Brev fra Arbeids- og sosialdepartementet v/statsråden til arbeids- og sosialkomiteen, datert den 17. september 2014

Representantforslag 74 S (2013 - 2014) frå stortingsrepresentantane Sveinung Rotevatn, Pål Farstad, André N. Skjelstad og Abid Q. Raja

Eg syner til brev frå Arbeids- og sosialkomiteen 28. mai 2014, der komiteen ber om mi vurdering av representantforslag 74 S (2013-2014) frå stortingsrepresentantane Sveinung Rotevatn, Pål Farstad, André N. Skjelstad og Abid Q. Raja.

Representantane foreslår at Stortinget skal be regjeringa greie ut og i eigna form leggje fram spørsmålet om lovfesting av nasjonal minsteløn.

I saksframlegget syner forslagsstillarane mellom anna til at det er naudsynt å gjere fleire av reguleringane i arbeidslivet universelle for å hindre sosial dumping. Forslagsstillarane meiner at lovfesta minsteløn er eit alternativ til allmenngjering av tariffavtalar.

Regjeringa arbeider aktivt mot sosial dumping og for eit seriøst arbeidsliv. Målet vårt er eit regelverk som lukar ut useriøse verksemder og aktørar, og som legg til rette for rettferdig konkurranse.

Allmenngjeringsordninga inneber ei bransjevis forskriftsfesting av minimumsløn og visse andre arbeidsvilkår. Allmenngjeringsforskrifta fastset minimumsløna for alle som arbeider i den aktuelle bransjen utan omsyn til om dei er bundne av tariffavtalen eller ikkje. Arbeidstilsynet fører tilsyn med at allmenngjeringsforskriftene vert etterlevd, og sanksjonerer brot på dei.

Allmenngjeringsforskrifter gjeld no i fire bransjar. Dette er bransjar som vi veit har utfordringar knytt til sosial dumping, useriøsitet og arbeidslivskriminalitet. I tillegg har det kome krav om allmenngjering i fire nye bransjar. Desse krava skal no handsamast av Tariffnemnda.

Som uttrykt i den politiske plattforma, vil regjeringa vidareføre allmenngjeringsordninga. Samstundes skal vi sjå på om dei tiltaka som er sett i verk mot sosial dumping, er dei rette verkemidla for å sikre at alle har akseptable løns- og arbeidsvilkår, utan å leggje unødige byrder på dei som driv seriøst og innanfor reglane. Regjeringa er også open for å vurdere om det er andre tiltak som bør takast i bruk. Vi har nyleg sett i gong eit eksternt forskingsprosjekt som skal undersøkje kva verknader allmenngjeringsordninga har på arbeidsmarknaden og fastsetjing av lønene. Dette arbeidet skal vere ferdig hausten 2015.

På bakgrunn av dette er mi vurdering at tida ikkje er inne for ei utgreiing av nasjonal minsteløn som eit alternativ til allmenngjering no. Eg vil likevel ikkje sjå vekk frå at det kan bli aktuelt på eit passande tidspunkt ein gong i framtida å utgreie om minsteløn kan vere eit teneleg verkemiddel. Det vil eg i tilfelle kome attende til når vi har sett nærare på verknadane av de tiltaka som allereie er sett i verk.