Brev fra Arbeids- og sosialdepartementet v/statsråden til arbeids- og sosialkomiteen, datert 10. juni 2014

Representantforslag 73 S (2013-2014) frå stortingsrepresentantane Fredric Holen Bjørdal, Dag Terje Andersen, Anette Trettebergstuen og Lise Christoffersen om strategi for betre arbeidsmoglegheiter for menneske med nedsett arbeidsevne

Eg viser til brev av 26. mai d.å. frå arbeids- og sosialkomiteen vedlagt representantforslag 73 S (2013-2014) frå stortingsrepresentantane Fredric Holen Bjørdal, Dag Terje Andersen, Anette Trettebergstuen og Lise Christoffersen om strategi for betre arbeidsmoglegheiter for menneske med nedsett arbeidsevne. Komiteen ber om mi vurdering av forslaget.

Sjølv om vi har høg sysselsetjing og låg arbeidsløyse, er det ei særleg utfordring at mange i yrkesaktiv alder står utanfor arbeidslivet og tek imot offentlege ytingar. Dette forsterkast av at ein stadig mindre del av befolkninga er i yrkesaktiv alder. Mange har nedsett arbeidsevne. Ei viktig oppgåve framover er å medverke til at fleire personar med nedsett funksjonsevne eller helseproblem får ta i bruk si arbeidsevne. Så langt har vi ikkje lykkast godt nok med å hjelpe dei over i arbeid. Betre inkludering av utsette grupper i arbeidslivet er eit av hovudmåla for denne regjeringa.

I representantforslaget vert det presentert ei rekkje forslag som ledd i ein strategi for å betre moglegheitene til arbeid for menneske med nedsett arbeidsevne. Representantforslaget byggjer på drøftingar i Meld. St. 46 (2012-2013) Flere i arbeid som regjeringa Stoltenberg II la fram 9. august 2013. Meldinga vart overbrakt det nye Stortinget.

Fleire av forslaga som vart drøfta i meldinga krevde meir utgreiing, og var etter mi vurdering ikkje konkrete nok. Eg trakk difor Meld. St. 46 (2012-2013) Flere i arbeid tilbake hausten 2013. Eg varsla då at regjeringa ville kome tilbake til Stortinget med eigne vurderingar og forslag i ei ny melding.

I den nye meldinga vil det vere ein brei gjennomgang av arbeidsmarknadspolitiske strategiar og tiltak for å medverke til at fleire kan delta i arbeidslivet, og hindre at arbeidstakarar fell heilt ut av arbeidslivet. Vi legg i meldinga opp til å sjå nærmare på kva for verkemiddel som kan få fleire med nedsett arbeidsevne eller funksjonsevne i arbeid. Fleire av forslaga som er nemnde i representantforslaget, vil vere aktuelle å drøfte i den nye meldinga. Særleg vil eg leggje vekt på å forbetre og utvikle verkemiddel som legg betre til rette for bruk av ordinært arbeidsliv som kvalifiseringsarena, til dømes gjennom auka bruk av lønstilskott.

Eg vil i den nye meldinga og sjå på korleis arbeidslivet skal innrettast for å gjere det enklare å kome inn i arbeidslivet. Vi ønskjer ein trygg, men fleksibel arbeidslivspolitikk. Regjeringa ser på arbeidsmiljølova for å tilpasse ho til eit meir moderne samfunn. Det tyder mellom anna å gje større rom for mellombelse tilsetjingar.

Gradering av sjukefråvær kan for mange sjukmeldte vere eit viktig grep for å sikre tilknyting til arbeidsplassen. Departementet følgjer difor med på utviklinga i bruken av gradert sjukmelding, både gjennom styringa av Arbeids- og velferdsetaten og gjennom publisering av statistikk og aktuell forsking. I den nye IA-avtalen er Regjeringa og partane i arbeidslivet samde om at det framleis er ynskjeleg å legge til rette for økt bruk av graderte sjukmeldingar. Regjeringa la 23. mai fram ein lovproposisjon med forslag til forenkling av regelverket for oppfølging av sjukmeldte arbeidstakarar. Lovproposisjonen tydeleggjer blant anna at Arbeids- og velferdsetaten skal kunne ha ei meir aktiv rolle tidlegare i sjukefråværsperioden. Forslaga om forenkling og mindre byråkrati i oppfølginga av sjukmeldte arbeidstakarar inneber at det vil bli frigjort ressursar både på arbeidsplassane og i Arbeids- og velferdsetaten. Dette gir grunnlag for ein tidlegare, konstruktiv dialog om relevante sjukefråværstiltak.

Arbeids- og velferdsetaten har hovudansvaret for oppfølginga av sjukmeldte utan eit arbeidsforhold, og desse skal som hovudregel følgjast opp som andre brukarar utan arbeid. Arbeids- og velferdsdirektoratet skal rapportere på denne oppfølginga. Rapporteringa viser at det framleis er for få av dei sjukmeldte utan arbeidsgjevar som vert følgde opp innan gitte fristar. Eg vil følgje den vidare utviklinga, og sette i verk fleire tiltak viss det viser seg nødvendig.

Fleirtalet av dei som har nedsett arbeidsevne er mottakarar av arbeidsavklaringspengar (AAP). Den kommande stortingsmeldinga om arbeid vil blant anna gå gjennom ulike sider ved ordninga og den oppfølginga som AAP-mottakarane får frå Arbeids- og velferdsetaten. Samtidig vil eg presisere at arbeidsavklaringspengar er ei relativt ny ordning, og det er førebels lite kunnskap om dei meir langsiktige effektane av ordninga. For å sjå om ordninga fungerer etter hensikta, er det naudsynt å sjå heile perioden på AAP i samanheng. Oppfølgingsintensiteten, samt resultata i form av overgang til arbeid eller uførepensjon i perioden 2010–2013, kan ha vore prega av at ingen nådde maksimal stønadsperiode på arbeidsavklaringspengar før 1. mars 2014.

AAP-ordninga har no eksistert i fire år, og det er difor på tide å evaluere ordninga. Mellom anna er Sintef i gang med eit større prosjekt som skal gi meir kunnskap om korleis ordninga fungerer i praksis. Eg meiner det er viktig å ha eit godt kunnskapsgrunnlag før vi eventuelt foreslår større regelendringar på AAP-området. Den kommande stortingsmeldinga om arbeid vil diskutere viktige problemstillingar og skissere det vidare arbeidet med å vurdere ordninga.

Meld. St. 46 (2012-2013) Flere i arbeid drøfta mellom anna utfordringane med unge menneske som står i fare for å falle utanfor arbeid og utdaning. Eg deler uroa for at unge menneske fell varig utanfor utdanning og arbeidsliv. Samfunnet går glipp av verdfull arbeidskraft og mange unge menneske får ikkje brukt sine evner og ressursar i arbeidslivet, og kan difor heller ikkje forsørgje seg sjølve. Unge som mistar tilknyting til arbeid og utdanning, står og i fare for å miste tilknyting til viktige sosiale nettverk. Meldinga foreslo blant anna ei utviding av målgruppa for garantiordninga for unge med nedsett arbeidsevne. Dette følgde regjeringa opp i statsbudsjettet for 2014. Eg vil fortsette arbeidet med garantiordningane for unge med sikte på å få til god måloppnåing.

Garantiordningane for unge er likevel berre ein del av det arbeidet NAV-kontora gjer for å få unge i arbeid eller utdaning. Det er breidda av tiltak og verkemiddel som er viktig for å lykkast i oppfølginga av unge, saman med målretta og godt samarbeid med andre aktørar. Vi har difor vidareført Jobbstrategien for personar med nedsett funksjonsevne i 2014. Her vert det særleg satsa på unge under 30 år for å få fleire unge i jobb.

Mange av dei som registrerer seg som arbeidslause hos Arbeids- og velferdsetaten, har ikkje fullført vidaregåande opplæring. Etterspørselen etter ufaglærte på arbeidsmarknaden vert over tid svakare. Har ein svake kunnskapar og ferdigheiter, er ein og meir sårbar ved omstillingar i arbeidslivet. Regjeringa vil derfor utvikle ein ny og heilskaplig politikk for personar som har svake grunnleggjande ferdigheiter. Kunnskapsdepartementet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet arbeider no saman om ei melding til Stortinget. I denne meldinga vil vi og vere opptekne av situasjonen for utsette unge, og tiltak og strategiar for personar utan fullført vidaregåande opplæring.

Det er særleg viktig at unge kjem raskt ut av NAV-kontoret og inn i eit aktivt tilvære. Arbeids- og sosialdepartementet har nå sendt på høyring eit forslag om å innføre krav til aktivitet for mottakarar av sosialhjelp, med særleg fokus på lågterskeltiltak og arbeidstrening for unge for å fremje overgang til arbeid. I dag har NAV-kontoret ein rett, men ikkje ei plikt til å stille vilkår ved tildeling av økonomisk stønad, og det er stor variasjon i kommunane sin bruk av denne retten. Regjeringa ønskjer både auka bruk av vilkår om aktivitet ved tildeling av sosialhjelp og meir lik praksis mellom kommunane. Regjeringa foreslår difor ei lovendring som inneber at NAV-kontora får både rett og plikt til å bruke vilkår om aktivitet ved tildeling av økonomisk stønad med mindre tungtvegande grunnar taler mot det.

Uavhengig av dei nye meldingane, er det behov for raskt å kome i gong med å gjere endringar, slik at fleire som i dag står utanfor arbeidslivet kan kome i jobb. Skal vi lykkast med å få fleire i arbeid, må vi og fornye og styrkje tiltaksarbeidet. Det er gjennom åra oppretta mange overlappande ordningar som gjer systemet komplisert og uoversiktleg. Det er difor naudsynt å forenkle regelverket for arbeidsmarknadstiltaka slik at arbeidsgjevarar og arbeidssøkjarar lettare kan få oversikt over den hjelpa arbeids- og velferdsforvaltninga kan gje, og tiltaka kan verte lettare å ta i bruk.

Forslag om å forenkle og slå saman overlappande ordningar innanfor avklarings- og oppfølgingsområdet er nå sendt på høyring. Samstundes foreslår regjeringa å leggje opp til eit større mangfald av leverandørar og fagmiljø i attføringsarbeidet gjennom å kjøpe avklarings- og oppfølgingstenestene. Det er viktig for tenesteutviklinga på arbeidsmarknadsområdet at fleire aktørar kan sleppe til. Det vil gje brukarane større valfridom i tenestetilbodet. I tillegg har vi lagt til rette for ei auke i talet på tiltaksplassar for personar med nedsett arbeidsevne i 2014. Det er eit løft for dei som står i fare for å hamne heilt eller delvis utanfor arbeidslivet, og det kjem og funksjonshemma med nedsett arbeidsevne til gode.

Eg vil vidare leggje grunnlaget for ei god vidareutvikling av arbeids- og velferdsforvaltninga slik at vi kan nå dei langsiktige måla med NAV-reformen. Ein viktig føresetnad for dette er at NAV-kontora fungerer godt. NAV har ei sentral rolle i arbeidet med å hjelpe personar som ikkje klarer å kome i jobb på eigenhand. For å få gode råd om korleis vi best kan lykkast med dette, har eg mellom anna snakka med NAV-tilsette om deira røynsler, og eg har invitert brukarar til å dele sine historier direkte med meg. Med bakgrunn i dette har eg nedsett ei ekspertgruppe som skal gå gjennom arbeids- og velferdsforvaltninga, og spesielt sjå på NAV-kontoret sin innsats. Målet med dette arbeidet er å hjelpe fleire frå trygd til arbeid, gjennom mellom anna å gjere ting enklare og medverke til betre brukaropplevingar. Gjennomgangen har søkjelyset på heile NAV-kontoret si verksemd. Ekspertgruppa vil arbeide fram til midten av mars 2015.

Representantforslaget reiser fleire gode forslag for å nå målet om å få fleire i arbeid. Fleire av forslaga i representantforslaget vil som nemnt vere aktuelle å drøfte i den nye meldinga.