Innstilling fra næringskomiteen om gjennomføring av råfisklova og fiskeeksportlova i 2007–2008

Dette dokument

Til Stortinget

1. Sammendrag

1.1 Hovudinnhaldet i meldinga

Fiskeri- og kystdepartementet legg med dette fram melding om gjennomføring av lov av 14. desember 1951 nr. 3 om omsetning av råfisk (råfisklova) og lov av 27. april 1990 nr. 9 om regulering av eksport av fisk og fiskevarer (fiskeeksportlova) i 2007 og 2008. Meldinga omtalar enkelte aktuelle saker av interesse for Stortinget. Meldinga omtalar, forutan saker frå åra 2007 og 2008, enkelte saker frå 2009.

Den førre meldinga om gjennomføring av råfisklova og fiskeeksportlova vart lagt fram for Stortinget 29. februar 2008, jf. St.meld. nr. 13 (2007–2008) om gjennomføring av råfiskloven og fiskeeksportloven i 2005 og 2006 og Innst. S. nr. 197 (2007–2008).

Utforminga av meldinga er gjort på same vis som førre melding. Meldinga gir ei utgreiing om gjennomføringa av og kontrollen med omsetninga i første hand og ei utgreiing om gjennomføringa av eksporten. Årsmeldingane for 2007 og 2008 frå styret til Eksportutvalet for fisk og tilsvarande årsmeldingar frå styra til dei ulike salslaga, er lagde ved meldinga.

1.1.1 Bakgrunnen for meldinga

Råfisklova av 1951 vart vedteken som ei permanent lov til erstatning for ei tidlegare mellombels lov. Den nye lova var forma som ei fullmaktslov som gir salslaga vid sjølvstendig kompetanse når det gjeld omsetninga av råfisk i første hand. For å sikre Stortinget regelmessig orientering om gjennomføringa av lova vart det derfor vedteken ei eiga føresegn i råfisklova § 10 om at vedkomande departement årleg skulle leggje fram ei melding for Stortinget om gjennomføringa av lova. Departementet har etter kvart omtala fiskeeksporten i den toårlege meldinga, noko som er spegla i tittelen på meldinga frå og med St.meld. nr. 23 (1999–2000) om gjennomføring av råfiskloven og fiskeeksportloven i 1997 og 1998.

Fiskeri- og kystdepartementet meiner at det no er grunn til å stille spørsmål ved om det framleis er formålstenleg å leggje fram for Stortinget ei toårleg melding om gjennomføringa av råfisklova og fiskeeksportlova. I og med at framstellinga i meldinga er deskriptiv, har ho avgrensa verdi for Stortinget. Mykje av informasjonen i meldinga er dessutan offentleg tilgjengeleg på dei respektive organisasjonane sine nettstader. Det same gjeld dei ulike høyringane som er omtala. Ein må kunne leggje til grunn at departementet vil halde Stortinget orientert om sentrale saker som er omtala i meldinga, i samband med budsjettproposisjonar, lovproposisjonar eller andre høve. Dessutan tilseier rasjonaliseringsomsyn at meldinga ikkje vert ført vidare.

Fiskeri- og kystdepartementet vil likevel ikkje gjere framlegg om å avskaffe meldinga, men invitere Stortinget til å kome med synspunkt på om det er formålstenleg å halde fram med ho.

1.1.2 Status i lovverket

Den viktigaste endringa i lovverket i perioden etter førre melding til Stortinget er vedtakinga av lov 6. juni 2008 nr. 37 om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova), der også endringar i råfisklova inngår. I høve til salslaga er det særleg verdt å merke seg at havressurslova inneheld nye føresegner om den nasjonale ressurskontrollen som gir fiskesalslaga ei viktigare rolle enn før.

Eit sentralt grep i havressurslova er at ho skal regulere forvaltninga av alle viltlevande marine ressursar. Samtidig med havressurslova vart det vedteke endringar i andre sentrale lover på villfiskforvaltninga sitt område slik at dei fekk eit tilsvarande verkeområde.

1.2 Gjennomføring av omsetninga av fisk osv. i første hand – aktuelle saker

1.2.1 Salslagsstrukturen og salslaga si rolle som offentleg forvaltar

Det er framleis fem salslag i kvitfisksektoren; Skagerrakfisk, Rogaland Fiskesalgslag, Vest-Norges Fiskesalslag, Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag og Norges Råfisklag, forutan eitt i pelagisk sektor; Norges Sildesalgslag. Dei seks fiskesalslaga er private rettssubjekt, organiserte som samvirke der berre fiskarar kan vere medlemer.

Gjennom råfisklova med tilhøyrande råfiskforskrift har salslaga einerett på all omsetning av råfisk mv. i første hand i Noreg, fordelt mellom laga etter fiskeslag, og etter kva for ein stad fisken er bringa i land. Råfisklova gir i tillegg laga høve til å fastsetje forretningsreglar som er bindande for alle som kjøper fisk i første hand.

Fiskesalslaga har ut over dette ei rolle som offentleg forvaltar. Det gjeld til dømes regulering og dirigering av fangstar for å sikre avtak av fisk i første hand. Vidare har laga kompetanse til å inndra oppgjer for produkt levert i strid med slike reguleringar eller dirigeringar, og til å kontrollere at fiskarane overheld føresegnene i lova og tilhøyrande regelverk.

Over tid har salslaga fått ei rekkje andre oppgåver med klart preg av offentlege forvaltningsoppgåver som ikkje går fram av råfisklova. Salslaga står for handsaming av søknader om føringstilskot innafor ramma av retningslinjer godkjende av departementet etter forslag frå dei enkelte laga. I slike saker har departementet direkte instruksjonsmyndigheit overfor laga.

Salslaga speler ei særs viktig rolle i den nasjonale ressurskontrollen saman med offentlege organ som Fiskeridirektoratet og Kystvakta. Dette arbeidet omfattar både kvotekontroll og inndraging av fangst ut over kvote. Omsetningsmonopolet sikrar tilgang til informasjon om uttak av alle ressursar i sjøen, noko som er avgjerande for kartlegging av ressursane meir generelt.

Ein kan reise spørsmål om det bør gå ei grense for kor stor forvaltningsmyndigheit ein organisasjon som er reservert for fiskarar bør kunne ha, slik eit fiskesalslag må vere så lenge det er organisert som eit samvirkeføretak. Departementet finn ikkje at ei slik grense er overskriden i dag, men problemstellinga bør likevel ha merksemd. Tilsvarande er det viktig å vere medveten om at det går ei grense mellom den offentlege og den private verksemda til salslaga. Grensa vil vere avgjerande for når reglane som gir rettar til private rettssubjekt i høve til offentleg forvaltning, mellom anna offentleglova og forvaltningslova, kjem til bruk.

1.2.2 Mekling

Omsetningsmonopolet vart innført gradvis på 1920- og 30-talet. Formålet var å sikre fiskarane gode og stabile prisar på fisken. Omsetningsmonopolet inneber at fiskesalslaga fastset minsteprisar, oppgjersreglar og salsvilkår som er bindande både for kjøpar og seljar av fisk i første hand. Salslaga har vidare ei plikt til å føre prisforhandlingar med fiskekjøparane før minstepris vert fastsett. Minsteprisen skal liggje til grunn for all omsetning i første hand mellom fiskar og kjøpar.

Salslaga og organisasjonane til fiskekjøparane vart i 2005 samde om å opprette ei toårig prøveordning med meklingsinstans ved usemje om minsteprisfastsettinga. Dette hadde støtte frå Fiskeri- og kystdepartementet. Bakgrunnen var mellom anna eit ønske frå fiskekjøparane om å jamne ut noko av det ulike styrkeforholdet mellom forhandlingspartane som følgje av at salslaga einsidig kan fastsetje minsteprisar når dei ikkje vert samde med industrien gjennom forhandlingar. Prøveordninga tredde i kraft 1. januar 2007 og varde i to år, til og med 31. desember 2008. Det var ein føresetnad at meklingsinstansen skulle vere privat.

Det har heile tida vore ein føresetnad at departementet skal evaluere den toårige prøveordninga. Stortinget har dessutan hatt som føresetnad at dei vert orienterte i denne meldinga, jf. Innst. S. nr. 197 (2007–2008). På denne bakgrunnen fekk Kontali Analyse etter offentleg konkurranse i oppdrag frå departementet å evaluere prøveordninga.

Som ei oppsummering av funna i rapporten vil Fiskeri- og kystdepartementet trekkje fram følgjande:

  • Meklingsinstansen har ei betre forankring på kjøparsida (fiskeindustrien) enn på fiskarsida. Han har vidare ei betre forankring i pelagisk sektor enn i kvitfisksektoren.

  • 80 pst. av industriaktørane som vart intervjua i pelagisk sektor ønskjer å gjere prøveordninga permanent, mens under halvparten av industriaktørane i kvitfisksektoren ønskjer ei vidareføring.

  • Ingen av aktørane på fiskarsida, verken i pelagisk sektor eller i kvitfisksektoren, ønskjer ei vidareføring av prøveordninga.

  • I pelagisk sektor synest det for industriaktørane å spele ei rolle for den relativt positive haldninga til meklingsinstansen, at dei meiner han bidreg til at salslaget framskaffar betre dokumentasjon og har ei betre grunngjeving for sine forslag i minsteprisforhandlingane.

  • Eit fleirtal av industriaktørane både i pelagisk sektor og i kvitfisksektoren synest ikkje at prøveordninga har gitt dei ein forbetra forhandlingssituasjon.

Departementet vurderer for tida korleis evalueringa bør følgjast opp.

1.2.3 Fiskesalslaga og finanskrisa

Rolla til salslaga i finanskrisa

Den globale finanskrisa som oppstod hausten 2008, fekk store ringverknader for delar av norsk fiskerinæring. Dette har samanheng med at om lag 90 pst. av norskfanga fisk blir eksportert, og at endringar i kjøpekraft og kredittmangel i eksportmarknadene har stor verknad for fiskerinæringa.

Regjeringa har i si handtering av finanskrisa lagt vekt på at omsetninga av fisk skal skje mest mogleg normalt. I dette arbeidet har salslaga spelt ei viktig rolle gjennom forvaltning av ordningar med føringstilskot og tilskot til drift av mottaksstasjonar. I samarbeid med dei andre næringsorganisasjonane har salslaga vore viktige samtalepartnarar for regjeringa og har medverka til gode og konstruktive forslag til tiltak for å betre situasjonen for fiskerinæringa.

På oppdrag frå Fiskeri- og kystdepartementet gav Nofima ut ein rapport i juni 2008 med kartlegging og evaluering av ordninga med føringstilskot i fiskerinæringa. Som ei følgje av at regjeringa frå hausten 2008 har prioritert handteringa av finanskrisa, er oppfølginga av rapporten frå departementet si side utsett inntil vidare.

Fastsetting av minstepris

Eit viktig punkt i debatten kring finanskrisa har vore fastsettinga av minsteprisane. Det er fiskesalslaga som fastset minsteprisane etter prisdrøftingar med organisasjonane til kjøparane. I drøftingane søkjer partane gjerne å ta omsyn til marknadsutsiktene framover. Styremaktene har inga rolle når minsteprisane vert fastsett.

Prisdrøftingane i kvitfisksektoren vinteren 2008–2009 var prega av meir uro og usemje enn tidlegare. Det vart brot i dei ordinære prisdrøftingane i desember 2008, som følgje av at det ikkje vart oppnådd semje om torske- og hyseprisar. Saka gjekk til mekling to dagar seinare, og det enda med at Råfisklaget fastsette minsteprisen for torsk i samsvar med meklingsnemnda sitt forslag. Nye ekstraordinære prisdrøftingar fann så stad i mars etter initiativ frå FHL, NSL og Fiskekjøpernes Forening, og minsteprisen vart sett ned. I juni oppnådde partane semje om ytterlegare nedsetjing av minsteprisen for torsk.

Minsteprisen i torskesektoren har gjennom fleire år, fram til finanskrisa, lege klart under marknadsprisen.

1.2.4 Ordninga med fangstsertifikat

Den europeiske unionen (EU) har etablert ei ordning med fangstsertifikat for eksport av fisk mv. Ordninga har verknad frå 1. januar 2010.

Bakgrunnen for ordninga med fangstsertifikat er at EU 29. september 2008 vedtok ei forordning om tiltak mot UUU-fiske (ulovleg, urapportert og uregulert fiske). Forordninga inneber mellom anna eit krav om fangstsertifikat ved innføring av fiskeprodukt til EU. Noreg og EU inngjekk 3. september 2009 ei avtale om norsk tilslutning til EUs fangstsertifikatsystem.

Det er sentralt i avtala at Noreg skal skrive ut fangstsertifikat som er baserte på det eksisterande norske sluttsetelsystemet. Det er salslaga som administrerer dette systemet som inneber at det vert skriven ein sluttsetel for all fangst som vert omsett i første hand. Dette systemet har gjort det mogleg for Noreg å implementere fangstsertifikatordninga på ein rask og formålstenleg måte.

Fiskeri- og kystdepartementet har med verknad frå 1. januar 2010 vedteke ny forskrift om fangstsertifikat mv. som skal tene som eit rettsleg rammeverk for ordninga som salslaga administrerer.

1.2.5 Utanlandske kjøpefartøy

Omsetninga av notfanga sei i første hand har i fleire år vore ei utfordring for salslaga fordi norsk landindustri ikkje har hatt kapasitet til å ta imot alle leveransane frå fiskeflåten. Bakgrunnen for dette er mellom anna høge kvotar, stor deltaking i fisket og ein effektiv fiskeflåte.

Departementet har sidan 2002 årleg gitt Norges Råfisklag generell dispensasjon til å nytte russiske kjøpefartøy opp til eit visst kvantum, mellom anna på vilkår av at Råfisklaget først tilbyr seien til norske kjøparar, at det vert nytta norske minsteprisar og forretningsreglar, og at seien skal fraktast til den russiske marknaden for sal der. Dispensasjonane har ikkje vore nytta i 2008 og 2009. Når den generelle dispensasjonen til Norges Råfisklag no over ei tid ikkje har vore nytta, meiner departementet at det er god grunn til å stille spørsmål om ein bør halde fram med å gi slik dispensasjon for framtidige sesongar dersom det ikkje kan sannsynleggjerast eit heilt konkret behov.

1.2.6 Transitt

Råfisklova inneber at fangst som er landa i Noreg ikkje kan førast ut av landet, dersom fangsten ikkje er omsett i første hand gjennom eller med godkjenning av eit fiskesalslag. Det gjeld med andre ord eit transittforbod. Den europeiske unionen (EU) har sidan EØS-forhandlingane arbeidd for at EU-fartøy kan få høve til å lande fisk i Noreg for transitt utan at fangsten først må omsetjast gjennom salslag.

Fiskeri- og kystdepartementet innførte 15. mai 2006 ei slik transittordning for EU-fartøy gjeldande fram til 30. april 2009. Europakommisjonen opna samtidig for ein ny tollfri kvote på 2 500 tonn frosne pilla reker frå Noreg. Det er ikkje aktuelt med eventuell gjeninnføring av ordninga før EU har implementert ny fiskeriprotokoll som følgje av avtalen med EU frå desember 2009 om vidareføring av EØS-finansieringsordninga og dei tilknytte fiskeriprotokollane.

1.3 Kontroll

Alle salslaga skal revidere rekneskapane sine i samsvar med gjeldande reglar for dette. Råfisklova § 3 andre ledd fastset vidare at Fiskeri- og kystdepartementet skal ha høve til å oppnemne ein offentleg kontrollør i kvart salslag. Det er i dag oppnemnde kontrollørar for alle salslag.

Den nye havressurslova som vart vedteken 6. juni 2008, gir salslaga eit større ansvar og vidare heimlar i høve til den nasjonale ressurskontrollen.

Eit sentralt grep i havressurslova i denne samanhang er plikta for fiskarane til å føre all fangst av fisk i land. Plikta til ilandføring gjeld også dersom fangsten er teken i strid med føresegner i eller i medhald av lova, men då er det ein føresetnad at haustarane ikkje skal få ha verdien av ulovleg fangst. Dette er bakgrunnen for at Fiskeri- og kystdepartementet har utforma eit forslag til ny forskrift om inndraging av fangst og bruk av inndregne midlar. Eit hovudpoeng i forslaget til ny forskrift er at salslaga overtek ein del av inndragingskompetansen som i dag ligg til Fiskeridirektoratet. Dette må sjåast i samanheng med at salslaga stendig får ei viktigare rolle i ressurskontrollarbeidet.

1.4 Gjennomføring av fiskeeksportlova

Fiskeeksportlova gjeld mellom anna Eksportutvalet for fisk AS (EFF). EFF er eit felles marknadsføringsorgan for fiskerinæringa, samtidig som det utfører enkelte forvaltningsoppgåver. Stortinget vedtok ved lovendring 17. juni 2005 å gjere om EFF frå forvaltningsorgan under departementet, til statleg aksjeselskap. Omdanninga vart gjennomført 1. september 2005.

EFF er finansiert gjennom marknadsavgifta på eksport. Marknadsavgifta er i dag differensiert mellom seks kategoriar av fisk og fiskevarer, og varierer frå 0,2 pst. til 0,75 pst. Departementet vedtok 19. januar 2010 å setje marknadsavgifta for all eksport av fisk og fiskevarer til 0,75 pst. Auken i avgifta vil skje trinnvis, først til 0,5 pst. frå 1. april 2010, og så til 0,75 pst. frå 1. februar 2011.

EFF er finansiert av norske sjømateksportørar, gjennom ei årleg avgift på eksport av fisk og fiskevarer. EFFs driftsinntekter utgjorde 226 mill. kroner i 2007 og 242 mill. kroner i 2008. Eksporten av norsk sjømat har i 2007 og 2008 auka med høvesvis 4 pst. og 5 pst. frå året før. I 2007 eksporterte Noreg sjømat for 36,8 mrd. kroner, mens talet for 2008 var 38,8 mrd. kroner. Noreg eksporterer sjømat til nærare 140 land i alle delar av verda. EU er vår største marknad, og i 2006 gjekk 60 pst. av eksporten til EU, målt etter verdi. Dei viktigaste eksportprodukta i 2007 og 2008 var fersk laks, norsk vårgytande sild, makrell og klippfisk av torsk.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Else-May Botten, Lillian Hansen, Arne L. Haugen, Ingrid Heggø og lederen Terje Aasland, fra Fremskrittspartiet, Per Roar Bredvold, Harald T. Nesvik og Torgeir Trældal, fra Høyre, Svein Flåtten, Frank Bakke Jensen og Elisabeth Røbekk Nørve, fra Sosialistisk Venstreparti, Alf Egil Holmelid, fra Senterpartiet, Irene Lange Nordahl, og fra Kristelig Folkeparti, Rigmor Andersen Eide, viser til Fiskeri- og kystdepartementets stortingsmelding om gjennomføring av råfiskloven og fiskeeksportloven i 2007 og 2008 samt enkelte saker fra 2009.

Komiteen viser til at bakgrunnen for meldingen er at Stortinget skal bli regelmessig orientert om gjennomføring av råfiskloven. Komiteen har merket seg at regjeringen stiller spørsmål ved om det fremdeles er formålstjenlig å legge frem en melding om gjennomføring av råfiskloven og fiskeeksportloven annethvert år, og man inviterer Stortinget til å komme med synspunkter på dette. Komiteen mener at selv om informasjonen i meldingen er offentlig tilgjengelig på ulike nettsteder, er det viktig at Stortinget jevnlig får mulighet til å drøfte ulike problemstillinger knyttet til gjennomføring av råfiskloven og fiskeeksportloven. Komiteen mener derfor at dagens praksis bør videreføres.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre er av den oppfatning at det er formålstjenlig at Stortinget får seg forelagt en sak om gjennomføringen av råfiskloven hvert 2. år. Begrunnelsen for dette er at det er all mulig grunn for Stortinget til å holde seg orientert om hvordan praktiseringen av den monopolistiske førstehåndsomsetningen foregår når det gjelder villfanget fisk. Det er også i den forbindelse grunn til å merke seg at når det gjelder strukturen på førstehåndsomsetningen, så er det fremdeles 5 salgslag innen kvitfisk og 1 salgslag hva gjelder pelagisk sektor. Råfiskloven gir disse salgslagene en enerett på all førstehåndsomsetning fordelt etter ilandføringssted og fiskeslag. I tillegg til dette har salgslagene også en rolle som offentlig forvalter på flere områder. Dette medfører at salgslagene sitter med en betydelig makt og myndighet innenfor et område som håndterer svært store verdier. I et system der vi har en monopolsituasjon slik vi har det innen førstehåndsomsetningen av råfisk, er det viktig at Stortinget som folkevalgt organ blir holdt løpende orientert om hvordan denne rollen forvaltes for å kunne ha en sikkerhet mot misbruk av monopolmakten.

Salgslagenes rolle som offentlig forvalter

Komiteen har merket seg at salgslagsstrukturen ikke er endret. De seks fiskesalgslagene er private rettssubjekter, organisert som samvirke der kun fiskere kan være medlemmer. Komiteen viser til at salgslagene har enerett på all førstehånds omsetning av råfisk mv. i Norge. Salgslagene har i tillegg en stadig større rolle som offentlig forvalter på flere ulike områder. Komiteen er enig med departementet i at det kan stilles spørsmål ved om det bør gå en grense for hvor stor forvaltningsmyndighet en organisasjon som er reservert kun for fiskere, bør kunne ha. I tillegg mener komiteen at det er viktig med en høy bevissthet knyttet til grensen mellom den offentlige og den private delen av salgslagenes virksomhet.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre mener tiden nå er inne til å se på om dagens struktur innen førstehåndsomsetningen av råfisk bør kunne organiseres på et annet vis enn det som er tilfellet. Det er per i dag mye opp til fiskesalgslagene selv å bestemme størrelse og hvorvidt de vil opprettholde sin struktur eller ikke. Det en i et slikt tilfelle ikke må glemme, er at disse organisasjonene driftes gjennom de avgifter som legges på førstehåndsomsetningen. Dette gir i seg selv liten grad av motivasjon til effektivisering av selve driften av salgslagene. Disse medlemmer kan ikke se at det skulle kunne være nødvendig å opprettholde 5 salgslag innen kvitfiskområdet. I tillegg mener disse medlemmer at det må tas en gjennomgang av hvordan en på best mulig måte skal kunne få et skille mellom omsetningsdelen og forvalterdelen i salgslagene.

Meklingsinstans

Komiteen viser til at prøveprosjektet med en egen meklingsinstans med to meklingsnemnder – en for hvitfisk og en for pelagisk fisk – trådte i kraft fra 1. januar 2007. Prøveprosjektet er evaluert, og rapporten viser klare forskjeller mellom pelagisk sektor og hvitfisksektoren når det gjelder bruken av meklingsinstansen. Komiteen har merket seg at meklingsinstansen har en bedre forankring på kjøpersiden enn på fiskersiden, og at meklingsinstansen har en bedre forankring i pelagisk sektor enn i hvitfisksektoren. Komiteen har videre merket seg at ingen av aktørene på fiskersiden, verken i pelagisk sektor eller i hvitfisksektoren, ønsker en videreføring av prøveordningen. Komiteen viser til at departementet vurderer hvordan evalueringen bør følges opp, og imøteser tilbakemelding til Stortinget om dette.

Fiskesalgslagene og finanskrisen

Komiteen viser til at vinteren 2009 var svært krevende for omsetningen av hvitfisk, mens etterspørselen etter laks og pelagisk fisk var relativt god. Fiskeindustrien fikk kredittmessige utfordringer som følge av dårligere etterspørsel etter hvitfisk, og lagrene ble store. Komiteen har merket seg at det har vært uenighet knyttet til fastsettelse av minsteprisen for torsk.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, har merket seg at partene kom til enighet om å sette ned minsteprisen for torsk.

Komiteen viser til at det til nå i år er landet 80 000 tonn med torsk fra norske fartøyer, mot 57 000 tonn til samme tid i fjor. Det viser at det fortsatt er store utfordringer knyttet til omsetning av all torsken som landes.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre viser til at den krisen vi så vinteren 2009 når det gjeldt omsetningen av kvitfisk, viste at dagens system med fastsetting av minstepriser på et for tidlig tidspunkt ikke er godt nok egnet til å kunne fange opp de endringer som raskt oppstår både i det nasjonale og i et internasjonalt marked. Dagens svakheter har blitt enda tydeligere denne gangen da markedsendringene skjedde mye som en konsekvens av den internasjonale finanskrisen, men ikke dette alene. Det er ikke til å komme bort ifra at dersom en hadde hatt et litt mindre stivbent system hva gjelder prisfastsettelse, kunne en del av de problemene vi nå ser, vært unngått. Dette ser vi helt tydelig gjennom at den minsteprisen som var satt som utgangspunkt i torskesektoren, var svært mye høyere enn det markedet var villig til å betale. Når systemet for å endre denne prisen i tillegg maler for sakte, så kommer det raskt en situasjon der mange har kjøpt inn fisken for dyrt og ikke klarer å selge. Dette har igjen medført oppbygging av store lager som ikke kan selges uten betydelige tap. For noen blir resultatet konkurs. Disse medlemmer mener at det straks bør igangsettes et arbeid for å finne frem til en ny måte å fastsette prisen på som raskere vil kunne fange opp de svingninger som er i et marked. Disse medlemmer mener at tiden nå er moden for å igangsette et arbeid med å modernisere råfiskloven slik at denne blir mer i tråd med de behov en vil kunne få i fremtiden der vi ser stadige endringer i markedet innenfor fisk og fiskeprodukter. Vi møter i dag nye utfordringer og konkurranse fra blant annet oppdrett av kvitfisk i Asia samt at torsken også vil kunne bli erstattet av andre fiskeslag i noen markeder dersom torsken prises for høyt i forhold til det markedet er villig å betale. Da må vi ha evnen til å kunne tilpasse oss denne konkurransen gjennom raskere å kunne snu oss om også i omsetningsleddet. Ingen er tjent med at fisk blir liggende for lenge på lager som en følge av at den er kjøpt inn til for høye priser i et monopolistisk omsetningssystem uten at noen vil kjøpe den.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen foreta en gjennomgang av råfiskloven med tanke på forenkling og avbyråkratisering, herunder systemet med fastsettelse av minstepriser.»

Utenlandske kjøpefartøy

Komiteen viser til at førstehåndsomsetningen av notfanget sei i flere år har vært en utfordring for salgslagene. Norsk landindustri har ikke hatt kapasitet til å ta imot alle leveransene fra fiskeflåten. Komiteen har merket seg at bakgrunnen for dette er blant annet høye kvoter, stor deltakelse i fisket og en effektiv fiskeflåte. Komiteen viser til at departementet siden 2002 årlig har gitt Norges Råfisklag dispensasjon til å benytte russiske kjøpefartøy opp til et visst kvantum for å avhjelpe situasjonen. Komiteen har merket seg at Råfisklaget i liten grad har benyttet seg av dispensasjonen de siste årene.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, mener derfor at slik dispensasjon ikke bør gis med mindre det i større grad sannsynliggjøres et konkret behov allerede på det tidspunkt dispensasjonen søkes.

Kontroll

Salgslagene har en viktig rolle i ressurskontrollarbeidet. Komiteen viser til at den nye havressursloven som ble vedtatt i 2008, gir salgslagene et større ansvar og videre hjemler når det gjelder den nasjonale ressurskontrollen. Komiteen imøteser en evaluering av dette med henblikk på kvaliteten og ressursbruken i kontrollarbeidet.

Gjennomføring av fiskeeksportloven

Komiteen viser til at selskapet Eksportutvalget for fisk er et statlig aksjeselskap der Fiskeri- og kystdepartementet forvalter eierskapet og har det overordnede ansvaret for at virksomheten drives i samsvar med politiske mål og rammevilkår. Komiteen viser til at norsk sjømat er en av våre viktigste eksportvarer, nest etter olje og gass. Norge eksporterer nå sjømat til 150 land. Komiteen er tilfreds med at departementet har vedtatt å fastsette markedsavgiften for all eksport av fisk og fiskevarer til 0,75 prosent, for å styrke det generiske markedsarbeidet for hvitfisk, pelagisk fisk og reker. Komiteen vil understreke at norsk sjømatnæring er avhengig av stabile rammevilkår for å opprettholde lønnsomhet og øke internasjonale markedsandeler. Derfor er det viktig å føre en stram økonomisk politikk, slik at kronekurs og rentenivå blir holdt på et lavest mulig nivå.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre mener at offentlige myndigheter skal likebehandle fiskeri- og landbruksnæringen. Disse medlemmer viser til at dagens ordning med opplysningskontor øremerket markedsføring av landbruksprodukter i Norge medfører en omfattende forskjellsbehandling av to viktige næringer. Ordningen med opplysningskontor gir en konkurranseulempe for fiskerinæringen, og disse medlemmer er av den oppfatning at det bør gjennomføres et arbeid med sikte på å skape likeverdige konkurransebetingelser for fiskeri- og landbruksnæringen i det norske matvaremarkedet.

3. Forslag fra mindretall

Forslag fra Fremskrittspartiet og Høyre:

Stortinget ber regjeringen foreta en gjennomgang av råfiskloven med tanke på forenkling og avbyråkratisering, herunder systemet med fastsettelse av minstepriser.

4. Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.

Komiteen har ellers ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Meld. St. 8 (2009–2010) – om gjennomføring av råfisklova og fiskeeksportlova i 2007 og 2008 – vedlegges protokollen.

Oslo, i næringskomiteen, den 20. april 2010

Terje Aasland

Rigmor Andersen Eide

leder

ordfører