Stortinget - Møte onsdag den 24. mai 1995

Dato: 24.05.1995

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 6

Rune E Kristiansen (A): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til statsråden:

Verdens Gang har tirsdag 16. mai 1995 et oppslag som forteller at Oslo kommune har fratatt en familie deres parkeringstillatelse som var tilknyttet deres funksjonshemmede sønn.

Mener statsråden at Oslo kommune ikke kunne ha innvilget denne parkeringstillatelsen i henhold til forskrifter gitt av departementet 15. mars 1994?

Statsråd Kjell Opseth: Det er bustadkommunen som etter gjeldande forskrift skal vurdere om vilkåra for parkeringsløyve for forflyttingshemma er til stades.

I dei einskilde sakene må difor kommunen, på bakgrunn av dokument i saka og sin kunnskap omkring tilhøva for parkering, ta stilling til om krava til løyve er til stades. Eg vil òg leggje til at klage på kommunen si avgjerd kan fremjast for kommunestyret eller eit særskilt kommunalt klageorgan.

Med omsyn til den konkrete saka frå Oslo kommune er eg berre kjend med den gjennom oppslag i Verdens Gang. Eg har difor ikkje grunnlag for å kommentere saka.

Vegdirektoratet skal følgje opp praktiseringa av forskrifta og gje kommunane naudsynt rettleiing. Vegdirektoratet skal òg halde departementet orientert, og ved behov fremje forslag til endringar i forskrifta.

Eg vil oppmode Vegdirektoratet om å innhente opplysningar om på kva måte forskrifta blir praktisert i kommunane, og i lys av dette og den aktuelle saka vil eg sjå på om det er grunnlag for å endre forskrifta.

Rune E Kristiansen (A): Jeg takker statsråden for svaret og ser det som svært positivt at statsråden signaliserer at han er villig til å vurdere forskriftene på nytt etter en gjennomgang i Vegdirektoratet. Men samtidig vil jeg gjerne uttrykke at kommunene har et særskilt ansvar, og at de etter mitt syn ikke kan skyve ansvaret over på departementet eller skylde på de forskriftene som i sin tid ble utarbeidet av departementet, uten at de selv tar avgjørelser ut fra rådende forhold. Jeg håper at statsråden kan si seg enig i at det er kommunene som har hovedansvaret i de respektive saker innenfor dette felt.

Statsråd Kjell Opseth: Det kan ikkje herske tvil om at det er kommunane som har avgjerdsmakt etter den forskrifta som vart utarbeidd av departementet 15. mars 1994. Noko anna ville vere heilt urimeleg. Det er kommunane som kjenner dei aktuelle sakene, og det er kommunane som har ansvaret for å leggje til rette for parkeringsplassar for funksjonshemma, og difor må denne avgjerdsmakta liggje på ei hand. Men eg vil, som sagt, sjå om forskrifta bør endrast i lys av det som no har hendt.