1.1 Innleiing

Kontroll- og konstitusjonskomiteen vedtok i møte 25. mai 2010 å setja i gang undersøkingar i eiga sak til Stortinget, jf. Forretningsorden for Stortinget § 12 nr. 9 sjette lekken.

Bakgrunnen var fleire oppslag i Dagens Næringsliv hausten 2009, som avdekka at Forsvaret, gjennom NOBLE, har inngått ei rekkje avtaler med selskap i den såkalla «OCAS-sfæren» om utvikling av system for varsling av luftfartshinder og at det mellom anna låg føre brot på regelverket for innkjøp. Det vart i avisoppslaga referert til store kontraktsummar og utbetaling av stort utbytte til eigarane i dei involverte selskapa.

Påstandane om brot på regelverket for innkjøp og god forvaltningsskikk vart stadfesta og forsterka i Forsvarsstabens «Rapport om ytterligere undersøkelser vedrørende Forsvarets kontakt med OCAS-sfæren», dagsett den 6. mai 2010.

Statsråd Grete Faremo vart 26. mai 2010 tilskriven om at komiteen hadde sett i gang undersøkingar i eiga sak til Stortinget.

1.2 Samanfatning av saka

1.2.1 Bakgrunnen for å oppretta NOBLE

Ultimo 1999 vedtok Luftforsvaret å etablera eit forprosjekt for eit «Norsk Battlelab Eksperiment». Bakgrunnen var mellom anna erfaringane frå Balkan-krigen. Concept Development and Experimentation (CD&E) var eit av satsingsområda i NATO, og NOBLE vart etablert for å sikra ein nasjonal evne til å utføra CD&E. Forprosjektet fekk tildelt eit budsjett på 375 000 kroner og vart pålagt å fylgja vanlege forvaltningsprosedyrar. Forprosjektet vart våren 2000 fylgt opp med eit «Mandat for definisjonsfasen av Norsk BattleLab Eksperiment (NOBLE)». Av mandatet gjekk det fram at NOBLE skulle organiserast i ei form som skulle gje rom for «evolusjon, eksperimentering og handling i tråd med Generalinspektøren for Luftforsvarets (GIL) intensjon og hvor frihet til å løse oppdraget, risikovillighet, kreativitet, tempo og kompetanseoppbygging» skulle stå sentralt. Oppdraget var å utforska den amerikanske battlelab-metoden og laga ei tilråding om ei eventuell norsk løysing.

Forprosjektet eksisterte fram til 1. september 2000 og vart avslutta ved skriftleg overlevering av funn til Luftforsvarsstaben (LST). Forprosjektorganisasjonen vart dinest oppløyst.

I perioden 2001–2003 vart NOBLE etablert som eit prosjekt i Luftforsvaret. Mellombels leiar for NOBLE vart utpeikt i september 2001. Ultimo 2001 stadfesta forsvarssjefen etableringa av prosjekt NOBLE og utpeikte den mellombelse leiaren, oberst Tom Johansen, som fast leiar frå 2002. NOBLE skulle vera eit fellesprosjekt administrativt lagt under Luftforsvaret. Det vart vedteke å oppretta eit styre med Generalinspektøren for Luftforsvaret (GIL), Tomas Colin Archer, som leiar og med sju medlemer frå ulike avdelingar i Forsvaret, mellom dei Forsvarets stabsskule og Forsvarets forskingsinstitutt (FFI). Tanken var at styremedlemene skulle reflektera ulike forsvarsgreiner og -miljø. NOBLE fekk tildelt eksperimentoppdrag direkte frå styret, og innhald i og status for dei ulike prosjekta vart presenterte på styremøta. Ifylgje rapporten frå arbeidsgruppa sett ned av Forsvarsstaben, var det stor utskifting av medlemer, med unnatak for GIL Tomas Colin Archer og Johnny Bardal frå FFI.

Tom Johansen var leiar for NOBLE fram til 1. august 2003. Frå same dato vart prosjekt NOBLE som organisasjon førd over frå Luftforsvaret til Fellesoperativt hovudkvarter (FOHK). Oberst Morten Klever tok over som leiar i september 2003. Det vart utarbeidd nytt mandat for NOBLE. Styret fekk utvida oppgåver og vart omtala som «Rådet for operativ eksperimentering».

I august 2005 vart NOBLE lagd ned som prosjekt og oppretta som ei vanleg avdeling i lineorganisasjonen med oberst Per Erik Solli som leiar.

Med verknad frå årsskiftet 2009 vart NOBLE overførd til Forsvarets informasjonsinfrastruktur (INI) og vart då ei budsjett- og resultatansvarleg avdeling i Forsvaret.

1.2.2 Rammeverket for inngåing og gjennom-føring av anskaffingar i Forsvaret

Verksemda i Forsvaret er underlagd ei rekkje reglar som dannar rammer for inngåing og gjennomføring av offentlege anskaffingar. Forsvaret pliktar mellom anna å fylgja internasjonale reglar om offentlege innkjøp over visse terskelverdiar. Lov om offentlige anskaffelser av 16. juli 1999 nr. 69 trådde i kraft 1. juli 2001.Ved kgl. resolusjon av 7. april 2006 nr. 402 vart det fastsett ei ny «forskrift om offentlige anskaffelser», som var ei implementering av EU-direktivet 2004/18/EU. Den nye forskrifta erstatta tidlegare forskrift om offentlege anskaffingar av 15. juni 2001 nr. 616.

Det overordna ansvaret for anskaffingar til Forsvaret ligg hjå Forsvarsdepartementet. Departementet fekk ved kgl. res. 20. august 2004 delegert myndigheit til å vedta ein intern instruks «Anskaffelsesregelverk for Forsvarssektoren (ARF)», som skal gjelda for underliggjande etatar, i tillegg til lov og forskrift om offentlege anskaffingar. ARF vart sett ut i livet 1. september 2004 og vidareførde prinsippa i «Bestemmelser vedrørende anskaffelser til Forsvaret (BAF)». Den 13. mars 2008 vart ARF revidert med heimel i lov om offentlege anskaffingar.

ARF og tidlegare BAF regulerar mellom anna kontaktsrevisjon/kostnadskontroll av anskaffingar i forsvarssektoren. I ARF er kostnadskontroll regulert i del 11. ARF punkt 11.1.1 slår fast at når det ikkje er mogleg å gjennomføra innkjøp basert på konkurranse, skal det normalt gjennomførast kostnadskontroll. Kostnadskontroll skal vega opp for manglande konkurranse og for å slå fast kva som er ein riktig marknadspris. Leverandøren har krav på å få dekt relevante kostnader, samt ei rimeleg avkasting på investert kapital for kontraktsgjennomføringa. ARF og tidlegare BAF skil mellom kostnadsanalyse og kostnadsprøving.

Både lov og forskrift om offentlege anskaffingar og ARF pålegg Forsvaret som hovudprinsipp heilt grunnleggjande krav til innkjøpsprosessen. Reglane skal gjennom dei grunnleggjande krava medverka til effektiv ressursbruk og til at ålmenta kan ha tillit til at Forsvarets innkjøp skjer på ein samfunnstenleg måte. Reglane skal òg bidra til å minska risikoen for korrupsjon og kameraderi, og ARF stiller eit særleg krav til aktsemd overfor leverandørar som har tilsett personell som i løpet av den seinare tid har vore tilsett i Forsvaret.

1.2.3 Kontraktar inngått av NOBLE

Arbeidsgruppa som utarbeidde rapporten frå Forsvarsstaben, dagsett 6. mai 2010, søkte å identifisera dei 45 kontraktane som vart inngått av NOBLE i perioden 2001 til og med 2004.

I løpet av denne perioden vart det inngått kontraktar for om lag 144 mill. kroner.

Luftforsvaret er ein sentral aktør innan luftfart i Noreg, og har tradisjonelt vore ein pådrivar i spørsmål om flytryggleik. Som ein del av dette arbeidet bidrog Luftforsvaret til utvikling av eit system for varsling av luftfartshinder. Grunngjevinga for å støtta arbeidet var omsynet til flytryggleik og utsikt til å bidra til utvikling av eit system som kunne redusera tap av menneskeliv og materiell.

14. desember 2001 vart det inngått ei lisensavtale mellom NOBLE og Obstacle Collision Avoidance System (OCAS AS) om gjensidig lisensrett til bruk av den grunnleggjande teknologien som var felles for Forsvaret si varslingseining Advanced Concept Technology Demonstrator (ACTD) og OCAS sin markør til bruk for varsling av fly i samband med luftfartshinder.

Prosjekt ACTD vart gjennomført i perioden 2001–2005 i regi av NOBLE og hadde som føremål å skaffa prototypar av eit radarbasert system for overvaking til bruk i militære operasjonar. Prosjektet vart terminert då den operative effekten ikkje vart vurdert tilstrekkeleg til å kunne gå vidare.

I september 2002 skreiv Forsvaret den fyrste kontrakten for radarforskinga. Kontrakten vart inngått med selskapet SSPR AS.

Radaren som vart utvikla av OCAS AS skulle sikra kraftleidningar og andre installasjonar som kunne vera farlege for fly. OCAS samarbeidde med Avinor, Statnett og Forsvaret og fekk offentlege tilskot frå SND/Innovasjon Noreg og skattefunnordninga. SND gav i 2002 tilsegn om 3 mill. kroner i støtte til OCAS AS for å utvikla konseptet med radar-teknologi. Avtale mellom SSPR AS og Forsvaret vart av SND godkjend som eigenkapital i prosjektet.

Det fylgjer av rapporten frå arbeidsgruppa sett ned av Forsvarsstaben:

«OCAS AS benyttet i sin søknad om støtte fra SND, kontrakten mellom NOBLE og SSPR (Ca MNOK 44,5) og lisensavtalen mellom NOBLE og OCAS AS, som dokumentasjon på egenkapital (Ca MNOK 22,6) i prosjektet.

Oppsummert betyr dette at OCAS AS har brukt ACTD-prosjektet som grunnlag for å få støtte fra SND ved å henvise til vår kontrakt med SSPR. Den samme kontrakten er den eneste hvor det er gjennomført en konstnadskontroll. Undersøkelser ved NOBLE bekrefter at materiell og tjenester under ACTD-kontraktene er levert. Undersøkelsene gir ikke grunnlag for å konkludere med at det har vært til ulempe for Forsvarets leveranser at utviklingen av OCAS-systemet har vært basert på felles teknologi med Forsvarets ACTD-prosjekt.

Når det gjelder spørsmålet om hvorvidt Forsvarets kostnader til de andre ACTD-prosjektene har gått til OCAS AS sine egne prosjekter så har ikke arbeidsgruppen noen dokumentasjon som bekrefter det. Dette betinger innsikt i underleverandørenes timeregnskaper som vi ikke har fått tilgang til. Den grunnleggende teknologien er imidlertid lik uten at det er mulig å anslå graden av likhet. For leverandøren var dette åpenbart gunstig, uten at det nødvendigvis var i strid med Forsvarets interesser. For å kunne besvare spørsmålet fullt ut må innsyn gis. Man vil da kunne vurdere hvorvidt prising av tjenestene har vært rimelig, og om faktisk fakturerte timer er korrekt. Imidlertid har NOBLE bekreftet at materiell og tjenester under kontraktene er levert.

Arbeidsgruppen kan med bakgrunn i de gjennomførte undersøkelser, kostnadsprøving av SSPR kontrakten, og det faktum at leveransene har vært som avtalt, ikke konkludere med at det har vært til ulempe for Forsvarets leveranser at utviklingen av OCAS-systemet har vært basert på felles teknologi med Forsvarets ACTD-prosjekt.»

Dagens Næringsliv omtala hausten 2009 tilhøvet mellom selskapa OCAS AS og Protura AS. Etter at OCAS i fleire år hadde vore aleine om å utvikla ei løysing for merking av luftfartshinder, kom selskapet Protura hausten 2006 med eit konkurrerande system. Ifylgje Dagens Næringsliv svara OCAS på konkurransen med å setja i gang ein massiv svertekampanje av konkurrenten. Dagens Næringsliv peika òg på at OCAS fekk betydelege fortinn i marknaden av Luftfartstilsynet.

I 2002 vart prosjektet ODIN sett i gang. ODIN var eit utviklingsprosjekt som vart inngått med selskapet Tyra Invest AS. Prosjektet skulle gjera det mogleg å oppdaga, identifisera og stadfesta objekt i eit nærmare definert område og var primært tiltenkt spesialstyrkane. Prosjektet omfatta totalt fire ulike fasar. ODIN fase I, II og III vart inngått direkte med NOBLE. ODIN-prosjektet vart avslutta i 2005, på bakgrunn av ei evaluering frå Forsvarets forskingsinstitutt som synte at det å ta systemet i bruk for Forsvaret, ville innebera for mykje uvisse og vera for kostbart.

NOBLE inngjekk ein serie kontraktar med selskapa Tyra Invest AS og SSPR AS, som var eigde av dei tidlegare pilotane i Forsvaret, Morten Mørk og Rolf Bakken. Dei to dreiv òg selskapet OCAS AS.

Då Per Erik Solli vart ny sjef i NOBLE i 2005, valde han å stansa prosjekta mot selskapa Tyra Invest og SSPR.

Det fylgjer av rapporten frå arbeidsgruppa sett ned av Forsvarsstaben at Luftforsvarets forsyningskommando (LFK) i 2001 søkte om at NOBLE skulle få generelt fritak frå «Bestemmelser for anskaffelser i Forsvaret» (BAF), noko som i 2002 vart avslått av Forsvarsdepartementet. NOBLE vart dermed pålagd å fylgja normale forvaltningsprosedyrar.

Forsvarsstabens undersøking viste at dei 35 kontraktane som vart inngått av NOBLE, i særleg grad var mangelfulle. Dei ti kontraktane der Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO) var kontraktspart, viste høgare standard.

Gjennomgangen viste mellom anna at det i fleire av kontraktane NOBLE hadde inngått ikkje vart stilt krav til kostnadskontroll, at det ikkje var skrive registreringsprotokoll, at det ikkje var gjort greie for kvifor vedkomande leverandør vart vald, kva for innkjøpsmetode som vart vald osb. Arbeidsgruppa skriv i si oppsummering at kontraktar inngått av NOBLE jamt over står fram som om heile eller delar av regelverket for innkjøp ikkje var kjent.

Arbeidsgruppas vurderingar må sjåast i samanheng med at det har vore ei utvikling og skjerping av regelverket for offentlege innkjøp i den perioden undersøkinga gjeld.

Undersøkinga visar at alle avtalte leveransar er mottekne.

Arbeidsgruppa fann grunn til å konkludera med at det ikkje har vore noka form for kundepleie eller fordelsoverføring frå dei aktuelle selskapa til personell i Forsvaret.

1.3 Komiteen si handsaming av saka

Komiteen bad i brev til statsråd Grete Faremo av 26. november 2009 om kommentarar til dei opplysningane som kom fram i oppslag i Dagens Næringsliv den 21., 22. og 23. november 2009.

Statsråden svara i brev av 4. desember 2009:

«Når det gjelder Forsvarets, herunder Nobles, bruk av midler knyttet til selskaper i den totale «OCAS-sfæren», har Forsvardepartementet bedt Forsvarsstaben om en fullstendig gjennomgang av saken innen primo desember. Jeg legger stor vekt på å få frem sakens fakta, og tar sikte på snarest mulig å komme tilbake til saken i et oppfølgende brev til kontroll- og konstitusjonskomiteen.»

Den 20. januar 2010 fekk komiteen eit nytt brev frå statsråd Grete Faremo. Utgreiing frå Forsvarsstaben av 17. desember 2010 fylgde som vedlegg til brevet. Det gjekk fram:

«Det er innledningsvis viktig for meg å understreke at jeg legger stor vekt på god økonomistyring og god forvaltning i forsvarssektoren. All forvaltning skal være forsvarlig, ressursbruken skal være effektiv og kravene til regnskap og dokumentasjon skal være oppfylt.

Regjeringen legger stor vekt på å skape forutsigbarhet og best mulige rammevilkår for norsk industri. Samarbeidet med industrien skal skje profesjonelt, i åpenhet og i tråd med gjeldende regelverk. Som et ledd i oppfølgingen av regjeringens næringsstrategi, gir Forsvarsdepartementet blant annet støtte til forsvarsrelaterte utviklingsprosjekter. I tilknytning til dette er det etablert rutiner og retningslinjer for tildeling og oppfølging av denne type støtte. De senere år er det også iverksatt tiltak for å sikre at gode holdninger, etikk og forsvarlig ledelse skal være en fullverdig og integrert del av forsvarssektorens arbeid.»

Det gjekk vidare fram av brevet at Forsvaret over ein periode på seks år hadde brukt 142,3 mill. kroner (inkl. mva.) på prosjekta OCAS, ACTD og ODIN og selskapa i «OCAS-sfæren». I tillegg kom 2,2 mill. kroner som ikkje var fordelte på enkeltprosjekt. Vidare var det brukt 18,2 mill. kroner på prosjekt ABACUS knytte til selskapa Siemens AS og Sintef.

Kontroll- og konstitusjonskomiteen stilte i brev av 10. februar 2010 fylgjande sju tilleggsspørsmål til statsråd Grete Faremo:

«1. På hvilken måte er det gjennomført kontraktsrevisjon på avtalene mellom Forsvaret og selskap i «OCAS-sfæren»? En ber om konkret gjennomgang for hver enkelt kontrakt.

2. Var ACTD-prosjektet regnet som et eksperiment eller som en utviklingsaktivitet og hvilke risikovurderinger ble foretatt i forkant av avtaleinngåelse og igangsetting av prosjektet?

3. I hvilket omfang mener statsråden det var riktig å unnta deler av kontraktsforholdene til selskap i «OCAS-sfæren» normale anbudsprosesser og gi unntak fra Bestemmelser vedrørende anskaffelser fra Forsvaret (BAF) og i hvilken grad var departementet involvert i beslutningen om å gi slikt unntak?

4. Sett i lys av Forsvarets overføringer til selskapene i «OCAS-sfæren» og fraværet av resultater; har Forsvaret sikret seg mot at midler fra Forsvaret ender opp som utbytte til eiere i selskap som ikke leverer i henhold til avtale?

5. Har Forsvaret kjent til at det er gitt omfattende offentlig støtte gjennom SND/Innovasjon Norge i hele perioden Forsvaret har hatt avtaler med OCAS og tilknyttede selskaper og i hvilken grad har en sikret seg mot at offentlige midler fra Forsvaret er brukt som grunnlag for å sikre selskapet tilgang til offentlig sivil finansiering?

6. Hvordan har en sikret seg mot at midler fra Forsvaret har gått til å finansiere helt eller delvis utviklingen av den sivile OCAS-radaren? Hvordan kan statsråden dokumentere at det ikke er skjedd kryssfinansiering?

7. Er statsråden trygg på at det ikke foreligger forhold mellom personer i Forsvaret som har inngått avtaler med selskapene i «OCAS-sfæren» og eierne/deltagerne i Tyra Invest, OCAS AS og SSPR som gir inhabilitet i forhold til kontraktsinngåelsene?»

Statsråd Grete Faremo svara i brev av 23. februar 2010 at ho var oppteken av å få fram det totale biletet knytt til Forsvaret si støtte til dei ulike prosjekta gjennomførde av verksemder i «OCAS-sfæren.» Det gjekk vidare fram:

«For ytterligere undersøkelser i sakens anledning har som kjent forsvarssjefen, på min anmodning, nedsatt en arbeidsgruppe som blant annet skal se på finansiering, habilitet og kontrakter i saken. Dette er en svært omfattende gjennomgang av komplekse saksforhold som strekker seg flere år tilbake i tid. Arbeidsgruppen skal avgi sin rapport innen 1. mai 2010.»

Statsråden svara på dei tre fyrste spørsmåla som var stilte og skreiv at ho ville svara på dei resterande spørsmåla når rapporten frå arbeidsgruppa låg føre.

Den 12. mai 2010 sende statsråden eit nytt brev til komiteen, der rapporten frå arbeidsgruppa vart lagd ved.

Rapport frå Forsvarsstaben av 6. mai 2010 viste at Forsvarets kontakt med OCAS-sfæren hadde vore ute av kontroll. Arbeidsgruppas gjennomgang avdekka ei rekkje alvorlege brot på anskaffelsesregelverket og god forvaltningsskikk.

Statsråd Grete Faremo uttalar i brevet:

«Jeg har i tidligere svar til kontroll- og konstitusjonskomiteen vist til at det i denne saken har vært en rekke brudd på anskaffelsesregelverket og god forvaltningsskikk.

Rapporten fra arbeidsgruppen bekrefter og forsterker disse forholdene. Blant annet fremgår det at de kontraktene som har vært inngått i regi av NOBLE med selskaper i blant annet «OCAS-sfæren» i tiden frem til 2005 i stor grad verken har vært utformet eller fulgt opp i henhold til regelverket. Dette innebærer blant annet en risiko for at Forsvarets økonomiske interesser ikke har vært tilstrekkelig godt ivaretatt. Undersøkelsen viser for øvrig at alle avtalte leveranser er mottatt.

Når det gjelder målsetningen om å få frem det totale bildet knyttet til forsvarssektorens støtte til de ulike prosjektene som har vært gjennomført av selskaper i «OCAS-sfæren», har arbeidsgruppen møtt på betydelige utfordringer i sitt arbeid. I hovedsak er dette knyttet til at daglig leder i selskapene OCAS, Tyra Invest og SSPR på prinsipielt grunnlag og etter juridiske vurderinger har valgt ikke å gi innsyn i relevant dokumentasjon (regnskaper mv.), besvare skriftlige spørsmål eller få referatført samtaler. Dette står for øvrig i motstrid til hva vedkommende tidligere har gitt uttrykk for gjennom intervju i media, hvor han har uttrykt vilje til positivt å bidra til å belyse aktuelle forhold i saken. I tillegg har den mest sentrale aktøren knyttet til NOBLEs inngåelse av kontrakter fra Forsvarets side i den aktuelle perioden vært indisponert av helsemessige årsaker. I sum har dette gjort at arbeidsgruppen har hatt begrenset tilgang på informasjon knyttet til de eksterne selskapene.

Det er i rapporten ikke funnet at det har forekommet fordelsoverføringer fra de aktuelle selskapene til forsvarsansatte.»

Statsråden skriv vidare at undersøkinga ikkje har påvist ugildskap i relasjonar mellom tilsette i Forsvaret og involverte aktørar, men at det likevel kan reisast spørsmål om representantar for Forsvaret har vist tilstrekkeleg aktsemd i kontakten med tidlegare tilsette i Forsvaret hjå aktuelle selskap.

Trass i avgrensningane som er skildra når det gjeld arbeidsgruppas tilgang på informasjon, meiner statsråden likevel at rapporten gjev eit tilstrekkeleg grunnlag for å konkludera med at representantar for Forsvaret i desse sakene har opptrådt kritikkverdig gjennom gjentekne brot på regelverket og manglande praktisering av god forvaltningsskikk.

Statsråden uttalar vidare:

«Dette er alvorlig. Forsvarssektoren er avhengig av tillit, og våre handlemåter må være troverdige. All forvaltning skal være forsvarlig, ressursbruken skal være effektiv og kravene til regnskap og dokumentasjon skal være oppfylt. Samarbeidet med industrien skal skje profesjonelt, i åpenhet og i tråd med gjeldende regelverk.»

Statsråden skreiv òg at den nye leiinga ved NOBLE sidan 2005 har lagt stor vekt på forsvarleg og korrekt forvaltning. Det går vidare fram at dei forholda som kjem fram i rapporten vil verta fylgde opp i etatsstyringa av Forsvaret.

Korrespondansen fylgjer som vedlegg 1 til 6 til innstillinga.

1.4 Opne kontrollhøyringar

Som ein del av handsaminga av saka vedtok komiteen å halda ei open kontrollhøyring. Høyringa vart halden 30. september 2010.

Siktemålet med høyringa var å finna ut kvifor det skjedde og korleis det kunne gå føre seg over så lang tid.

Komiteen ynskte å få klargjort fylgjande hovudproblemstillingar under høyringa:

  • Avtalane Forsvaret inngår og moglegheita for kontroll med midlane

  • Mogleg kryssfinansiering av sivilt materiell med midlar frå Forsvaret

  • Eventuell samanblanding og misbruk av tilskot og lån frå SND/Innovasjon Noreg.

Komiteen inviterte fylgjande til høyringa:

Forsvarsminister Grete Faremo

Forsvarsminister har vore Kristin Krohn Devold

Forsvarsminister har vore Bjørn Tore Godal

Forsvarsminister har vore Eldbjørg Løwer

Forsvarssjef Harald Sunde

Forsvarssjef har vore Sigurd Frisvold

Sjef for Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO) Trond R. Karlsen

Sjef for NOBLE, Per Erik Solli

Sjef for NOBLE har vore, Tom Johansen

Styreleiar for NOBLE, har vore Tomas Colin Archer

Medlem av styret for NOBLE, har vore, Johnny Bardal

Innovasjon Noreg v/administrerande direktør Gunn Ovesen

Avinor v/konsernsjef Sverre Quale

Statnett v/konsernsjef Auke Lont

OCAS-sfæren, v/dagleg leiar Morten Mørk

Cordina AS (tidlegare Protura AS) v/dagleg leiar Roger Hansen

Journalist Gøran Skaalmo, Dagens Næringsliv

Journalist Trond Sundnes, Dagens Næringsliv

Av dei 18 som vart inviterte til høyringa, var det fire som takka nei.

Tidlegare sjef for NOBLE, Tom Johansen, melde til komiteen at han av helsemessige årsaker og andre gjeremål ikkje kunne delta i høyringa.

Forsvarsminister har vore Kristin Krohn Devold melde frå at ho ikkje hadde høve til å vera til stades, og takka nei til invitasjonen.

Forsvarsminister har vore Eldbjørg Løwer takka nei til høyringa, på bakgrunn av at ho ikkje hadde kunnskap om prosjektet som kunne bidra til å kasta ljos over saka for komiteen.

Også tidlegare forsvarssjef Sigurd Frisvold takka nei til å delta.

Kontroll- og konstitusjonskomiteen valde å invitera dei tre sistnemnde til ei ekstra høyring i saka 14. oktober 2010.

På bakgrunn av opplysningar som kom fram under høyringa 30. september, valde komiteen i tillegg å invitera Luftfartstilsynet ved luftfartsdirektør Heine Richardsen til høyringa 14. oktober.

Det vart teke stenografisk referat frå høyringane. Referat frå høyringane fylgjer som vedlegg til denne innstillinga.

I etterkant av den opne høyringa 30. september 2010 sende komiteen brev til nærings- og handelsminister Trond Giske dagsett 7. oktober 2010. Det går fram av brevet:

«SND/Innovasjon Norge har over en lengre perio-de gitt tilskudd og lån til selskapet OCAS i forbindelse med definerte prosjekter. I flere av disse prosjektene har Forsvaret vært involvert. Kontroll- og konstitusjonskomiteen ønsker å få belyst om det foreligger kryssfinansiering gjennom at Forsvarets midler har vært brukt i finansieringen av et sivilt prosjekt, eventuelt som egenkapital ved søknad om støtte/lån fra SND/Innovasjon Norge.

Under den åpne kontrollhøringen ble det vist til at Innovasjon Norge hadde fått seg forelagt en avtale mellom OCAS og NOBLE, inngått i desember 2001, som ble godkjent som egenkapital i et sivilt utviklingsprosjekt. Komiteen anmodet om å få avtalen oversendt.

Komiteen viser til at det under høringen ble opplyst fra Innovasjon Norge at «det eneste departement vi har lov til å gi taushetsbelagt informasjon til, er vår statlige eier som er Nærings- og handelsdepartementet.» Det ble videre opplyst at Stortinget måtte gå veien om Nærings- og handelsdepartementet for å få dokumentasjon i saken.

Kontroll- og konstitusjonskomiteen ber på denne bakgrunn om å få oversendt bakgrunnsdokumentasjon vedrørende tilskudd og lån frå SND/Innovasjon Norge til OCAS, herunder avtalen mellom OCAS og Forsvaret ved NOBLE.»

I brev dagsett 29. oktober 2010 frå Nærings- og handelsdepartementet til Innovasjon Noreg bad departementet om at den etterspurde informasjonen skulle overleverast direkte frå Innovasjon Noreg til Stortinget.

Kontroll- og konstitusjonskomiteen fekk 11. november 2010 svar frå Innovasjon Noreg, der dei mellom anna skriv:

«Vi har under den åpne høringen i komiteen 30. september d.å. gjort rede for hvilke bestemmelser som gjelder for offentlighet i Innovasjon Norge. Vi redegjorde også for bestemmelsene om taushetsplikt i lov om Innovasjon Norge § 27, herunder hvilke organer taushetsbelagt informasjon kan sendes til uten samtykke fra den det gjelder.

På bakgrunn av komiteens brev tok vi kontakt med OCAS AS for om mulig å få samtykke til oversendelse av den dokumentasjon som etterspørres. Etter møte med OCAS AS mottok vi brev, datert 22. oktober 2010 fra advokatfirmaet Schjødt der det på vegne av OCAS AS ble gitt aksept til oversendelse av avtalen mellom OCAS AS og Forsvaret v/NOBLE, datert 14. desember 2001. Videre ble det gitt aksept til at dokumentene i sakene K1-6061/00, K0-6382/00 og KO-K 8008/02, oversendes komiteen.»

Innovasjon Noreg skriv avslutningsvis i brevet:

«Det var SNDs inntrykk at det av militære hensyn ikke var ønskelig å involvere andre parter, herunder SND, mer enn strengt nødvendig i kontakten og samarbeidet mellom OCAS AS og Forsvaret. På denne bakgrunn fant SND det tilstrekkelig å kontrollere at de aktiviteter vi hadde gitt tilsagn om støtte til – med forutsetning om fullfinansiering – faktisk ble gjennomført.»