Stortinget - Møte onsdag den 15. november 1995

Dato: 15.11.1995

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 29

Unn Aarrestad (Sp): Eg vil få stilla følgjande spørsmål til fiskeriministeren:

Ifylgje Stavanger Aftenblad den 8. november 1995 vil det bli kasta 87.000 tonn hyse på sjøen i år. Dette blir gjort på grunn av EU-føresegner om « gjenutsetting » av småfisk, seier forskingssjef Odd Nakken ved Havforskningsinstituttet i Bergen.

Kva vil statsråden gjera for å endra desse føresegnene og dermed få slutt på yngeldrapet og miljøforureininga?

Statsråd Jan Henry T Olsen: Noreg og EU har i løpet av dei siste 20 åra samarbeidd om ressursforvalting. Arbeidet har gitt resultat, men det er enno viktige område der vi treng tiltak for å betre fiskeriforvaltinga. Dette gjeld m.a. fisket etter torsk, hyse, sei og kviting i Nordsjøen, der fiskeinnsatsen har vore for høg i høve til bestandsgrunnlaget. Det er her eit stadig problem at Noreg og EU har ulike reglar for utøvinga av fisket. Det er opp til kvar av partane å fastsetje slike reglar i eiga sone. Vi har i Noreg eit forbod mot utkast av fisk i vår sone, medan EU i si sone m.a. pålegg fiskarane sine å kaste ut fisk som anten er under minstemålet, er fiska i strid med gjeldande bifangstreglar eller er av ein art der kvoten allereie er fiska opp. Dette utkastet kjem i tillegg til dei kvotane som vert fastsette, og påverkar totaluttaket av desse bestandane.

Problemet med utkast i Nordsjøen har m.a. samanheng med at fisket etter torsk, hyse, sei og kviting er eit blanda fiske, eller « mixed fishery », som vi seier, og at det er særleg vanskeleg å ta reine fangstar av berre ein art.

Det internasjonale havforskningsråd reknar med at utkastet av hyse vil bli på om lag 90.000 tonn, slik som representanten Unn Aarrestad tok opp her, i 1996. Hysebestanden er likevel etter Det internasjonale havforskningsråds vurdering innafor sikre biologiske grenser og har vore i vekst. Dei kjende nivåa på utkast er inkluderte i grunnlaget for dei anbefalingane som vitskapsfolk gjer for neste års fiske. Noreg og EU har dei siste åra fastsett tiltak som tar sikte på å minske det totale fisketrykket og auke rekrutteringa til gytebestandane av m.a. torsk og hyse i Nordsjøen, t.d. ved å sjå på totalkvotane for desse bestandane i samanheng.

Den forvaltinga som EU i dag har, resulterer i at det skjer svært store utkast av fisk. Vi har gjennom fleire år halde fram det uheldige i EU sitt regelverk når det gjeld utkast. Det er både ressursøydande og miljøforureinande, og det svekkjer grunnlaget for ei rasjonell forvalting.

Vi fører årlege forhandlingar med EU på fiskerisektoren. I desse forhandlingane har vi søkt å få i stand ei harmonisering av regelverket for Nordsjøen. Det vil vi halde fram med i arbeidet for å påverke EU til å setje i verk ei meir forsvarleg forvalting av ressursane i Nordsjøen. I dette arbeidet må innsatsen aukast for også å utvikle fiskereiskap som kan betre selektiviteten i fisket, dvs. utvelginga av fiskeslag som skal fangast, og dei andre som går ut, og andre tiltak som effektivt kan verne ungfisken i Nordsjøen, slik at den fangsten som blir tatt, ikkje blir kasta ut, men blir brakt i land.

Unn Aarrestad (Sp): Eg takkar for svaret, som eg følte hadde eit postivt innhald. Bakgrunnen for spørsmålet mitt er opplysninga om at det vart fiska oppunder 200.000 tonn hyse i Nordsjøen, og av dette vart altså mest halvparten kasta over bord att. Som nemnt av statsråden, er det ulike reglar i EU og i Noreg, og det gjer at EU-flåten kastar ut veldig mykje av småfisken, som dermed går til spille. Eg er klar over at det vart arbeidd for å få til noko her, men likevel skriv Havforskningsinstituttet i Bergen i sin ressursrapport for 1994:

Det norske engasjementet for å få til et ansvarlig fiske i denne delen av vårt havområde har vært beskjedent hittil og tilsynelatende ganske fruktesløst.

Så til spørsmålet: Kva vil statsråden gjera for å få fortgang i dette, som må vera under all kritikk?

Statsråd Jan Henry T Olsen: Jeg tror at det området vi i våre farvann best kan få en bedret forvaltning på, nettopp er i Nordsjøen. Befolkningen som sokner til Nordsjøbassenget, går i dag glipp av betydelige samfunnsøkonomiske gevinster og inntekter fordi forvaltningen av havområdet er for dårlig. Vi har lenge ønsket at EU skulle forandre sine regler, men vi har ikke påvirkningskraft nok overfor EU til å få det til. Senest for en uke siden, da jeg møtte den skotske fiskeriministeren i Norge, tok jeg opp dette problemet, og jeg oppdaget til min glede at det er flere land i EU som faktisk har begynt å diskutere om de må endre på denne regelen, som bl.a. betyr at man hiver masse fisk på havet - ikke bare småfisk, men også fullverdig fisk - når kvoten er oppfylt. Vi har gjennom lang tid forsøkt å lage et annet regime, som jeg mener er bedre enn det EU praktiserer, og vi bruker dette også som grunnlag hver gang vi møter EU, for å ta opp spørsmålet om man ikke burde endre reglene i EU.

Unn Aarrestad (Sp): Eg takkar igjen for svaret. Eg er utolmodig, for denne problematikken går nå ut over minst to område: Det eine er forureininga som skjer med rotnande fisk i havet, eller som forskingssjef Odd Nakken ved Havforskningsinstituttet i Bergen sa: « Dette er et av de største miljøgriseriene på jorden ». Det andre er den sløsinga med ressursane som dette medfører, noko som også gjer at det vert vanskeleg å få gytebestanden av særleg hyse og torsk opp for å sikra biologiske stammer i Nordsjøen. Dette har gått føre seg nå i fleire år, og forskarane seier òg at desse bestandane er for låge. Eg vil då spørja: Vil statsråden nå gå aktivt inn på andre område for å få stoppa den verksemda som nå skjer, som ikkje tener nokon part i denne saka?

Statsråd Jan Henry T Olsen: Representanten Unn Aarrestad spør på en måte som kunne gi inntrykk av at Norge egentlig kan styre EU, men det kan vi ikke. Det eneste vi kan gjøre, er å samhandle med EU på en slik måte at vi kan finne frem til felles forvaltningsregler i dette bassenget som er bedre enn dem vi har i dag. Det prøver vi på i hvert eneste møte vi har med EU. Representanten Aarrestad er utålmodig, og det er jeg også, for det som foregår her, er ikke en korrekt beskatningsstrategi. Samtidig må man ikke si at denne hysebestanden er utenfor sikre biologiske rammer, for det er den ikke. Men like fullt er det som har foregått, ikke en riktig måte å forvalte på, etter vårt syn.