3.1 Sammendrag

Regjeringa meiner differensiert arbeidsgivaravgift er det viktigaste distriktspolitiske verkemidlet. Ordninga har sidan innføringa vore svært treffsikker og effektiv for å nå målet om auka sysselsetjing og busetjing i alle delar av landet.

3.1.1 Nye retningslinjer for regionalstøtte innanfor EU/EØS-området

EU-kommisjonen og EFTAs overvakingsorgan, ESA, har vedteke nye retningslinjer for regionalstøtte for høvesvis EU- og EFTA-landa, som skal gjelde frå 1. januar 2007 til 31. desember 2013. Retningslinjene set rammer for kva landa kan gi av regionalt grunngitt statsstøtte til næringslivet.

Det har vore eit viktig mål for EU-kommisjonen å få til ein generell reduksjon av statsstøtte som prosentvis del av BNP, og samtidig ein meir målretta bruk av støtta.

3.1.2 Differensiert arbeidsgivaravgift

Ifølgje retningslinjene kan regionar som representerer eller høyrer til ein landsdel (NUTS II-region) med under 8 innbyggjarar pr. km2, kvalifisere for driftsstøtte, som til dømes differensiert arbeidsgivaravgift. I tillegg kan "mindre tilstøytande område" som oppfyller det same folketettleikskriteriet, inkluderast i ordninga. Kvart enkelt land må også vise at verkemidlet er nødvendig og formålstenleg for å hindre eller redusere kontinuerleg nedgang i folketalet i dei aktuelle områda. Retningslinjene gir ingen eksplisitte støttegrenser, det vil seie kor stor avgiftsreduksjon som kan bli gitt.

Det er to landsdelar i Noreg som tilfredsstiller folketettleikskriteriet: Nord-Noreg, Hedmark og Oppland. Nord-Noreg og dei næringssvake delane av Hedmark og Oppland har også vedvarande nedgang i folketalet. Regelverket opnar for at "mindre tilstøytande område" kan inkluderast i området. Regjeringa meiner at regionar med like utfordringar må bli behandla likt sjølv om dei ikkje tilhøyrer dei to landsdelane eller grensar direkte til desse.

Vilkåra for driftsstøtte er langt strengare enn for investeringsstøtte.

Regjeringa legg til grunn at den notifiserte ordninga blir godkjend av ESA og kan tre i kraft frå 1. januar 2007.

3.1.3 Alternativ til differensiert arbeidsgivaravgift

For Regjeringa har utgangspunktet heile tida vore å sikre gjeninnføring av differensiert arbeidsgivaravgift i eit så stort område som råd. Trass i den tyngda Regjeringa har lagt i denne saka, er det område som hadde differensiert arbeidsgivaravgift fram til 2004, som vil falle utanfor gjeninnføringa frå 2007.

Regjeringa er svært oppteken av å sikre gode alternative ordningar og verkemiddel til dei områda som får ein auke i arbeidsgivaravgifta samanlikna med 2003. For desse områda legg Regjeringa opp til å vidareføre hovuddelen av dei ordningane som gjeld i dag som alternativ til differensiert arbeidsgivaravgift. Dette omfattar vidareføring av differensiert arbeidsgivaravgift innanfor de minimis-reglane (bagatellstøtte), ei ordning med reduserte satsar for fiskeri- og landbruksverksemder som ikkje er omfatta av EØS-avtalen, kompensasjon til kommunal og statleg sektor og næringsretta midlar til regional utvikling.

Regjeringa legg til grunn at gjeninnføringa av differensiert arbeidsgivaravgift samla sett, inklusiv dei alternative verkemidla i område som får ein høgare arbeidsgivaravgiftssats enn i 2003, skal vere provenynøytral. Dette inneber at den fordelen som låg i omfanget av den differensierte arbeidsgivaravgifta før 2004, blir ført vidare.

3.2 Komiteens merknader

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, er meget fornøyd med gjennomslag for gjeninnføring av differensiert arbeidsgiveravgift, og støtter meldingens varsling om å beholde de eksisterende ordninger for kommuner som ikke fikk gjeninnført differensiert arbeidsgiveravgift.

Flertallet er fornøyd med det arbeidet Regjeringen gjennom en aktiv Europa-politikk har gjort for å få i stand gjeninnføringen av den differensierte arbeidsgiveravgiften. Den er et uvurderlig virkemiddel i norsk distriktspolitikk.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre mener differensiert arbeidsgiveravgift er det beste distriktspolitiske virkemiddelet. Hele det politiske Norge er enig om at dette er den mest treffsikre distriktspolitiske ordningen vi har. Både den forrige og den nåværende regjering har hatt som målsetting å få aksept for et regelverk som må gi grunnlag for en ordning med regional differensiert arbeidsgiveravgift. Norge fikk under regjeringen Bondevik II i stor grad gjennomslag i EU-kommisjonen hvilket dannet grunnlaget for en gjeninnføring av ordningen.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre viser til at Regjeringen i meldingen og i budsjettet foreslår å endre eksisterende ordninger for næringsrettede midler til regional utvikling. Dette gjøres ved å etablere en fylkeskommunal forvaltning av midlene. Disse medlemmer støtter ikke dette og fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen om å fortsette ordningen med å la det lokale næringslivet forvalte midlene til regional utvikling, og ikke etablere en fylkeskommunal forvaltning av disse midlene."