Sigurd Manneråk (Sp):
Jeg skal få
stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
Kirke-, utdannings- og
forskningsdepartementet har sammen med andre gitt ut boka « Skoleanlegg,
forbedring og fornyelse ». Selv om denne boka gir informasjon på viktige
felt, er det viktig at kommunene blir oppdatert om gode praktiske løsninger
- ikke minst for 6-åringene.
Hva vil departementet gjøre for at
erfaringer og gode løsningsmodeller blir gjort kjent for skoler og kommuner
som planlegger og arbeider med nybygg?
Statsråd Reidar Sandal:
Kyrkje-,
utdannings- og forskingsdepartementet og Kommunenes Sentralforbund sette i
1994 ned eit redaksjonsutval som fekk i oppdrag å utvikle
rettleiingsmateriell til hjelp for kommunar og fylkeskommunar som stod
framfor bygging eller ombygging av skular. Arbeidet i utvalet resulterte i
boka « Skoleanlegg, forbedring og fornyelse », som blei gitt ut i 1995. Boka
inneheld råd, idear og eksempel og er meint som rettleiing for lokale
styresmakter og skuleeigarar. Den viser òg til tidlegare publikasjonar om
skulebygg. Desse publikasjonane kan framleis vere aktuelle. Boka gir
informasjon og representerer verken normer eller minstestandardar, sett frå
statleg hald.
Då boka kom ut, blei ho send gratis
til kommunar, fylkeskommunar, grunnskular og vidaregåande skular. Dessutan
fekk dei statlege utdanningskontora i fylka boka. Ho har vore til sals
gjennom Kommuneforlaget, som opplyser at det til no er selt om lag 1 900
eksemplar i tillegg til dei som er distribuerte gratis.
Med utgangspunkt i boka er det
utarbeidd eit informasjonsmateriale i form av ein lysarkserie. Denne serien
er spesielt lagd til rette for grunnskulen og blir brukt ved
informasjonsmøte om emnet. Materialet er sendt til dei statlege
utdanningskontora, som i sin tur formidlar det vidare til interesserte i
fylka. I arbeidet med planlegging på skulesektoren reknar departementet med
at dei lokale skulestyresmaktene aktivt tek i bruk boka og materialet elles
som no ligg føre. Interessa så langt og dei mange initiativa som er tekne i
kommunane og fylkeskommunane, tyder på at dette er tilfellet.
Utdanningskontora vil hjelpe til med rettleiing og informasjon på grunnlag
av det skriftlege materialet og erfaringar som er gjorde tidlegare. Kontora
kan òg formidle kontakt med fagmiljø som har vore aktive på skulebyggfeltet,
som t.d. SINTEF i Trondheim. I samband med planlegging av nye bygg har det
alt vore arrangert fleire idémøte med utgangspunkt m.a. i boka og i
informasjonsmaterialet. For ytterlegare å få ut kunnskap om dei gode
løysingane som finst, er det under arbeid ein brosjyre om skulebygg der ein
del gode eksempel vil bli samla. Vi vonar at også denne informasjonen kan
nå ut og bli brukt på ein tenleg måte.
Sigurd Manneråk (Sp):
Jeg takker
statsråden for svaret.
Da Stortinget behandlet saken om
6-åringsreformen, uttalte flertallet at leken skulle gis større plass både
som pedagogisk virkemiddel og arbeidsmetode i opplæring og oppdragelse i
småskolen. Etter mitt syn er dette selve kjernen i Reform 97. Skolen skal
preges av en annen pedagogikk på hele småskoletrinnet. Det dreier seg altså
ikke bare om å skaffe 6-åringene plass, men om å få en fysisk utforming av
skolebygg og skoleområdet på en slik måte at det blir mulig med en
pedagogisk fornyelse.
Ser statsråden at hovedmålet med
Reform 97 er i fare dersom ikke skoleanleggene får en god fysisk utforming?
Og vil veiledning på dette felt bli prioritert høyere fra departementets
side i framtiden? Jeg er klar over en del av det arbeidet som er gjort, men
jeg mottar nesten hver dag reaksjoner fra kommuner som føler at her jobber
de uten den veiledning de har behov for. Etter mitt syn må veiledning på
dette området bli en kontinuerlig prosess overfor kommunene.
Statsråd Reidar Sandal:
Representanten
Manneråk peika særleg på dei behova som 6-åringsreforma vil føre med seg.
Eg vil derfor få lov å understreke at tilrettelegging for det nye
småskuletrinnet med særleg vekt på 6-åringane er gitt særleg merksemd i den
boka som det blei vist til i representanten Manneråk sitt spørsmål. Det
same gjeld faktisk òg lokale for skulefritidsordningar.
I den lysarkserien som er utarbeidd i
samband med informasjonsmøtet, som eg nemnde, er fysisk miljø for
førsteklassingane behandla, og eksempel på utforming av areal for desse er
faktisk teke med. Det er òg grunnskulereforma som har vore i fokus på dei
samlingane som så langt har vore arrangerte på lokalplanet. Eg meiner
derfor at ein i samband med det materialet som er tilrettelagt, har retta
fokus mot 6-åringane og deira kvardag i skulen.
Sigurd Manneråk (Sp):
Jeg takker igjen
for svaret, men jeg vil også inn på en uttalelse statsråden kom med i
spørretimen i Stortinget den 24. januar. Han uttrykte at i forhold til
6-åringsreformen og gjennomføring av den kunne « akseptable mellombels
løysingar » godtas. Ser statsråden at han med å komme med en slik uttalelse
gir signal om at det kanskje ikke er så viktig hva slags tilbud 6-åringene
skal få, og at han på det viset kan bidra til at vi får en reform som ikke
tilfredsstiller Stortingets intensjoner?
Statsråd Reidar Sandal:
Representanten
Manneråk viste til eit svar som blei gitt frå mi side i spørjetimen den 24.
januar. Det ligg faktisk føre eit spørsmål til spørjetimen i dag som har
utgangspunkt i dette, og eg synest derfor det verken formelt eller reelt
sett er korrekt av meg å svare på det sidan det spørsmålet er utsett på
grunn av at spørjaren ikkje er til stades. Eg vil likevel få lov å seie
generelt at det sjølvsagt er slik at ein skal ha eit tilbod som er
akseptabelt og som er tenleg, som eg òg peikte på i svaret mitt i den
spørjetimen som representanten Manneråk viste til, men eg vil ikkje sjå bort
frå alle eventualitetar viss ein heilt spesiell situasjon skulle oppstå.
Men eg vil be om at ein ikkje tillegg fråsegna ei anna vekt og ei anna
vinkling enn det den hadde og det den var meint å skulle ha.