Meldinga viser til at Stortinget 9. juni 2004 vedtok at:

"Stortinget ber regjeringen i løpet av 2004 foreta en vurdering av hvilket tilbud incestsentrene skal gi, hvordan tilbudet skal organiseres og finansieres, og hvorvidt tilbudet skal lovfestes."

Bakgrunnen for vedtaket var forslag om tiltak for å ta vare på ofra for incest (Dokument nr. 8:31 (2003-2004)) som blei handsama i Innst. S. nr. 226 (2003-2004) frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen.

Frå midten av 1980-åra blei det etablert ei rekkje private, sjølvhjelpsrelaterte tiltak i regi av personar som sjølve hadde vore utsette for seksuelle overgrep. Det finst i dag 18 senter fordelt på 15 fylke.

Incestsentra er primært eit støttetilbod på dagtid for vaksne som har opplevd seksuelle overgrep, og dei pårørande til utsette barn og ungdommar. Målet er å gi råd, støtte og hjelp til brukarane, basert på prinsippet om sjølvhjelp.

Incestsentra er eit supplement til det offentlege hjelpeapparatet og skal vere eit lågterskeltilbod.

Incest-, valdtekts- og krisesenter er omfatta av ei felles statleg tilskotsordning, med øyremerkte midlar. Økonomien til sentra er basert på tilskot frå kommunar, fylkeskommunar og helseregionar, gåver frå private og organisasjonar, og dessutan statlege tilskot.

Incestutsette kan ha behov for behandling i helsestellet eller for anna hjelp frå offentlege instansar, til dømes kontakt med barnevernet, sosialtenesta, politiet eller rettsapparatet. Mange som har vore utsette for incest, kan ha behov for hjelp i samband med psykiske vanskar og rusmisbruk, og for dei kan tilknytinga til og samarbeidet med det offentlege helsetenestetilbodet vere viktig. Det er mykje som tyder på at helsetenestetilbodet til menneske som har vore utsette for incest, i dag er tilfeldig og utilstrekkeleg.

Tilgjengeleg forsking og informasjon tyder på at talet på seksuelle overgrepssaker som hjelpeapparatet og politiet registrerer, er lite i høve til den totale førekomsten av overgrep.

Incestsentra er i dag eit tilbod til incestutsette som kanskje meir enn noko anna tilbod, møter viktige behov hos brukarane. Incestsentra har eit tilbod som vanskeleg kan dekkjast av det offentlege hjelpeapparatet.

Regjeringa meiner at incestsentra har viktige og særprega tilbod som vanskeleg kan drivast som ein del av det offentlege hjelpeapparatet. Det at incestsentra i dag ser ut til å fungere godt som supplement til det offentlege tenestetilbodet, i den grad dei økonomiske føresetnadene for drifta er til stades, ligg til grunn for denne oppfatninga. Regjeringa ser likevel at det kan vere grunn til å vurdere om visse sider ved det tilbodet incestsentra gir, bør styrkjast og vidareutviklast.

Barne- og familiedepartementet har fått fleire tilbakemeldingar frå incestsenter om at økonomien er vanskeleg. Departementet har også fått Vista Utredning AS til å utarbeide to rapportar om kostnader for krisesenter og incestsenter - i 2001 og 2004. Av desse rapportane går det fram at sentra blir drivne med svært tronge budsjett og usikker finansiering, og at dei har lite høve til å drive utviklingsarbeid.

For at incestsentra skal kunne gi brukarane eit lågterskeltilbod som kan vere eit godt supplement til det offentlege hjelpeapparatet, herunder både primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta, er det ein grunnleggjande føresetnad at dei får betre og meir stabile rammevilkår.

Finansieringa av incestsentra bør etter Regjeringa si meining endrast dersom ein ønskjer at verksemda skal vidareførast. Regjeringa foreslår at incestsentra, på same måten som krisesentra, får ei øyremerkt statsstøtte på 80 pst. av driftskostnadene.

Regjeringa foreslår også at forvaltninga av tilskotet til incestsentra blir lagd til Bufdir. Incestsentra og krisesentra er fleire stader samlokaliserte, og begge arbeider ut frå prinsippet om sjølvhjelp, og at hjelpa skal vere frivillig. Ei forvaltning gjennom Bufdir kan gi ei heilskapleg styrking av den lokale/regionale kompetansen på valds- og traumefeltet og ei betre samhandling i høve til helseregionane. Det vil også bli teke initiativ til utarbeiding av ein plan for geografisk dekning når det gjeld incestsentra, med sikte på eit betre samla tilbod til brukarar over heile landet, også menn.

Regjeringa foreslår at ei ny finansierings- og forvaltningsordning for incestsentra trer i kraft frå 1. januar 2006.

1.1 Skal tilbodet lovfestast?

Diskusjonen om lovregulering av incestsentra kan delast inn i to hovudspørsmål: Det første er spørsmålet om det offentlege skal ha ei lovpålagd plikt til å sikre dei incestutsette eit hjelpetilbod på lågterskelnivå. Det andre spørsmålet er om det skal stillast lovpålagde krav til kompetanse, kvalitet og geografisk dekning.

Ei lovregulering reiser spørsmål om kvar ansvaret for incestsentra skal forankrast. Det kan synast meir naturleg å forankre ansvaret på regionalt nivå eller fylkesnivå enn på kommunenivå. Likevel meiner Regjeringa at det er naturleg og viktig at kommunane yter økonomisk støtte til incestsentra. Regjeringa meiner at finansieringa må sikrast ved eit samarbeid mellom fleire instansar. Ein kan tenkje seg at kommunane fekk ei lovpålagd plikt til å ha ansvaret for dette samarbeidet. Ei slik lovfesting som omfattar heile kommunesektoren vil truleg ikkje vere eit godt verkemiddel for å løyse dette problemet. Ei slik lovfesting vil òg stå i motsetning til arbeidet for å styrkje den kommunale handlefridomen. Meldinga viser i denne samanhengen til tilsvarande vurdering av spørsmålet om lovfesting av kommunane sitt ansvar for krisesentra. Regjeringa meiner at det er meir føremålstenleg å nytte andre verkemiddel enn lovgiving for å gi sentra meir stabile rammevilkår.

Vanskane som incestsentra opplever, gjeld i hovudsak økonomiske forhold. Regjeringa ønskjer ikkje å detaljregulere forhold som kompetanse, kvalitet og geografisk dekning. Regjeringa meiner at det er meir føremålstenleg å nytte andre verkemiddel enn lov når det gjeld innhaldet i tilbodet. Det er mogleg å leggje føringar for verksemda gjennom å stille vilkår for tildeling av statstilskot i rundskriv. Det er ofte dei lokale instansane som står nærmast til å vurdere kva slags tilbod det er behov for, og dette må sjåast i samanheng med kva incestsentra som frivillige organisasjonar ønskjer og har høve til å bidra med.

Regjeringa går inn for at ei eventuell opplysningsplikt for incestsentra overfor barnevernet blir vurdert.

1.2 Finansiering og forvaltning av incestsentra

Frå neste år vil lokale krisesenterløyvingar utløyse øyremerkte statlege tilskot på 80 pst., og krisesentra vil derfor kanskje vinne i ein konkurranse med incestsentra om knappe kommunale midlar. Alt dette taler for at finansieringa av incestsentra må endrast dersom ein ønskjer å halde verksemda ved like.

1.2.1 Forankring i barne- og familiesektoren

Grunnen til at Barne- og familiedepartementet har hatt det sentrale forvaltningsansvaret, er til dels at incestsenterverksemda sprang ut av dei same røtene som krisesenterrørsla gjorde i si tid, og tilbodet er i utgangspunktet organisert på same måten. Statstilskotsordninga til krisetiltak har lege i dette departementet sidan ein organiserte eit eige departement for barne-, forbrukar-, familie- og likestillingssaker rundt 1990.

Regjeringa kan sjå gode argument for både ei tilknyting til Helse- og omsorgsdepartementet og at forvaltninga under Barne- og familiedepartementet held fram, men vurderer det slik at dei viktigaste spørsmåla no er å sikre sentra meir stabile økonomiske rammevilkår og å styrkje fagmiljøa som arbeider med incestproblemet.

Regjeringa vil derfor byggje vidare på ei forvaltningsløysing der Barne- og familiedepartementet er ansvarleg departement og forvaltninga av tilskota blir lagt til Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat)/Bufdir.

Oppgåvene knytt til krisesentra bør liggje på same stad som forvaltninga av barnevernet og familievernet, sidan desse tilboda er relaterte til kvarandre og bør sjåast i samanheng. Med overføring av oppgåvene knytte til krisesentra blir kompetansen i direktoratet og etaten styrkt på valds- og traumefeltet, og målet er at etaten skal opparbeide seg ein betre og heilskapleg kompetanse på dette området.

Dette har også relevans i høve til incestsentra. Dei samarbeider med det lokale/regionale hjelpeapparatet, i særleg grad gjeld det helsetenesta, til dømes når det gjeld å hjelpe incestoffer med å få tilvising til behandling. Også barnevernet og til dels familievernet kan i mange tilfelle vere samarbeidspartnarar. Ei slik forvaltning vil gi grunnlag for ein nærleik til behandlingsinstitusjonar innanfor helseregionane, som har dei same geografiske grensene som regionane i Bufetat.

Krisesentra og incestsentra er ein del stader samlokaliserte, somme har også fleire felles administrative og utoverretta funksjonar. Krisesentra og incestsentra har delvis ei felles målgruppe.

Regjeringa ser det som føremålstenleg at Barne- og familiedepartementet framleis har det overordna ansvaret for tilskotsordninga for incestsentra, og at forvaltninga av tilskotet til incestsentra med tilhøyrande utviklingstiltak blir lagt til Bufdir.

1.2.2 Ny finansieringsordning

Regjeringa vil foreslå at incestsenterverksemda frå 1. januar 2006 får ei øyremerkt statsstøtte på 80 pst. av driftskostnadene. Det vil framleis vere det lokale tilskotet som ligg til grunn for statstilskotet. Det krev ein auke av løyvinga til kap. 840 post 61 på om lag 10 mill. kroner. På same vis som for krisesentra foreslår Barne- og familiedepartementet at ein haldar private gåver og tilskot utanfor ved utmålinga av statstilskotet. Slike tilskot har ofte eingongskarakter. Ved ikkje å variere statstilskotet etter omfanget av desse, får både sentra og dei offentlege bidragsytarane meir stabile og føreseielege økonomiske forpliktingar og rammer.

Forvaltninga av tilskota o.a. blir lagd til Bufdir, der dei regionale einingane får i oppgåve, i samarbeid med helseføretaka, å sikre sin region eit lågterskeltilbod som er tilfredsstillande for brukarane. Ein vidarefører eit finansieringsansvar på 20 pst. lokalt/regionalt tilskot til eit balansert budsjett, for å sikre at særleg dei store kommunane og helseføretaka har kjennskap til og er merksame på incestproblemet og det tilbodet sentra gir.

1.2.3 Utbygging og utvikling

Det er i dag stor skilnad på omfanget av verksemda ved dei ulike sentra.

Barne- og familiedepartementet vil ta initiativ til ein gjennomgang og ei drøfting av samarbeid og arbeidsdeling mellom sentra, der eksisterande senter, vertskommunar og regionar vurderer om dei kan gi eit betre samla tilbod til brukarar over heile landet. I denne samanhengen kan det vere aktuelt å utarbeide ein plan for kor tilgjengelege incestsentra skal vere. Det vil vere naturleg at dette arbeidet blir gjort i samanheng med at Bufdir i 2005 etter planen skal utarbeide ei geografisk oversikt over kor tilgjengelege krisesentra er, mellom anna med tanke på ei eventuell samlokalisering med krisesentra.

1.2.4 Nærmare om Bufdir som forvaltar av tilskotet til incestsentra osb.

Barne- og familiedepartementet vil gjennomføre ei nærmare utgreiing om oppgåvefordelinga mellom departementet, Bufdir og dei regionale einingane. Ikkje minst med tanke på målet om kompetanseheving foreslår departementet at forvaltninga av statstilskota til incestsentra o.a. blir lagd til Bufdir. Det å leggje til rette for likeverdige tilbod utover i landet blir lettare med ei regionalisert forvaltning.

Det er behov for å heve kompetansenivået både i regionane, i kommunane og blant tilsette på incestsentra når det gjeld seksuelle overgrep mot barn.

Barne- og familiedepartementet og Bufdir er i ferd med å utvikle planar for korleis etaten skal arbeide med saker som gjeld ulike former for overgrep og utnytting av barn, mellom anna incestsaker. Det vil bli lagt stor vekt på samarbeid med andre instansar og prosjekt som ligg til regionane.