Stortinget - Møte onsdag den 15. februar 1995

Dato: 15.02.1995

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 27

Astrid Marie Nistad (A): Eg har eit spørsmål til fiskeriministeren:

Det vert hevda at Fiskeridepartementet trenerer framdrifta på Stad skipstunnel.

Kan statsråden orientere om kor saka står i dag og vidare framdrift?

Statsråd Jan Henry T. Olsen: Eg har også lese avisoppslag om det representanten Nistad syner til, og vil ta fråstand frå det. I spørjetimen den 4. mai 1994 lova eg ein nytte-kostnadsanalyse og at den skulle liggje føre hausten 1994. Det gjorde den, og i salderingsproposisjonen blei søknaden frå dei tre fylkeskommunane på Vestlandet om 6 millioner kr til vidare utgreiing om Stad skipstunnel omtalt. Regjeringa ynskte å få gjennomdrøfta alle tilhøva i saka, m.a. tryggleik, samferdsle og økonomi. Regjeringa sa også at saka ville bli lagd fram for Stortinget seinast i samband med det reviderte budsjettet. Fleirtalet i komiteen tok dette til etterretning. Regjeringa tar sikte på å halde den skisserte framdrifta i saka.

Eit element i sakshandsaminga i Fiskeridepartementet er kontakt med dei lokale styresmaktene - i denne saka representert ved styringsgruppa for Stad skipstunnel v/fylkesordføraren i Sogn og Fjordane. I eit brev av 9. januar 1995 har styringsgruppa kome med ei rekkje merknader til nytte-kostnadsanalysen. Eg vil syte for at dei merknadene blir grundig vurderte, men det betyr også at det vil gå tid til det. Styringsgruppa er blitt førespegla eit møte med Fiskeridepartementet i løpet av tre vekers tid der også desse spørsmåla kan diskuterast.

Astrid Marie Nistad (A): Eg tek ordet kanskje meir for å takke statsråden for eit svar som stadfestar at det ikkje er noko grunnlag for den kritikken som er reist frå leiaren av styringsgruppa når det gjeld akkurat denne saka. Den ligg med andre ord rimeleg godt an i løypa i forhold til den framdrifta det var lagt opp til av Regjeringa i samband med budsjettbehandlinga i haust.

Det eg eventuelt kunne ha lyst til å stille spørsmål til statsråden om, er at det i samband med Transportøkonomisk institutt sin rapport om Stad skipstunnel har kome fram ein del tal som kan tykkjest urimeleg høge sett i forhold til det styringsgruppa no har lagt fram av nytt talmateriale. Det er veldig vanskeleg å gå inn i ein nytte-kostnadsanalyse, og eg har òg litt problem med å sjå korleis ein i ein slik kostnadsanalyse kan klare å rekne ut den tryggleiken som dette vil gje dei som skal bruke kysten og dette vanskelege sjøstykket i leia vår - altså moglegheita til å legge det inn i slike nytte-kostnadsanalysar. Eg håpar at statsråden her kan stadfeste at det òg vert vist eit visst skjønn ved ei slik avgjerd.

Statsråd Jan Henry T. Olsen: En nytte-kostnadsvurdering er alltid en vanskelig sak, for man skal forsøke å favne over det man kan kalle sosialøkonomisk lønnsomme samfunnsinvesteringer, vurdert opp mot det det koster å gjøre dem. Man kan egentlig dele dette grovt sett i to. Det ene er den nytten for samfunnet som lar seg kalkulere, og det andre er den nytten som vi ser politisk er der, men som ikke lar seg beregne. Alle disse elementene forsøker man å ivareta i nytte-kostnadsanalyser, også i analysene i Transportøkonomisk institutt. Man har hatt møte med dem og gått gjennom også de elementene som de ikke har omtalt, fordi dette ikke er kalkulerbare størrelser.

Det som er årsaken til kostnadsøkningen etter det jeg har kunnet se så langt, er at de har måttet gå dypt inn i det sikkerhetsmessige aspektet ved å sende skip gjennom fjell. Det er nemlig det det dreier seg om, og det er en helt ny situasjon. Selve nytte-kostnadsvurderingen vil bygge på den lange, gode erfaringen man har fra samferdselssektoren. Jeg har i lang tid som politiker vært med på diskusjonen rundt en del bruer og tunneler som også har måttet være gjenstand for nytte-kostnadsvurderinger, og det vil være samme metodikk som i prinsippet ligger bak denne.

Astrid Marie Nistad (A): Min merknad - som eg ikkje ventar noko svar på - går på at dette på mange måtar kan verte eit pilotprosjekt, som igjen kan vere av stor nytte for norsk næringsliv og våre interesser der, i og med at vi kan vere i første rekke teknologisk sett òg innafor bygging av skipstunnel i fjell.

Presidenten: Vi går så til spørsmål 13.