Stortinget - Møte onsdag den 24. april 1996

Dato: 24.04.1996

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 18

Anita Apelthun Sæle (KrF): Eg tillèt meg å stilla følgjande spørsmål til justisministeren:

Omsetnaden på speleautomatar skal ha auka med 60 % i fjor. Born har spelegjeld og pensjonistar spelar seg blakke.

Kva kan justisministeren gjera for å begrense dei uheldige verknadene av speleautomatar på kjøpesenter og liknande stader?

Statsråd Grete Faremo: Den nye lotterilova regulerer dei tradisjonelle lotteria og lykkespela. Vinstautomatar er ei form for lykkespel. Den mest vanlege forma for vinstautomatar er utbetalingsautomatar, kor vinsten blir gjeven i form av pengar eller verdibevis. Eg forstår representanten sitt spørsmål slik at ho ønskjer svar på forhold som gjeld utbetalingsautomatar.

Det blir hevda at omsetnaden skal ha auka med 60 % i fjor. Ifølgje dei opplysningane departementet så langt har, er auken i omsetnaden for utbetalingsautomatar vesentleg lågare. Eit førebels overslag tyder på ein auke på 15 - 20 % frå 1994 til 1995.

Drift av alle utbetalingsautomatar skal etter den nye lotterilova avgrensast til organisasjonar med eit humanitært eller samfunnstenleg formål. Tidlegare kunne einskilde automatar stillast opp til inntekt for private kommersielle interesser. Ved handsaminga av lotterilova i desember 1994 i Stortinget vart det slått fast at dei kommersielt oppstilte automatane skulle bort frå marknaden etter ein overgangsperiode. Justisdepartementet har for tida på høyring utkast til føresegner om stans av slike automatar. Departementet ber om synspunkt på at desse skal endeleg bort frå marknaden 1. januar 1997.

Hovudomsynet bak lotterilova er å sikre lotteriverdige organisasjonar økonomisk tilskot gjennom lotteriverksemd. Lova skal sikre kontroll med verksemda. Retten til å gjennomføre kontrollen med slik verksemd er etter lova gjeven til politiet.

Politiet skal i ei samla vurdering leggje vekt på m.a. det lokalet søkjaren ønskjer å nytta, kvar lokalet ligg og omfanget av born og ungdom på staden som venteleg vil bruke tilbodet. Desse konkrete momenta skal vurderast både ved søknad om oppstillingsløyve for ein einskild automat og ved søknad om etablering av spelehall. Lotterilova med retningsliner gjev politiet adgang til å setje vilkår for løyvet. Det kan stillast vilkår om opningstid og nedre aldersgrense, særleg i dei tilfella der lokalet ligg i nærleiken av ein skule. Kreditt til spelarane skal ikkje gjevast.

Eg vil understreke at politiet skal føre ein restriktiv praksis ved behandling av søknad om oppstillingsløyve for automatar oppstilte på stader der mange born og ungdom oppheld seg. Politiet kan vidare tilbakekalle eit oppstillingsløyve dersom automatdrifta skjer i strid med regelverket eller har ført til eit miljø som er uheldig for born og ungdom.

Representanten viser til at born har spelegjeld, og at pensjonistar spelar seg blakke. Eg er kjend med at fem av dei humanitære organisasjonane som driv lotteriverksemd, har teke initiativ til ei kartlegging av dei uheldige sidene ved utbetalingsautomatar. Departementet vil følgje dette arbeidet nøye i samarbeid med organisasjonane.

Justisdepartementet arbeider òg med ei ny føresegn om utbetalingsautomatar, som nærare vil regulere vilkåra for oppstilling av desse. Føresegna blir send på høyring i haust.

Anita Apelthun Sæle: Eg takkar for svaret. Eg er glad for at dei humanitære organisasjonane tar ansvar og vil kartleggja dei uheldige sidene ved speleautomatane. Auken i omsetnaden har eg frå media, og sjølv om auken skulle vera mindre enn 60 %, er iallfall den verkelege omsetnaden på nesten 4 milliardar.

Justisministeren seier at politiet skal føra ein restriktiv praksis ved oppstillingsløyve på stader der mange born og unge oppheld seg. Likevel er kjøpesentra fulle av slike automatar no. Vurderer justisministeren kjøpesentra som ein stad der mange born og unge oppheld seg, og vil ho i tilfelle innskjerpa politiet sin praksis når det gjeld å gje slike løyve?

No skal ho laga nye føresegner, og eg har eit spørsmål til: I USA tar speleautomatar no også betalingskort og sikkert kredittkort. Vil justisministeren, i samband med desse føresegnene som skal utarbeidast, sørgja for at vi ikkje får slike automatar til Noreg?

Statsråd Grete Faremo: Dette var mange spørsmål som eg for så vidt frå tid til anna også stiller meg sjølv, men som eg også føler at det vart kasta godt lys på då Stortinget hadde lotterilova til behandling. Vi har funne svar på ein del av desse spørsmåla, svar som er ganske gode etter ei totalvurdering.

Samarbeidet mellom dei humanitære organisasjonane og Justisdepartementet er godt, og med utgangspunkt i dette gode samarbeidet har også justisministeren håp om at når endringane blir sette i verk, slik at det berre vil vere dei humanitære organisasjonane som kan stille opp desse automatane, vil vi få ei verksemd som er betre å handtere.

Til slutt har eg berre lyst til å minne om at eg alt i fyrste svaret gjorde greie for at kreditt skal etter lova ikkje gjevast, og det gjeld sjølv om det blir brukt kredittkort.

Anita Apelthun Sæle (KrF): Ja, alt går fort for tida. Det har også vore ei eksplosiv utvikling frå vi behandla lotterilova og til no. Vi snakka om knipseautomatar, men då eg var på Manglerud i går, såg eg at ein kunne putta på hundrekronesetlar og tohundrekronesetlar - og det vart påstått at snart kjem tusenkronesetel-automatane. Desse pengane gjekk fort, for automaten kunne ikkje veksla. Vinstane var også langt høgare enn det vi i alle fall diskuterte då vi hadde denne lova til behandling.

Vil justisministeren vurdera å avgrensa vinstane på speleautomatane - eg høyrde at ein kunne vinna 3 300 kr på ein gong - og eventuelt syta for at automatar som kan matast med hundre- og tohundrekronesetlar, vert omgjorde til myntautomatar? Vil justisministeren i samband med ei ny føresegn også vurdera om ein kan ha eigne rom eller eigne hjørne der desse automatane kan samlast?

Statsråd Grete Faremo: Dette er et område hvor vi har lagt vekt på å få avklart prinsippene, for så å gi utfyllende bestemmelser i forskrift. Den nødvendige kontroll og oppfølging har vi også viet stor oppmerksomhet, og i den forbindelse vil jeg bare nevne, slik det også ble nevnt i debatten om lotteriloven, at vi vil utrede selve spørsmålet om en egen lotteriforvaltning nettopp fordi vi her står overfor et område i rasende utvikling. Med såpass mange enkeltspørsmål som det er nødvendig å ha et profesjonelt forhold til, kan ting tale for at man etablerer bl.a. en egen lotteriforvaltning, som også må ha som oppgave å forholde seg til en del av de praktiske spørsmål representanten Apelthun Sæle var opptatt av, og ikke minst også de bekymringene som representanten gav uttrykk for.