Bakgrunn

Regjeringa legg med dette fram ei stortingsmelding om verksemda til NSB AS med dotterselskap. Formålet er å orientere Stortinget om utviklinga i selskapet og rammevilkåra etter førre stortingsmelding, orientere om planane til selskapet, presisere regjeringa sine transportpolitiske mål med eigarskapen, avklare kva forventingar regjeringa har til selskapet si økonomiske avkasting og gjere greie for utbytepolitikken til regjeringa.

Den førre stortingsmeldinga om NSB, St.meld. nr. 21 (2008–2009) Om virksomheten til NSB AS, blei lagd fram våren 2009. Her blei det foreslått at det for framtida normalt berre skulle leggjast fram éi melding per stortingsperiode, og at ein mellom stortingsmeldingane kunne gi annan nødvendig informasjon i samband med statsbudsjettet.

Meld. St. 31 (2012–2013) byggjer på NSB sine årsrapportar frå 2008 til 2011 og NSB sin strategiplan for perioden 2013–2017. Samferdselsdepartementet har vidare engasjert Deloitte AS til å gjere ei verdivurdering av NSB.

Regjeringa varslar i meldinga ingen vesentlege endringar i regjeringa sin politikk for eigarskapen i NSB. NSB-konsernet speler ei viktig rolle i norsk samferdsel, og regjeringa ønskjer å bruke eigarskapen som ein del av transportpolitikken. Det er for tida ingen planar om å endre selskapsstrukturen eller innføre konkurranse på innanlands persontrafikk med tog.

Den generelle transportpolitikken til regjeringa går fram av Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan. Stortingsmeldinga om NSB er knytt til den statlege eigarskapen i selskapet.

Statens eigarskap i NSB

Kapittel to i meldinga omhandlar statleg eigarskap i NSB. Det blir trekt fram at hovudgrunngivinga for at staten eig NSB, er at staten gjennom eigarstyringa har eit verkemiddel for å nå dei transportpolitiske måla som Stortinget og regjeringa har sett.

Samfunnsoppdraget til selskapet er å sørgje for effektiv, tilgjengeleg, sikker og miljøvennleg transport av personar og gods. Kapitlet beskriv òg viktige element ved eigarstyringa.

Konsernet NSB AS driv i konkurranse på fleire verksemdsområde. Persontogverksemda konkurrerer i første rekkje mot andre transportmiddel og berre i svært liten grad mot andre togselskap. Dei andre togselskapa er Flytoget på strekninga Drammen–Gardermoen og det svenske SJ på strekninga Oslo–Kongsvinger. Godstransporten med tog er i sterk konkurranse både med andre togselskap og andre transportmiddel. Eigedomsverksemda og vedlikehaldsverksemda opererer både på den eksterne marknaden og internt, mens bussdrifta driv i konkurranse på lik linje med private busselskap. Interne leveransar mellom selskapa i konsernet skal skje på marknadsvilkår.

For NSB er ein stor del av inntektene knytt til offentleg kjøp av persontransporttenester med tog. Ved avtalen om kjøp legg ein til grunn at det skal vere råd å oppnå normal forteneste på denne delen av verksemda.

Eigedomsverksemda er ein viktig inntektskjelde for NSB. For eigedomsverksemda er det nær samanheng med jernbaneinfrastrukturen fordi eigedomane består av jernbanestasjonar og områder ved jernbanen. NSB-konsernet driver knutepunktsutvikling og fortetting som gir auka trafikkgrunnlag for toget og andre kollektivmiddel.

Marknad og rammevilkår

NSB har hovudverksemda si i den norske marknaden, men er òg til stades i den svenske og danske marknaden. I 2011 var fordelinga mellom desse marknadene slik: 87 prosent av omsetninga i Noreg, 11 prosent i Sverige og 2 prosent i Danmark. NSB har verksemd innanfor fem verksemdsområde: persontog, buss, gods, eigedom og togvedlikehald. Persontogverksemda, godsverksemda og (tog)vedlikehaldsverksemda blir driven i Noreg og Sverige, bussverksemda i Noreg, Sverige og Danmark og eigedomsverksemda i Noreg.

Kapittel tre i meldinga presenterer marknaden og rammevilkåra. Transportmarknaden for persontransport er i vekst, mens godstransportmarknaden på jernbane har hatt ei negativ utvikling dei siste åra.

Trafikkavtalen med staten for 2012–2017 legg opp til at NSB Persontog tilbyr auka transportkapasitet i perioden. Avtalen har ein total verdi på 15,4 mrd. kroner (2012-kroner) og sikrar togpassasjerane ei vidareføring av det eksisterande togtilbodet i store delar av landet i tillegg til eit betre tilbod i form av fleire avgangar og auka setekapasitet på Austlandet.

Overføring av driftsansvaret for godsterminalane til Jernbaneverket er venta å sikre like konkurransetilhøve på terminalane.

Frå 2007 blei godstrafikk på jernbane liberalisert. Alle selskap som oppfyller fastsette tryggleikskrav, kan operere på jernbanen.

30. januar 2013 blei EU-kommisjonen sitt forslag til Jernbanepakke IV offentleggjort. Der blir det gjort framlegg om at innanlands persontransport på bane skal liberaliserast innan desember 2019. Det blir òg foreslått at alt offentleg kjøp av persontransporttenester skal ut på anbod. Denne lovgivingspakken skal behandlast i EU-parlamentet og Rådet. Det er usikkert kor lang tid behandlinga vil ta, og kva som blir det endelege resultatet.

Organisering av NSB

Kapittel fire i meldinga omtaler organiseringa av NSB. NSB AS er eit aksjeselskap som staten ved Samferdselsdepartementet eig fullt ut. NSB-konsernet er organisert med NSB AS som morselskap med persontogverksemd, konsernstab og fellestenester for konsernet. Dotterselskapa CargoNet, Nettbuss, Rom Eiendom og Mantena (vedlikehaldsverksemda) er ansvarlege for dei fire andre verksemdsområda til konsernet: gods, buss, eigedom og togvedlikehald.

Verksemda sidan førre stortingsmelding om NSB

Kapittel fem i meldinga presenterer utviklinga i NSB i perioden 2008–2011. Konsernet hadde i perioden ein omsetningsvekst på 6,1 prosent per år og ei gjennomsnittleg årleg avkasting på verdijustert eigenkapital på om lag 2 prosent per år. Persontogverksemda og godstransportverksemda hadde negative driftsresultat i perioden, mellom anna på grunn av dårleg pålitelegheit i infrastrukturen. Bussverksemda, eigedomsverksemda og vedlikehaldsverksemda hadde positive driftsresultat i perioden. Kapitlet gir også ein del opplysningar om året 2012.

NSB sine planar for 2013–2017

I den strategiske planen, som rullerer kvart år og blir lagd fram for samferdselsministeren i samsvar med § 10 i selskapsvedtektene, beskriv NSB planane til konsernet for dei kommande fem åra. § 10-planen er vedlagt stortingsmeldinga. I samband med arbeidet med Nasjonal transportplan (NTP) 2014–2023 har NSB utarbeidd dokumentet «Oftere, raskere og mer miljøvennlig», som er eit innspel i arbeidet med NTP. I dette dokumentet viser NSB korleis toget kan vere ein del av løysinga på utfordringane som følgjer av ein venta stor befolkningsvekst i og omkring dei største byane i landet.

Regjeringa er einig med NSB i at tog gir størst nytte der det er store trafikkstraumar. Grensekostnadene er små når togtilbodet først er etablert. Det er størst miljøgevinst ved å satse på elektriske tog og der trafikantnytten er størst. Derfor legg regjeringa i NTP opp til at jernbanen skal ha ei sentral rolle når det gjeld å forbetre tilbodet for arbeidsreiser i lokal- og regionaltrafikken rundt dei større byområda.

Kapittel seks i meldinga orienterer nærmare om planane til selskapet for 2013–2017, og korleis Samferdselsdepartementet vurderer dei.

Samferdselsdepartementet støttar opp om NSB som eit breitt transportkonsern og meiner det er formålstenleg å halde fram med dei verksemdsområda konsernet har i dag. Regjeringa legg likevel vekt på at det primære målet til staten med eigarskapen i NSB er å sørgje for eit velfungerande transporttilbod for personar og gods på jernbane i Noreg, og at andre aktivitetar i Noreg og utlandet må støtte dette målet.

I perioden skal det skaffast fleire nye persontog for å auke kapasiteten og bidra til å handtere befolkningsveksten i dei største byane.

CargoNet skal vidareførast som eit viktig selskap for gods på bane. Det er viktig for staten at CargoNet opererer i marknaden på lang sikt, då det truleg er vanskeleg for konkurrentane å etablere eit like omfattande godstogtilbod.

For bussverksemda vil ein fokusere på lønnsemd i anbodskontraktar og på å utnytte moglege synergieffektar mellom buss og tog når det ikkje kjem i konflikt med konkurranselovgivinga, regelverket for offentlege anskaffingar og statsstøttereglane.

I eigedomsverksemda blir det lagt større vekt på å behalde eigedommar, særleg eigedommar som er strategisk viktige, og som kan brukast til å støtte opp om transportverksemda til konsernet og annan kollektivtrafikk.

Vedlikehaldsverksemda planlegg ein å vidareføre om lag på dagens nivå.

Vurderingar av økonomien til NSB i perioden 2013–2017

Kapittel sju i meldinga omfattar vurderingar av økonomien til NSB for 2013–2017. Lønnsemda for NSB Persontog, CargoNet og Nettbuss er venta å bli betre. Lønnsemda for Rom Eiendom og Mantena er venta å vere stabil. NSB-konsernet planlegg å investere 16 mrd. kroner i perioden. Dersom desse investeringane skulle gjennomførast, ville eigenkapitaldelen bli redusert til om lag 28 prosent med dagens utbytepolitikk. Tilrådd nivå for eigenkapitaldel er 30–35 prosent.

Regjeringa held fast ved dagens utbytepolitikk med å taka utbyte på 50 prosent av konsernresultatet etter skatt.

Regjeringa legg til grunn at investeringane i NSB blir tilpassa slik at ein opprettheld ein eigenkapitaldel på 30–35 prosent samtidig som regjeringas utbyttepolitikk blir gjennomført. Vidare meiner regjeringa at investeringane må vere bedriftsøkonomisk lønnsame.