Stortinget - Møte onsdag den 9. oktober 1996

Dato: 09.10.1996

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 1

Laila Kaland (A): Eg vil få stille følgjande spørsmål til utanriksministeren:

I Nordvest-Russland utgjer atomvåpen med høgt radioaktivt avfall frå ulike kjelder ein alvorleg sikkerheitsrisiko. Det gjeld kjernekraftverk, gamle ubåtar og isbrytarar.

På kva måte kan Noreg vere pådrivar til å løyse desse alvorlege problema på ein rask måte?

Utanriksminister Bjørn Tore Godal: Noreg er ein aktiv pådrivar internasjonalt for å hindre radioaktiv forureining frå atomverksemd i Nordvest-Russland. Handlingsplanen for atomtryggleik som følgjer opp St.meld.nr.34 (1993-1994), er det viktigaste verkemiddelet Regjeringa har i dette arbeidet. Vi har etablert eit nært samarbeid med Russland og arbeider aktivt for å få med oss andre land politisk, økonomisk og teknologisk. Vi er komne godt i gang, men dette er ikkje problem som let seg løyse på kort sikt. Problema er enorme, og løysingane krev store ressursar. Russland har sjølv hovudansvaret for å prioritere dette arbeidet.

Den norske handlingsplanen blei sett i verk frå 2. kvartal 1995 og har for 1995-96 blitt tilført 230 mill. kr. I budsjettframlegget for neste år er det sett av ytterlegare 100 mill. kr til dette føremålet. Det er oppretta eit styringsapparat samansett av Utanriksdepartementet, Miljøverndepartementet, Forsvarsdepartementet, Sosial- og helsedepartementet og Statens strålevern. Hittil har vi m.a. gjennomført tiltak for å sikre Kola kjernekraftverk og undersøkingar av område der radioaktivt avfall er dumpa. Framover vil vi særleg satse på handtering av radioaktivt avfall og brukt kjernebrensel. På dette området har vi i det siste hatt stor framgang med å legge til rette miljøsamarbeid i samband med opphogging av utrangerte russiske atomubåtar, handtering av brukt kjernebrensel og radioaktivt avfall frå atomdrivne fartøy som isbrytarar.

Parallelt med det direkte samarbeidet med Russland er vi aktivt engasjert for å få også andre til å delta i løysing av det vi ser på som felles problem. Norge var mellom dei som tok initiativet til å skipe den såkalla kontaktekspertgruppa under Det Internasjonale Atomenergibyrå for å samordne og gi råd om prosjekt i Russland. Vi samarbeider i og utanfor denne ramma med dei nordiske naboane våre, Europakommisjonen, Frankrike og USA om konkrete prosjekt som reinseanlegg for flytande radioaktivt avfall i Murmansk, fjerning av atomavfallsskipet « Lepse » som miljø- og stråletryggleiksproblem, tiltak for tømming av det farlege brenselslageret i Andreevbukta berre 40 km frå norskegrensa, bygging av spesialskip og jernbanevogner for transport av brukt kjernebrensel og fleire prosjekt som går på sikker lagring av radioaktivt risikomateriale.

Eg legg opp til å orientere Stortinget nærare om arbeidet for større atomtryggleik og innsatsen mot radioaktiv forureining i ei eiga utgreiing den 29. oktober.

Laila Kaland (A): Eg takkar statsråden for svaret, og eg ser fram til ein grundig debatt om dette seinare i Stortinget.

Finanskomiteen var på reise i dette området for vel ein månad sidan, og det vi fekk sjå og høyre om miljøproblema i dette området, er sterkt urovekkjande. Det var nedslitne kjernekraftverk, gamle atomisbrytarar og ubåtar som låg i Murmansk hamn, og atombåten « Lepse », som er full av atomavfall som utgjer ein svært høg risikofaktor. I enkelte landområde blir altså radioaktivt avfall grave ned i jorda utan noka form for sikring. Men det som er enda verre: Det verkar på meg som at russiske myndigheiter har få konkrete planar om løysingar for desse alvorlege miljøproblema. For fem år sidan var eg også der med sjøfarts- og fiskerikomiteen. Vi stilte dei same spørsmåla om dette med atomavfall og korleis dei ville løyse problema, og eg følte det var lite gjort. No er eg klar over at problema i Russland er enormt store, ikkje minst når det gjeld å skaffe midlar. Dei snakkar om at det kanskje ville utgjere to norske statsbudsjett å løyse dei store miljøproblema som dei har der, og då verkar kanskje nokre få hundre millionar kroner lite.

Utenriksminister Bjørn Tore Godal: Ja, noen hundre millioner kroner fra Norge er lite i den store sammenhengen, og det er selvsagt derfor vi har vært så opptatt av å trekke andre med i dette arbeidet - de store industrilandene gjennom G-7, USA, EU og andre - men det er en ganske tung jobb å få det til. Samtidig er det ingen tvil om at vi i Nordvest-Russland ser arven fra det gamle Sovjetunionen materialisert gjennom den kalde krigens kirkegård, atomkraftverk og annet. Derimot må jeg si at det har skjedd en høyere grad av bevisstgjøring på russisk side og en større grad av samordning av arbeidet mellom de mange russiske institusjoner og etater som er i sving på dette området. Derfor ser vi mer positivt på framdriften nå enn vi gjorde for bare et år eller to tilbake. Store deler av de midlene som til nå er brukt, er blitt konsentrert om kjernekraftverket på Kola og særlig om renseanlegget for radioaktivt avfall i Murmansk, som skal forhindre at avfallet går på sjøen. Dette anlegget er nå inne i sin konstruksjonsfase.

Laila Kaland (A): Eg har berre lyst til å seie at den innsatsen som Noreg gjer i Nordvest-Russland, er veldig bra, sjølv om eg seier det er berre nokre hundre millionar. Eg trur det er viktig det som statsråden no seier, at vi må få inn Europa, vi må få inn USA, for det er så viktig å kjempe mot miljøproblema i desse områda. Vi ser at vi må ha inn storsamfunnet for å klare å løyse dei store problema.