Spørsmål 23
Ingvald Godal (H):
Eg vil gjerne få
stille fylgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren,
som svarar for forsvarsministeren:
Ifylgje oppslag i media ligg det føre
planar om å pålegge 10.000 vernepliktige å ta del i eit forsøksprosjekt om
pedofili. Vernepliktige er innkalla for å lære å forsvare landet.
Vil statsråden syte for at dei slepp å
bli bruka som forsøkskaninar i undersøkingar om pervers sex?
Statsråd Gudmund Hernes:
Forsvaret har
fra Barne- og familiedepartementet fått en forespørsel om å la vernepliktige
som avtjener førstegangstjeneste, delta i et prosjekt hvor hovedmålsettingen
er primærforebygging av seksuelle overgrep mot barn.
Henstillingen om å delta i et slikt
omfattende prosjekt som ikke har relevans til Forsvarets virksomhet, er
avslått i brev til Barne- og familiedepartementet 31. januar i år. Dette er
meddelt videre fra Barne- og familiedepartementet til Norsk senter for
barneforskning som prosjektansvarlig i brev av 28. februar.
Forsvaret er imidlertid villig til å
bidra med holdningsskapende informasjon gjennom undervisning i prestens
time. Innenfor en slik ramme er det etablert et samarbeid mellom Barne- og
familiedepartementet og Forsvarsdepartementet. Jeg anser at dette
imøtekommer Stortingets henstilling i
Innst.S.nr.174
(1993-1994) til St.meld.nr.53 (1992-1993) om seksuelle overgrep mot barn, om
en bevisstgjøring omkring dette tema for menn under førstegangstjeneste.
Ingvald Godal (H):
Dette er sjølvsagt
eit veldig alvorleg tema. Men eg trur det er noko i det gamle ordtaket som
seier: « Dit du ser, dit kjem du ». Eg trur det ofte er overdriven tukling med
mange ting i samfunnet i dag som kanskje gjer vondt verre, og som me bør
vera veldig på vakt mot. Eg er difor glad for at Forsvaret har avvist å
pålegge vernepliktige å vera med i eit forsøksopplegg som det var tale om
her. Eg trur det ville ha verka veldig fråstøytande og ubehageleg vondt for
mange vernepliktige å vera med på noko slikt.
Eg trur òg at alle vernepliktige i
dette land veit at dette er både moralsk forkasteleg og ulovleg. Men eg har
ingen ting imot, sjølvsagt, at presten tar dette opp i prestens time som ein
del av moralsk oppseding. Og eg føreset då at det er presten som bestemmer
kva slags form dette skal ha, og ikkje utanforståande.
Presidenten: Vi går då tilbake til
spørsmål 14.