Oddvard Nilsen (H):
I Dagbladet 8.
november 1994 fremgår at staten dekker underskudd i Jernbanens sykekasse.
På hvilket grunnlag er det gitt
bevilgninger til å dekke underskudd i Jernbanens sykekasse, og vil
departementet bringe ordningene med tilleggsytelser utover folketrygden til
opphør?
Statsråd Kjell Opseth:
Den
sjukekasseordninga NSB har i dag, har sin bakgrunn i inkorporeringa av
sjuketrygda i folketrygda frå 1. januar 1971. Omlegginga vart vedteken av
Stortinget ved handsaminga av Ot.prp.nr.42 (1969-1970) Om lov om endringer i
lov om folketrygd av 17. juni 1966. Det låg mellom anna i dette vedtaket at
ytingar til sjuketrygda ikkje burde setjast ned som følgje av omlegginga.
NSB hadde frå tidlegare åtte
sjukekasser som vart nedlagde i og med inkorporeringa. For at tilsette i
NSB ikkje skulle kome dårlegare ut enn tidlegare, vedtok Stortinget gjennom
handsaminga av St.prp.nr.151 (1970-1971), jf. Innst.S.nr.252 (1970-1971),
at NSB skulle yte tilskot til ei suppleringssjukekasse for tenestemenn i NSB
og for pensjonistar frå NSB. I proposisjonen vart det òg gjeve nærare
retningsliner for utrekning av tilskotet, som for 1994 vil liggje på 30-32
millioner kr. Tilskotet dekkjer tilleggsytingar til mellom anna lækjar,
tannlækjar, medisinar og administrasjonskostnader.
Eg konstaterer at ordninga følgjer av
eit stortingsvedtak.
Oddvard Nilsen (H):
Representanten er
kjent med bakgrunnen for vedtaket i forbindelse med omlegging av
folketrygden og har selvsagt ikke noe imot at en gruppe mennesker får bedre
avtaler dersom en bedrift er i en slik situasjon at den økonomisk sett kan
gi sine ansatte slike fordeler. Men situasjonen er slett ikke slik i NSB.
NSB har et betydelig underskudd, og på den måten kommer disse avtaler i et
litt urimelig forhold.
Mitt spørsmål til statsråden: Hvis han
er enig i at det eksisterer en del gode særavtaler i NSB, og samtidig at man
ikke skal rette på disse avtalene, er statsråden da også enig i at man bør
fremlegge for Stortinget en samlet økonomisk oversikt over hva disse
særavtaler innebærer, for å kunne gjøre en riktig vurdering av underskuddet
i NSB?
Statsråd Kjell Opseth:
I 1991 var det
i overkant av 2000 særavtalar i NSB. Vi har gjennom det arbeidet som har
vore gjort etter den tid, reforhandla desse særavtalane, slik at ein i dag
har i underkant av 100. Det vil seie at det har vore føretatt eit svært
oppryddingsarbeid.
Det vi snakkar om i dette tilfellet,
har sin basis i eit stortingsvedtak, og vil måtte leggjast fram for
Stortinget dersom det skal skje endringar. Men arbeidet i NSB med å rydde
opp i talet på særavtalar held fram. Det ligg i sakas natur at det er det
vanskelegaste som er igjen, og det arbeidet vi no må gjere i forhold til
NSB, vil sjølvsagt også omfatte økonomiske kompensasjonar til dei tilsette.
Oddvard Nilsen (H):
Jeg takker for
svaret.
Mitt poeng er følgende: Dersom det nå
blir kritikk mot blant annet styret i NSB for at det ikke makter å gjøre det
det skal med avtalene, og hvis det er slik at man ønsker å opprettholde
visse deler av særavtalene, bør dette framkomme, slik at man kan vurdere
styrets handlinger og virkemåte på en korrekt måte. Er statsråden enig i
det?
Statsråd Kjell Opseth:
Eg er overtydd
om at styret i den situasjon som NSB no er i, går inn i alle avtalar og alle
forhold som har med økonomien i drifta å gjere, og så får vi sjå kva det
fører til når den saka kjem til departementet og i sin tur til Stortinget.