1. Sammendrag

1.1 Føremål og hovudoversikt

1.1.1 Føremål

I denne proposisjonen legg Regjeringa fram forslag om endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2009. Siktemålet er å skape best mogleg samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapitla og postane, og endringar i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 2009 vart utarbeidd.

Omgrupperingsproposisjonen tek mellom anna føre seg styrking av prioritert verksemd på budsjetta til Forsvarets logistikkorganisasjon, norske styrkar i utlandet, fellesinstitusjonar under Forsvarsstaben, og kulturelle og allmennyttige føremål, for å dekkje høgare kostnader enn budsjettert. I tillegg vert lønnskompensasjonen for 2009 og meirinntekter for 2009 foreslått formalisert. Totalt utgjer omgrupperinga ein auke i løyvinga til Forsvarsdepartementet på 264,415 mill. kroner.

1.1.2 Grunnlaget for omgrupperinga – Økonomisk grunnlag

Grunnlaget for omgrupperinga er vedtatt budsjett for 2009, midlar ført over frå 2008 og dei seinare endringane gjort av Stortinget. Det er òg teke omsyn til forsvarssektoren sin del av lønnskompensasjonen for 2009 (135,397 mill. kroner).

Tabell 1.1 Faktisk løyving på utgiftssida, før omgruppering 2009, kjem fram slik (i 1 000 kroner)

Vedteke budsjett 2009

33 458 296

Innst. S. nr. 139 (2008–2009), jf. St.prp. nr. 37 (2008–2009) – Om endringer i statsbudsjettet 2009 med tiltak for arbeid

88 000

Innst. S. nr. 350 (2008–2009), jf. St.prp. nr. 88 (2008–2009) – Lønnsregulering for arbeidstakere i det statlige tariffområdet 2009 mv.

135 397

Innst. S. nr. 355 (2008–2009), jf. St.prp. nr. 67 (2008–2009) – Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2009 (RNB)

630 400

Innst. S. nr. 366 (2008–2009), jf. St.prp. nr. 89 (2008–2009) Om endringar i "Regulativ for tillegg o.a. til utskrivne vernepliktige mannskap" ("soldatproposisjonen")

15 919

= Faktisk løyving før omgruppering

34 328 012

+ Midlar ført over frå 2008

739 134

= Disponible midlar i 2009 før omgrupperinga

35 067 146

Tabell 1.2 Disponibel løyving på inntektssida, før omgruppering 2009, kjem fram slik (i 1 000 kroner)

Vedteke budsjett 2009

787 802

Innst. S. nr. 355 (2008-2009), jf. St.prp. nr. 67 (2008-2009) – Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2009 (RNB)

111 000

= Løyvingar før omgruppering

898 802

Inntekter i 2009

I høve til vedteke budsjett for 2009, med dei seinare endringane gjort av Stortinget, er det ei meirinntekt på 264,415 mill. kroner som er foreslått lagt til utgiftssida. Det vert i denne samanhengen vist til Forsvarsdepartementet sin meirinntektsfullmakt i St.prp. nr. 1 (2008–2009) under vedtak II.

Tabell 1.3 Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1 000 kroner)

Auke på utgiftssida grunna meirinntekter førde til utgiftssida

264 415

= Sum behov ved omgrupperinga

264 415

+ Løyvingar før omgrupperinga

34 328 012

= Samla løyvingar etter omgrupperinga

34 592 427

+ Midlar ført over frå 2008

739 134

= Samla disponible midlar i 2009 etter omgrupperinga

35 331 561

Tabell 1.4 Løyvingsbehovet på inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1000 kroner)

Løyvingar før omgrupperinga

898 802

Meirinntekter

264 415

= Løyvingar etter omgrupperinga

1 163 217

Regjeringa foreslår på denne bakgrunn, under forslag til vedtak, at både utgifts- og inntektsramma vert auka med 264,415 mill. kroner.

Utgifter

Tala i tabellane nedanfor syner netto endringar på dei ulike postane. Utgiftstabellen er inkludert fordeling av meirinntekter.

Tabell 1.5 Postfordeling utgifter (i 1 000 kroner)

Post

Føremål

Mindreutg.-/ Meirutg.+

1

Driftsutgifter

433 809

21

Spesielle driftsutgifter

-408

24

Driftsresultat

-100 000

43

Til disposisjon for Forsvarsdepartementet

-11 640

44

Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, nasjonalfinansiert del

13 600

45

Store nyskaffingar

144 689

47

Nybygg og nyanlegg

-104 965

48

Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, fellesfinansiert del

-118 000

50

Overføringar Statens Pensjonskasse

-8 000

60

Tilskott til kommunar

-500

73

Forsking og utvikling

-1 300

75

Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, Noregs tilskott til NATOs investeringsprogram for tryggleik

6 630

78

Noregs tilskott til NATOs driftsbudsjett

10 500

Sum

264 415

Inntekter

Tabell 1.6 Postfordeling inntekter (i 1 000 kroner)

Post

Formål

Mindreinnt. -/ Meirinnt.+

1

Driftsinntekter

320 126

45

Store nyskaffingar

48 689

48

Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, fellesfinansiert del

-104 400

Sum

264 415

1.2 Hovudtrekk ved utgifts- og inntektsendringane på postnivå

1.2.1 Utgifter

Den totale utgiftsramma er auka med 264,415 mill. kroner. Driftsbudsjettet er totalt foreslått auka med 322,461 mill. kroner, medan investeringsbudsjettet er foreslått redusert med 58,046 mill. kroner.

Nedanfor er dei viktigaste endringane forklart på post- og kapittelnivå.

Post 1 Driftsutgifter

Post 1 er foreslått auka med totalt 433,809 mill. kroner.

Forsvarssjefen har tilrådd ei justering på dei ulike kapitla for å omdisponere til meir prioritert verksemd på budsjetta til Forsvarets logistikkorganisasjon, norske styrkar i utlandet, fellesinstitusjonar under Forsvarsstaben, og kulturelle og allmennyttige føremål. Ei slik justering er viktig for at forsvarssjefen skal kunne nå dei måla som er sett for Forsvaret si verksemd i 2009.

Post 1 er foreslått tilført 320,126 mill. kroner i meirinntekter frå dei ulike inntektskapitla på driftssida. Posten er vidare foreslått netto tilført 87,835 mill. kroner frå post 47 Store nyskaffingar grunna omdisponering til naudsynt styrking for å gjennomføre dei igangsette materiellinvesteringsprosjekta. Grunna lågare utgifter enn budsjettert er det vidare foreslått å omdisponere 11,640 mill. kroner frå post 43 Til disposisjon for Forsvarsdepartementet, 8 mill. kroner frå post 50 Overføringar til Statens Pensjonskasse og 4 mill. kroner frå post 45 Store nyskaffingar. I tillegg er posten foreslått auka med 1,3 mill. kroner ved å omdisponere frå post 73 Forsking og utvikling, 0,5 mill. kroner frå post 60 Tilskott til kommunar og 0,408 mill. kroner frå post 21 Spesielle driftsutgifter.

Kap. 1700 Forsvarsdepartementet

Post 1 er foreslått auka med 1,3 mill. kroner.

Auken gjeld omdisponeringar grunna meirbehov knytt til prosjekt for oppfølging av veteranar frå Gulfkrigen, og meirbehov knytt til gjennomføring av handlingsplan for haldningar, etikk og leiing i forsvarssektoren.

Kap. 1719 Fellesutgifter og tilskott til føretak under Forsvarsdepartementet

Post 1 er foreslått auka med 7,066 mill. kroner.

Auken gjeld omdisponeringar grunna meirbehov i samband med diverse miljøoppryddingsprosjekt knytt til skyte- og øvingsfelt, samt miljøopprydding i Marvika utanfor Kristiansand i 2009 (5 mill. kroner). Det er viktig at forsvarssektoren følgjer opp sitt miljøansvar og ryddar etter seg der verksemd er lagd ned. Posten er vidare tilført 2,6 mill. kroner grunna høgare kostnad knytt til stillingar i utlandet. Posten er òg foreslått tilførd 0,5 mill. kroner i meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 4719 post 1. I tillegg er det foreslått tekniske justeringar som samla gjev ein reduksjon på 1 mill. kroner.

Kap. 1720 Felles leiings- og kommandoapparat

Post 1 er foreslått auka med 12,526 mill. kroner.

Det vert lågare kostnader knytt til kurs- og reiseverksemd enn venta på budsjetteringstidspunktet (15 mill. kroner). I tillegg er det foreslått tekniske justeringar som samla gjev ein reduksjon på 0,1 mill. kroner.

Kapitlet vert vidare foreslått auka i samband med overføring av budsjettansvar for eigedom, bygg og anlegg knytt til Alliert treningssenter frå kap. 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon (10,6 mill. kroner). Posten er òg foreslått tilført 17 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 4720 post 1.

Kap. 1725 Fellesinstitusjonar og utgifter under Forsvarsstaben

Post 1 er foreslått auka med 16,058 mill. kroner.

Auken er mellom anna knytt til vakt- og sikringstiltak på Eggemoen (5,9 mill. kroner), kompetansebygging knytt til fagområda Austen og Kina ved Forsvarets høgskole (2 mill. kroner), samt implementering av ny hovudbok i Forsvarets rekneskapssystem SAP (3 mill. kroner). Posten er òg foreslått tilførd 4 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 4725 post 1. I tillegg er det foreslått tekniske justeringar som samla gjev ein auke på 1,2 mill. kroner.

Kap. 1731 Hæren

Post 1 er foreslått redusert med 49,850 mill. kroner.

Hæren har lågare kostnader knytt til kurs- og reiseverksemd enn venta på budsjetteringstidspunktet (30 mill. kroner). Vidare gjeld reduksjonen omdisponering av identifisert mindrebehov på posten (20 mill. kroner). Midlane er foreslått omdisponert til høgare prioritert verksemd, mellom anna på budsjetta til Forsvarets logistikkorganisasjon og norske styrkar i utlandet. I tillegg er det foreslått tekniske justeringar som samla gjev ein reduksjon på 1,9 mill. kroner.

Posten er òg foreslått tilførd 2 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 4731 post 1.

Kap. 1732 Sjøforsvaret

Post 1 er foreslått redusert med netto 20,028 mill. kroner.

Sjøforsvaret har lågare kostnader knytt til kurs- og reiseverksemd enn venta på budsjetteringstidspunktet (24,2 mill. kroner). Vidare gjeld reduksjonen omdisponering av identifisert mindrebehov på posten (15 mill. kroner). Midlane er foreslått omdisponert til meir prioritert verksemd mellom anna på budsjetta til Forsvarets logistikkorganisasjon og norske styrkar i utlandet. I tillegg er det foreslått tekniske justeringar som samla gjev ein reduksjon på 2,8 mill. kroner.

Kapitlet vert vidare foreslått auka med 4,6 mill. kroner grunna utviding av rekruttskulen ved KNM Harald Haarfagre. Vidare er kapitlet foreslått auka ved omdisponeringar som følgje av at Sjøforsvaret utfører grunnleggjande rekrutt- og befalsskuleutdanning på vegner av Luftforsvaret (15,5 mill. kroner). Posten er òg foreslått tilført 1,9 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 4732 post 1.

Kap. 1733 Luftforsvaret

Post 1 er foreslått redusert med netto 27,139 mill. kroner.

Luftforsvaret har lågare kostnader knytt til kurs- og reiseverksemd enn venta på budsjetteringstidspunktet (24 mill. kroner). Vidare gjeld reduksjonen omdisponering av identifisert mindrebehov på posten (15 mill. kroner). Midlane er foreslått omdisponert til meir prioritert verksemd, mellom anna på budsjetta til Forsvarets logistikkorganisasjon og norske styrkar i utlandet. Vidare er kapitlet foreslått redusert ved omdisponeringar som følgje av at Sjøforsvaret utfører grunnleggjande rekrutt- og befalsskuleutdanning på vegner av Luftforsvaret (15,5 mill. kroner). Posten er vidare redusert med 5,7 mill. kroner som følgje av at Heimevernet utfører utdanning av utskrive befal på vegner av Luftforsvaret. I tillegg er det foreslått tekniske justeringar som samla gjev ein reduksjon på 4,3 mill. kroner.

Posten er òg foreslått tilført 37,4 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 4733 post 1.

Kap. 1734 Heimevernet

Post 1 er foreslått redusert med netto 0,149 mill. kroner.

Heimevernet har mellom anna lågare kostnader knytt til kurs- og reiseverksemd enn venta på budsjetteringstidspunktet (10 mill. kroner). Midlane er foreslått omdisponert til meir prioritert verksemd, mellom anna på budsjetta til Forsvarets logistikkorganisasjon og norske styrkar i utlandet.

Post 1 er òg foreslått tilført 5,7 mill. kroner som følgje av at Heimevernet utdannar befal på vegner av Luftforsvaret. Posten er vidare tilført 2 mill. kroner grunna overføring av budsjettansvar for Kongsvinger festning. I tillegg er det foreslått tekniske justeringar som samla gjev ein auke på 2,2 mill. kroner.

Kap. 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon

Post 1 er foreslått auka med netto 334,804 mill. kroner.

Posten er foreslått tilført 227,4 mill. kroner grunna meirinntekter. Dette er ei endring av teknisk karakter og skuldast i all hovudsak sal av drivstoff og tenester til allierte og samarbeidsnasjonar på øving i Noreg. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside i 2009, jf. omtale under kap. 4740 post 1.

Annan auke gjeld i all hovudsak omdisponeringar frå andre delar av forsvarsbudsjettet for å dekkje meirbehov knytt til den løyvingsfinansierte delen av kapitlet (114 mill. kroner). Grunnen er eit ynskje om å styrkje Forsvarets logistikkorganisasjon si evne til å støtte styrkeprodusentane og Forsvaret elles med tilgjengeleg logistikk, materiell og forsyningar til operasjonar heime og ute. Meirbehovet skuldast òg høgare kostnader knytt til årsverk samt eigedom, bygg og anlegg enn venta på budsjetteringstidspunktet, grunna mellom anna forseinka utrangering av eigedom, bygg og anlegg. I tillegg er det foreslått tekniske justeringar som samla gjev ein auke på 4 mill. kroner.

Posten er i tillegg redusert mellom anna med 10,6 mill. kroner grunna overføring av budsjettansvar for eigedom, bygg og anlegg knytt til Alliert treningssenter til kap. 1720 Felles leiing- og kommandoapparat.

Kap. 1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg

Post 1 er foreslått netto auka med 86,052 mill. kroner.

Auken er knytt til naudsynt styrking av drifta for å kunne gjennomføre planlagde materiellinvesteringar i 2009 (95 mill. kroner). Over tid har Forsvarsdepartementet søkt å auke omsettingsevna i investeringsporteføljen, og situasjonen er no at omsetjing av løyvinga på kap. 1760 post 45 har høg grad av realisme. Forsvarets logistikkorganisasjon har behov for auka tildeling av gjennomføringsmidlar for å oppretthalde den høge omsetjingsevna for inneverande år. Mangel på gjennomføringsmidlar kan få konsekvensar for framdrifta i store delar av prosjektporteføljen ved at mange nye prosjekt vil måtte få utsett oppstart og den planlagde styrkinga av investeringsverksemda bli bremsa tilsvarande. Posten er òg foreslått tilført 1,8 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 4760 post 1.

Posten vert vidare foreslått redusert med 10,7 mill. kroner knytt til mindrebehov i samband med analyse, plan og utgreiingsarbeid i 2009.

Kap. 1790 Kystvakta

Post 1 er foreslått redusert med 14,955 mill. kroner.

Kystvakta har lågare kostnader knytt til kurs- og reiseverksemd (2,9 mill. kroner) og lågare drivstoffutgifter enn venta på budsjetteringstidspunktet (11 mill. kroner). I tillegg er det foreslått tekniske justeringar som samla gjev ein reduksjon på 1,1 mill. kroner.

Kap. 1792 Norske styrkar i utlandet

Post 1 er foreslått auka med 68,338 mill. kroner.

Auken gjeld mellom anna omdisponering frå kap. 1792 post 45 knytt til lønn i samband med utrusting og klargjering av fregatten Fridtjof Nansen i samband med deployering til antipiratoperasjonar utanfor Somalia (European Union Naval Force Operation ATALANTA – EU NAVFOR ATALANTA) (4 mill. kroner). Posten er vidare foreslått tilført 6 mill. kroner til å dekkje førebuingskostnader knytt til innsetting av ein norsk mentoreringseining for afghansk politi i Faryab-provinsen i Afghanistan (PMT) frå sommaren 2010. Posten er òg foreslått tilført 23,6 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 4792 post 1. Posten er vidare foreslått auka med 0,240 mill. kroner for å dekkje kostnader i samband med deltaking av eit fotballlag frå Afghanistan på Norway Cup i 2009. Anna auke gjeld omdisponering frå andre kapittel for å dekkje meirutgifter ved Noregs bidrag i Afghanistan i 2009 (34,5 mill. kroner). Dette gjeld mellom anna auka kostnader knytt til reservedelar som følgje av meir bruk av pansra køyretøy, eit større ansvarsområde i Afghanistan og at kostnadene til interntransport har auka meir enn venta på budsjetteringstidspunktet.

Kap. 1795 Kulturelle og allmennyttige føremål

Post 1 er foreslått auka med 19,786 mill. kroner.

Auken gjeld mellom anna meirbehov i samband med gjennomføring av Forsvarskonserten 2009 (5,3 mill. kroner). Posten er òg foreslått tilførd 4,5 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 4795 post 1. Annan auke gjeld omdisponering frå andre delar av forsvarsbudsjettet for å dekkje meirbehov i samband med etablering av Forsvarets avdeling for kultur og tradisjon (FAKT) .

Post 21 Spesielle driftsutgiftar

Kapitel 1735 Etterretningstenesta, post 21 vert foreslått redusert med 0,408 mill. kroner.

Post 24 Driftsresultat

Det er foreslått at Forsvarsbyggs driftsresultat vert endra med 100 mill. kroner, frå -940 til -1 040 mill. kroner, for naudsynt styrking av kap. 1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg, post 45 Store nyskaffingar.

Post 43 Til disposisjon for Forsvarsdepartementet

Løyvinga representerer ein reserve for Forsvarsdepartementet. I 2009 er løyvinga nytta til å dekkje ymse meirbehov, mellom anna innsetting av ei norsk mentoreringseining for afghansk politi i Faryab-provinsen i Afghanistan (PMT), økonomisk støtte til Glomdalsmuseet for ferdigstilling av arbeidet med å gjenreise Melgården østseter, samt å dekkje kostnader i samband med deltaking av eit fotballag frå Afghanistan på Norway Cup i 2009. Posten er foreslått redusert med 11,640 mill. kroner for å dekkje ymse meirbehov på andre kapittel og postar.

Post 44 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, nasjonalfinansiert del

Posten er foreslått auka med 13,6 mill. kroner for å starte opp IKT-prosjektet ved Joint Warfare Centre (JWC) i Stavanger.

Post 45 Store nyskaffingar

Post 45 er foreslått auka med netto 144,689 mill. kroner.

Kap. 1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg

Post 45 er foreslått auka med 148,689 mill. kroner.

Auken er knytt til naudsynt styrking av materiellinvesteringsbudsjettet i 2009 (100 mill. kroner). Arbeidet med å oppretthalde den høge omsetjingsevna i investeringsporteføljen inneber eit behov for å styrkje kap. 1760 post 45. Dersom styrkinga ikkje vert gjennomført, vil ei rekkje betalingsmilepælar flyttast inn i 2010. Prognosane tilseier at prosjektporteføljen for 2010 vil bli fullt ut forplikta. Forsvarsdepartementet meiner difor det er mest føremålstenleg, med omsyn til styring av porteføljen, å møte betalingsmilepælane for 2009 ved å styrkje kap. 1760 post 45 som foreslått. Posten er òg foreslått tilførd 48,7 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 4760 post 45.

Kap. 1792 Norske styrkar i utlandet

Post 45 er foreslått redusert med 4 mill. kroner.

Reduksjonen gjeld lønnsutgifter knytt til utrusting og klargjering av fregatten Fridtjof Nansen i samband med deployering til antipiratoperasjonar utanfor Afrikas horn (EU NAVFOR ATALANTA). Midlane vert omdisponerte til kap. 1792 post 1. Grunnen er at Forsvaret har utført arbeidet ved eigne verkstedar og midlane må såleis budsjetterast på post 1.

Post 47 Nybygg og nyanlegg

Post 47 er foreslått redusert med netto 104,965 mill. kroner.

Kap. 1710 Forsvarsbygg

Post 47 er foreslått redusert med 114,987 mill. kroner.

Nasjonale investeringar i eigedom, bygg og anlegg (EBA) er foreslått redusert med 95 mill. kroner for naudsynt styrking av gjennomføringskostnader knytt til materiellinvesteringar under kap. 1760 Nyskaffingar av materiell og nybygg og nyanlegg, post 1 Driftsutgifter. Posten er vidare foreslått redusert med 10 mill. kroner grunna omdisponering til kap. 1792 post 47 knytt til prosjekt for oppgradering av veg frå Camp Meymaneh til Meymaneh by i Afghanistan. I tillegg er posten foreslått redusert med 5 mill. kroner for å styrkje kap. 1760 Nyskaffingar av materiell og nybygg og nyanlegg, post 75 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, Noregs tilskott til NATOs investeringsprogram for sikkerheit. I tillegg er det foreslått tekniske justeringar som samla gjev ein reduksjon på 4,9 mill. kroner.

Kap. 1792 Norske styrkar i utlandet

Post 47 er foreslått auka med 10,022 mill. kroner.

Auken gjeld omdisponering frå kap. 1710 Forsvarsbygg, post 47 Nybygg og nyanlegg knytt til prosjekt for oppgradering av veg frå Camp Meymaneh til Meymaneh by i Afghanistan. Oppgradering av vegen er naudsynt grunna den gjennomførde auken i Camp Meymanehs kapasitet og den pågåande utvidinga av Afghan National Army (ANA)-leiren. Det vert dermed lagt til rette for at den operative tryggleiken for dei norske styrkane blir forbetra.

Post 48 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, fellesfinansiert del

Posten er foreslått redusert med 118 mill. kroner.

Reduksjonen har samanheng med manglande økonomisk godkjenning av NATO-prosjekt i Noreg, noko som igjen skuldast den vanskelege finansielle situasjonen i NATO.

Post 50 Overføring til Statens Pensjonskasse

Post 50 vert foreslått redusert med 8 mill. kroner grunna eit mindrebehov på posten i 2009.

Midlane er foreslått omdisponerte til post 1 for å dekkje ymse meirbehov.

Post 60 Tilskott til kommunar

Post 60 vert foreslått redusert med 0,5 mill. kroner grunna eit mindrebehov på posten i 2009.

Midlane er foreslått omdisponerte til post 1 for å dekkje ymse meirbehov.

Post 73 Forsking og utvikling

Post 73 er foreslått redusert med 1,3 mill. kroner grunna mindrebehov på posten i 2009.

Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1700 post 1.

Post 75 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, Noregs tilskott til NATOs investeringsprogram for tryggleik

Post 75 vert foreslått auka med 6,630 mill. kroner.

Auken er mellom anna knytt til høgare valutakurs enn venta på budsjetteringstidspunktet.

Post 78 Noregs tilskott til NATOs driftsbudsjett

Post 78 vert foreslått auka med 10,5 mill. kroner.

Auken er mellom anna knytt til høgare valutakurs enn venta på budsjetteringstidspunktet, samt endra periodisering av pensjonsforpliktingar.

1.2.2 Inntekter

Det er registrert netto meirinntekter på 264,415 mill. kroner.

Post 1 Driftsinntekter

Post 1 driftsinntekter vert foreslått auka med 320,126 mill. kroner.

Kap. 4719 Fellesutgifter og tilskott til føretak under Forsvarsdepartementet

Post 1 vert foreslått auka med 0,531 mill. kroner.

Auken gjeld sal av køyretøy (0,1 mill kroner), og refusjon frå straumleverandørar og andre tenesteleverandørar knytt til utanlandsstillingar (0,4 mill. kroner).

Kap. 4720 Felles leiings- og kommandoapparat

Post 1 vert foreslått auka med 16,957 mill. kroner.

Auken er ei endring av teknisk karakter og skuldast refusjon av utgifter i samband med at allierte og samarbeidsnasjonar har vore på øving i Noreg. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 1720 post 1.

Kap. 4725 Fellesinstitusjonar og -inntekter under Forsvarsstaben

Post 1 vert foreslått auka med 4 mill. kroner.

Dette er ein endring av teknisk karakter og skuldast refusjon av utgifter i samband med at Forsvarets sanitet yter tenester til det sivile samfunn. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 1725 post 1.

Kap. 4731 Hæren

Post 1 vert foreslått auka med 2 mill. kroner.

Dette er ei endring av teknisk karakter og er knytt til ikkje-budsjetterte inntekter i samband med drifta av fritidsmesser. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside.

Kap. 4732 Sjøforsvaret

Post 1 vert foreslått auka med 1,927 mill. kroner.

Dette er ei endring av teknisk karakter og er knytt til ikkje-budsjetterte inntekter i samband med drifta av fritidsmesser. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 1732 post 1.

Kap. 4733 Luftforsvaret

Post 1 vert foreslått auka med 37,440 mill. kroner.

Dette er ei endring av teknisk karakter og skuldast i all hovudsak høgare inntekter knytt til ein samhandlingsavtale med Avinor AS knytt til drift av flyplassar (20 mill. kroner), tilbakebetaling av unytta utdanningsmidlar knytt til Foreign Military Sales i USA (15,5 mill. kroner), og refusjonar frå allierte og samarbeidsnasjonar i samband med øvinga Cold Response i 2009 (1,9 mill. kroner). Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 1733 post 1.

Kap. 4740 Forsvarets logistikkorganisasjon

Post 1 vert foreslått auka med 227,366 mill. kroner.

Meirinntektene er knytt til sal av drivstoff (122 mill. kroner) og tenester til allierte og samarbeidsnasjonar på øving i Noreg (37,4 mill. kroner). I tillegg er det foreslått at posten vert auka med 68 mill. kroner knytt til avhending av materiell, mellom anna køyretøy, personleg utrusting, klede/uniformer og verktøy m.m., gjennom Forsvarets avhendingsprosjekt. Meirinntektene er av teknisk karakter og har i hovudsak ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 1740 post 1.

Kap. 4760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg

Post 1 vert foreslått auka med 1,807 mill. kroner.

Dette er ei endring av teknisk karakter og er i all hovudsak knytt til tilbakebetaling av utlegg i samband med helikopterprosjektet. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 1760 post 1.

Kap. 4792 Norske styrkar i utlandet

Post 1 vert foreslått auka med 23,598 mill. kroner.

Dette er ei endring av teknisk karakter og er knytt til inntekter/refusjonar som følgje av forvaltningsavtalar mellom andre samarbeidsnasjonar og FN.

Kap. 4795 Kulturelle og allmennyttige formål

Post 1 vert foreslått auka med 4,5 mill. kroner.

Dette er ei endring av teknisk karakter og er knytt til høgare inntekter enn venta på budsjetteringstidspunktet knytt til arrangement i regi av Forsvarets musikk og andre driftsinntekter knytt til festningsverk og museum.

Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 1795 post 1.

Post 45 Store nyskaffingar

Post 45 vert foreslått auka med 48,689 mill. kroner.

Auken er knytt til meirinntekter grunna konvensjonalbøter (3,7 mill. kroner) og refusjonar etter tidlegare utlegg for samarbeidsprosjekt med andre land (45 mill. kroner).

Post 48 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, fellesfinansiert del

Post 48 vert foreslått redusert med 104,4 mill. kroner.

Reduksjonen er knytt til manglande økonomisk godkjenning av NATO-prosjekt i Noreg, noko som igjen skuldast omprioritering av fellesressursar i NATO. Reduksjonen i inntektene på kap. 4760 post 48 er 13,6 mill. kroner lågare enn dei reduserte utgiftene på kap. 1760 post 48. Det vert foreslått at 13,6 mill. kroner vert nytta på kap. 1760 post 44 for å kunne starte opp IKT-prosjektet ved Joint Warfare Centre (JWC) i Stavanger.