1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

I proposisjonen gjer Justis- og beredskapsdepartementet framlegg om diverse endringar i straffeloven, straffeprosessloven og straffegjennomføringsloven. Framlegga er dels ledd i det laupande arbeidet med revisjon av lovverket for straffegjennomføring, men òg ledd i oppfølginga av St.meld. nr. 37 (2007–2008) Straff som virker – mindre kriminalitet – tryggere samfunn (kriminalomsorgsmelding).

Proposisjonen inneheld mellom anna framlegg om nye heimlar for direkte innsetjing i overgangsbustad og overføring mellom gjennomføringsformer. Einskilde føresegner er berre av språkleg art.

Departementet legg elles til grunn at lovframlegga ikkje vil gjeve særskilte administrative eller økonomiske konsekvensar. Eventuelle meirutgifter som følgje av framlegga kan verte dekka innanfor gjeldande budsjettrammer.

1.2 Høve til å peike ut personundersøkarar

Det følgjer av straffeprosessloven § 163 fyrste ledd at det er «vedkommende lokale kontor for kriminalomsorg i frihet» som peikar ut ein skikka person til å gjennomføre personundersøking, om ikkje retten har oppnemnd ein særskild person til å utføre undersøkinga.

Departementet meinte i høyringsnotatet at det er ei upraktisk løysing at berre «det lokale kontor for kriminalomsorg i frihet» kan peike ut kven som skal utføre personundersøking. Det vart difor foreslått å endre straffeprosessloven § 163 fyrste ledd, slik at kompetansen til å peike ut personundersøkarar vert lagd til kriminalomsorga. Dette vil innebere ei meir fleksibel nytting av ressursane. Nærmare om retten til å peike ut personundersøkarar, samt kven som skal utføre undersøkinga, vart foreslått regulert i forskrift.

Departementet foreslår at kriminalomsorga – og ikkje som i dag spesifisert til kriminalomsorga i fridom – skal peike ut personundersøkarar. Regionkontora vil kunne fange opp tilfelle kor det vil vere meir formålstenleg om andre enn det lokale friomsorgskontoret gjennomfører personundersøkinga. Departementet kan heller ikkje sjå at dette skulle vere problematisk for påtalemakta.

1.3 Høve til å avgjere at dom på fullføring av reststraff skal fullbyrdast

Etter gjeldande rett skal vedtak om fullføring av subsidiær fengselsstraff etter straffeloven § 28 b fyrste ledd bokstav a og fengselsstraff etter straffeloven § 54 nr. 2, treffast av regionalt nivå i kriminalomsorga. Dette følgjer av straffeprosessloven § 455 fyrste ledd fjerde setning, jf. straffegjennomføringsloven § 58 andre ledd.

Endringsframlegget går ut på å leggje inn «reststraff etter prøveløslatelse etter straffegjennomføringsloven § 44» i ordlyden, da visinga til § 44 ved ein inkurie ikkje er teke med i lovføresegna. Ingen av høyringsinstansane har innvendingar mot framlegget. Departementet ynskjer difor å endre lova i samsvar med framlegget, slik at òg innsetjing for soning av reststraff vert avgjort av regionalt nivå i kriminalomsorga.

1.4 Tilgjenge til opplysingar om hemmeleg telefonnummer mv. som er underlagt teieplikt

Ekomloven § 2-9 pålegg både tilbydarar av elektronisk kommunikasjonsnett eller kommunikasjonsteneste, og personar som utfører arbeid eller teneste for ein slik tilbydar, teieplikt om bruk av elektronisk kommunikasjon. Teieplikta omfattar innhaldet i kommunikasjonen og andre personar sin bruk av elektronisk kommunikasjon. Omgrepet «bruk» omfattar alle sider av eit abonnement av elektronisk kommunikasjon. Dette medfører at mellom anna trafikkdata, lokaliseringsdata (opplysingar om tilknyting til ein basestasjon), tidspunkt for logging av og på Internett – eller e-postteneste, samt abonnement- og brukardata, er underlagt teieplikt.

Politiet og påtalemakta har, etter ekomloven § 2-9 fyrste ledd tredje punktum, tilgjenge til avtalebasert hemmeleg telefonnummer og andre abonnementopplysingar, medrekna elektronisk kommunikasjonsadresse. Unntaket frå teieplikta er ikkje avgrensa til arbeid med etterforsking av straffesaker. Denne typen opplysingar kunne dermed nyttast av politiet i samband med innkalling av straffedømde til soning, før denne oppgåva ved lov vart overført frå politiet til kriminalomsorga.

Einskilde andre myndigheiter har òg, på særskilde vilkår, tilgjenge til denne typen opplysingar med heimel i merverdiavgiftsloven, tolloven og ligningsloven. Desse unntaksheimlane er grunngjevne i kontrollomsyn, og dei er eit middel for å fremje varetaking av myndigheitene sine lovpålagte kontrolloppgåver.

Høvet til å ha hemmeleg telefonnummer mv. er grunngjeve i omsynet til sjølve å ha kontroll over sitt eige privatliv og sine kontaktopplysingar. Ynskje om å kontrollere kven som har tilgjenge til opplysingane er likevel ikkje tungtvegande i alle samanhengar. Høvet til å ha hemmeleg kontaktinformasjon bør ikkje kunne nyttast som eit middel for å unndra seg fullbyrding av straff.

Departementet ynskjer på bakgrunn av dette ein noko snevrare ordlyd, som av omsyn til personvernet ikkje er meir omfattande enn kva som er naudsynt for varetaking av formålet med føresegna. Departementet ynskjer difor ikkje å ta med uttrykket «elektronisk kommunikasjonsadresse» i lovframlegget, og heimelen vil etter dette omfatte «avtalebasert hemmelig telefonnummer eller andre abonnementsopplysninger». Å utelate «elektroniske kommunikasjonsadresser» frå ordlyden vil ikkje vere til hinder for seinare å vurdere bruk av e-post ved innkalling til soning.

Departementet meiner at lovframlegget om tilgjenge til opplysingane er i samsvar med EMK artikkel 8, og går inn for at lovframlegget vert teke inn i straffegjennomføringsloven § 7 a.

1.5 Utvida bruk av overgangsbustad

Hovudregelen ved innsetjing i fengsel er at kriminalomsorga skal setje domfelte direkte inn i fengsel med høgt tryggleiksnivå. Dersom det er idømd fengselsstraff på inntil 2 år, skal kriminalomsorga vurdere om domfelte kan setjast direkte inn i fengsel med lågare tryggleiksnivå. Slik innsetjing skal ikkje finne stad dersom formålet med straffa eller omsynet til tryggleiken talar mot det, eller dersom det er grunn til å anta at domfelte vil unndra seg straffegjennomføringa. I særlege tilfelle kan domfelte setjast direkte inn i fengsel med lågare tryggleiksnivå.

Når delar av straffa er gjennomført, kan innsette overførast frå fengsel med høgt eller lågare tryggleiksnivå til fortsatt straffegjennomføring i overgangsbustad. Overføring skal ikkje finne stad dersom formålet med straffa eller omsynet til tryggleiken talar mot det, eller dersom det er grunn til å anta at innsette vil unndra seg straffegjennomføringa.

Departementet ynskjer å auke bruken av straffegjennomføring i fengsel med lågare tryggleiksnivå. Høve til direkte innsetjing i overgangsbustad vil skape ytterlegare moglegheiter for at domfelte kan gjennomføre straff i fengsel med lågare tryggleiksnivå, i tråd med prinsippa i St.meld. nr. 37 (2007–2008) Straff som virker. Departementet vidarefører difor framlegget i høyringsnotatet om at føresegn om direkte innsetjing i overgangsbustad vert teke inn i straffegjennomføringsloven § 11.

Normalitetsprinsippet er sentralt under soning i overgangsbustad. Dei innsette får moglegheit til butrening, utvikling av sosiale eigenskapar og varetaking av forholdet til familie og pårørande, samstundes som dei er under straffegjennomføring og må rette seg etter dei rammer kriminalomsorga set for soninga. Soning i overgangsbustad gjev òg betre moglegheiter for å oppretthalde kontakt med anna sosialt nettverk, som skule og arbeidsplass, under soninga.

Nærmare føresegner om ordninga, medrekna utveljing av kandidatar og organisering av aktivitetstilbod, vert gjevne i forskrift og retningslinjer.

1.6 Overføring mellom gjennomføringsformer

Dei ulike heimlane for tvungen overføring av innsette til anna fengsel finst i § 14 fyrste ledd:

«Kriminalomsorgen kan overføre innsatte til et annet fengsel dersom

  • a) det er sannsynlig at innsatte har begått eller vil begå en straffbar handling,

  • b) det er grunn til å anta at innsatte vil unndra seg gjennomføringen,

  • c) innsatte til tross for skriftlig advarsel har særlig negativ innflytelse på miljøet i fengslet,

  • d) overføring er nødvendig for å opprettholde ro, orden og sikkerhet i fengslet, eller

  • e) bygningsmessige eller bemanningsmessige forhold eller plassmangel gjør det nødvendig.»

Overføring i samsvar med bokstavane a, b og c er grunngjeve i omstende innsette kan lastast for, medan overføring med heimel i bokstav e er grunngjeve i behov i kriminalomsorga. Overføring med heimel i bokstav d kan vere grunngjeve i omstende knytt til både den innsette og kriminalomsorga.

Framlegga om endring av § 14 har sin bakgrunn i forslag frå kriminalomsorga. Det er gjort framlegg om endring av reglane for overføring ved «særlig negativ innflytelse på miljøet i fengselet», samt av omsyn til tilsette, av omsyn til fangesamansettinga og for å vareta innsette sine behov.

Departementet meiner difor at omsynet til rettstryggleik og likebehandling tilseier at føresegna burde endrast, og foreslår på denne bakgrunnen å endre føresegna til «dette er nødvendig for å hindre at innsatte, til tross for at adferdssamtale er gjennomført, fortsetter å påvirke miljøet i fengslet på en særlig negativ måte». Nærmare reglar for bruk av åtferdssamtale og åtferdsavtale vert gjevne i retningslinjer til straffegjennomføringsloven.

Det er i dag ikkje nokon uttrykkeleg heimel for overføring av ein innsett på bakgrunn av omsynet til ein konkret tilsett. I einskilde tilfelle, til dømes ved vald og truslar mot tilsette, kan det likevel vere grunnlag for å overføre med heimel i straffegjennomføringsloven § 14 fyrste ledd bokstav d, for å oppretthalde ro, orden og tryggleik i fengselet.

Departementet ynskjer difor heller at føresegna skal gjelde «når særlige forhold foreligger som gjør overføring nødvendig av hensyn til en tilsatt eller vedkommendes tjenesteutøvelse eller omstendighetene for øvrig gjør det påkrevet». Føresegna vil da omfatte eit vidare spekter av omstende ved forholdet mellom ein innsett og ein tilsett, men likevel vere avgrensa til omstende som har påverknad på den tilsette eller utøving av tenesta. Dette kan til dømes vere i form av psykiske belastningar, at den tilsette sin habilitet og tillita til kriminalomsorga vert svekka eller andre omstende som kan hindre ei forsvarleg tenesteutøving. Framlegget vil òg gjeve heimel for overføring når tilsette eller tilsette sine nærståande er fornærma eller etterlatne i innsette si straffesak. For den tilsette vil belastninga ved å måtte møte og omgåast den aktuelle innsette på arbeidsplassen kunne vere like aktuell, trass i at den idømde straffa er ferdig sona. Departementet meiner difor at òg tidlegare domfellingar, kor den tilsette eller nokon av den tilsette sine nærståande er fornærma eller etterlatne, vil kunne gjeve grunn til overføring av innsette. Det same kan òg gjelde dersom den innsette er sikta for eit straffbart forhold, til dømes vald eller truslar, kor den tilsette sjølv eller tilsette sine nærståande er fornærma eller etterlatne. Omstende rundt siktinga kan vere av ein slik belastande karakter at innsette bør kunne overførast, trass i at straffesaka framleis ikkje er rettskraftig avgjord.

Sentralforvaltninga for kriminalomsorga vil gjeve nærmare retningslinjer for skjønsutøvinga ved overføring av innsette. Plassering og flytting av tilsette internt i dei ulike einingane ligg innafor arbeidsgjevar sin styringsrett.

Kriminalomsorga har i dag ikkje høve til å overføre innsette til anna fengsel aleine på bakgrunn av omsynet til fangesamansetjinga. Fangesamansetjinga kan likevel vere eit av momenta som er relevante å vurdere ved ei overføring på bakgrunn av omsynet til ro, orden og tryggleik. Departementet meiner at det er behov for ein heimel for overføring av innsette til ei anna avdeling når det er naudsynt av omsyn til fangesamansetjinga. Heimelsgrunnlaget kan til dømes vere aktuelt dersom fleire innsette som er dømde i same straffesak, sonar på same avdeling, eller dersom fleire innsette i ei bestemd avdeling er med i same kriminelle nettverk. Departementet foreslår ordlyden «dersom det er nødvendig for å unngå en uheldig sammensetning av innsatte».

Gjeldande rett gjev ikkje rom for å overføre innsette til anna fengsel aleine på bakgrunn av at det vil vere formålstenleg for den innsette sjølve. Departementet gjer framlegg om ein ny heimel for overføring av innsette til anna fengsel, når dette oppfyller den innsette sine behov på ein formålstenleg måte.

1.7 Utelating frå fellesskapet i førebyggjande hensikt

Heimlane for utelating av innsette frå fellesskapet i førebyggjande hensikt går fram av straffegjennomføringsloven § 37. Bokstav a i føresegna regulerer høve til utelating frå fellesskapet «dersom det er nødvendig for å hindre at innsatte til tross for skriftlig advarsel fortsetter å påvirke miljøet i fengslet på en særlig negativ måte».

Uttrykket «skriftlig advarsel» er noko uklårt, og departementet er kjent med at vilkåret vert praktisert ulikt. Omsynet til systematikk og samanheng i straffegjennomføringsloven tilseier at uttrykket «skriftlig advarsel» vert fjerna frå § 37, da departementet òg ynskjer å ta bort uttrykket frå § 14. Ordlyden i føresenga vert da «hindre at innsatte fortsetter å påvirke miljøet i fengslet på en særlig negativ måte».

1.8 Unnlating av å rette seg etter pålegg om oppmøte til fullbyrding av straff

Det følgjer av straffeprosessloven at kriminalomsorga skal gjeve domfelte som er på frifot, pålegg om å møte til fastsett tid og stad for fullbyrding av fridomsstraff eller samfunnsstraff. Forsettleg eller grov aktlaus unnlating av å følgje pålegg som nemnt, vert straffa med bøter eller fengsel i inntil 3 månader. Føresegna gjeld altså, etter ordlyden, både for fengselsstraff og samfunnsstraff.

Departementet greia i høyringsnotatet ut om at unnlating av oppmøte til samfunnsstraff i praksis ikkje vert meld til politiet, men i staden vert rekna som brot i straffegjennomføringa som gjer grunnlag for reaksjon etter straffegjennomføringsloven § 58. For å bringe lova i samsvar med gjeldande praksis, gjorde departementet framlegg om å ta bort unnlating av oppmøte til samfunnsstraff frå straffegjennomføringsloven § 40 sjuande ledd.

Departementet vidarefører framlegget i høyringsnotatet.

1.9 Prøvelauslating av utanlandske innsette der utvisinga skal setjast i verk samstundes med lauslatinga

Etter straffegjennomføringsloven § 42 sjette ledd kan kriminalomsorga setje som vilkår for prøvelauslating frå fengsel at vedtak om utvising vert sett i verk. Dersom det er sett eit slikt vilkår for prøvelauslatinga, og det viser seg at uttransporteringa ikkje kan gjennomførast, kan den domfelte setjast attende i fengsel.

Føresegna opnar for at utanlandske innsette med utvisingsvedtak kan haldast fengsla utover to tredjedels tid, eventuelt til heile straffa er gjennomført, dersom utvisingsvedtaket ikkje let seg setja i verk ved tidspunktet for forventa prøvelauslating. Føresegna er grunngjeve i omsynet til at vedtak om utvising skal effektuerast på ein formålstenleg måte, og ikkje omstende knytt til dommen eller straffegjennomføringa.

Prøvelauslatingsreglane har vore vurderte av Sivilombodsmannen, og han ga uttrykk for tvil knytt til om prøvelauslatingsreglane let seg forene med EMK artikkel 5 om retten til fridom. Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) legg til grunn at EMK artikkel 5 set krav om tilstrekkeleg årsakssamanheng mellom domfellinga og eit eventuelt seinare grunnlag for fridomstap. Ombodsmannen stilte spørsmål ved om det ligg føre tilstrekkeleg årsakssamanheng når fortsatt fridomstap eine og åleine er grunngjeve i ei manglande iverksetjing av utvisingsvedtaket.

Departementet foreslår å oppheve straffegjennomføringsloven § 42 sjette ledd. Opphevinga vil bringe lova i samsvar med gjeldande praksis. Ei oppheving av § 42 sjette ledd vil eliminere tvil rundt forholdet mellom prøvelauslatingsreglane i straffegjennomføringslova og EMK artikkel 5.

Dersom dei alminnelege vilkåra for prøvelauslating er oppfylte, skal innsette etter framlegget prøvelauslatast, med mindre det er grunnlag for fengsling etter utlendingsloven eller lauslating kan seiast å vere utilrådeleg.

1.10 Kva for straffegjennomføringsreglar som gjeld for innsette i varetekt mv.

Straffegjennomføringsloven kapittel 4 har særreglar for gjennomføring av «Varetekt og andre reaksjonar når det er særskilt bestemt i lov». Det er likevel naturleg at òg einskilde andre føresegn i lova vert nytta når det gjeld desse gruppene innsette. Straffegjennomføringsloven § 52 gjev ein uttømmande oversikt over kva for føresegn dette gjeld.

Departementet drøfta i høyringsnotatet om det er straffbart å unndra seg varetekt eller andre reaksjonar særskild bestemd ved lov.

Departementet vil ikkje innføre straff for unndraging frå varetekt. Unndraging frå varetekt vil likevel ikkje vere utan betyding for eventuell seinare straffegjennomføring, men kunne vere ei omstende det er relevant å leggje vekt på ved vurdering av behov for tryggingstiltak.

1.11 Avgjerdsmyndigheit ved soningsutsetjing

I samband med at kriminalomsorga 1. april 2010 tok over ansvaret for å kalle domfelte inn til soning, er myndigheita til å avgjere utsetjing av soning i inntil seks månader lagt til lokalt nivå i kriminalomsorga. Regionalt nivå i kriminalomsorga behandlar saker om utsetjing av soninga i meir enn seks månader.

Ifølgje straffegjennomføringsloven er det regionalt nivå i kriminalomsorga som avgjer søknad om soningsutsetjing når søknaden gjeld soning av subsidiær fengselsstraff etter brot på vilkåra for samfunnsstraff. Departementet gikk i høyringsnotatet difor inn for å endre føresegna, slik at ho samsvarar med ovannemnde praksis på området.

Fleirtalet av høyringsinstansane som har valt å kommentere framlegget, meiner det er positivt at lova vert endra, slik at ho speglar noverande praksis. Departementet fører vidare framlegget.