Stortinget - Møte onsdag den 14. februar 1996

Dato: 14.02.1996

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 33

Arild Lund (H): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

Ved siste samordnede opptak til sykepleierutdanning (januar 1996) er det opplyst at det var en rekke problemer, blant annet ved sletting av datafiler. Søkere på varalister har opplevd opptakene som svært tilfeldige.

Kan statsråden garantere for at de aktuelle opptakene har foregått riktig, og at de fremtidige opptaksprosesser blir kvalitetssikret?

Statsråd Reidar Sandal: Ved det samordna opptaket til sjukepleiarutdanninga våren 1996 var det totalt 2.600 søkjarar. Av desse var det 2.252 som var kvalifiserte for opptak. Det var totalt 377 studieplassar fordelt på ni høgskular.

Hovudopptaket blei gjort 7. desember 1995. Eit par dagar etter blei det oppdaga at poengsummar til søkjarar som var saksbehandla ved ein av høgskulane, ikkje var registrerte. Feilen omfatta totalt 128 søkjarar som var saksbehandla ved denne høgskulen. Då feilen blei oppdaga, tok Samordna opptak straks kontakt med den aktuelle høgskulen for å rette opp feilen. Det viste seg at 25 av desse søkjarane hadde ein poengsum som kvalifiserte for opptak. Desse fekk 15. desember 1995 tilbod om den studieplassen dei hadde krav på.

Dei søkjarane som ikkje nådde opp i konkurransen, fekk samtidig brev med informasjon om sin eigen poengsum og dei poenggrensene som gav opptak. Desse søkjarane fekk ikkje opplyst ventelistenummer, fordi det fort skjer endringar etter at hovudopptaket er gjort. Samstundes med feilrettinga blei det sendt korrigerte varalister, der alle kvalifiserte søkjarar var plasserte etter sin poengsum, til alle høgskulane. Dette skjedde i god tid før varaopptaka.

Frå Samordna opptak har eg fått forsikringar om at alle søkjarar som hadde poeng nok for opptak, fekk det studietilbodet dei hadde krav på. Ikkje nokon søkjar er forbigått ved opptak til sjukepleiarutdanninga verken i hovudopptaket eller i dei ulike varaopptaka. Feilen har altså ikkje ført til varig problem for nokon søkjar.

Eg er likevel einig med spørjaren i at det er uheldig at slike feil oppstår. Årsaka er samantreff av uheldige omstende, og at sikringstiltaka som skal oppdage feil, ikkje var godt nok utvikla. Eg har forvissa meg om at Samordna opptak no har gått gjennom både dei manuelle og dei automatiske kontrollrutinane sine for å hindre at slike feil skal oppstå fleire gonger. Eg kan òg opplyse om at det kontrollprogrammet som blir køyrt før eit opptak, skal utviklast med fleire sikringskontrollar, noko som skal hindre at liknande feil skjer.

Arild Lund (H): Jeg takker statsråden for svaret. Jeg er for så vidt glad for at jeg får bekreftet det jeg har fått opplyst, at det har vært visse problemer. Samtidig er jeg glad for at statsråden har gått inn og forsikret seg om at det ikke har skjedd urettferdigheter i dette tilfellet.

Det jeg hadde en følelse av etter det som ble opplyst meg, var at en del av dem som stod på venteliste, nærmest etter eget initiativ hadde klart å komme inn på ledige plasser, og at rekkefølgen på ventelistene muligens hadde blitt noe forrykket. Min hjemmelskvinne - det er jo ofte kvinner det er tale om i denne sammenhengen - hadde ikke noe å klage på. Hun hadde kommet inn, men syntes det virket svært tilfeldig og hadde følelsen av at rekkefølgen blant dem som stod på venteliste, kunne være noe tilfeldig. Men hvis det ikke er riktig, er jeg glad for å få det bekreftet.