Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Jone Blikra, Kirsti Leirtrø og Nils Kristen Sandtrøen, frå Høgre,
Liv Kari Eskeland, Trond Helleland og Erlend Larsen, frå Senterpartiet,
Geir Adelsten Iversen, Geir Inge Lien og leiaren Erling Sande, frå
Framstegspartiet, Morten Stordalen og Frank Edvard Sve, og frå Sosialistisk
Venstreparti, Mona Fagerås, viser til Prop. 111 S (2021–2022),
der det blir lagt fram nokre saker som gjeld veg, særskilde transporttiltak
og transport i byområda mv. Det blir føreslått å oppheve eit oppmodingsvedtak
og gjort greie for oppfølginga av tre andre slike vedtak.
Komiteen viser til at prosjektet
E16 Øye–Eidsbru, som er ein del av E16 over Filefjell, blei opna
for trafikk 23. september 2020. Prosjektet blei opna for trafikk nærmare
to år seinare enn opphaveleg planlagt. Dei store forseinkingane
har ført til usemje med involverte entreprenørar om sluttoppgjeret.
Konflikten med ein av entreprenørane blei løyst gjennom mekling
og forlik. Det er framleis konflikt om sluttoppgjeret med ein av entreprenørane,
og det er derfor uvisse om sluttkostnaden for prosjektet. Samferdselsdepartementet
vil kome tilbake til saka i samband med nysalderinga for 2022.
Komiteen viser til Innst. 653
S (2020–2021) om Nasjonal transportplan 2022–2033, der fleirtalet
i transport- og kommunikasjonskomiteen mellom anna bad om at det
blei vurdert om midlar avsette til utbetringsstrekningane E39 Hjelset–Bjerkeset
og om nødvendig E39 Bergsøya–Øygarden i staden kan nyttast på prosjektet
E39 Bjerkeset–Astad. Komiteen viser
til at departementet legg fleirtalsmerknaden til grunn for det vidare
arbeidet.
Komiteen viser vidare til at
staten si ordning med alternativ bruk av ferjetilskot på riksveg
blei etablert i 2003. Intensjonen med ordninga er å leggje til rette
for at sparte kostnader for staten ved å leggje ned eller korte inn
eit riksvegferjesamband kan nyttast til å delfinansiere eit fastlandssamband
på riksvegnettet som avløyser/kortar inn ferjesambandet. Komiteen viser
til at departementet har valt å gi Statens vegvesen i oppdrag å gjennomføre
ei evaluering av den statlege ordninga med alternativ bruk av ferjetilskot.
Komiteen viser til at Stortinget
19. juni 2017 fatta to einslydande oppmodingsvedtak, nr. 978 og
nr. 984:
«Stortinget ber regjeringen
vurdere mulige løsninger som passeringstak eller timesregel med
samordning med andre bomprosjekter i området, for næringstransport
som får en urimelig høy bompengebelastning.»
Komiteen viser til at departementet
i proposisjonen orienterer om at dei ikkje legg opp til å innføre
ein felles timesregel eller eit passeringstak mellom bompengeprosjekta
i Samferdselspakke for Kristiansandsregionen fase 2 og E39 Kristiansand
vest–Lyngdal vest.
Komiteen viser til at departementet
i proposisjonen opplyser om at bygginga av dei fire skipa til Havila Kystruten
er forseinka, slik at det ikkje var mogleg med oppstart frå 1. januar
2021. Departementet har tett dialog med Havila Kystruten og vurderer
fortløpande behovet for tiltak for å sikre tilstrekkeleg kapasitet
for kystruta.
Komiteen viser til at det i
statsbudsjettet for 2022 på kap. 1332, Transport i byområda, post
66 Tilskot til byområda, er sett av 30 mill. kroner til ei ny tilskotsordning
for fem byar som ikkje er omfatta av byvekstavtalar. Samferdselsdepartementet
legg opp til at midlane som er sette av i 2022, blir delte likt
mellom Ålesund og Bodø som ei eingongsutbetaling. Departementet
føreset at midlane går til mindre investeringar i tiltak for kollektivtransport,
sykling og gonge i tråd med føremålet med tilskotsordninga, og det
vil bli stilt krav om ei enkel rapportering om bruken av midlane.
Komiteen viser til at dei ulike
tilskotsordningane under kap. 1332, Transport i byområda, post 66
Tilskot til byområda har ulike føremål. Rapporteringa frå byområda
til Statens vegvesen viser at det samla ved utgangen av 2021 står
betydelege midlar ubrukte, om lag 1,25 mrd. kroner til saman for
dei fire byområda.
Komiteen viser til at det har
blitt arbeidd med ei føresegn om at nullutsleppskøyretøy ikkje skal
betale meir enn 50 pst. parkeringsavgift samanlikna med konvensjonelle
køyretøy. Dette arbeidet er no stilt i ro i påvente av vurderinga
av bruksfordelane for elbilar i byområda. Samferdselsdepartementet
vil kome tilbake til Stortinget om saka på eigna måte.
Komiteen viser til at Stortinget
ved behandlingen av Innst. 2 S (2021–2022) vedtok følgende:
«Stortinget ber regjeringen
utrede og legge frem forslag om hvordan man kan likestille GA-kjøretøy
som kjører på biogass, med el- og hydrogendrevne biler i bomringene
snarest mulig og i løpet av 2022.»
Samferdselsdepartementet
har derfor gitt Statens vegvesen i oppdrag å utarbeide en løsning
med egen takstgruppe for alle gassdrevne kjøretøy (GA) i takstgruppe
2 (tunge kjøretøy). Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til
Stortinget om saken.
Komiteen viser til at Stortinget
ved behandlingen av Prop. 22 L (2020–2021) Endringer i vegtrafikkloven og
yrkestransportloven, jf. Innst. 131 L (2020–2021) fattet dette vedtaket:
«Stortinget ber regjeringen
utarbeide forslag til en lovhjemmel som gjør det mulig for norske
myndigheter å tilbakeholde kjøretøyer som skylder bompenger, og komme
tilbake til Stortinget på egnet måte.»
Samferdselsdepartementet
viser til begrunnelsen for ikke å utarbeide en lovhjemmel for å
holde tilbake kjøretøy som skylder bompenger, i omtalen av anmodningsvedtaket
i Prop. 1 S (2021–2022). På denne bakgrunn foreslår departementet
å oppheve anmodningsvedtak nr. 211 fra stortingssesjonen 2020–2021,
jf. forslag til romertallsvedtak.
Komiteen viser til at Stortinget
ved behandlingen av Dokument 8:179 (2020–2021) om medisinsk begrunnet
dispensasjon etter førerkortregelverket for svaksynte, jf. Innst.
432 S (2020–2021), fattet dette vedtaket:
«Stortinget ber regjeringen
fremme sak om å myke opp adgangen til medisinsk begrunnet dispensasjon etter
førerkortregelverket, slik at personer med nedsatt syn kan få førerrett
i tråd med praksis som gjaldt frem til 2019.»
Statens vegvesen
og Helsedirektoratet har fått i oppdrag å utrede hvordan vedtaket
kan følges opp. Departementet vil komme tilbake til saken på egnet
måte.
Komiteens flertall,
medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Senterpartiet og Sosialistisk
Venstreparti, viser videre til at Stortinget ved behandlingen
av Innst. 2 S (2021–2022) vedtok følgende:
«Stortinget ber regjeringen
ta initiativ overfor Statens Vegvesen om å gjennomføre tiltak og
reguleringer i dialog med Oslo kommune som kan redusere den lokale
støy- og forurensningsbelastningen for beboere langs Riksvei 4 mellom
Sinsen og Grorud.»
Samferdselsdepartementet
har bedt Statens vegvesen om å gå i dialog med Oslo kommune for
å finne gode løsninger for å bedre trafikksituasjonen på rv. 4 Trondheimsveien,
Sinsen–Grorud, både på kort og lang sikt.