Justis- og beredskapsdepartementet ber i proposisjonen
om samtykkje frå Stortinget til å trekkje reservasjonen mot FN-konvensjonen
11. april 1980 om kontraktar for internasjonale lausøyrekjøp (CISG) del
II om avtaleinngåing. CISG del II regulerer avtaleinngåing ved visse
internasjonale lausøyrekjøp. Det vert vist til eiga innstilling
om lovsaken.
Departementet gjer framlegg om å gjennomføre CISG
del II i norsk rett ved ei blankettføresegn i kjøpsloven der det
blir slått fast at konvensjonen skal gjelde som norsk lov. I samband
med dette føreslår departementet at heile CISG blir gjennomført
som norsk lov ved inkorporasjon. CISG er, med unnatak av del II,
etter gjeldande rett gjennomført i norsk rett ved transformasjon.
CISG er dermed omsett, omsystematisert og i nokon grad fortolka
inn i ein konsolidert norsk lovtekst (kjøpsloven) som gjeld både
for nasjonale og internasjonale kjøp. I kjøpsloven er det gitt somme
unnatak og særføresegner for internasjonale kjøp. Dersom konvensjonen
fullt ut blir gjennomført ved inkorporasjon, fell behovet for desse særreglane
bort, og departementet føreslår at dei blir oppheva.
Reglane om avtaleinngåing er neppe i seg sjølve av
stor praktisk betyding for partane i internasjonale lausøyrekjøpsforhold.
Dessutan er det ikkje vesentlege reelle skilnader mellom reglane
i CISG del II og avtaleloven kapittel 1. Framlegget kan likevel
ha ein viss positiv effekt ved å redusere transaksjonskostnadene
i samband med internasjonale lausøyrekjøp. Det forenklar rettskjeldebildet
ved at reglane for avtaleinngåing vil bli dei same uavhengig av
om det er rettsreglane i Noreg eller ein annan konvensjonsstat som
skal leggjast til grunn. Lovvalsreglane får dermed ei meir underordna
rolle. Vidare kan det at Noreg får reglar for avtaleinngåing i internasjonale lausøyrekjøpsforhold
som svarar til dei reglane fleirtalet av handelsstatar opererer
med i dag, vere positivt ut frå handels- og næringsomsyn. Framlegget
om å gjennomføre CISG ved inkorporasjon framfor transformasjon vil
vidare i seg sjølv vere egna til å forenkle rettskjeldesituasjonen,
òg med omsyn til dei delane av konvensjonen som allereie er gjennomførte
i norsk rett, ettersom partane då kan halde seg direkte til originalteksten
i konvensjonen uavhengig av om det er rettsreglane i Noreg eller
ein annan konvensjonsstat som skal nyttast.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Jorodd Asphjell, Kari Henriksen, lederen Hadia Tajik og Lene Vågslid,
fra Høyre, Margunn Ebbesen, Hårek Elvenes, Peter Christian Frølich og
Anders B. Werp, fra Fremskrittspartiet, Jan Arild Ellingsen og Ulf Leirstein,
fra Kristelig Folkeparti, Kjell Ingolf Ropstad, og fra Senterpartiet,
Jenny Klinge, viser til Prop. 158 LS (2012–2013) hvor det
både fremmes forslag til lovvedtak og stortingsvedtak. I denne innstillingen
behandles stortingsvedtaket. Det vises til egen innstilling om lovsaken.
Komiteen har ingen merknader
til at reservasjonen mot FN-konvensjonen 11. april 1980 om kontraktar
for internasjonale løsørekjøp del II om avtaleinngåelse, blir trukket.
Komiteens utkast til innstilling ble 26. november 2013
oversendt utenriks- og forsvarskomiteen til uttalelse. Utenriks-
og forsvarskomiteen opplyste i brev av 4. desember 2013 at de sluttet
seg til justiskomiteens innstilling og ikke hadde ytterligere merknader.
Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å
gjøre slikt
vedtak:
Stortinget samtykkjer i at reservasjonen
mot FN-konvensjonen 11. april 1980 om kontraktar for internasjonale
lausøyrekjøp (CISG) del II om avtaleinngåing, jf. konvensjonen artikkel
92, blir trekt.
Oslo, i justiskomiteen, den 10. desember 2013
Hadia Tajik
|
Kari Henriksen
|
leiar
|
ordførar
|