Stortinget - Møte onsdag den 15. mai 1996

Dato: 15.05.1996

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 21

Håkon Giil (Sp): Eg tillet meg å stille fylgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

Studentar opplyser at ved høgskolen i Bergen, avdeling for helse og funksjon, får studentane nedsett karakter dersom gruppearbeid og gruppeeksamenar er skrivne på begge målformene.

Kva tiltak vil statsråden setje i verk for å sikre studentane sin rett til fritt å kunne velje målform i alt skriftleg arbeid?

Statsråd Reidar Sandal: Det er eit gjennomgåande prinsipp at studentar har rett til å velje målform i eksamensarbeidet sitt. Det gjeld i alt individuelt skriftleg arbeid. Når det gjeld gruppearbeid og gruppeeksamen, vil lett den situasjonen oppstå at deltakarane har ønske om å bruke ulik målform. Eit gruppearbeid er meint å vere eit heilskapleg arbeid, ikkje summen av individuelle bidrag. Dette er bakgrunnen for at Høgskolen i Bergen har uttalt at slike oppgåver skal skrivast anten på nynorsk eller bokmål.

Høgskolen opplyser at det ikkje vil vere grunnlag for å setje ned karakteren for slike oppgåver dersom ei gruppe studentar likevel har valt å la målbruken veksle i eit gruppearbeid.

Eg kan forstå at det er ønskjeleg at oppgåva har ein heilskap både når det gjeld innhald og språkdrakt. Skifte i fagterminologi kan t.d. skje som følgje av ulike målformer. Dersom praksis ved karaktersetjinga er slik departementet har fått opplyst, meiner eg at det ikkje er tale om noko brot på den retten alle studentar skal ha til å skrive den målforma som fell naturleg.

Men når Høgskolen i Bergen i praksis aksepterer begge målformer i same oppgåva, meiner eg det vil vere mest ryddig at ein ikkje formulerer ønske om same målform. Eg vil derfor ta dette opp med Høgskolen.

Håkon Giil (Sp): Eg takkar statsråden for svaret, som eg er vel nøgd med.

Undervisningsmetoden problembasert læring vert nytta i stadig større grad i høgre utdanning. Denne undervisningsmetoden gjer stor bruk av gruppearbeid, både når det gjeld oppgåver gjennom semesteret og til eksamen. Ved avdeling for helse og funksjon får heile gruppa nedsett karakter, er det opplyst, dersom begge målformene vert nytta i gruppeoppgåver.

Eg forstår at det er litt ulike syn på dette, men i alle fall har dette ført til at ein del studentar - 8 av 30, for å vere konkret - har gått over til å nytte bokmål. Det viser at dette er eit problem, sjølv om skulen - så langt eg forstår - ikkje erkjenner det.

Det er rimeleg å tru at denne problemstillinga kan vere aktuell også ved andre høgskular og universitet, og difor er spørsmålet mitt: Vil statsråden vurdere å gjere kjent også for andre skular kva som bør vere gjeldande praksis på dette området?

Statsråd Reidar Sandal: Representanten Giil tek opp eit spørsmål som knyter seg til Høgskolen i Bergen. Eg har sagt at på bakgrunn av dei opplysningane som er gjevne, meiner eg det vil vere greiast og ryddigast å vende seg til skulen og peike på korleis dette bør praktiserast.

Som konkret svar på det siste spørsmålet frå representanten Giil meiner eg at når dette blir kunngjort for Høgskolen i Bergen, vil det vere ein informasjon som og vil tilflyte resten av høgskule- og universitetssystemet.

Håkon Giil (Sp): Eg takkar statsråden også for det siste svaret. Eg oppfattar det slik at dette problemet, som kan vere aktuelt også ved andre høgskular og universitet, kan finne si løysing. Det er eg svært tilfreds med. Og så er det berre å vone at ein dermed har lagt grunnlaget for ein annan praksis enn den som har vore til no - i alle fall på ein skule.