4. Strukturelle utviklingstrekk i perioden 1970–2010

4.1 Sammendrag

I perioden frå 1970 til 2010 har finansiell sektor vakse som del av den totale norske økonomien. I 1970- og 1980-åra medverka avreguleringar til sterk vekst på finansmarknadene. Bankkrisa i byrjinga av 1990-åra førte til eit mellombels brot i veksttrenden. Bankkrisa hadde òg stor verknad for verksemda i, og kontrollen med, norske kredittinstitusjonar, og førte til omfattande strukturendringar på finansmarknaden.

I størstedelen av perioden etter bankkrisa har veksten i norsk økonomi vore høg fram til uroa på finansmarknadene i 2008 og 2009. I 2010 tok veksten seg igjen opp. Veksten i forvaltningskapitalen i finansinstitusjonane har vore sterkare enn veksten i brutto nasjonalprodukt (BNP) med unnatak av første del av 1990-talet. Den totale forvaltningskapitalen i norsk finanssektor utgjorde 347 pst. av BNP ved utgangen av 2010. For perioden 1970–2010 som heilskap var det bankane og kredittføretaka som hadde den sterkaste veksten, medan dei statlege låneinstitutta sin del av forvaltningskapitalen gjekk ned.

Forvaltningskapitalen i norske kredittinstitusjonar (bankar, kredittføretak og finansieringsselskap) utgjorde 278 pst. av BNP i 2010. I internasjonal samanheng er dette ikkje spesielt høgt. Av land det er naturleg å samanlikna seg med, er det berre i Finland at forvaltningskapitalen i kredittinstitusjonane er mindre relativt til BNP. Ei forklaring kan vera at norske kredittinstitusjonar i liten grad har utlån til utlandet eller til det offentlege. Ein viser til meldinga for nærare omtale.

4.2 Komiteens merknader

Komiteen tar redegjørelsen til orientering.