Olje- og energidepartementet legg i proposisjonen fram endra plan for utbygging og drift av Statfjordfeltet, omtala som Statfjord seinfase-prosjektet, og plan for anlegg og drift av gasseksportrørleidningen Tampen Link.

Utbygging og drift av Statfjord seinfase

Olje- og energidepartementet viser til at Statfjord, som vart bygt ut i perioden 1976 til 1985, er det største oljefeltet i Nordsjøen, og ligg på avgrensingslina for kontinentalsokkelen mellom Noreg og Storbritannia. Utnytting og -transport av petroleum frå Statfjordfeltet er regulert av Statfjordtraktaten.

Statfjord seinfaseprosjektet inneber at produksjonen frå feltet skal leggjast om frå olje til gass gjennom trykkavlasting i reservoara, som krev omfattande modifikasjonar og ombygging av plattformene. Boring av nye brønnar skal ta til i januar 2006 og vil halde fram til 2011. Frå 2007 vil gass bli eksportert til Storbritannia via ein ny gasseksportrørleidning, Tampen Link.

Statfjord seinfaseprosjektet gjer det mogleg å forlengje produksjonen frå feltet til ca. 2018, og ein ventar at utvinningsgraden vil auke til 68 pst. for olje og 74 pst. for gass, som er svært høgt både i nasjonal og internasjonal samanheng. Reservane som kjem inn under seinfaseprosjektet, det vil seie produksjon frå og med 2005, utgjer om lag 80 mill. Sm3 oljeekvivalentar (o.e.). Så sant at seinfaseprosjektet blir sett i verk, blir det mogleg å produsere store delar av reservane som er att, primært gass. Desse reservane vil ikkje bli like godt utnytta utan eit slikt prosjekt.

Dei totale investeringane som knyter seg til Statfjord seinfase-prosjektet, er av operatøren, Statoil, sett til 16,1 mrd. 2005-kroner. Statoils utrekningar viser at Statfjord seinfase er eit lønnsamt prosjekt med ein noverdi på 9,9 mrd. kroner (7 pst. diskonteringsrente, før skatt).

Operatøren har utarbeidd ei konsekvensutgreiing for Statfjord seinfase-prosjektet. Konsekvensutgreiinga gjev ei oversikt over verknader som ein ventar at gjennomføringa av endra plan for utbygging og drift av Statfjordfeltet vil få for anna næringsverksemd og allmenne interesser, medrekna naturmiljøet. Utgreiinga viser mellom anna korleis det er teke omsyn til miljøet gjennom utforminga av tekniske løysingar. Utgreiinga peikar òg på framlegg frå rettshavarane til tiltak for å bøte på problem.

Operatøren har vidare blant anna utført studiar av elektrifisering av Statfjordfeltet. Konklusjonen av studiane er at elektrifisering må reknast som eit uaktuelt tiltak for Statfjord seinfaseprosjektet på grunn av uforsvarleg høge investeringskostnader. Energibehovet for feltet vil dessutan bli vesentleg redusert på grunn av seinfaseprosjektet.

Utgreiinga har vore til offentleg høyring, og det har ifylgje departementet ikkje kome fram noko som skulle tilseie at endra PUD for Statfjordfeltet ikkje bør bli godkjend.

Operatøren opplyser at Statfjord seinfaseprosjektet vil gje ein samla sysselsetjingsverknad på 79 300 årsverk i perioden 2005-2026, om lag 44 300 i utbyggingsfasen, 19 500 i driftsfasen og 15 500 i avslutningsfasen. Årsverka vil kome i Statoils drifts-organisasjon på land og til havs og i leverandørindu­strien.

Olje- og energidepartementet sluttar seg til vurderingar frå Oljedirektoratet ang. geofaglege, -reservoarmessige, utbyggingstekniske, miljømessige og økonomiske forhold i samband med Statfjord seinfase-prosjektet. Departementet set fylgjande vilkår for godkjenning, jf. petroleumslova § 10-18 andre -leddet:

  • – Rettshavarane skal gjennomføre ein ny -forkastingsanalyse for dei forkastingane som er kritiske for dei regionale trykkeffektane som følgjer av Statfjord seinfase-prosjektet, og som skal leggjast fram for Oljedirektoratet innan 31. desember 2005.

  • – Operatøren skal overvake den regionale trykkutviklinga etter oppstarten av nedblåsinga, og resultata skal formidlast regelmessig til dei utvinningsløyva som blir påverka av trykkfallet i Statfjordfeltet. Operatøren skal utarbeide ein plan for innhald og gjennomføring av overvakinga, som skal leggjast fram for Oljedirektoratet til godkjenning innan 1. mars 2006.

Med utgangspunkt i utrekningane som ligg til grunn i den endra utbyggingsplanen for Statfjordfeltet, meiner Olje- og energidepartementet at Statfjord seinfaseprosjektet er samfunnsøkonomisk lønnsamt og robust. Departementet meiner òg at prosjektet kan gjennomførast innanfor akseptable rammer for miljø og tryggleik.

Hovudtrekka i endra plan for utbygging og drift av Statfjordfeltet er elles omtala i proposisjonen.

Anlegg og drift av Tampen Link

Tampen Link er ein planlagd rørleidning mellom Statfjordfeltet og FLAGS-rørleidningen på britisk kontinentalsokkel, og som gjer transport av rikgass fra Statfjord til St. Fergus i Storbritannia mogleg. Dette er den føretrekte eksportløysinga for gass frå Statfjord seinfase-prosjektet. I tillegg til å ha kapasitet til å transportere den norske delen av gassen som blir produsert på Statfjord, skal rørleidningen dimensjonerast for å kunne eksportere andre gassvolum til Storbritannia.

Ferdigstillingsdatoen for Tampen Link fell saman med oppstartsdatoen for gasseksport frå Statfjord seinfase-prosjektet, som er planlagd til oktober 2007.

Tampen Link er omfatta av "Rammeavtale mellom Norge og Storbritannia om legging og drift av samt jurisdiksjon over undersjøiske -tilknytningsrørledninger" av 25. august 1998. Det inneber at utbygginga av Tampen Link krev løyve frå begge lands styresmakter.

Dei totale investeringane med å byggje Tampen Link-rørleidningen, inkludert undervassaktivitet og modifikasjonar på Statfjord B, er estimerte til 1,49 mrd. 2005-kroner.

Operatøren Statoil har utarbeidd ei konsekvensutgreiing for Tampen Link, og i høyringsfråsegnene til denne har det ikkje kome fram noko som tilseier at plan for anlegg og drift av Tampen Link ikkje bør bli godkjend.

Med utgangspunkt i dei økonomiske utrekningane som ligg til grunn i plan for anlegg og drift (PAD) meiner departementet at utbygginga av Tampen Link er eit samfunnsøkonomisk lønnsamt og robust prosjekt. Utbygginga gjer det mogleg å gjennomføre Statfjord seinfase-prosjektet, og den vil vere viktig for å auke fleksibiliteten i det norske gasstransportsystemet. Departementet meiner at utbygginga kan gjennomførast innanfor akseptable rammer for miljøet, fiskeria og tryggleiken.

Olje- og energidepartementet gjev fylgjande vilkår for at Tampen Link blir bygd:

  • 1. Tampen Link-fasilitetane skal innlemmast i Gassled, seinast når drifta av Tampen Link startar opp.

  • 2. Statoil ASA skal vere operatør for Tampen Link fram til oppstarten av gassfyllinga i rørleidningen. Gassco AS skal då overta som operatør.

  • 3. Skifte av operatør krev godkjenning frå departementet.

  • 4. Dei generelle reglane for tilgjenge og tariffar fastsette av styresmaktene vil gjelde for Tampen Link.

  • 5. Løyvet til Tampen Link gjeld til 30. september 2032.

Hovudtrekka i plan for anlegg og drift av Tampen Link er elles omtala i proposisjonen.