EØS-komiteen vedtok 30. april 2010 å endre vedlegg
IX og vedlegg XII til EØS-avtala til å omfatte direktiv 2009/44/EF
av 6. mai 2009 om endring av direktiv 98/26/EF om endeleg oppgjer
i betalingssystem og i oppgjerssystem for verdipapir og direktiv
2002/47/EF om avtaler om finansiell trygdgjeving, med omsyn til
samankopla system (linked systems) og gjeldsfordringar (credit claims).
Ettersom gjennomføringa i norsk rett krev lovendring,
vart avgjerda i EØS-komiteen teken med atterhald om samtykke frå
Stortinget i samsvar med § 26 andre leddet i Grunnlova.
Avgjerda i EØS-komiteen og direktiv 2009/44/EF
følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.
Direktiv 2009/44/EF av 6. mai 2009 inneber endringar
i rådsdirektiv 98/26/EF om endeleg oppgjer i betalingssystem og
i oppgjerssystem for verdipapir (finalitetsdirektivet) og i direktiv 2002/47/EF
om avtaler om finansiell trygdgjeving når det gjeld samankopla system
(linked systems) og gjeldsfordringar (credit claims).
Endringane i finalitetsdirektivet har som føremål å
ta omsyn til det auka talet på koplingar mellom til dømes marknadsplassar
og oppgjerssentralar som m.a. MiFID-direktivet og The European Code
of Conduct for Clearing and Settlement har gjort mogleg. Omgrepet
«samverkande system» og ansvaret til systemansvarlege vert difor
klargjorde i direktivet. I tillegg vert det gjort einskilde forenklingar
i direktivteksta.
Endringane i direktivet om finansiell trygdgjeving
har som føremål å auke omfanget av tilgjengeleg trygd ved å godta
gjeldsfordringar i form av avtale om kreditt frå ein kredittinstitusjon, som
ei tenleg form for trygd. Ei harmonisering av føresegnene i direktivet
på dette punktet er meint å medverke til likare konkurransevilkår for
kredittinstitusjonar i alle medlemsstatane.
For å fremje bruken av gjeldsfordringar som trygd
skal det i utgangspunktet ikkje stillast spesifikke krav om melding
og registrering som vil føre til at overføring av gjeldsfordringar
som trygd vert upraktisk, men direktivet opnar for at det kan stillast
visse krav til medlemsstatane når det gjeld slik registrering og
melding. Samstundes, for å unngå å svekkje trygdinnehavarane si
stilling, skal det vere mogleg for debitor å gje avkall på motrekningsretten
overfor kreditor, og likeins skal det vere mogleg for debitor å
gje avkall på kreditor si teieplikt. Såleis vil trygdinnehavaren
få tilstrekkeleg informasjon til å kunne vurdere verdien av underliggjande
gjeldsfordringar.
Likevel er det ikkje meininga at føresegnene
om gjeldsfordringar skal ha førerang framfor føresegnene i direktiv
93/13/EØF om urimelege vilkår i forbrukarkontraktar og direktiv
2008/48/EF om forbrukarkredittavtaler som i Noreg er tekne inn i
høvesvis lova om kredittkjøp og lova om finansavtaler og finansoppdrag.
Direktivet opnar òg for at medlemsstatane kan halde gjeldsfordringar
der debitor er forbrukar, eller små og mellomstore bedrifter, utanfor
definisjonen av gjeldsfordringar i direktivet.
Regjeringa tilrår at Stortinget godkjenner avgjerda
i EØS-komiteen om endring i vedlegg IX til EØS-avtala ved innlemming
av europaparlaments- og rådsdirektiv 2009/44/EF av 6. mai 2009 om
endring av direktiv 98/26/EF om endeleg oppgjer i betalingssystem
og i oppgjerssystem for verdipapir og direktiv 2002/47/EF om avtaler
om finansiell trygdgjeving, med omsyn til samankopla system (linked
systems) og gjeldsfordringar (credit claims).
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Thomas Breen, Gunvor Eldegard, Kjell Børre Hansen, Irene Johansen,
Gerd Janne Kristoffersen, Torfinn Opheim og Dag Ole Teigen, fra Fremskrittspartiet,
fung. leder Ulf Leirstein, Jørund Rytman, Kenneth Svendsen og Christian
Tybring-Gjedde, fra Høyre, Gunnar Gundersen, Arve Kambe og Jan Tore
Sanner, fra Sosialistisk Venstreparti, Inga Marte Thorkildsen, fra
Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Kristelig Folkeparti, Hans
Olav Syversen, og fra Venstre, Borghild Tenden, viser til
at EØS-komiteens beslutning nr. 160/2006 om innlemming i EØS-avtala
av direktiv 2009/44/EF av 6. mai 2009 om endelig oppgjør i betalingssystemer
og i oppgjørssystemer for verdipapir og om avtaler om finansiell
sikkerhetsstillelse, med hensyn til sammenkoplede systemer (linked
systems) og gjeldsfordringer (credit claims), krever samtykke fra
Stortinget på grunnlag av Grunnloven § 26 annet ledd, jf. EØS-avtalen
art. 103. Komiteen har forelagt innstillingsutkastet
for utenriks- og forsvarskomiteen, som i brev av 2. februar 2011 sier
følgende:
«Utenriks- og forsvarskomiteens medlemmer slutter
seg til finanskomiteens merknader og innstilling til Prop. 8 S (2010–2011),
og har ingen ytterligere merknader.»
Komiteen slutter seg til regjeringens
forslag.
Komiteen viser til
proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
Stortinget samtykker i godkjenning av avgjerd
i EØS-komiteen nr. 160/2006 av 8. desember 2006 om innlemming i
EØS-avtala av direktiv 2009/44/EF av 6. mai 2009 om endeleg oppgjer i
betalingssystem og i oppgjerssystem for verdipapir og om avtaler
om finansiell trygdgjeving, med omsyn til samankopla system (linked
systems) og gjeldsfordringar (credit claims).
Oslo, i finanskomiteen, den 3. februar 2011
Ulf Leirstein |
Gerd Janne Kristoffersen |
fung. leder |
ordfører |