Stortinget - Møte onsdag den 23. februar 1994

Dato: 23.02.1994

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 30

Erling Folkvord (RV): « Statsbedriften NSB har tatt EØS-kjørereglene på forskudd i den grad at Oslo-bedriften Levahn nå står i fare for å bli nedlagt, etter å ha blitt underbudt av den tyske giganten Robel/Plasser & Theurer.

Vil statsråden gjøre noe for å sikre arbeidsplassene ved Levahn og den kompetansen som er bygget opp ved bedriften gjennom mange år? »

Statsråd Kjell Opseth: Denne saka gjeld NSBs innkjøp av lastehengarar. Innkjøpet vart gjennomført i samsvar med det statlege innkjøpsregelverket, kap. IV Kjøp etter forhandling. Det kom inn sju tilbod, og etter ei vurdering av tilboda stod NSB igjen med to aktuelle leverandørar, Levahn og ein tysk leverandør. Etter ei totalvurdering valde NSB den tyske leverandøren, som hadde det beste tilbodet både på pris og levering.

NSB har ikkje teke noko EØS-regelverk på forskot. Som nemnt har NSB nytta det statlege innkjøpsregelverket ved dette innkjøpet. Også tidlegare innkjøp av lastehengarar er gjennomførte etter internasjonal tilbodskonkurranse. NSB har opplyst at bedrifta heller ikkje tidlegare har kjøpt lastehengarar av Levahn.

Ei forvaltningsbedrift som NSB skal ha stort sjølvstende i saker som gjeld forretningar. I slike saker skal bedriftsøkonomiske vurderingar leggjast til grunn ved val av leverandør. Kjøpet av lastehengarar var ei slik sak. Dette inneber ikkje at NSB i denne saka berre har vurdert dei reint forretningsmessige sidene. NSB har vurdert om det kunne ha vore nytta offentlege forskings- og utviklingskontraktar i samband med innkjøpet. Dette var ikkje aktuelt fordi lastehengarar er eit produkt som er teknisk enkelt, og som har vore på marknaden i mange år.

Det er ikkje mitt inntrykk at NSB føretrekkjer utanlandske leverandørar framfor norske. Men norske leverandørar må vere konkurransedyktige for å få leveringar. Under elles like forhold ser NSB helst at norske bedrifter får leveransane. Det er også i NSB si interesse at det finst norske leverandørar som er konkurransedyktige.

Avgjerda i denne innkjøpssaka har sjølvsagt ikkje noko å seie for framtidige innkjøp. Eg vil her understreke at det først og fremst må vere opp til Levahn sjølv å kome opp med produkt og vilkår som er høvelege for NSB. I den samanheng kan mellom anna offentlege forskings- og utviklingskontraktar vere nyttige. NSB har overfor Levahn signalisert at det kan vere aktuelt med offentlege forskings- og utviklingskontraktar i framtida, dersom firmaet kan kome opp med produkt som er tilpassa NSB sitt behov, og som kan vere konkurransedyktige.

Erling Folkvord (RV): Dersom ein ser avgjerda i fleire innkjøpssaker under eitt og ser på statsråden sitt svar, meiner eg at vi nå får stadfesta at NSB sine innkjøpsansvarlege har Regjeringa si støtte til i praksis å ta EØS-avtalen på forskott, og har tolka innkjøpsreglane som eit forbod mot å tenke norsk, som eit forbod mot å tenke langsiktig, for eksempel med omsyn til reservedelsprisar, og som eit forbod mot å ta fleire samfunnsmessige omsyn enn det ein middels lommekalkulator er i stand til. Men både i fagrørsla og elles er det mange som meiner at ei samfunnseigd bedrift skal ta slike omsyn.

Vi synest det skader norske interesser når tyske Robel får den norske statens hjelp til å skaffe seg tilnærma verdsmonopol. Om få år kan NSB stå overfor eit tysk monopol som kan diktere prisen.

Spørsmålet er da: Har statsråden nå, etter at EØS-avtalen er innført, nokon moglegheiter - dersom statsråden vil - til å pålegge NSB å tenke norsk, ta norske samfunnsmessige omsyn og legge vekt på at NSB er tent med, som statsråden sa, å ha ein norsk konkurrent til Robel? Eller vil einaste utveg vere å seie opp EØS-avtalen for å få lov til å ta slike omsyn?

Reidar Sandal: hadde her teke over presidentplassen.

Statsråd Kjell Opseth: Eg gjentar at NSB ikkje har tatt nokon EØS-avtale på forskott. Ikkje er det heller slik at desse innkjøpa endrar karakter, anten ein no snakkar om EØS-avtalen eller ein snakkar om ein EU-medlemskap.

Det er eingong slik at NSB si primære oppgåve er å frakte passasjerar og gods sikkert, raskt og billig. Då er det NSB si hovudoppgåve å syte for at utgiftene dei har i denne samanheng, er så små som råd er. Men så skal det også liggje ei totalvurdering til grunn for dei innkjøpa som blir gjorde. Denne totalvurderinga er blitt gjord og vil bli gjord.

Erling Folkvord (RV): Eg har ei ubehageleg kjensle av at den totalvurderinga vil bli omtrent likeins om den blir gjord av ein lommekalkulator eller av statsråden eller av NSB underlagt EØS-avtalen. Men la nå det ligge.

I første svaret sitt snakka statsråden om moglegheita for forskings- og utviklingskontraktar overfor også Levahn. Da den som skulle ha svart på dette spørsmålet, næringsstatsråden, tiltrådde, varsla han over to sider i Arbeiderbladet at han skulle slåst for industriarbeidsplassar i Oslo. Det var det mange som festa stor lit til, spesielt innan fagrørsla i Oslo.

Eg vil be statsråden gjere greie for om vi nå kan vente oss noko konkret initiativ for å følgje opp den positive moglegheita som låg i statsråden sitt første svar. Vil vi få ei oppfølging frå Regjeringas side, ut frå den lovnaden frå næringsstatsråden den gongen han tiltrådde, som eg refererte til? Sjølv om det er ein annan statsråd som svarar, er dette eit veldig viktig spørsmål for dei som ønskjer at vi framleis skal ha industri i Oslo.

Statsråd Kjell Opseth: Om representanten Folkvord hadde vore litt lenger i denne sal enn han har vore, ville han for lengst ha oppdaga at denne regjeringa i over tre år ikkje har gjort noko anna enn å kjempe for å bevare industriarbeidsplassar og skape nye industriarbeidsplassar, anten det no er i Oslo eller i resten av landet. Det er den oppgåva som vi har tatt mest alvorleg av alle.

At dei måtane vi gjer det på, ikkje fell i god jord hos representanten Folkvord, er no så. Det får vi leve med. Men det er no eingong slik at det er det som har vore Regjeringa si hovudoppgåve, eller jobb nr. 1, i over tre år no.