Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Berit Brørby, Svein Roald Hansen og Ivar Skulstad, frå Framstegspartiet, Carl I. Hagen og leiaren Lodve Solholm, frå Høgre, Per-Kristian Foss, frå Sosialistisk Venstreparti, Inge Ryan, frå Kristeleg Folkeparti, Ola T. Lånke, og frå Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa, viser til at meininga med Riksrevisjonen sitt Dokument nr. 3:8 (2005-2006) har vore å undersøkja i kva grad organiseringa og styringa av Oslopakke 2 har vore føremålstenleg når det gjeld målet om auka kollektivdel i hovudstadsområdet.

Mål om auka kollektivdel

Komiteen har merka seg at hovudkonklusjonen til Riksrevisjonen er negativ. Det overordna målet om auka kollektivdel er i liten grad spegla i planlegginga, gjennomføringa og oppfølginga av pakken. Komiteen viser også til at Riksrevisjonen peikar på at aktørane - staten ved Samferdselsdepartementet, Akershus fylkeskommune og Oslo kommune - på ei og same tid er tilsynelatande samde om eit slikt mål, men har ulike oppfatningar av kva målet om auka kollektivdel faktisk inneber.

Komiteen erkjenner at mål om auka kollektivdel kan vera vanskeleg å presisera og konkretisera. I utgangspunktet kan målet uttrykkjast som ein auke i det absolutte talet på kollektivreiser eller som del av det totale talet på reiser i hovudstadsområdet. Under gjevne føresetnader kan desse måla vera samanfallande. Komiteen ser at det hadde vore ideelt om aktørane i større grad kunne vera samde om eit mål for auka kollektivdel, og at rapporteringa av framdrifta i arbeidet med Oslopakke 2 hadde inneheldt opplysningar om korleis prosjekta sannsynlegvis verkar inn på sjansen til å nå eit veldefinert og kvantifisert mål om auka kollektivdel.

Komiteen vil leggja til at kollektivdelen av reiser i hovudstadsområdet i praksis avheng kritisk av tiltak som går utover Oslopakke 2, til dømes lokal parkeringspolitikk og arealplanlegging. Dessutan meiner komiteen at ei endeleg evaluering av effekten av Oslopakke 2 på kollektivdelen i hovudstadsområdet openbert føreset at dei planlagde samferdselsprosjekta er gjennomførte. Dette tyder derimot ikkje at Riksrevisjonen sine funn og merknader på dette tidspunktet ikkje har vore konstruktive. Spesielt er det viktig at framtidige samferdselssatsingar i større grad legg til grunn veldefinerte, overordna mål. Likeeins lyt slike satsingar i større grad opna for rapportering av framdrift og empirisk etterprøving av i kva grad dei konkretiserte måla for investeringane vert oppnådde.

Styring

Komiteen har merka seg Riksrevisjonen sine analysar av at regional fordeling av investeringsmidlane i Oslopakke 2 ikkje har blitt fordelte i samsvar med samfunnsøkonomisk lønsemd, men i tråd med ein meir eller mindre veldefinert balanse mellom Akershus fylkeskommune og Oslo kommune. Komiteen har også registrert at Riksrevisjonen kritiserer Samferdselsdepartementet for at det ikkje har blitt sett i gang eit strategisk arbeid med sikte på å betra den samfunnsøkonomiske lønsemda i Oslopakke 2.

Komiteen legg til grunn at Samferdselsdepartementet vil intensivera sitt arbeid med å utvikla betre samfunnsøkonomiske lønsemdsanalysar av store investeringsprosjekt, spesielt i samband med kollektivtiltak. Samstundes vil komiteen hevda at realpolitiske omsyn talar for at eit omfattande samarbeid mellom ulike lokale aktørar og forvaltningsnivå av typen Oslopakke 2 i praksis tilseier ei regional fordeling av investeringsmidlar som moglegvis ikkje alltid er samfunnsøkonomisk optimal. Slike prosjekt kan i praksis koma til å kvila på skjør politisk semje og kompromiss, der nettopp regionale omsyn godt og gjerne kan vera viktige hjørnesteinar. Komiteen meiner dette ikkje er optimalt, men moglegvis ein konsekvens av at heilskapleg og samfunnsøkonomisk styring i slike tilfelle eit stykke på veg kan vera vanskeleg grunna motstridande lokale interesser, krav og ønske. Komiteen vil derimot streka under at di større og meir omfattande den statlege medverkinga til slike prosjekt er, di viktigare er det at statlege styresmakter intensiverer innsatsen for å maksimera sannsynet for at det samla prosjektet vert gjennomført på eit samfunnsøkonomisk effektivt vis.

Organisering

Komiteen har merka seg at organiseringa av Oslopakke 2-samarbeidet i utgangspunktet har skjedd innanfor rammene til det såkalla Samordningsutvalet og Koordineringsgruppa. Medan det etatsleiar- og fylkes-/kommunalpolitikarleidde Samordningsutvalet skal samordne utgreiingar, planlegging og avgjerdsgrunnlag som inngår i Oslopakke 2, skal Koordineringsgruppa ha ei administrativ og saksførebuande rolle overfor Samordningsutvalet. Dette samarbeidet er friviljug og basert på at dei ulike forvaltningsnivåa - stat, fylke og kommune - i utgangspunktet har klart definerte samferdselspolitiske ansvarsområde.

Riksrevisjonen ber til torgs ein kritikk av denne organiseringa som botnar i at organiseringa ikkje stiller krav om noko forpliktande samarbeid mellom partane som tek del. Komiteen har merka seg at Samferdselsdepartementet i sitt tilsvar vil vurdera samordningsproblematikken i samband med Oslopakke 3 som svar på denne kritikken.

Komiteen meiner for det fyrste at organiseringa av Oslopakke 2 har utvikla seg i positiv lei over tid. Evalueringa som vart gjennomført i 2002 førte til oppretting av eit fagleg sterkt sekretariat som understør Koordineringsgruppa. I tillegg har partane blitt samde, rett nok berre munnleg, om ei formalisering av arbeidsforma som eit tiltak for å bøta på problemet med mang­lande plikter mellom aktørane. Dinest vil komiteen hevda at det lokale sjølvstyret både set og skal setja klåre grenser for kor aktivt staten - i dette tilfellet ved Samferdselsdepartementet - kan og bør styra og dominera eit samarbeid som går føre seg på tvers av forvaltningsnivåa. Komiteen vil likevel presisera at statlege styresmakter både har eit ansvar for å etterstreva ei forsvarleg forvaltning av statlege tilskot, og at staten generelt sett kan ta ei rekkje initiativ til å betra samarbeid mellom lokale aktørar utan at det per definisjon bryt med det lokale sjølvstyret. Komiteen legg til grunn at dei ferske røynslene med organiseringa av Oslopakke 2 kan vera til bate for utforminga av korleis Oslopakke 3 skal organiserast.

Avslutting

Komiteen har merka seg Riksrevisjonen sine analysar av to særskilte prosjekt, nemleg T-baneringen og avgjerdsprosessen i samband med val av kollektivløysing til Fornebu. På sett og vis illustrerer nett desse prosjekta at ei samla vurdering av korleis Oslopakke 2 påverkar kollektivdelen av reiser i hovudstadsområdet, føreset at kollektivtiltaka faktisk er gjennomførte.

Generelt sett sluttar komiteen seg i all hovudsak til Riksrevisjonen sine funn, merknader og oppsummeringar. Staten har eit monaleg ansvar for å sjå til at store statlege tilskot og satsingar vert administrerte på eit samfunnsøkonomisk effektivt vis, og at fylgjene av satsingane kan etterprøvast i samsvar med veldefinerte mål. Komiteen meiner samstundes at ei slik statleg rolle må respektera både det lokale sjølvstyret og dei praktiske vanskane som satsingar av typen Oslopakke 2 faktisk inneber og avdekkjer.

Revisjonen av Oslopakke 2 har trekt store vekslar på informasjon og opplysningar frå både staten, Akershus fylkeskommune og Oslo kommune. Berre statlege aktørar fekk derimot høve til å koma med tilsvar til Riksrevisjonen sitt utkast til endeleg rapport. Sidan dette er ei sak med tre klare avtalepartar, meiner komiteen at det også hadde vore på sin plass i denne samanhengen å ha late både Akershus fylkeskommune og Oslo kommune få tilsvarande høve til å koma med tilsvar.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre understreker viktigheten av denne undersøkelsen med de mange positive, men også de mindre gode erfaringer med henblikk på den forestående etablering av Oslopakke 3.

Da Oslopakke 2 til dags dato ikke er fullført, registrerer disse medlemmer med stor interesse effektiviteten i de offentlige tiltakene til kollektivtrafikken slik de fremkommer i Riksrevisjonens undersøkelse.

Disse medlemmer ser med bekymring på at arbeidet med Oslopakke 2 er preget av til dels motstridende interesser med spesiell fokus på at det ikke stilles krav om forpliktende samarbeid mellom partene som er Oslo kommune, Akershus fylkeskommune og Staten med ansvar for utbygging av jernbanen. Spesielt henleder disse medlemmer oppmerksomheten på at Samordningsutvalget og Koordineringsgruppen i Oslopakke 2 ikke har noen myndighet, men bare en koordinerende og rådgivende funksjon.

De ulike måter å styre Oslopakke 2 opptar disse medlemmer, idet undersøkelsen viser at representanter fra Oslo kommune og Akershus fylkeskommune ikke møter med samme mandat siden saksbehandlingsprosessen hos aktørene er ulik. Dertil viser disse medlemmer også til Statens vegvesens og Jernbaneverkets ulikheter i forbindelse med deres budsjett- og handlingsprogrammer. I denne sistnevnte forbindelse mener disse medlemmer at Samferdselsdepartementet har et overordnet ansvar som må følges opp i årene fremover.

Disse medlemmer er forundret over at samarbeidet under Oslopakke 2 er fundamentert med mang­lende forpliktelser. I stedet for å ha en felles plattform med nedfelte avtaler, registrerer disse medlemmer at det eksisterer en muntlig avtale som ingen synes å være villig til å undertegne.

Undersøkelsen viser videre at det eksisterer interessemotsetninger mellom de ulike aktører som går på bekostning av en helhetlig virkemiddelbruk og hvor disse medlemmer spesielt viser til konflikt mellom bane og buss (SL) hvor det med dagens ordninger er lite attraktivt å kjøre matebusser til jernbaneknutepunktene. Disse medlemmer fokuserer derfor på Riksrevisjonens spørsmål om virkemidler som supplerer investeringstiltakene, i større grad bør integreres i arbeidet med Oslopakke 3.

Disse medlemmer merker seg den grunnleggende avtale hvor trafikantbetalingen (75 øre) skulle øremerkes til innkjøp av ekstra materiell som skulle gi økt kollektivtrafikktilbud. Undersøkelsen viser at det eksisterer svakheter med ordningen, og disse medlemmer er forundret når det avdekkes at Oslo kommune og Akershus fylkeskommune har ulike tolkninger av hvorledes takstøkningen skal beregnes. Heller ikke har aktørene, med unntak av Oslo Sporveier, satt mål på hva som skal anskaffes av materiell, og derfor er midlene slik disse medlemmer oppfatter, blitt brukt på ulike måter. Som eksempel nevnes Akershus fylkeskommunes nedbetaling av gjeld for hurtigbåten "Prinsen" basert på et politisk vedtak.

Disse medlemmer er av den oppfatning at avtalen om Oslopakke 2 snarest bør tilpasses med det mål at denne blir mer forpliktende for partene.

Riksrevisjonens undersøkelse viser at de overordnede mål for Oslopakke 2 om økt kollektivandel og bærekraftig transport i liten grad gjenspeiles i planlegging og gjennomføring av pakken. Dette er en kritikk komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet er enig i. Derfor ser disse medlemmer store betenkeligheter med at styringen av prosjektet fortsetter uten at dette blir rettet opp.

Disse medlemmer har merket seg at det ved utvelgelsen av kollektivprosjekter er blitt tatt andre hensyn enn det som var forutsetningene - som f. eks. den "regionale balansen" i stedet for prioriteringen hvor størst nytte er grunnleggende.

Prosjektet med T-baneringen er et godt eksempel som disse medlemmer mener illustrerer en pulverisering av ansvaret og mangel på respekt for de innbetalte ressurser fra bilistene.