4. Styrings- og samhandlingsforholdet mellom staten og kommunane

4.1 Sammendrag

Regjeringa vil halda på hovudtrekka i dagens kommune- og velferdssystem. Regjeringa ønskjer å leggja til rette for eit sterkt og robust lokaldemokrati. Dels fordi det har ein eigenverdi, dels fordi det er avgjerande for velferda. Demokratisk deltaking i lokale folkevalde einingar er viktig, både som ein verdi i seg sjølv og fordi det er med å styrkja ansvarskjensla den enkelte borgaren har for dei lokale politiske avgjerdene som er så viktige for det lokale fellesskapet. Kommunane er dei som best kan gjera demokratiske forankra prioriteringar innanfor ei ramme prega av knappe ressursar. Kommunane utvidar demokratiet ved at moglegheitene for deltaking vert fleire. Derfor søkjer ikkje Regjeringa eit systemskifte i utforminga av kommune- og velferdssystemet vårt. Likevel ser Regjeringa at det er område der systemet kan gjerast betre. Det eine er å gje kommunane utvida handlingsrom og å styrkja dialogen mellom staten og kommunane. Det andre er trongen for å utvikla lokaldemokratiet. Dette er fyrst og fremst kommunane sitt ansvar. Staten kan like fullt syta for gode rammevilkår og medverka til inspirerande utviklingsprosjekt.

Kommunal- og regionaldepartementet har eit ansvar for å medverka til ei heilskapleg statleg styring av kommunesektoren. Saman med fylkesmannsembeta, som har det operative ansvaret for samordninga av regional stat si kommunestyring, har departementet ei viktig oppgåve når det gjeld å leggja til rette for at styringa skjer etter dei prinsippa Regjeringa og Stortinget har slått fast. Regjeringa meiner at fylkesmannen framleis skal ha ei viktig samordningsrolle overfor kommunane. I proposisjonen er det gjort nærare rede for samordninga av den statlege styringa av kommunesektoren.

Regjeringa meiner at det er kommunane sjølve som best kan prioritera og samordna tenesteytinga slik at ein oppnår god tilpassing til ønske og behov innbyggjarane har. Dette inneber at ein må akseptera ein viss ulikskap i tenestetilbodet mellom kommunar – jorda i lokale prioriteringar og preferansar. Dette må sjåast opp mot omsynet til eit jamgodt og likeverdig tenestetilbod uavhengig av bustadkommune. Statleg styring av kommunesektoren må balanserast mellom behovet for å gje kommunale tenester i tråd med ønske og behov innbyggjarane har, og omsynet til eit likeverdig tenestetilbod uavhengig av bustadkommune.

Staten må sjå styringa av einskilde fagområde og reformer i ein heilskapleg samanheng, og vurdera verkemiddelbruken ut ifrå dette. Vidare må staten så tidleg som mogleg i utreiingsarbeid knytt til ei reform, vurdera alternative former for verkemiddel som kan nyttast for å nå målsetnaden. I samband med utgreiing og iverksetjing av reformer spelar konsultasjonsordninga mellom staten og kommunesektoren (KS) ei sentral rolle. Konsultasjonsordninga representerer ein formalisert arena for open dialog, samarbeid og informasjonsutveksling.

Regjeringa ønskjer å styrkja samhandlinga mellom staten og kommunesektoren. Statleg styring må i størst mogleg grad pregast av dialog og rettleiing framfor absolutte pålegg og krav. Det er sentralt for Regjeringa å leggja til rette for tiltak som er med og skaper tillit mellom forvaltningsnivåa. Det er ei utfordring å utvikla verkemiddel for styring av kommunesektoren basert på dialog og samhandling. Vidareutvikling av konsultasjonsordninga, informasjonsarbeid og spreiing av idear gjennom til dømes nettverksarbeid, er viktige element i dette arbeidet.

Handlefridom er naudsynt for at det skal vera meiningsfullt å delta i lokalpolitikken. Rammestyring kan bidra til å sikra oppslutning om og legitimitet til det lokale sjølvstyret. Så lenge kommunal forankring av oppgåveløysinga utgjer ein føresetnad for, og ikkje motsats til effektivitet, kvalitet og velferd, ønskjer Regjeringa i minst mogleg grad å detaljstyra kommunane. Regjeringa vil så langt som mogleg styra gjennom rammer både når det gjeld økonomi og regelverk.

Regjeringa vil streka under si aktive rolle for å utvida det økonomiske handlingsrommet. Sidan stortingsvalet i 2005 har Regjeringa styrkt kommuneøkonomien vesentleg. Dette har utvida det økonomiske handlingsrommet til kommunane, og følgjeleg det lokale politiske handlingsrommet.

Kommunane har òg eit ansvar for å byggja tillit mellom styringsnivåa og til innbyggjarane. Dei lokale politiske organa forvaltar store ressursar på vegner av fellesskapet. Derfor lyt dei leggja stor vekt på at desse skal forvaltast effektivt og i samsvar med etiske normer og god forvaltningsskikk. Staten skal på si side leggja til rette for etisk verksemd gjennom eit godt regelverk. Kommunal- og regionaldepartementet vil etter planen hausten 2008 leggja fram ein odelstingsproposisjon med forslag om endringar i kommunelova, forvaltningslova og svalbardlova for å medverka til auka rolleklårleik og openheit i kommunane og fylkeskommunane.

Inntektssystemet fordeler midlar til kommunal sektor, og er eit viktig verkemiddel for å gjennomføra politikken innanfor sentrale områder i samfunnet. I kommuneproposisjonen for 2009 har Regjeringa gjort framlegg om fleire endringar i inntektssystemet for kommunane. Regjeringa ønskjer å oppnå jamnare fordeling og større pårekningsgrad når det gjeld kommunane sine inntekter.

Statlege føringar på kommunal organisering og oppgåveløysing, ved bruk av lover, forskrifter og anna regelverk, avgrensar kommunane sitt høve til å utøva lokalt skjønn og leggja til rette for gode og effektive løysingar basert på lokale behov. Samstundes kan tunge nasjonale omsyn tala for at staten bør styra kommunesektoren gjennom reglar. Når kommunane skal stå for ei bestemt oppgåve, skal dette nedfellast i lov. Det er fastsett retningsliner som skal nyttast ved utforming av nytt statleg regelverk retta mot kommunesektoren. Retningslinene tek utgangspunkt i prinsippa i kommunelova om nasjonal rammestyring og størst mogleg lokal fridom i organiseringa.

4.2 Komiteens merknader

Komiteen viser til at det fra 1. januar 2009 gjøres endringer i kommunenes inntektssystem.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti og Senterpartiet, viser til Innst. S. nr. 263 (2007–2008) der flertallet blant annet uttaler:

"Flertallet mener forslaget til endringer i inntektssystemet gir en forbedret fordelingsvirkning i forhold til den situasjon de ulike kommunene i dag befinner seg i. Det er godt dokumentert at det er forskjeller i inntekt som er viktigste årsak til ulikheter i tjenestene som kommunene tilbyr. Flertallet er enig i at forskjellene i inntekt har vært for store."

Komiteen mener at for store forskjeller i kommunenes forutsetninger for å levere et godt velferdstilbud til sine innbyggere kan være en trussel mot lokaldemokratiet.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre vil understreke at det lokale selvstyret også innebærer lokal råderett over egen mark. Reglene for bygging i strandsonen og forvaltning av verneverdige bygg bør derfor i større grad ta hensyn til lokale holdninger. Disse medlemmer vil advare mot at kommunene pålegges å verne mer dyrket mark, og vil påpeke at et slikt forslag står i direkte motsetning til meldingens understrekning av den lokale selvråderetten.

Disse medlemmer vil understreke at forskjeller i det kommunale tjenestetilbudet er en nødvendig konsekvens av lokalt selvstyre og lokale prioriteringer.

Disse medlemmer vil understreke at det kommunale økonomiske handlingsrommet har blitt vesentlig mindre fordi utgiftene har økt betydelig mer enn inntektene og fordi de frie inntektene er redusert under den rød-grønne regjeringen, jf. Kommunenes Sentralforbunds store kommuneundersøkelse, presentert 22. januar 2009.

Disse medlemmer vil påpeke at flere store kommuner med store oppgaver i dag forfordeles gjennom inntektssystemet, og at dette forsterkes ytterligere gjennom Regjeringens nye inntektssystem der blant annet den lokale selskapsskatten avvikles.

Komiteens medlem fra Venstre viser til at nær 7 000 lovparagrafer regulerer kommunal sektor og at antallet øker med et snitt på 1,5 paragrafer pr. dag. En slik utvikling kan ikke fortsette. For å motvirke dette viser dette medlem til at Venstre ønsker å sette et tak for statens oppgaver og ansvar, samt grunnlovsfeste det lokale selvstyret og øke dets frihet.

Dette medlem mener at all politikkutforming skal ligge til et folkevalgt organ. Dette medlem vil at fylkesmannens oppgaver skal avgrenses til tilsyn, klage, legalitetskontroll og nødvendig dialog. "Fylkesmann"-tittelen bør endres til "Statens direktør i fylkene", for å skille tydeligere mellom det folkevalgte Fylkestinget og statens rolle i fylkene.

Dette medlem viser til at Venstre vil ha tre folkevalgte nivåer. For å sikre mer folkestyre og mer desentralisering vil Venstre sette et tak på statens virksomhet og fordele de øvrige oppgavene på fylker og kommuner. Venstre ønsker primært at mellomnivået skal være organisert som enhetsfylke.

Dette medlem viser til at flertallet i komiteen i Innst. S. nr. 166 (2006–2007) pekte på at den regionale statsforvaltningen består av 41 ulike virksomheter med om lag 29 000 årsverk. Det er i dag 34 virksomheter som har en inndeling som er større enn fylkene, og ingen av disse har sammenfallende regiongrenser. Makt- og demokratiutredningen påpekte at forvaltningsendringene de senere tiår har vært preget av sektorvise reformer som har medført økt differensiering og fragmentering av offentlig virksomhet. Sett i lys av dette er det utvilsomt mye å hente både på demokratisering og effektivisering i statlig sektor. Dette medlem beklager at Regjeringens arbeid med den såkalte forvaltningsreformen i svært liten grad vil endre den sektorvise, fragmenterte og embetsstyrte regionale stat, og at fylkesmannen i sin nåværende form blir opprettholdt og faktisk forsterket.