1.1 Innledning og om formålet med meldingen

Formålet med meldinga er å gje knutepunktomgrepet eit fornya innhald ved å presisere kulturansvaret og oppdraget som følgjer av det offentlege tilskotet til verksemder med status som knutepunkt.

Siktemålet med meldinga er å sikre at det vert stilt klare forventningar til verksemder med status som knutepunkt. Departementet har på denne bakgrunnen hatt ein gjennomgang av korleis knutepunktoppdraga skal bli gjennomførte og vurderte.

Også innanfor det gjeldande funksjonsdelingssystemet er det ein føresetnad for statstilskotet at institusjonar som får fast årleg statstilskot, skal gjere greie for oppnådde resultat. Mål- og resultatkrav blir utforma ut frå verkeområdet og funksjonen til institusjonane. I dag blir det i hovudsak rapportert om kvantitative mål. Departementet ser det som viktig at det i tillegg vert utvikla kriterium for vurdering av korleis dei kulturpolitiske måla av meir kvalitativ art kan bli oppnådde.

Meldinga drøftar kva for kriterium og krav som bør bli stilte til festivalar og festspel som har status som knutepunkt, og legg fram forslag til eit justert system for vurdering av resultat og oppnådde mål som også inkluderer resultat av kvalitativ art.

Meldinga omhandlar vidare oppnemning av medlemmer til styre for knutepunkta og den allmenne organisasjonsforma for slike verksemder.

Dei fleste verksemdene som har knutepunktstatus i dag, er festspel eller festivalar med musikk som tyngdepunkt i programtilbodet.

Samstundes ser departementet med bakgrunn i dagens knutepunkt at det ikkje bør gå "inflasjon" i knutepunktoppdrag. Nye knutepunkt skal ha ei særskilt grunngjeving anten i form av nasjonalt sjangeransvar eller regionalt breiddeansvar.

Meldinga tek ikkje stilling til kva for verksemder som i framtida skal få knutepunktstatus eller det økonomiske tilskotet knytt til slike oppdrag.

1.2 Knutepunktinstitusjonene

I St.prp. nr. 1 (1996-1997) vart det gjort greie for tilskotsdelinga mellom staten og regionane:

"For knutepunktinstitusjonane i Sør-Noreg har staten ansvar for 60 pst., i Nord-Noreg for 70 pst. Regionen har ansvaret for resten av tilskotet (…)"

I proposisjonen er det gitt tilskott som knutepunkt til tolv festivalar og festspel innanfor musikk, teater og litteratur, ti av desse på musikkfeltet og ein for kvart av områda scenekunst og litteratur.

1.2.1 Festspillene i Bergen

Festspillene i Bergen vart stifta 6. november 1951. Det første festspelet vart arrangert i 1953.

Festspillene i Bergen fekk knutepunktstatus frå og med 1995.

1.2.2 Festspillene i Nord-Norge

Festspillene i Nord-Norge vart første gang arrangert i 1965. Festspela fekk status som knutepunktinstitusjon i 1995.

1.2.3 Olavsfestdagene i Trondheim

Dagens festival fører vidare tradisjonen frå Olavsdagene som starta opp i 1962. Olavsfestdagene blir haldne i Trondheim i juli kvart år og fekk knutepunktstatus i 1999.

1.2.4 Molde International Jazz Festival

Jazzfestivalen i Molde vart arrangert for første gong i 1961 og skal vere den eldste jazzfestivalen i Europa som har vore i kontinuerleg drift.

Festivalen fekk knutepunktstatus i 2000.

1.2.5 Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival vart arrangert første gong i 1990. Festivalen held til i Førde i Sogn og Fjordane og er ein årleg festival i juli månad. Festivalen fekk knutepunktstatus i 2005.

1.2.6 Ultima Oslo Contemporary Music Festival

Ultima Oslo Contemporary Music Festival vart arrangert for første gong i 1991. Festivalen blir arrangert i oktober kvart år i Oslo. Ultima fekk knutepunktstatus i 2006.

1.2.7 Festspillene i Elverum

Festspillene i Elverum vart etablert i 1973 og blir arrangert i august kvart år. Dei fekk knutepunktstatus i 2006.

1.2.8 Norsk Litteraturfestival - Sigrid Undset-dagene

Norsk Litteraturfestival - Sigrid Undset-dagene vart etablert i 1995. Festivalen er lokalisert til Lillehammer og fekk status som knutepunkt frå 2006.

1.2.9 Notodden Blues Festival

Notodden Blues Festival vart etablert i 1988 og blir arrangert på Notodden i august kvart år. I august 2007 vart det gjort kjent at Notodden Blues Festival ville bli foreslått som knutepunktinstitusjon frå 2008.

1.2.10 Per Gynt-stemnet

Per Gynt-stemnet går tilbake til 1928 og blir arrangert i august kvart år i friluft ved Gålåvatnet i Oppland. Per Gynt-stemnet vil ha knutepuktstatus frå 2008.

1.2.11 Stiftelsen Horisont/Mela

Festivalen Mela vart etablert av Norsk kulturråd i 2000, og den første festivalen vart halden same året. Festivalen blir no arrangert i Oslo i august kvart år med Stiftelsen Horisont som ansvarleg arrangør. Stiftelsen Horisont/Mela har knutepunktstatus frå 2008.

1.2.12 Knutepunkt for rock

I St.prp. nr. 1 (2006-2007) er det lagt inn midlar til ein knutepunktfestival for rock. I desember 2007 har Øyafestivalen i Oslo fått tilbod om knutepunktstatus. Knutepunktstatusen gjeld frå og med 2008.

1.3 Departementets vurdering av kriterium for knutepunktstatus

1.3.1 Innledning

Formålet med denne meldinga er å gi knutepunktomgrepet eit fornya innhald ved å presisere det samfunnsoppdraget og kulturansvaret som følgjer av status som knutepunkt. Meldinga gjer også greie for eit justert opplegg for vurdering av mål- og resultat­oppnåing gjennom evaluering kvart fjerde år.

Det er i dag stor variasjon mellom knutepunkta både når det gjeld breidde og innretning av kunstnarleg profil, omfang og verksemd. Departementet legg til grunn at det også vil vere slike variasjonar i framtida.

Gjennom det justerte knutepunktomgrepet blir det gjort greie for dei resultatkrava som ligg til grunn for det offentlege tilskotet. Knutepunkta vil ha det til felles at dei har fått oppgåver ut over si ordinære kunstnarlege verksemd og lokale forankring. Innretninga på oppdraget og omfanget vil variere avhengig av profilen til knutepunktet og ressursane.

Departementet legg særleg vekt på følgjande kriterium som grunnlag for vurdering og evaluering av knutepunkta:

  • forankring til stad

  • festivalaktivitet kvart år

  • kunstnarleg leiande

  • koordinering og samarbeid

  • nasjonal og internasjonal orientering

  • nyskapande og utviklingsorientert

  • publikumsutvikling

  • god ressursutnytting

  • regional medverknad.

1.3.1.1 Forankring til sted

Med få unnatak har festivalane og knutepunkta vakse fram over tid og med utgangspunkt i lokale tilhøve, engasjement og behov.

Spreiinga av knutepunkt ut over landet er eit bidrag til oppfylling av ønsket om geografisk fordeling av kulturtilbodet.

Organisasjon og anna infrastruktur er ofte bygd opp over lang tid og representerer stor erfaring og kompetanse. Forankring til stad og identitet er difor ein viktig føresetnad for å kunne oppfylle krava til status som knutepunkt.

1.3.1.2 Festivalaktivitet hvert år

Eit knutepunkt byggjer på ein publikumsretta festival eller eit festspel av ei viss tidsmessig lengd og eit visst omfang, og som er ein hovudaktivitet kvart år.

Det er ein føresetnad at det er heilårleg drift.

Eit samarbeid mellom knutepunkt, frivillig sektor og næringslivet er ønskeleg.

1.3.1.3 Kunstnerlig ledende

Knutepunkta skal ha ein leiande posisjon innanfor sin sjanger og hovudverkeområde. Dei skal produsere og formidle eit kunstnarleg program på høgt nivå.

Knutepunkta skal som hovudregel ha som formål å presentere eit kunstnarleg tilbod innanfor ein sjanger eller eit kunstuttrykk.

Ein føresetnad for statleg støtte til kulturformål er at verksemda formidlar kunst av høg kvalitet til så mange som mogleg.

1.3.1.4 Koordinering og samarbeid

Knutepunkta skal - som leiande innanfor sin sjanger eller sitt verkeområde - ta eit ansvar for koordinering og samarbeid mellom andre festivalar eller festspel innanfor same sjanger.

Auka samarbeid vil gi regionar med knutepunkt auka arrangørkompetanse. Det er derfor viktig at regionale styresmakter bidreg til å leggje til rette for slikt samarbeid og følgjer opp det ansvaret som ligg i å ha eit knutepunkt i sin region.

1.3.1.5 Nasjonal og internasjonal orientering

Knutepunkta skal vere nasjonalt og internasjonalt orienterte innanfor sine oppdragsområde.

Det vil vere viktig å delta i internasjonale nettverk med tanke på utveksling av erfaringar, felles produksjonar og samarbeid om program.

Knutepunkta vil ha eit særleg ansvar for at slikt samarbeid kjem andre nasjonale arrangørar og verksemder til nytte.

1.3.1.6 Nyskapende og utviklingsorientert

Knutepunkta skal aktivt medverke til å fornye og utvikle sin sjanger eller si verksemd. Dei skal vere pådrivarar i den generelle utviklinga på kulturområdet. Det vil bli lagt merke til om knutepunkta over tid eksperimenterer og vel dristige kunstuttrykk i programmeringa.

Å vere innovative og utviklingsorienterte i programvalet, i formidlinga av kunst og kultur og i arbeidet med å rekruttere nye publikumsgrupper vil bli viktig i åra framover.

Det vil bli lagt vekt på at knutepunkta skal medverke til nyskaping gjennom eigne idear og produksjonar. Dette oppdraget må vere i samsvar med det ressursmessige grunnlaget for knutepunktet.

1.3.1.7 Publikumsutvikling

Knutepunkta skal ha ein samla strategisk plan for formidling av kunst til eit breitt publikum.

1.3.1.8 God ressursutnytting

God ressursutnytting er ein føresetnad for vurdering av knutepunktoppdrag. Verksemda skal vere målretta og skal ha styringssystem som sikrar god kunstnarleg, fagleg og publikumsmessig måloppnåing, og som gir god ressursforvalting.

Det offentlege tilskotet til knutepunkta er eit viktig grunnlag for drifta. I tillegg bør knutepunkta utvik­le andre inntektskjelder, det vil seie eigeninntekter og støtte frå sponsorar.

1.3.1.9 Regional medvirkning

Det offentlege tilskotet til knutepunkta skal delast mellom stat og region i forholdet 60-40 pst. med unnatak for knutepunkta i dei tre nordligaste fylka der fordelinga mellom stat og region skal vere 70-30 pst.

Aktiviteten til knutepunkta vil i stor grad kome vertsregionen til gode på ulike måtar. Det vil derfor vere eit rimeleg krav at regionen legg til rette for gode rammevilkår for knutepunkta.

Knutepunktoppdraget medfører fast offentleg tilskot til drift av verksemda. Knutepunkta skal årleg rapportere til departementet om oppnådde resultat og planar for komande år. Departementet legg vidare opp til ei systematisk evaluering og ein dialog med knutepunkta og lokale og regionale tilskotspartar kvart fjerde år om oppnådde resultat i perioden og føresetnadene for vidare drift.

1.3.2 Oppdrag for knutepunkt - departementets vurdering

Dei kriteria som er omtalte ovanfor, gir innhald til det samfunnsoppdraget og kulturansvaret som denne meldinga legg opp til skal følgje statusen som knutepunkt. Samstundes gir kriteria grunnlag for å vurdere korleis verksemder tek vare på ansvaret og løyser oppdraget.

Omtalen av dagens knutepunkt viser at det er store skilnader mellom knutepunkt. Departementet legg til grunn at det vil vere slike variasjonar også i framtida. Knutepunkt vil dermed ha ulike utgangspunkt og ulikt høve til å ta hand om ansvaret og følgje opp oppgåvene som heng saman med statusen som knutepunkt.

Det er i dag store skilnader i det statlege tilskotet til knutepunkta. For å realisere formålet med meldinga og kriteria som heng saman med knutepunktoppdraget, vil departementet, på bakgrunn av vel underbygde søknader og dokumentasjon av oppnådde resultat, kunne vurdere auka tilskot til dei knutepunkta som har lågast tilskot i dag. Departementet legg til grunn at dei regionale styresmaktene vil bidra til slik auke i tilskota i tråd med fordelingsreglane for tilskot til knutepunkt. Staten yter 60 pst. av det offentlege tilskotet til knutepunkt og regionen 40 pst., med unnatak av knutepunkt i Nord-Noreg der fordelinga mellom staten og regionen er 70 pst. og 30 pst.

Departementets vurdering er at dei ni kriteria utgjer ein samanheng og ein heilskap som bør gjelde generelt for verksemder med knutepunktstatus.

Samstundes ser departementet med bakgrunn i dagens knutepunkt at det ikkje bør gå "inflasjon" i knutepunktoppdrag. Nye knutepunkt skal ha ei særskilt grunngjeving anten i form av nasjonalt sjangeransvar eller regionalt breiddeansvar.

Dei fleste av dagens knutepunkt har som del av sitt formål å vere kunstnarleg leiande innanfor sitt verkeområde på nasjonalt nivå. I tillegg til å presentere norsk kunst og kultur, er dei internasjonalt orienterte i sitt programopplegg og tek del i nettverk med festivalar i andre land om felles produksjonar og utveksling av utøvarar og artistar og om kunnskap om det kunstfeltet dei opererer i. Nettverka er viktige møteplassar for norske og utanlandske arrangørar og utøvarar.

Nokre knutepunkt har ei breiare kunstnarleg innretning og større vekt på det regionale og på ein lokal identitet. Her er det vesentlege å gi eit tilbod til publikum regionalt. Nokre kan ha begge rollene.

Knutepunkt med eit sjangeransvar skal vere leiande og presentere eit program prega av kunstnarleg nyskaping og med utøvarar og artistar av høg nasjonal og internasjonal kunstnarleg standard.

At ein festival har eit særskilt sjangeransvar er ikkje til hinder for ein breiare kunstnarleg profil. Det er også viktig at festivalane med nasjonalt sjangeransvar er ein ressurs i regionen.

I dag har knutepunktfestivalane slik hovedprofil:

  • Molde International Jazz Festival, jazz

  • Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, folkemusikk

  • Ultima Oslo Contemporary Music Festival, samtidsmusikk

  • Notodden Blues Festival, blues

  • Festspillene i Bergen, festspel for musikk og scenekunst

  • Mela-festivalen, multikulturell kunst og kultur

  • Norsk Litteraturfestival - Sigrid Undset-dagene, litteratur

  • Olavsfestdagene i Trondheim, kyrkjemusikk m.m.

  • Festspillene i Nord-Norge, festspel for musikk, scenekunst og biletkunst

  • Festspillene i Elverum, festspel i eit samarbeid med "Ungdomssymfonikerne"

  • Per Gynt-stemnet, scenekunst m.m.

Departementet har gitt Øyafestivalen tilbod om knutepunktstatus for rock.

Dei ulike festivalane står fritt til å bestemme sitt eige formål og sin eigen kunstnarlege profil. Det skal vere armlengds avstand til den frie kunstnarlege leiinga av festivalen. Eventuelle endringar i hovudprofilen vil vere ein viktig premiss i framtidige vurderingar av knutepunktfestivalane.

1.4 Oppnådde mål, styring og kontroll

1.4.1 Evaluering

Knutepunktevalueringa skal ta utgangspunkt i dei presiserte mål- og resultatkriteria som ligg til grunn for statens tilskot til knutepunktet.

Det inneber vurdering av oppnådde resultat når det gjeld dei kriteria som det er gjort greie for i pkt. 1.3.

Det inneber også måling av kvantitative kriterium.

Departementet vil leggje knutepunkta sine eigne, årlege rapportar til departementet til grunn for evalueringane.

Evalueringane bør gjennomførast kvart fjerde år og på grunnlag av oppnådde resultat sidan førre evaluering. Også for den første evalueringa bør ein leggje til grunn eit fireårsperspektiv.

Departementet reknar med at evaluering av oppnådde kvalitative mål vil tilføre kunnskap om og utdjupe forståinga av knutepunkta sine kunstnarlege resultat.

Det er viktig at opplegg og gjennomføring av evalueringane blir gjort på ein måte som er tilpassa det einskilde knutepunktet. Det gjeld også verksemda sitt formål, eigenart og økonomiske ressursar.

Evalueringa skal kunne medverke til kunstnarleg så vel som økonomisk og administrativ utvikling, og med det gjere institusjonen betre i stand til å nå dei oppsette måla. For at evalueringa skal bli ein læreprosess og gi grunnlag for utvikling for dei involverte, må vurdering av resultata og i kva grad måla er nådde, bli lagt opp slik at knutepunkta er aktive medspelarar. Dei regionale tilskoltspartane må også ha oppgåver i samband med evalueringsprosessen.

Tildeling av status som knutepunkt kan bli trekt tilbake. Ved starten av ei evaluering må det bli gjort klart for knutepunkta at dersom dei oppsette måla gjennomgåande berre i liten grad er oppnådde, kan dette medføre tap av knutepunktstatus.

Verksemdene som har knutepunktstatus, jf. pkt. 1.2, må bli gjevne rimeleg tid til å omstille seg og innrette verksemda for å kome kriteria for det justerte knutepunktoppdraget til møtes.

For fleire av knutepunkta vil det også vere naudsynt å styrkje det økonomiske grunnlaget for verksemda. Det vil like vel vere merkbare forskjellar mellom knutepunkta både når det gjeld offentlege tilskot og det høvet dei har til å generere eigeninntekter. Forventningane til dei ulike institusjonane vil derfor måtte bli graderte. Dersom regionen reduserer sitt tilskot vil statens tilskot bli redusert tilsvarande slik at fordelingsnøkkelen 60/40 mellom stat og region står ved lag.

Nye avtalar mellom staten og regionale/kommunale styringsorgan blir inngått med ein fireårshorisont som forpliktar staten og dei regionale tilskotspartane i perioden.

Mykje taler for at første evaluering først bør bli gjennomført to år etter at reviderte krav er fastsette.

1.4.2 Oppnevning av styre og valg av organisasjonsform

Det er i dag ein føresetnad for det statlege tilskotet til knutepunkta at staten får oppnemne styreleiar og eitt styremedlem med vararepresentantar.

Departementet vil understreke det viktige ved at knutepunkta har kompetente og velfungerande styre. Det er vanskeleg å få eit styre med for mange medlemer til å fungere godt. Offentlege styresmakter bør leggje seg dette på sinnet og medverke til at styra blir funksjonsdyktige.

Departementet ser ikkje oppnemning av styremedlem som ein styringsreiskap, men som eit bidrag til å sikre at knutepunkta får kompetente styre som kan sjå til at forvaltinga av verksemda følgjer lover og reglar og at knutepunkta lever opp til dei føresetnadene som staten har sett for tilskotet.

Med referanse til St.meld. nr. 12 (2006-2007) Regionale fortrinn - regional framtid, og Stortinget si handsaming av meldinga, jf. Innst. S. nr. 166 (2006-2007), gjer departementet framlegg om at regionane skal ha større ansvar for oppnemning av styreleiarar og stymemedlemer til region-/landsdelsinstitusjonar og knutepunkt frå 2010. Hovudregelen skal vere at det nye regionale forvaltingsnivået har ansvar for å nemne opp styreleiar og eventuelt nokre av eller alle styremedlemene, men at regjeringa i særskilde høve kan vike frå denne regelen.

Medan ein ventar på at dette blir gjennomført, vil departementet gå inn for at staten nemner opp eitt styremedlem med varamedlem til styre for knutepunkta.

Staten vil konsentrere si styring av knutepunkta gjennom føresetnadene for statstilskotet til desse verksemdene. Departementet vil like vel understreke det viktige i at det ved styreoppnemning blir lagt stor vekt på å oppnemne kompetente styre slik at styret som kollegium har brei kompetanse, både når det gjeld verksemda sine faglege oppgåver og dei økonomiske og administrative oppgåvene.

Dagens knutepunkt er i hovudsak organiserte som stiftingar. Denne organisasjonsforma har ein funne tenleg som rettsleg ramme for samarbeidsprosjekt innanfor kulturforvaltinga.

Departementet legg til grunn at stifting framleis skal vere den vanlege organisasjonsforma for eit knutepunkt. Ein vil like vel ikkje sjå bort frå at andre organisasjonsformer kan bli vurderte i særskilde tilfelle.

Det er under alle omstende ein føresetnad at verksemda er organisert slik at det er mogleg å kontrollere at tilskotet blir brukt i samsvar med formålet.

1.4.3 Styret og ledelsens ansvar for oppfølging og kontroll

Det er styret og den administrative leiinga som har ansvaret for at forvaltinga av verksemdene til ei kvar tid skjer i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.

Styret har ei særskild plikt til å passe på at knutepunkta har gode og kvalitetssikra rutinar for å utarbeide budsjett og andre planverkty og at rekneskap og forvalting av formue blir underlagt gode kontrollrutinar. Den interne kontrollen kan ikkje bli erstatta av den revisjonen som blir utført av ekstern revisor.

Styret må m.a. sørgje for at verksemda etablerer, held ved like og etterlever system for god forvalting og kontroll av økonomien slik at det til ei kvar tid er full oversikt over den økonomiske situasjonen.

Vidare har styret ei særskild plikt til å sjå til at verksemda blir drive i samsvar med statens føresetnader i tilskotsbrevet.

1.5 Gjennomføring

Departementet vil ta initiativ til å følgje opp meldinga overfor dei enkelte knutepunkta og dei regionale og lokale tilskotspartane på bakgrunn av Stortingets handsaming av forslaget.

Det vil bli lagt opp til evaluering av kvar institusjon kvart fjerde år, og på ein slik måte at det årleg blir gjennomført vurdering av nokre av knutepunkta.