Brev fra Kommunal- og regionaldepartementet v/statsråden til kommunal- og forvaltningskomiteen, datert 25. mai 2011

Representantforslag 132 S (2010 – 2011)

Eg viser til brev dagsett 27. april 2011 frå kommunal- og forvaltningskomiteen med oversending av Representantforslag 132 S (2010 – 2011) frå stortingsrepresentantane Gjermund Hagesæter, Per-Willy Amundsen og Åge Starheim om å avvikle fylkeskommunen som sjølvstendig forvaltningsnivå.

Eit levande og desentralisert demokrati med brei deltaking er grunnleggjande for å møte samfunnsutfordringane på ein god måte. Regjeringa vil leggje til rette for eit levande folkestyre lokalt og regionalt med folkevalde som utnyttar lokale og regionale fortrinn til beste for innbyggjarane, næringslivet og samfunnet elles. Ut frå dette meiner regjeringa at vi skal ha tre forvaltningsnivå i Noreg, og at fylkeskommunen skal vidareførast som folkevald nivå.

Med verknad frå 1. januar 2010 blei det overførd nye oppgåver til fylkeskommunane og Oslo kommune på fleire sektorar. Overføringa av oppgåver blei varsla i St.meld. nr. 12 (2006-2007) Regionale fortrinn – regional framtid. Regjeringa varsla i meldinga både ei oppgåvereform og igangsetjing av ein prosess med vurdering av den regionale inndelinga. Måla for reforma var knytta til eit forsterka folkestyre og demokrati på lokalt og regionalt nivå, ei meir samordna og effektiv offentleg forvaltning, verdiskaping og sysselsetjing basert på lokale og regionale fortrinn og effektiv ivaretaking av nasjonale mål.

Ot.prp. nr. 10 (2008 – 2009) Om lov om endringer i forvaltningslovgivningen (gjennomføring av forvaltningsreformen) inneheld dei samla framlegga til konkrete lovføresegner om overføring av oppgåver til fylkeskommunane frå 1. januar 2010.

Dei konkrete oppgåvene og verkemidla som følgde med desse hadde som mål å styrke fylkeskommunen som regional utviklingsaktør. For å gje eit samla bilete av forvaltningsreforma, inneheld denne lovproposisjonen også ein omtale av dei oppgåvene som blei overførde gjennom proposisjonar frå nokre av fagdepartementa. Proposisjonen oppsummerar også dei prosessane som hadde vore gjennomførde over heile landet med vurdering av endringar i fylkesinndelinga. Desse prosessane resulterte ikkje i framlegg til endringar sidan vedtaka frå fylkestinga og Oslo bystyre ikkje var samanfallande på ein slik måte at dei gav grunnlag for å endre fylkesgrenser på frivillig basis.

Endringane i oppgåvefordelinga mellom forvaltningsnivåa og styrkinga av fylkeskommunane gjennom forvaltningsreforma har førebels verka kort tid. Eg kan ikkje sjå at det er grunnlag for å reversere denne reforma. Dei oppgåvene som fylkeskommunane fekk ansvaret for krev eit større befolkningsunderlag enn det einskildkommunar kan utgjere. Busetnaden og geografien i landet vårt vil også i framtida krevje ein differensiert kommunestruktur. Mange offentlege oppgåver blir best løyste i eit geografisk perspektiv mellom landet som heilskap og den avgrensinga som kommunane representerer. Dessutan er det oppgåver som krev meir ressursar i form av økonomi og spesialisert kompetanse enn det ein einskild kommune vanlegvis kan ha til rådvelde. Dette er bakgrunnen for overføring av fleire oppgåver til fylkeskommunane frå 2010. Dei aktuelle oppgåvene må løysast ut frå regionale perspektiv og under ansvar av dei folkevalde i den einskilde fylkeskommunen, eller gjennom samarbeid mellom fleire fylkeskommunar. Eg kan ut frå dette ikkje slutte meg til dei alternative løysingane til oppgåvefordeling som er skisserte i representantforslaget.

Når det gjeld økonomiske tilskot frå staten ved kommunesamanslåingar, som forslagsstillarane også peikar på, viser eg til at staten våren 2010 auka støtta til kommunar som har slått seg saman ved at alle eingongskostnader som departementet finn naudsynte for å etablere ein ny kommune, blir dekka. I Prop. 115 S (2010 – 2011) Kommuneproposisjonen 2012 har departementet gjort framlegg om å utvide perioden for inndelingstilskot frå 15 til 20 år, der dei siste 5 åra er ei nedtrapping.