1.1 Innledning

Etter FNs havrettskonvensjon av 10. desember 1982 har kyststatane suverene rettar til å utnytte ressursane i havet innanfor dei økonomiske sonene. Dei kyststatane som deler ein eller fleire fiskebestandar, skal samarbeide om regulering og vern av bestandane. Utvidinga av nasjonal fiskerijurisdiksjon til 200 nautiske mil på slutten av syttitalet førte såleis til ein overgang frå fleirsidige forhandlingar innan ramma av NEAFC (North East Atlantic Fisheries Commission) til tosidige forhandlingar mellom dei kyststatane som saman har suverene rettar til fiskebestandane. Dette inneber at såkalla tredjeland som ikkje har kyststatsrettar i det aktuelle området, ikkje tek del i avgjerder om forvaltninga av bestandane slik dei gjorde tidlegare.

Det er eit generelt forbod mot fiske i Noregs økonomiske sone og i fiskerisona rundt Jan Mayen for fiskarar som ikkje er norske statsborgarar. Regjeringa kan likevel fastsetje forskrifter som opnar for eit regulert og avgrensa utanlandsk fiske i samsvar med dei fiskeriavtalane som er inngått med andre land. Forskrifter for fiskevernsona ved Svalbard er sette i verk på eit ikkje-diskriminerande grunnlag for både norske og utanlandske fartøy.

Noreg har inngått ulike typar fiskeriavtalar som opnar for utanlandsk fiske i norske havområde.

1.2 Kvoteavtalene for 2007, deltakelse i flersidig fiskerisamarbeid og i regionale forvaltningsorganisasjoner

Norge - Russland

Dei viktigaste fiskebestandane i Barentshavet har eit utbreiingsområde som dekkjer norsk og russisk sone og fiskevernsona rundt Svalbard. År om anna er det også mogleg å fiske torsk i internasjonalt farvatn. I regi av Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen fører Noreg og Russland årleg kvoteforhandlingar om totalkvotar for fellesbestandane i Barentshavet: norsk arktisk torsk, norsk arktisk hyse og lodde.

Partane avtalar også fordeling av kvotane mellom Noreg, Russland og tredjeland. Det er semje mellom partane om ei fast prosentvis fordeling av fellesbestandane. Etter avsetjing til tredjeland vert kvotane for norsk arktisk torsk og norsk arktisk hyse fordelte med 50 pst. til kvar av partane. Tredjelandskvoten av norsk arktisk torsk og hyse vert fordelt med 60 pst. til Noregs økonomiske sone (NØS) og 40 pst. til Russlands økonomiske sone (RØS). Avtalen opnar for at partane kan fiske delar av sine kvotar på desse bestandane i sona til den andre parten. Loddebestanden er fordelt med 60 pst. til Noreg og 40 pst. til Russland.

I fiskeriforhandlingane med Russland om ein kvoteavtale for 2007 vart partane samde om ein totalkvote (TAC) for norsk arktisk torsk på 424 000 tonn, medrekna 21 000 tonn murmansktorsk. Dette er i tråd med forvaltningsplanen som vart vedteken under den 31. sesjonen i Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen og vidareutvikla under den 33. sesjonen. Det er framleis grunn til å uroe seg over situasjonen for norsk kysttorsk.

Noreg og Russland har sett ein totalkvote for norsk arktisk hyse på 150 000 tonn for 2007. Partane var einige om at det heller ikkje i 2007 skal fiskast lodde. Noreg og Russland er også samde om eit kvotebyte på eksklusive bestandar i 2007.

Noreg og Russland vart under den 35. sesjonen samde om å forvalte bestanden av kongekrabbe kvar for seg frå og med 2007. Noreg informerte den russiske part om at den norske totalkvoten var fastsett til 300 000 individ i NØS aust for 26 A. Den russiske part orienterte om at den russiske kvoten av kongekrabbe var fastsett til 3 180 000 individ for 2007.

Eit hovudfokus for samarbeidet mellom Noreg og Russland om forvaltning og kontroll i Barentshavet i 2006 har vore arbeidet for ein styrka kontroll med uttak og omlasting av fisk i Barentshavet.

Under den blanda fiskerikommisjonens 35. sesjon stadfesta partane at det var gjort gode framsteg i 2006. Særleg gjeld dette utveksling av satellittsporingsdata og opplysningar om fartøya sine kvotar. Dette er tiltak som i vesentleg grad betrar oversynet over fiskeuttaket i Barentshavet, og gjer det mogleg å følgje opp mistenkjeleg fiske frå enkeltfartøy.

Sjølv om det bilaterale fiskerisamarbeidet med Russland framleis er krevjande og komplisert, er det grunn til å understreke at det er oppnådd reell framgang i 2006. Dette har òg gitt konkret utslag i redusert overfiske. Ifølgje berekningar gjort av Fiskeridirektoratet har det russiske overfisket av torsk og hyse blitt redusert med 23 og 55 pst. i 2006, samanlikna med 2005.

Norge - EU

På grunnlag av rammeavtalen med EU om fiskeri har Noreg frå 1978 og fram til i dag inngått årlege kvoteavtalar om Noreg og EU sitt fiske i Nordsjøen, Noreg sitt fiske vest av Dei britiske øyane og EU sitt fiske i Noreg si økonomiske sone i Barentshavet. Det har frå 1979 vore semje mellom Noreg og EU om delinga av totalkvotane for fellesbestandane av torsk, hyse, sei, kviting og raudspette i Nordsjøen. Partane kom i 1997 også fram til ein avtale om fast fordeling av totalkvotane for nordsjøsild.

I samarbeidet mellom Noreg og EU er det framleis område der det trengst felles tiltak for å betre fiskeriforvaltninga. I arbeidet med å betre beskatningsmønsteret i Nordsjøen er utkast av fisk eit særleg og samansett problem.

Det har vore usemje mellom Noreg og EU om forvaltningsregimet for makrell i mange år. Hovudproblemet er deling av kvoten mellom partane. Til no har Noreg og EU berre avtalt årlege ad hoc-arrangement for makrellen. På grunnlag av kjennskap til makrellen sitt utbreiingsmønster har ein på norsk side meint at Noreg har eit rettkome krav på ein større del av makrellen. Det norske kravet er til no avvist av EU.

Kvoteavtalen med EU for 2007 speglar den vanskelege bestandssituasjonen for fleire av botnfiskbestandane i Nordsjøen. Partane har mellom anna vedteke å redusere kvoten på torsk ytterlegare slik at den no er den lågaste nokon gong. I tråd med dei reviderte forvaltningsplanane er totalkvoten for hyse noko auka medan kvotane for sei og kviting er på same nivå som i 2006. Vidare er totalkvoten for raudspette redusert frå 2006 til 2007. Noreg og EU er dessutan samde om å halde fram det felles arbeidet med å forbetre utnyttinga av botnfisk.

Fordelinga av makrell mellom Noreg og EU er eit spørsmål som partane forhandlar om og følgjer opp i dei årlege tosidige forhandlingane.

Andre avtaler

I 1999 vart Noreg, EU og Færøyane samde om ein trepartsavtale om forvaltning av makrell i Nordaust-Atlanteren. Med denne avtalen aksepterte Noreg og EU at Færøyane er kyststat til makrellen. Partane har inngått tilsvarande avtalar for kvart av åra 2001 til 2007. Dei tre kyststatane vedtok ein såkalla "referanse-TAC", som var utgangspunkt for drøftingane i NEAFC om regulering av makrellfisket i internasjonalt farvatn for 2007. På årsmøtet i NEAFC vedtok partane ei regulering av makrell i internasjonalt farvatn som inneber ein kvote for dette området på 47 890 tonn. Island har sett fram formelle reservasjonar mot denne reguleringa.

Noreg har for 2007 inngått kvoteavtalar med EU om fisket i Skagerrak/Kattegat og om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen. Noreg har vidare inngått tosidige kvoteavtalar for 2007 med Færøyane og Grønland. Det er for 2006 også utveksla kvotar med Island i tråd med "Smottholsavtalen" og den tilhøyrande tosidige avtalen, medan Noreg i 2006 vidareførte trepartsavtalen med Island og Grønland om regulering av lodde i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen.

Det vart også i 2006 gjennomført fempartsforhandlingar om norsk vårgytande sild mellom Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland. 18. januar 2007 vart det underteikna ein kyststatsavtale for 2007, for første gong sidan 2002.

Sidan 1999 har dei landa som er definerte som kyststatar til kolmule - Noreg, EU, Færøyane, Island og Grønland - arbeidd med å etablere eit forvaltningsregime for heile kolmulebestanden. 16. desember 2005 underteikna partane ein kyststatsavtale om kolmule. Avtalen tek opp i seg ein langsiktig forvaltningsstrategi som inneber ein reduksjon i fisket til forvaltningsmåla er nådde. Basert på denne rammeavtalen vart partane einige om ein kyststatsavtale også for 2007.

Partane i NEAFC vart på årsmøtet i 2006 einige om reguleringstiltak for fiske av uer i Irmingerhavet i 2007 og fastsette ein totalkvote på 46 000 tonn. Av dette har Noreg ein del på 1 645 tonn. Delar av uerbestanden i Irmingerhavet, som NEAFC forvaltar, har dei seinaste åra vore observert og delvis utnytta i NAFO-området (North East Atlantic Fisheries Commission). Den norske uerkvoten for 2007 er, som i åra 2001 til 2006, ein totalkvote for begge områda.

Rekefisket ved "Flemish Cap" (NAFO-område) har sidan 1996 vore regulert gjennom grenser for kor mange fartøy som kan delta i fisket, og kor mange døgn dei kan fiske samla. Norske fartøy kan samanlagt fiske 1 985 fiskedøgn i 2007, og 32 norske fartøy kan ta del i fangsten.

Flersidig fiskerisamarbeid/regionale forvaltningsorganisasjoner

Noreg er medlem av og har også i år teke del i dei årlege møta i dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane NAFO og NEAFC. Noreg deltek i samarbeidet i IWC ("International Whaling Commission") og NAMMCO ("North Atlantic Marine Mammal Commission") om forvaltninga av kval. Partsmøta til CITES ("Convention of International Trade on Endangered Species of Fauna and Flora"), som Noreg tek del i, er også viktige i samband med handel med fisk og kval. Som medlem i CCAMLR ("Commission for the Conservation of Antarctic Marine Living Resources") er Noreg representert på møta til organisasjonen. Noreg tek også del i det internasjonale fiskerisamarbeidet innan organisasjonen ICCAT ("International Commission for the Conservation of Atlantic Tunas") og i den regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonen SEAFO ("South East Atlantic Fisheries Organization").

IWC vart oppretta for å sikre ei berekraftig forvaltning av kvalressursane, og Noreg deltek på årsmøta og andre møte om forvaltning av kval. I 1982 vedtok IWC eit totalforbod mot all kommersiell kvalfangst. Noreg har reservert seg mot dette forbodet, og er derfor ikkje bunden av det.

Konvensjonen om internasjonal handel med trua dyre- og planteartar, CITES, regulerer internasjonal handel med artar frå vill fauna som er trua av utrydding, eller som kan verte det om ikkje handelen vert regulert. I 1983 vart vågekval ført opp på liste I under CITES. Dette inneber eit forbod mot handel med produkt av vågekval. Noreg har reservert seg mot denne listinga fordi vågekvalen ikkje fyller kravet om å vere trua av utrydding.

1.3 Bestandsutregning, rådgivning, tilstandsrapporter og langsiktige forvaltningsplaner

Bestandsutrekning ("assessment") inneber vanlegvis å kombinere tilgjengeleg informasjon frå fangststatistikk og data frå vitskaplege tokt. Ved hjelp av ulike matematiske modellar reknar ein ut kor stor bestanden er i dag ved å sjå på kor store årsklassane var i fjor, og så trekkje frå dei individa som har døydd på grunn av fiske og naturleg død (blitt etne av andre, sjukdom, matmangel, alderdom) i løpet av året. Dei viktigaste datakjeldene i slike modellar er:

  • – fangststatistikk med stikkprøver av alderssamansetjing (skal fortelje kor mykje som er blitt fiska i løpet av året av dei forskjellige årsklassane)

  • – toktdata (fortel om relative endringar i talet på fisk i kvar aldersgruppe i forhold til året før)

Dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land er baserte på rådgivinga frå Det internasjonale havforskingsrådet, ICES ("International Council for the Exploration of the Sea"). Rådgivinga frå ICES vert utarbeidd av Den rådgivande komiteen for fiskeriforvaltning, ACFM ("Advisory Committee on Fisheries Management"). ACFM hentar inn vitskapleg bakgrunnsmateriale frå medlemslanda og gir årlege råd om fangstmengder for dei viktigaste fiskeslaga i Nordaust-Atlanteren.

Sidan 1997 har Noreg vore med på å vedta langsiktige forvaltningsplanar for alle fellesbestandane i Barentshavet saman med Russland, dei viktigaste botnfiskbestandane og sild i Nordsjøen saman med EU, makrell i Nordaust-Atlanteren saman med EU og Færøyane, norsk vårgytande sild saman med EU, Russland, Island og Færøyane, og no også for kolmule. Slike planar er ein viktig føresetnad for å oppnå målet om ei berekraftig forvaltning av alle dei kommersielle fiskebestandane som Noreg deler med andre land.

Det er derfor eit langsiktig mål for norske fiskeristyresmakter at forvaltinga skal baserast på meir heilskaplege forvaltingsplanar enn dei vi har i dag, der det ikkje berre vert teke omsyn til biologiske, men også til økonomiske og andre relevante faktorar.

Ein syner til St.meld. nr. 32 (2006-2007) for tilstandsrapportar og rådgiving for dei viktigaste fiskebestandane i norske farvatn.

1.4 Kontrollordninger og kontrollsamarbeid

I Noreg har Fiskeridirektoratet ansvaret for ressurskontrollen saman med Kystvakta og salslaga.

Kystvakta er underlagt Forsvarsdepartementet. Kystvakta har ansvaret for ressurskontrollen på havet. Frå 1996 er Kystvakta utvida med ei indre kystvakt som skal gjennomføre fiskerioppsynet innanfor grensa for sjøterritoriet på 12 nautiske mil.

Salslaga har ansvar for all førstehandsomsetning av fisk i Noreg, og salslaga utfører ein viktig del av kontrollarbeidet.

I internasjonale samanhengar vert det norske systemet med nært samarbeid mellom Fiskeridirektorat, Kystvakt og salslag ofte framheva som ein særs vellukka modell for god ressurskontroll.

Noreg har i ei årrekkje hatt på plass kontrollavtalar og avtalar om gjensidig satellittsporing med dei viktigaste samarbeidspartane i fiskerisektoren, mellom anna med Russland og EU-landa. Desse avtalane vert no fornya.

Fiskeridepartementet vedtok å innføre satellittovervaking av alle norske fiske- og fangstfartøy over 24 meter frå juli 2000. Denne sporinga gjeld i område både under norsk og utanlandsk fiskerijurisdiksjon. Ved fiske i EU-sona gjeld sporingsplikt fartøy over 15 meter. Tilsvarande har EU-fartøy over 15 meter sporingsplikt i område under norsk fiskerijurisdiksjon. Vidare vert alle norske fartøy, uavhengig av storleik, spora ved fiske i internasjonalt farvatn. For utanlandske fiskefartøy gjeld krav om satellittsporing i Noregs økonomiske sone, i fiskerisona ved Jan Mayen, i fiskevernsona ved Svalbard og i Svalbards territorialfarvatn og indre farvatn.

Norske styresmakter har dei seinare åra innført ei rekkje tiltak for å angripe ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Eit sentralt tiltak har vore den såkalla "svartelistinga" av fartøy som har drive uønska aktivitet i område utanfor norsk jurisdiksjon. Dette gjeld fartøy som fører utanlandsk flagg, då det er mogleg å sanksjonere på annan måte overfor norske fartøy. Fiskeridirektoratet ser til at fartøy som har delteke i uregulert fiske i internasjonalt farvatn, vert nekta lisens i Noregs økonomiske sone. Vidare kan slike fartøy nektast å føre norsk flagg, og ein kan nekte landing av fangst i Noreg. Det kan også setjast inn sanksjonar mot utanlandske fartøy som bryt regelverket i norske farvatn. Regionale organisasjonar som NEAFC og NAFO har innført svartelisting av fartøy som fiskar ulovleg. Dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane samarbeider stadig betre om kva fartøy som skal inn på svartelistene. I 2006 er det gjennom lovendring gitt heimel til å innføre føresegner for å setje i verk ei rekkje nye tiltak (forbod) overfor fartøy som er svartelista i regionale organisasjonar og som oppsøkjer norske farvatn.

Noreg arbeider også globalt for å sikre meir forpliktande samarbeid i fiskeripolitikken for å redusere det ulovlege, urapporterte og uregulerte fisket. På evalueringskonferansen for FN-avtalen om fiske på det opne hav i New York i mai 2006, fekk Noreg støtte for at det skal utarbeidast eit bindande globalt regime for hamnestatskontroll i fiskerisektoren. Norske styresmaktar arbeider for å starte denne prosessen i FAO i 2007.

EU er ein viktig aktør i det internasjonale samarbeidet for å få redusert UUU-fisket, og Noreg har dei seinare åra hatt eit godt samarbeid med EU-kommisjonen i så måte. EU og Noreg koordinerte mellom anna arbeidet med hamnestatsregimet i NEAFC, og Noreg og EU-kommisjonen underteikna 4. oktober 2006 ein intensjonsavtale om samarbeid innan ressurskontroll.

Kontroll med ressursuttaket på felles fiskebestandar krev eit nært samarbeid mellom dei landa som deler ressursane. Eit slikt samarbeid er inngått med begge dei to partane som Noreg deler viktige fiskeressursar med: Russland og EU. Noreg har også inngått avtalar om kontroll direkte med enkelte medlemsland i EU og fleire andre statar. Noreg har kontrollavtalar med Irland, Danmark, Sverige, Nederland, Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Polen, Portugal og Litauen. I tillegg har Noreg inngått kontrollavtalar med Russland, Færøyane, Island, Grønland, Canada og Marokko.

I avtalen mellom Noreg og Russland er partane samde om å setje visse vilkår til dei kvotane dei gir til tredjeland. Noreg og Canada underteikna 30. juni 1995 ein avtale om bevaring og handheving på fiskeriområdet.

1.5 Norsk utnytting av kvoter

Dei norske fartøya har nytta kvoten på fellesbestanden torsk nord om 62ºN godt i 2005 og 2006. Det sto noko att av hysekvoten i 2005, medan hysekvoten vart overfiska i 2006.

I Nordsjøen vart dei norske kvotane av fellesbestandane sei, makrell og sild oppfiska i 2006 og makrell oppfiska i 2005, medan det sto att ein rest av sei- og sildekvoten i 2005. Kvotane på dei andre konsumfellesbestandane vart ikkje utnytta i same høge grad.

Til saman vart det i 2005 fiska 473 000 tonn kolmule i internasjonalt område, medan det i 2006 vart fiska 69 000 tonn. Endringa skuldast at Noreg har fiska i andre områder. I begge åra vart kolmulekvoten i EU-sona nytta meir eller mindre fullt ut.

Norske linefartøy utnytta om lag 66 pst. av botnfiskkvotane av blålange, lange og brosme i EUs farvatn i 2005 og om lag 72 pst. i 2006. I færøyske farvatn har norske fartøy fiska nesten heile botnfiskkvoten i 2005, medan utnyttingsgraden var noko lågare i 2006.

Noreg har kvotar ved Grønland etter dei årlege kvoteavtalane med Grønland og EU. For norske fiskarar er kvotane på blåkveite, uer og reker av stor verdi. Desse kvotane vert stort sett godt utnytta. Dei seinare åra er også torskekvoten godt utnytta.

I sesongen 2006/2007 tok dei norske fartøya heile kvoten på 39.045 tonn lodde i Islands fiskerisone. Sesongen 2005/2006 var det norske loddefisket dårleg med totalt fiska kvantum på 2 047 tonn.

Det norske fisket i Skagerrak var i hovudsak konsentrert om reker og sild i 2005 og 2006.

Rekefisket ved Flemish Cap har vore eit viktig potensielt driftsalternativ for rekeflåten, særleg for grønlandsrekeflåten. Det var to fartøy som deltok i rekefisket ved Flemish Cap i 2005, medan eitt fartøy deltok i 2006. Årsaka til nedgangen i rekefisket ved Flemish Cap dei siste åra er auka pris på drivstoff, lågare rekeprisar og styrka kronekurs.

I tillegg til fisket innanfor kvoteavtalar med andre land, har norske fartøy sidan 1990 fiska uer i internasjonalt område i Irmingerhavet. Dette fisket nådde ein topp i 1992 og 1993 med om lag 14 600 tonn begge åra. I 2005 vart det fiska om lag 3 800 tonn, og i 2006 om lag 5 900 tonn.

1.6 Utenlandsk utnytting av kvoter

Når det gjeld utanlandsk utnytting av kvotar, er det eit generelt trekk at kvotane av torsk, hyse og sei nord om 62 N er godt utnytta av dei landa som har kvoterettar i området.

Hovudtyngda av EU sitt fiske i Nordsjøen og i Skagerrak skjer på botnfiskartar (torsk, hyse, sei o.a.), sild, makrell og kolmule. Grunna dårleg bestandssituasjon har kvotar og fangst av tobis og augepål vorte kraftig redusert i 2005 og 2006. EU har i dei seinare åra hatt relativt god utnytting av torske-, hyse- og seikvotane sine i Nordsjøen. Utnyttinga av dei fastsette kvotane i Skagerrak har også vore gjennomgåande høg for EU.

I 2005 fiska Færøyane 33 pst. av seikvoten sin i NØS i Nordsjøen, medan berre 8 pst. av seikvoten vart utnytta i 2006. I høve til kvotane sine har Færøyane fiska mykje sild og makrell i NØS i Nordsjøen i 2005 og 2006.

Grønland har sidan kvoteavtalen vart inngått i 1991 vore lite aktiv i fiske på konsumartar i Nordsjøen. I 2005 og 2006 har det vore aktivitet frå eitt grønlandsk fartøy.

I hovudsak utnyttar Sverige godt dei bilaterale kvotane sine i norsk del av Nordsjøen. Fisket er i stor grad retta mot kvotane deira av torsk, sei, makrell, sild og reker.