å holde et eksakt nivå på statsbudsjettets underskudd, i lys av dette synes underlig. Lærdommen av dette bør etter disse medlemmers oppfatning være at styring av finanspolitikken etter en bokstavtro tolkning av den såkalte handlingsregelen, er lite meningsfylt. I stedet bør fokus være på en aktivitetskorrigering i tråd med temperaturen i økonomien, med handlingsregelen som en veiledning i forhold til den langsiktige innfasingen av oljepenger i norsk økonomi.

Disse medlemmer har registrert at Regjeringen har lagt om sin tolkning av handlingsregelen i denne retning. Disse medlemmer vil bemerke at dette for landet er en gledelig utvikling.

Medlemen i komiteen frå Senterpartiet viser til at Stortinget hausten 2002 vedtok eit statsbudsjett for 2003 der det strukturelle, oljekorrigerte underskotet utgjorde 30,7 mrd. kroner. Statsrekneskapen for 2003 viser eit faktisk strukturelt, oljekorrigert underskot på om lag 48,1 mrd. kroner. Den reelle bruken av oljepengar, målt ved det oljekorrigerte underskotet, auka gjennom året med 31,4 mrd. til 66,2 mrd. kroner.

Denne medlemen meiner at dette dels viser at finanspolitikken fungerer slik han skal: underskotet auka gjennom året grunna fallande skatteinntekter som fylgje av laber økonomisk vekst og aukande arbeidsløyse. Såleis bidrog finanspolitikken med automatisk stabilisering av norsk økonomi all den tid nedgangen hadde blitt sterkare dersom fallande offentlege inntekter hadde blitt dekt inn krone for krone gjennom redusert offentleg konsum og investeringar. Fjorårets utvikling viser også at handlingsregelen verken kan eller bør tolkast mekanisk: I nedgangstider er det rasjonelt å la finanspolitikken virke ved å opne for (mellombelse) større offentlege underskot.

Denne medlemen tykkjer likevel at finanspolitikken i større grad burde ha vore framsynt og førevis. Ein meir målretta næringspolitikk - medvite satsing på næringar der Noreg har ressurs- og kompetanserelaterte føremøner - hadde kunna stimulert til auka verdiskaping og betre offentleg økonomi. Underskotet på statsbudsjettet hadde også vore lågare dersom finanspolitikken i større grad tok heilskapsomsyn gjennom førebygging av helseskadar og helserelaterte offentlege utgifter.

Komiteens tilråding

Komiteen viser til meldingen og til det som står foran, og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

St.meld. nr. 3 (2003-2004) - Statsrekneskapen medrekna folketrygda for 2003 - legges ved protokollen.

Oslo, i finanskomiteen, den 27. mai 2004

Siv Jensen

leder og ordfører