Europautvalget - EØS-utvalet måndag 20. oktober 1997 kl. 16.15

Dato: 20.10.1997

Formalia

Formalia

Møtet vart leidd av utvalets leiar, Haakon Blankenborg.

Til stades var: Haakon Blankenborg, Jan Petersen, Dag Danielsen, Kjell Engebretsen, Fridtjof Frank Gundersen, Johan J. Jakobsen, Marit Nybakk, Elsa Skarbøvik, Erik Solheim, Einar Steensnæs, Siri Frost Sterri og Tom Thoresen.

Av Regjeringas medlemmer var til stades: Utanriksminister Knut Vollebæk.

Følgjande embetsmenn vart gitt adgang til møtet: Frå Statsministerens kontor: Statssekretær Odd Jostein Sæter, Frå Utanriksdepartementet: Statssekretær Åslaug Haga, Ekspedisjonssjef Atle Leikvoll, Avdelingsdirektør Anders Erdal, Byråsjef Beate Ekeberg og Byråsjef Hanne-Marie Kaarstad.

Vidare var til stades utvalets faste sekretær, Åge B. Grutle.

Komiteens leiar: Eg vil ønskje utanriksminister Knut Vollebæk velkommen.

Dette er det første møtet i EØS-utvalet. Det er faktisk første gongen EØS-utvalet startar opp i ei stortingsperiode, det eksisterte ikkje då førre stortingsperiode starta. Dette EØS-utvalet består av utanrikskomiteen og det blir tiltrådt av dei som er med i EØSdelegasjonen frå Stortinget. Eg skal kome litt tilbake til den språkbruken, men dette er, eg hadde nær sagt, grunnstamma i dette EØS-utvalet. I tillegg kan fagkomitear bli innkalla, og det same gjeld fagstatsrådar på særskilte saker.

Når vi har valt å kalle inn til dette møtet, er det fordi det nærmar seg eit møte i EØS-komiteen, og det er EFTA-EU-komiteen i Brussel som skal møtast, så vidt eg forstår den 31. Utanriksministeren reiser vel utanlands allereie ganske snart og dermed er dette det høvet vi har til å møte den nye Regjeringa før møtet i Brussel. Det er ingen annen grunn enn at dette var det eine høvet vi hadde for å ha eit slikt møte og for å avverje eventuelle mistydingar, men også for å gi den informasjonen som Regjeringa måtte ha og dei synspunkta som partia måtte ha her.

Vi har ikkje innkalla nokre andre komitear. På sakslista er det ein del saker som gjeld f.eks. samferdsel, og ein kunne vurdert å innkalle andre komitear, men vi har ikkje gjort det - delvis fordi komiteane heller ikkje var konstituerte på dei tidspunkta som innkallinga gjekk, men også fordi ein har vore innom fleire av desse sakene i tidlegare møte og partia gav for så vidt synspunkt i det førre EØS-møtet på ein del av desse sakene. Det betyr ikkje at ein ikkje nå kan kome tilbake med nye synspunkt på dei same sakene dersom behovet skulle vere til stades, men fleire av dei var nemnt i eit tidlegare møte fordi det stod på dagsordenen, men vart utsett, så vidt eg forstod i behandlinga i EØS-komiteen i Brussel.

Seinare vil vi kome tilbake og bruke fagkomiteane. Det vil iallfall vere min intensjon at ein mest mogleg brukar fagkomitear i saker som gjeld dei respektive fagområda. Eg føreset at vi saman med departementet kan fortsetje arbeidet med å finne fram til ei form der vi kan samle saker som til ein viss grad er like, det vil seie at saker som gjeld eitt fagområde kan bli samla i størst mogleg grad i eitt møte slik at ein lettare kan kalle inn både fagstatsråd og fagkomite. Det vart gjort nokre forsøk på det også i tidlegare periode, men det kjem eg tilbake til som ei reint praktisk sak. Departementet har også utarbeidd oversikt over komande rettsakter, både vedtatte og ikkje vedtatte rettsakter i EU, som kan liggje til grunn for eit slikt meir systematisert arbeid, så det reknar eg vil fortsetje som før, og at vi stadig forbetrar oss på det.

Det er vel det meir generelle om møtet. Forhandlingane er fortrulege. Dokumenta er så langt mogleg offentlege. Samandraget som er utsendt og dagsorden er offentleggjort på vanleg måte, slik at alle interesserte og alle som kanskje ikkje er interesserte men som må, har hatt høve til å setje seg inn i det. Men sjølve forhandlingane er fortrulege og vil normalt bli offentleggjort om eitt år i tråd med tidlegare vedtak i Stortinget på dette, i motsetning til den utvida utanriks- og konstitusjonskomiteen der ein lagrar debatten i 30 år.

Det er vel stort sett det vi treng å seie om det generelle før vi går på sakslista. Er det nokre kommentarar eller spørsmål når det gjeld dette?

Det er det ikkje. Da føreslår eg at vi følgjer sakslista og tar rettsaktene som nr. 1, det vil seie det som står i det samandraget som er omdelt, og under Eventuelt går vi gjennom dei ulike andre sakene som er aktuelle i EØS-komitemøtet og eventuelt andre saker som måtte vere av interesse.

Men først rettsaktene. Eg gir ordet til utanriksministeren.