Stortinget - Møte onsdag den 26. oktober 1994

Dato: 26.10.1994

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 34

Syver Berge (Sp): Eg stiller følgjande spørsmål til samferdselsministeren:

Korleis vil skogbruksnæringa sine transportkostnader bli endra ved eit eventuelt norsk EU-medlemskap, og kva vil dette koste skogindustrien?

Statsråd Kjell Opseth: Ein eventuell EU-medlemskap vil ikkje i seg sjølv ha verknad for skogindustrien sine transportkostnader. Ei eventuell framtidig harmonisering av til dømes vekt og dimensjon for køyretøy innan EU vil Noreg måtte ta som ledd i EØS-avtalen.

Det ligg føre eit framlegg frå kommisjonen til rådsdirektiv om harmonisering av vekt og dimensjon i nasjonal trafikk. Kommisjonen sitt framlegg inneheld reglar om maksimal vekt for vogntog og maksimal lengd, breidd og høgd.

Slik det no ser ut, blir det ikkje fatta vedtak i EU om harmonisering av totalvekt. Direktivframlegget gjev heimel for svært vidtgåande dispensasjonar. I samband med dette vil eg nemne at Noreg har fått klare indikasjonar frå kommisjonen om at vi i alle høve kan halde fram med å nytte vogntog med 22 meter lengd i tømmertransporten.

Direktivframlegget, slik det no ligg føre, vil gje ein mindre reduksjon i tillaten vogntoglengd - frå 18,5 meter til 18,35 meter. I og med at vi reknar med å kunne halde fram med 22 meter lengd for tømmertransport, vil ein slik mogleg reduksjon få verknad vesentleg for flistransport, med 5-7 pst. høgare transportkostnader. Dette kan kostnadreknast til ca. 2 millioner kr pr. år for skogindustrien samla sett. Eg vil likevel understreke at saka ikkje er ferdighandsama i EU sitt ministerråd, og at det er for tidleg å seie noko om dei endelege reglane, også overgangsreglane.

Men slik det no ser ut, kan eg ikkje sjå at framlegget vil ha vesentlege verknader for norsk skogindustri utover det eg har nemnt for transport av flis.

Syver Berge (Sp): Eg vil takke statsråden for eit greitt utfyllande svar som gav klårleik i dette spørsmålet ut frå at dette er ting som har med EØS å gjere, men som òg vil få innverknad dersom vi blir EU-medlemer.

Når det gjeld standardiseringa og det som skjer der, er det heilt rett det statsråden seier. Transportbrukernes Fellesorganisasjon har rekna ut at dersom vi kjem inn under denne ordninga, vil transportkostnadene innafor skogbruksindustrien og skogbruksnæringa få ei ekstrautgift på 70 millioner kr. Nå sa statsråden at dette ikkje var heilt klårlagt i Ministerrådet, og trur du at desse tala er oppkonstruerte, eller ser du på dette som fornuftige tal?

Presidenten: Presidenten vil understreke at all tale skal gå via presidenten.

Statsråd Kjell Opseth: Når det er rekna ut kostnader for 70 millioner kr, må det bygge på at vi må gå ned frå 22 meter til 18,35 meter, noko som eg ikkje ser som aktuelt. Dersom representanten Syver Berge er med å ordne det slik at vi får vere med å diskutere desse spørsmåla etter den 1. januar 1995, trur eg at eg med stor tryggleik kan seie at dei skal få lov å køyre med 22 meter også i framtida.