Brev fra Samferdselsdepartementet v/statsråden til transport- og kommunikasjonskomiteen, datert 10. desember 2008

Dok. nr. 8:16 (2008-2009) - Representantforslag fra stortingsrepr. Sortevik, Hoksrud og Sandberg om St.meld. om modernisering av norsk luftfartspolitikk

I forslaget ber representantane Sortevik, Hoksrud og Sandberg Regjeringa om å leggje fram ei eiga stortingsmelding om luftfartspolitikken med basis i strategien for norsk luftfart som eg la fram i juni 2008.

Tidlegare la regjeringane fram sektorplanar for kvar transportsektor, mellom anna for luftfarten. Stortinget peikte ved fleire høve på at sektorplanane ikkje gav høve til å sjå samferdselspolitikken i ein overordna samanheng. I St.meld. nr. 4 (1996–1997) Langtidsprogrammet 1998–2001 varsla den dåverande regjeringa at ho ville leggje fram ein heilskapleg plan for veg- og vegtrafikk, luftfart bane og hamner og farleier. Forslaget fekk tilslutning i Stortinget, jf. Innst. S. nr. 211 (1996–1997). Det har fram til no vore lagt fram to stortingsmeldingar om nasjonal transportplan, og eg er no i ferd med å avslutte arbeidet med den tredje planen som omfattar perioden 2010–2019.

I juni 2008 la eg fram ein strategi for norsk luftfart. Bakgrunnen for strategiarbeidet var den uroa vi opplevde i norsk luftfart i slutten av 2005 og byrjinga av 2006. For meg har det vore ein føresetnad at strategien ikkje skal medverke til å undergrave nasjonal transportplan si rolle som overordna styringsverkty for transportsektoren. Strategien har difor fungert som eit innspel til transportplanen, og tek elles opp tema som er spesielle for luftfarten, og som det ikkje ville vere naturleg å ta opp i nasjonal transportplan. Dette siste gjeld mellom anna spørsmål som ligg utanfor transportpolitikken.

Dei fleste transportpolitiske sakene som er tekne opp i strategien, vil eg kome attende til i transportplanen, der dei vil bli sette i ein samla transportpolitisk samanheng. Spørsmåla i strategien som ligg utanfor nasjonal transportplan, vil Regjeringa kome attende til i andre samanhengar. Saker som treng tilslutning frå Stortinget vil bli lagde fram for Stortinget på vanleg måte.