Stortinget - Møte onsdag den 27. mars 1996

Dato: 27.03.1996

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 21

Valgerd Svarstad Haugland (KrF): Eg tillet meg å stilla følgjande spørsmål til barne- og familieministeren:

Er det lovleg å krevja at foreldre skal betala for eit heildagstilbod for 6-åringane der både pedagogisk kjernetid og fritidsordning er inkludert, når dei berre ynskjer å nytta seg av kjernetida?

Statsråd Grete Berget: Barnehagelova regulerer ikkje foreldrebetaling, korkje i barnehagar eller når det gjeld tilbod til 6-åringane. Det er eigaren, i dette høvet kommunen, som fastset foreldrebetalinga. Det er òg kommunen som fastset kva for tilbod dei vil gje. Det er derfor ikkje ulovleg å ha berre ein sats for foreldrebetaling, same kva del av tilbodet foreldra vel å nytta. Denne praksisen er ein del av den kommunale sjølvråderetten.

Departementet har både tidlegare og i det nye fortolkingsrundskrivet til barnehagelova rådd til at foreldrebetalinga skal vere todelt, med satsar både for kjernetida og for fritidsordninga. Eg vonar at dei fleste kommunane følgjer denne oppmodinga.

Valgerd Svarstad Haugland (KrF): Når eg stilte dette spørsmålet til statsråden - det er ei stund sidan no - var det på bakgrunn av at m.a. Fet kommune i utgangspunktet har gitt eitt tilbod til 6-åringane. Det var ei foreldrebetaling på 1 755 kr for heile pakka, nemleg skolefritidsordninga og kjernetida i tilbodet til 6-åringane. No har denne kommunen gjort om vedtaket, særleg etter press frå Husmorforbundet, som har tatt tak i problemet. Men eg er opptatt av kva statsråden føler ho har ansvar for å rydda opp i når slikt skjer. Det Fet kommune har sagt til meg, er at dei i dag gir eit tilbod til 6-åringane som går ut på at dei skal ha kjernetida - som er ca fire timar pr. dag - pluss to dagar skolefritidsordning, og det betalar dei 980 kr månaden for. Dersom dei hadde ønskt å gi tilbod om berre desse fire timane med kjernetid, utan skolefritidsordninga, hadde dei måtta setta ein høgare pris på tilbodet, fordi støtteordningane frå departementet er innretta slik at det ikkje ville ha lønt seg for kommunen å gi eit slikt tilbod. (Presidenten klubber.)

Kva kan statsråden gjera for å vera med og påverka slik at foreldra kan få velja ut frå dei timane dei har reelt behov for, og ikkje dei timane dei må ta for at det skal bli billegast mogleg for kommunen?

Presidenten: Presidenten minner om at tiden for tilleggsspørsmål er ett minutt.

Statsråd Grete Berget: Det er vanskelig for meg å gå inn i konkrete eksempler som dette i Fet kommune. Men generelt mener jeg at det er kommunene selv som her har retten og muligheten til å lage det tilbudet som de mener er bra for innbyggerne, og som etterspørres. Det ligger i vår barnehagepolitikk at en skal prøve å etterkomme det brukerne etterspør, og det betyr også at kommune og barnehageeiere må gjøre barnehagene mer fleksible for å kunne imøtekomme de ønsker brukerne har - altså gjøre barnehagene mer brukervennlige. Så her er det en prosess som foregår, både når det gjelder prosjekter vi har - bl.a. utviklingsprogrammet - og når det gjelder annet arbeid innenfor barnehagesektoren. Men alt slikt tar tid, og det handler også om å endre holdninger.

Valgerd Svarstad Haugland (KrF): Eg takkar både for det fyrste og for dette svaret.

Eg har lyst til å presisera kva problemstillinga eigenleg er: Gir kommunane det tilbodet som dei meiner er best for innbyggarane - i dette tilfellet borna, som eigenleg skal vera i høgsetet her - eller gir dei det tilbodet som støtteordningane frå departementet oppfordrar dei til å gje? Det er jo dette som er kjernen i problemstillinga: Korleis kan vi innretta støtteordningane frå departementet slik at dei blir best mogleg tilpassa borna sine behov, som for meg er det viktigaste, men òg foreldra eller innbyggarane sine behov? Det er der eg føler at støtteordningane faktisk er noko skeivt fordelte i forhold til det som burde vera incitamentet frå departementet si side.

Statsråd Grete Berget: Det vil alltid være en debatt om støtteordninger og hvordan de er innrettet, om de treffer akkurat sånn som vi hadde håpet og ment i alle mulige tilfeller. Vi har kontinuerlig debatter om støtteordninger, og vi har også en debatt om vi i det hele tatt fortsatt skal ha den type støtteordninger, eller om de skal over i rammer slik at kommunene selv bestemmer alt. Det er en debatt som også vil prege alt barnehagearbeid i årene framover. Så jeg er sikker på at denne debatten vil vi få igjen.

I dag har vi støtteordninger som går på korttidstilbud og på heldagstilbud, ut fra forskjellige oppholdstider i barnehagen. Og i utgangspunktet er ikke jeg innstilt på å endre noe nå, før vi ser muligheten til å ta de større grepene i forhold til den barnehagepolitikken vi ønsker å føre i årene framover.