Ole Johs. Brunæs (H):
Jeg skal få lov
til å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:
Følger planbehandlingen og
reguleringsplanene for den nye Gardermobanen fremdriftsplanen, og vil
investeringsrammene for den nye banen holdes?
Statsråd Kjell Opseth:
Planlegginga av
Gardermobanen følgjer så langt den oppsette framdriftsplanen, der det er
føresett at kommunane gjer vedtak om reguleringsplanane før sommaren 1994.
Framdrifta av den einskilde reguleringsplan er fastlagd i samråd med
kommunane og samstundes avpassa mot dei framdriftskritiske delane av
prosjektet.
Framdrifta i dette planarbeidet med
politisk handsaming og vedtak i kommunane er heilt avgjerande for at banen
kan stå ferdig samstundes med opninga av flyplassen slik at vi oppnår den
miljøgevinsten banetransport har i høve til tilbringartransport med bil og
buss. Samferdselsdepartementet, NSB og NSB Gardermobanen A/S vurderer difor
kontinuerleg framdrifta av reguleringsplanarbeidet.
På nordsida av flyplassen fram til
Eidsvoll følgjer reguleringsplanlegginga same framdrift som for resten av
banen, slik at reguleringsplanane ikkje skal vere til hinder for
ferdigstilling samstundes med flyplassen.
I budsjettproposisjonen for 1994 er
investeringsramma for Gardermobanen oppgjeven til 4850 millioner
1994-kroner. Kostnadsoverslaget har ei uvisse på pluss/minus 20 pst. NSB
vurderer fortløpande risiko og uvisse.
I august 1993 gjennomførte NSB
Gardermobanen A/S ei ny uavhengig vurdering av dei totale kostnadsrammene
for prosjektet, inkludert risiko- og uvissevurderingar. Med bakgrunn i
dette arbeidet er det ikkje grunn til å endre dei investeringsrammene som
låg til grunn for Stortinget sitt vedtak.
Ole Johs. Brunæs (H):
Jeg takker
statsråden for svaret. Bakgrunnen for spørsmålet er at et flertall i Høyres
gruppe støttet Gardermoen-utbyggingen, men under den uttrykkelige
forutsetningen at kostnadene skal ligge innenfor de vedtatte rammene. Det
er grunnen til at vi gjerne vil forsikre oss om at plan- og
reguleringsarbeidet skjer innen de gitte tidsfrister og innenfor de gitte
økonomiske rammene.
Nå forstod jeg på statsråden at
tidsplanen var stram, og det som her er spørsmålet, er: Når er tidspunktet
inne for at statsråden må ta stilling til om han skal benytte seg av statlig
reguleringsplan eller ikke? Når er « the point of no return »?
Statsråd Kjell Opseth:
Eg vil helst
ikkje gå inn i ein diskusjon om bruk av statleg reguleringsplan før eg er
sikker på at det blir naudsynt. No går den kommunale prosessen, og det er
mi oppfatning at den må få lov til å gå, og så får vi vurdere resultatet av
dei avgjerder som der kjem, og på det grunnlaget ta stilling til om ein må
bruke statleg reguleringsplan eller ikkje. Men sommaren 1994 er det magiske
tidspunktet.