EØS-komiteen vedtok 9. juli 2004 å endre
vedlegg IX (Finansielle tenester) til EØS-avtala til å omfatte europaparlaments-
og rådsdirektiv 2002/87/EF av 16. desember
2002 om utvida tilsyn med kredittinstitusjonar, forsikringsføretak
og investeringsføretak i eit finansielt konglomerat, og
om endring av rådsdirektiv 73/239/EØF,
79/267/EØF, 92/49/EØF,
92/96/EØF, 93/6/EØF
og 93/22/EØF samt europaparlaments- og
rådsdirektiv 98/78/EF og 2000/12/EF
(heretter kalla konglomeratdirektivet). Føremålet
med direktivet er å sikre solide institusjonar, interessene
til kundane og den finansielle stabiliteten på dei europeiske
finansmarknadene.
Direktivet innfører ein minstestandard
for tilsyn med grupperingar som driv med aktivitet av eit visst
omfang innanfor bank- og investeringstenester og forsikringsverksemd,
såkalla finansielle konglomerat. Direktivet skal sikre
at kapitalkravet vert halde ved lag i grupper som driv tverrsektoriell
verksemd, og tek sikte på å fjerne dobbeltregulering
av kredittinstitusjonar, forsikringsselskap og verdipapirføretak.
Ettersom skilja mellom bransjane i finansnæringa ikkje
er like skarpe som før, vert det viktigare at soliditetsreglane
mv. vert gjorde gjeldande òg overfor grupper av selskap
som driv slik tverrsektoriell verksemd.
Ettersom gjennomføringa i norsk rett
krev lovendring, vart avgjerda i EØS-komiteen teken med
atterhald for samtykke frå Stortinget i samsvar med § 26 andre
leddet i Grunnlova, jf. artikkel 103 i EØS-avtala.
Avgjerda i EØS-komiteen og ei uoffisiell
norsk omsetjing av direktivet følgjer som trykte vedlegg
til proposisjonen.
Med direktiv 2002/87/EF om
utvida tilsyn med finansielle konglomerat har EU fastsett minstestandardar for
tilsynet med finansielle konglomerat. Dette utvida tilsynet kjem
i tillegg til det tilsynet som skjer overfor kvart einskilt regulert
selskap som er gjeve konsesjon i det aktuelle landet.
Eit finansielt konglomerat er i direktivet definert
som ei gruppering av selskap som er knytte saman gjennom eigardelar
på minst 20 pst. eller gjennom ulike former for felles
leiing, og som driv tverrsektoriell verksemd både innanfor
forsikring og bank og/eller verdipapir. Felles leiing ligg
føre når to eller fleire selskap har samla leiing
på bakgrunn av ei avtale mellom selskapa eller som følgje
av vedtektsføresegnene til selskapa, eller når
administrasjons-, leiings- eller tilsynsorgana i selskapa i hovudsak
er samansette av dei same personane. For å reknast som
eit konglomerat, må gruppa drive tverrsektoriell verksemd.
Tverrsektoriell verksemd tyder at kvar av sektorane forsikring og
bank/verdipapir må ha eit monaleg omfang. Monaleg
tyder at den minste sektoren må ha ein balansesum på minst
ti prosent av den samla balansesummen i den finansielle sektoren,
eller at den minste sektoren har ein balansesum på minst
seks milliardar euro. Dersom gruppa ikkje vert leidd av ei regulert
eining, må minst 40 prosent av verksemda drivast innanfor
finanssektoren. Regulert eining tyder institusjon (kredittinstitusjon,
forsikrings- eller investeringsføretak) som er underlagd kredittilsyn.
Direktivet inneheld føresegner der
det er fastsett krav om utvida tilsyn med finansielle konglomerat
for å betre oversikta over den finansielle situasjonen
til gruppa. Direktivet inneheld minstekrav til regulering av kapitaldekning
på konsolidert grunnlag, konserninterne transaksjonar og
store engasjement. Føremålet er å skjerme
eigenkapitalen til finansinstitusjonane frå den risikoen
som kan oppstå dersom eigardelar og kapitalinnskot i finansinstitusjonar
har nære band med kvarandre. Det er òg eit mål å hindre
vesentleg risikokonsentrasjon i slike grupperingar.
Det krevst nasjonale reglar om at regulerte
einingar i eit konglomerat sikrar at det alltid ligg føre
ansvarleg kapital på konglomeratnivå som minst
svarar til kapitaldekningskrava. Det vert skipa tre alternative
metodar for å måle kapitaldekning på konglomeratnivå.
Det vert òg opna for å nytte ein kombinasjon av
dei tre metodane. For å oppfylle direktivet må det
vidare stillast minstekrav til interne system for å overvake
interne transaksjonar og risikokonsentrasjonar i gruppa. Alle regulerte
einingar som leier eit finanskonsern, eller der hovudføretaket
er eit blanda finansielt holdingselskap som har hovudkontoret sitt
i EØS-området, eller som er tilknytt ei anna eining
i finanssektoren, skal underleggjast utvida tilsyn. Blanda finansielt
holdingselskap tyder eit føretak som ikkje er ei regulert
eining, som saman med underføretaka sine, der minst eitt
er ei regulert eining som har forretningskontoret sitt i Fellesskapet,
og andre einingar, utgjer eit finanskonsern.
Dei selskapa som er omfatta, skal påleggjast
ei plikt til å rapportere til ein utpeikt tilsynskoordinator,
og dessutan informasjonsplikt og plikt til å rette seg
etter føresegner som er fastsette av dei relevante tilsynsstyresmaktene.
Vidare er det fastsett prinsipp for å samordne
tilsyn med finansielle konglomerat mellom ulike tilsynsstyresmakter
i det same landet og over landegrensene. Det skal peikast ut ein
tilsynskoordinator for kvar gruppering innanfor EØS-området
som skal ha oversikt over tilsynet med grupperinga, og ha ansvar
for m.a. informasjonsutveksling og samarbeid mellom dei tilsynsstyresmaktene
som det gjeld, og m.a. å innhente rapportar om og gjennomføre
kontroll av dei soliditets- og tryggleikskrava som er nemnde ovanfor.
Denne tilsynsstyresmakta er i direktivet kalla "koordinatoren".
Koordinatoren skal ha eit tverrsektorielt overblikk over konglomeratet,
og syte for at konglomeratet oppfyller dei krava som det er pålagt.
Koordinatoren skal òg ha ansvaret for å planleggje
og gjennomføre inspeksjonar og verifikasjonar. Arbeidet
til koordinatoren påverkar ikkje sektortilsynet til dei
einskilde tilsynsstyresmaktene. I dei fleste tilfella vil koordinatoren
vere den rette tilsynsstyresmakta i landet der den institusjonen
som vert rekna som konglomeratspiss, har setet sitt.
Vidare er det vedteke endringar i fleire sektordirektiv,
der det er teke inn nye artiklar som føreset at ei tilsynsstyresmakt
skal samrå seg med andre tilsynsstyresmakter som det kjem
ved, før institusjonar som inngår i eit finansielt
konglomerat, får løyve til å drive verksemd.
Det er ein føresetnad at slikt samråd finn stad
før det vert gjeve løyve.
Det er fastsett krav om særlege reglar
for konglomerat med morselskap utanfor EU/EØS.
Konglomerat som ikkje høyrer heime i EØS-området,
men som driv verksemd i området, skal underleggjast eit
tilsvarande og passande tilsyn frå dei aktuelle tilsynsstyresmaktene,
dvs. tilsynsstyresmaktene til vertsstaten. Direktivet har reglar
om skiping av ein eigen komité som m.a. skal kunne justere
definisjonar og kapitaldekningskrav.
I medhald av direktivet skal naudsynte lover
og administrative føresegner i dei einskilde medlemsstatane
setjast i kraft seinast 11. august 2004, og nyttast i samband med
tilsyn for det rekneskapsåret som byrjar 1. januar 2005.
Ei uformell nordisk tilsynsgruppe som er samansett m.a.
av representantar frå tilsynsstyresmaktene i Noreg, Sverige,
Danmark og Finland, har i ein rapport som vart lagd fram hausten
2003, kome med ni tilrådingar til felles gjennomføring
av konglomeratdirektivet i nordisk rett. Gruppa gjekk inn for harmoniserte
føresegner i Norden for å unngå regelverkskonkurranse. Arbeidsgruppa
har tilrådd at det i den nasjonale lovgjevinga i dei nordiske
landa vert opna for at lovgjevinga i det landet der koordinatoren
kjem frå, vert lagd til grunn for tilsynet på konglomeratnivå.
Det var semje i den nordiske gruppa om at det
ikkje er naudsynt å harmonisere gjennomføringa
av reglane om tilsyn med risikokonsentrasjonar, då dette
fortsatt vil vere eit nasjonalt ansvar. Vedlegg II i direktivet opnar
for krav om at fleire typar risiko kan rapporterast. For å ta
høgde for dette har den nordiske gruppa tilrådd
at òg andre typar risiko, som geografisk risiko, sektorrisiko
og valutarisiko, skal rapporterast, men berre i den grad desse risikotypane
vert rekna for å vere monalege.
Den nordiske gruppa har tilrådd at
uregulerte holdingselskap ("mixed financial holding companies")
- som ikkje er tillatne i Noreg - minst skal underleggjast krav
til kontroll av kor eigna leiinga og eigarane er, krav til internkontroll
på gruppenivå og krav til system for risikokontroll
og rapportering i den grad aktivitetane til grupperinga er kontrollerte
av holdingselskapet. Dette er eit noko vidare krav enn det som er
fastsett i direktivet.
Ein tilleggsrapport som vart lagd fram våren
2004, gjev ein nærmare omtale av den gjeldande nordiske lovgjevinga
om interne transaksjonar i konsernet. Den nordiske gruppa er vorten
samd om å tilrå at interne transaksjonar i konsernet
skal gjennomførast til marknadspris. Der det
ikkje finst nokon marknadspris, skal prisen fastsetjast ut frå eit
prinsipp om kostnadsdekking.
Gjennomføringa av direktivet i norsk
rett legg til rette for fastsetjing av harmoniserte minstestandardar for
tilsyn med finansielle konglomerat. Dette inneber for det første
ei auka rapporteringsplikt for finansinstitusjonar og verdipapirføretak.
Vidare vert rapporteringsplikta utvida til òg å omfatte
lausare samansette grupper ettersom no konglomeratinterne transaksjonar og
risikokonsentrasjonar òg skal rapporterast. Dette inneber
litt større rapporteringsomfang for dei einingane som vert
omfatta av føresegnene i direktivet.
For tilsynsstyresmakta inneber direktivet ei
plikt til omfattande kontakt med andre tilsynsorgan i EØS-området.
Det finst langt på veg slik kontakt alt i dag, særleg
innanfor Norden. Dessutan fastset direktivet òg ei samråds-/framleggingsplikt
på førehand av visse typar løyve til
institusjonar som er del av eit finansielt konglomerat.
Regjeringa meiner at ei innlemming i EØS-avtala
av europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/87/EF
om utvida tilsyn med kredittinstitusjonar, forsikringsføretak og
investeringsføretak i eit finansielt konglomerat (konglomeratdirektivet)
vil medverke til å styrkje tilsynssamarbeidet, både
nasjonalt og internasjonalt, og tilrår derfor at avgjerd
nr. 104/2004 i EØS-komiteen vert godkjend.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Ranveig Frøiland, Svein Roald Hansen, Tore Nordtun, Torstein
Rudihagen og Hill-Marta Solberg, fra Høyre, Svein Flåtten,
Torbjørn Hansen, Heidi Larssen og Jan Tore Sanner, fra
Fremskrittspartiet, Gjermund Hagesæter, lederen Siv Jensen
og Per Erik Monsen, fra Sosialistisk Venstreparti, Øystein
Djupedal, Audun Bjørlo Lysbakken og Heidi Grande Røys,
fra Kristelig Folkeparti, Ingebrigt S. Sørfonn og Bjørg
Tørresdal, fra Senterpartiet, Morten Lund, fra Venstre,
May Britt Vihovde, og fra Kystpartiet, Steinar Bastesen,
viser til at EØS-komiteens beslutning nr. 104/2004
av 9. juli 2004 om innlemming av europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/87/EF
av 16. desember 2002 om utvidet tilsyn med kredittinstitusjoner,
forsikringsforetak og investeringsforetak i et finansielt konglomerat
(konglomeratdirektivet ) i EØS-avtalen, krever samtykke
fra Stortinget på grunnlag av Grunnloven § 26
annet ledd, jf. EØS-avtalen art. 103. Komiteen har
forelagt innstillingsutkastet for utenrikskomiteen, som i brev av 1.
desember 2004 opplyste at den ikke har merknader til utkast til
innstilling.
Komiteen slutter seg til Regjeringens
forslag.
Komiteen viser til
proposisjonen og merknadene, og rår Stortinget til å gjøre
slikt
vedtak:
Stortinget gjev sitt samtykke til godkjenning
av avgjerd i EØS-komiteen nr. 104/2004 av 9. juli
2004 om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsdirektiv
2002/87/EF av 16. desember 2002 om utvida tilsyn
med kredittinstitusjonar, forsikringsføretak og investeringsføretak
i eit finansielt konglomerat (konglomeratdirektivet), og om endring
av rådsdirektiv 73/239/EØF,
79/267/EØF, 92/49/EØF,
92/96/EØF, 93/6/EØF
og 93/22/EØF samt europaparlaments- og
rådsdirektiv 98/78/EF og 2000/12/EF.
Oslo, i finanskomiteen, den 2. desember 2004
Siv Jensen
leder |
Svein Flåtten
ordfører |