Stortinget - Møte onsdag den 4. mai 1994

Dato: 04.05.1994

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 35

Gunnar Fatland (H): Jeg skal få lov å stille følgende spørsmål til nærings- og energiministeren, nå representert ved samferdselsministeren:

Med de krav til økt omsettelighet av kraftanlegg som naturlig følger av et friere kraftmarked, vil statsråden ta initiativ til å oppheve den fylkeskommunale og kommunale forkjøpsrett som følger av industrikonsesjonsloven § 9?

Statsråd Kjell Opseth: Reglane om forkjøpsrett for det offentlege ved konsesjonspliktige erverv av vassfall har vore ein del av industrikonsesjonslova sidan den vart vedteken i 1917. Etter dagens lovverk har staten forkjøpsrett ved erverv av vassfall. Dersom staten ikkje nyttar seg av sin rett, har fylkeskommunen der vassfallet ligg, høve til å gjere forkjøpsretten gjeldande. Det er derimot ikkje høve for kommunar til å nytte forkjøpsretten ved sal av vassfall. Det er heller ikkje høve for ein fylkeskommune å gjere forkjøpsretten gjeldande ved erverv som tidlegare har vore konsesjonshandsama. Forkjøpsretten for fylkeskommunar er derfor avgrensa til konsesjonsfrie vassfall. Dette gjeld privateigde vassfall kjøpte før konsesjonslovgivinga vart innført og fylkeskommunalt og kommunalt eigde vassfall erverva før ei lovendring i 1969.

Dersom staten avstår frå å gjere bruk av sin forkjøpsrett, er det heller ikkje slik at fylkeskommunen automatisk kan tre inn i erverva, sjølv om fylkestinget gjer vedtak om det. Eit slikt fylkeskommunalt vedtak må godkjennast av Kongen. Styresmaktene står her heilt fritt ved vurderinga. Det er svært få tilfelle der fylkeskommunal forkjøpsrett er gjort gjeldande. I desse høva har vi både eksempel på at godkjenning har vorte gitt, og at godkjenning har vorte nekta. Fylkeskommunane er vanlegvis svært tilbakehaldne med å gjere bruk av forkjøpsretten.

Eg har vanskar med å sjå at den fylkeskommunale forkjøpsretten slik den no er praktisert, vil leggje særleg band på omsetninga av kraftverk. Det er heller ikkje noko motstridande mellom offentleg eigarskap og ei marknadsbasert kraftomsetning.

Spørsmålet om det offentlege sin forkjøpsrett var sist oppe til handsaming i Stortinget i samband med endringane i energilova som fylgje av EØS-avtala. Statens forkjøpsrett vart då utvida. Regjeringa ser det slik at offentleg eigarskap - statleg, fylkeskommunal og kommunal - er eit viktig ledd i målsetjinga om å ta vare på den nasjonale kontrollen over vasskraftressursane. Det framstår derfor for meg som lite aktuelt å setje i gang ein ny omfattande lovendringsprosess.

Gunnar Fatland (H): Jeg takker statsråden for svaret,

og presiserer at Høyre er enig i den statlige forkjøpsrett som et nasjonalt sikkerhetsnett og en sikkerhetsventil for å sikre styring og kontroll med disse viktige ressursene.

Når det så gjelder den aktuelle situasjon som har brakt dette spørsmålet opp, jeg tenker da på Mathiesen-Eidsvold Værk og Akershus Energiverk, er det en rekke forhold som er betenkelige etter min oppfatning. Det gjelder salg mellom privat kjøper og privat selger. Flere kommuner vurderer salg. De vil for eksempel prioritere økt innsats i eldreomsorg istedenfor eierskap i kraftsektoren. Det at en kan begrense muligheten her, kan også få virkning på prisnivået for omsetning av kraftverk. Jeg forstår svært godt at det som skjer i denne aktuelle saken, av mange betraktes som underlig forretningsetikk.

Nå sa statsråden at Kongen har anledning til å vurdere dette på fritt grunnlag, og jeg håper statsråden kan bekrefte at den friheten blir benyttet til å ta en fornuftig beslutning i den konkrete saken som jeg nå nevnte.

Statsråd Kjell Opseth: Som eg sa i mitt hovudsvar, skal fylkeskommunal bruk av forkjøpsretten godkjennast av Kongen. Og det ligg i sakas natur og i Regjeringas ånd at vi alltid gjer fornuftige vedtak.

Gunnar Fatland (H): Hvis statsrådens svar kan tolkes dithen at kommuner og fylkeskommuner prioriterer eierskap i kraftverk fremfor å løse de kommunale og fylkeskommunale oppgaver som i dag er presserende, og Regjeringen i det nevnte tilfellet gir den konsesjon som Akershus Energiverk har bedt om, da er jeg uenig i statsrådens konklusjon.

Statsråd Kjell Opseth: Eg registrerer det representanten Fatland no gir uttrykk for. Men framleis vil eg hevde at det vedtaket Regjeringa gjer, vil vere eit rett vedtak.